skip to main |
skip to sidebar
no går det unna. etter at eg før jol var rimeleg kritisk til a) barnehagedekninga i volda, og b) utvekstane på hovudet til han barnehagen min er kalla opp etter, har det lokale barnehagestyret fatta alvoret. alt to veker før dei andre dritungane får vita kvar dei skal plasserast frå hausten av, har eg fått melding om at eg er forfremma til engeset barnehage. alle som er lokalkjende veit at det er ein klar framgang, både geografisk og fagleg. geografisk ligg engeset barnehage faktisk så tett opp til hagen vår at kvar gong mor mi spelar fotball, må ho over gjerdet til barnehagen for å henta ballen. einaste bakdelen er at eg no må leggja om til jens kåre engeset-sveis.
i ein kommentar til ei tidlegare melding spør frode kvifor mor mi er så passiv på bleieskiftinga. der er fleire grunnar til det. den mest openberre grunnen er sjølvsagt at ho er travelt oppteken med valkampførebuingane, slik frode òg er inne på. venstre treng tida fram mot valet, dersom dei skal koma opp med overtydande forklaringar på kvifor partiet ikkje greidde å koma over sperregrensa.men der er òg ein annan viktige grunn. eg er usikker på om dette gjeld heile landet, men i alle fall her på sunnmøre meiner folk at amming og vinsmaking ikkje høyrer saman. dersom ammande sit med eit glas vin på ein offentleg stad, går det ikkje mange timane før nokon har ringt til nærmaste lokalavis for å skjella ut desse vin-ammarane. mor mi har difor funne ut at ho ikkje vil gå ned i vinkjellaren etter at nummer to er fødd, i alle fall ikkje så lenge ho driv med amming. fram til fødselen gjeld det difor å pjaska i seg så mykje vin som råd, og mor mi er difor på farten kvar kveld, for å finna ein fest der det vert servert store mengder vin. fredag kveld var ho på fest langt inne i åmdalen; i går kveld sneik ho seg med på styremøte i den lokale jazzklubben. ho kom berre heim ein snartur for å sjå "med hjartet på rette staden", før ho forsvann ut att. heldigvis er det berre to veker til termin.
i dag var eg godt nøgd då eg tok kveld. 1. omtrent rett etter at me stod opp, skifta far min bleie på meg. medan han var ein runde bortom vasken for å vaska hendene, såg eg mitt snitt til å senda ut ein skvett piss. sjølv om han stod nesten ein meter unna meg, fekk eg inn eit kvalifisert treff på leggen hans. sidan det ikkje er lett å pissa så langt framover når ein ligg på rygg, er dette truleg noko av det eg er mest nøgd med så langt i livet.2. far min har for vane å la meg springa litt rundt på badet om morgonen, medan han reinskar halsen, og skolar vekk det verste grumset frå augene. medan han stod med ryggen til, travelt oppteken med desse to krevjande gjeremåla, var det ikkje anna råd enn å gå bort til han og pissa ein ny skvett på same leggen hans.3. seinare på dagen greidde eg å klina litt nyprodusert drit inn på buksebeinet hans. her trur eg det er best at eg ikkje går i detaljar.så far min hadde ein ny drøymedag. den einaste i heile verda som hadde ein verre dag var besto, som fyrst måtte vera vitne til at avløysaren herpa silotalja, før ho køyrde bilen ut på storevegen og punkterte.
endeleg har nokon i familien teke storpolitisk ansvar, og ikkje uventa er det mor mi. etter mange år som politisk moldvarp tek ho no steget ut i rampeljoset, og stiller som kommunestyrekandidat for venstre. at ho satsar på venstre er ikkje noko stor bombe. ho har lenge vore svak for partileiaren deira, og har ved minst to høve uttalt at ho godt kunne tenkja seg å røysta på han, hadde det ikkje vore for at ho røysta på eit anna parti.vegen til venstrelista har vore lang og tung. ho er faktisk litt usikker på kvar venstreleiinga i kommunen har plukka opp at ho er interessert, men reknar med at den solide innsatsen i 17.mai-nemnda var viktig. det kan heller ikkje vera noko minus at ho snart skal ut i ein lengre svangerskapspermisjon, slik at lokalpartiet må finna ein varamann til kvart einaste kommunestyremøte. formannen i lokallaget, jens johansen, vil helst ikkje meina noko om dette.
nettmøtet med dei to norske oscarvinnarane så langt, thor heyerdahl og tante k, er pikerten alt slutt. her er svara og spørsmåla:Er ikkje Thor heyerdahl død likevel? Helsing onklt.tante k: Thor Heyerdahl var aldri død. Han hadde bare tatt seg en tur, på en bittebitteliten flåte. Derfor kunne vi ikke finne han igjen. Hilsen tante k.thor heyerdahl: -Spørsmål til tante K: Du var òg Oscar-nominert i 2002, for filmen "Min bestefar gjette kongens harer". Føler du at du med den nye filmen har teke eit steg vekk frå det Ivo Caprino-stempelet du fekk i 2002? Helsing far min.
tante k: Jeg er redd vi aldri kan bli kvitt Caprino stempelet. Vi har jo fått det inn med morsmelka. Det blir akkurat som å bli født med ski på beina. Født med caprinostempelet.... Kva meiner Thor Heyerdahl om dei bosniske pyramidane? http://www.bosnianpyramids.org/ Helsing Magnusthor heyerdahl: - tante k: De bosniske pyramidene tror jeg bare er en hype. Nå har de ikke krigen lengre, så de tenkte de skulle finne på noe for å få oppmerksomhet. Kan du tenke deg pyramider i Bosnia? Hva er det for noe vrøvl? Trur du dette vil auke sjansane for å få barnehageplass til Jostein? Helsing Kukola.tante k: Jostein er nok fortapt. Nå begynner det å bli fullt på skolen han skal starte på om 4 år og, så jeg tviler på at han får plass der og. Det blir nok mye sulling heime hjå mor på hanthor heyerdahl: -Spørsmål til tante t: Kven er tante k? Helsing Frodetante t: -thor heyerdahl: -tante k (sidan tante t ikkje svarar): Tante k er hun som er samboer med onkel k. Han litt lange som begynner å miste litt hår. Han som kommer fra Helleve.Spørsmål til tante K: Er det grammatisk korrekt å seie "You know who you are and I know you who are" i takketalen? Helsing Mortante k: Korrekt og korrekt. Det kan jo være at det er sånn i Canada? Du vet fransk påvirkning?
Spørsmål til tante K, viss ho er den eg trur ho er: Kven er Oscar? Helsing Frodetante k: Oscar er min onkel. Han som er ubåtkaptein og bor i Bergen. Han er pensjonist nå altså.Kva slags støtteapparat har du rundt deg no, Heyerdahl? Det må då vere meir enn ein gåstol? Helsing Sam.thor heyerdahl: -tante k: Kanskje mer prekestol eller gyngestol? Jeg er jo lett som en fjær så jeg trenger vel bare en kvist.takk til alle som sende inn spørsmål, og til tante k og thor heyerdahl som tok utfordringa. og for så vidt til tante t.
i dag var det klart for den årlege håndbak-duellen. far min og eg på kvar vår side av bordet, mor mi tel til tre, og me klemmer til det me kan. eg skal vel ikkje stikka under ein stol at også i år vann far min relativt klart, men eg har ei kjensle av at det var hakket jamnare enn i fjor. han vert nok favoritt også til neste år, men om ein tre-fire år trur eg dette kan verta retteleg spanande.