30.4.07

BESTEN 7

det er vel best å få på plass eit nytt besten-bilete i dag, sidan alle er ute og går i tog i morgon. (sjølv skal eg gå i tog saman med han andre besten. toget går rundt skeisdalen.) dette biletet er henta frå heimesida til besten, og er difor av litt usikker kvalitet. det skulle likevel gå klart fram kven av dei tre som er besten, og det er vel heller ikkje direkte uklart kvifor dei andre pressar kroppane sine så langt til sida som råd. kva seier besten?

2 kommentarer:

sam sa...

Besten seier: "Eg har vorte ein framand for brørne mine, ein ukjend mann for sønene åt mor mi" (Salme 69, 9).

onklt sa...

Besten seier: gje meg pengar.