3.10.07

BESTEN 17

i dag er far min bra øren. han fekk omsider skikk på barberinga, slik at han får retta opp på manglane i kneet. opphaldet på sjukehuset var prega av effektivitet. han fekk nokre informerande meldingar i ti-tida, skifta til nokre delikate sjukehusklede (mellom anna tettsitjande pyjamasbukse med medfødd gjennomtrekk i gylfen), og sat deretter nokre timar på eit venterom, der dei andre hadde like interessante kostyme. ei av dei andre, ei eldgamal dame på over sytti, imponerte med å ha akkurat same frisyre som besten. her på guffebloggen treng me ikkje betre grunnar for å leggja ut eit nytt bilete av besten, og stilla det eldgamle spørsmålet: kva seier besten?

3 kommentarer:

kukola sa...

Trur ikkje han seier noko.

Agnes sa...

Ska' tru om eg kjem med på bilete no?

Kjartan Helleve, Skøyen sa...

Han seier:

"Ser du? Eller er du heilt ko-ko? Eg jobba IKKJE i saniteten i Tysklandsbrigaden, men var spion med spesialisering i kamfulasje!!"