6.4.07

BESTEN 4

det er ikkje spesielt stor grunn til å leggja skjul på at responsen på besten-leiken har ei litt faretruande utvikling, sjølv om fristen ikkje går ut før besten fyller åttifem. så langt har det kome 4 svar til oppgåve #1, 6 svar til oppgåve #2, men berre eitt svar til oppgåve #3. på akkumulert matematikkspråk, der ein tek utgangspunkt i differansen frå gong til gong, har det difor kome 4 pluss 2 minus 5 svar, altså totalt eitt svar på dei tre oppgåvene. snittet er altså rimeleg lågt, men så lenge det ligg på plussida, kan me ikkje klaga, og dreg i gang ei ny oppgåve. denne gongen har me henta eit bilete frå heimesida til besten, og spørsmålet er denne gongen litt annleis: kva har besten sagt her?

13 kommentarer:

Frode sa...

Besten: Det er meir hår på den appelsinen enn det er hår på hovudet til onkel k.

---------
(Spørsmål til Guffen) Er det ekstrapoeng for å drive gjøn med onkel k?

onkel k sa...

Kven er denne frode? Eksisterer han i det heile? Eg mistenkjer at det berre er ein fiktiv person som du berre brukar å få kommentarar i det heile. På same måten som besten skreiv lesarbrev i Unglyden. Det må jo vera ein grunn til at han alltid svarar fyrst.

onkel k sa...

Og gratulerer med bror, forresten. Han kan jo heite frode. Som besten sjølv har som sitt favorittnamn. Bortsett rå sitt eige, men det er vel oppteke.

Tante k sa...

Gratulera med ny guff!!

Frode sa...

Gratulerer med ny Frode!

onkel k sa...

Ja ja, "Frode". Berre leik vidare.

Frode sa...

Ikkje ver så tvilande til meg, onkel k. Eg har i det minste eit heilt fornamn. Ikkje berre ein liten skarve-k. Og eg har tjukt hår på hovudet.

Guffen sa...

frode har òg ekstremt tjukt hår på bringa.

onkel k sa...

Mykje hår? Har vel ikkje store auga og sprutar eld og, som andre fantasifigurer? Og når vart Tande P, P Diddy, T Rex og Brynjar Å ikkje skikkeleg namn?

sam sa...

Frukteleg moro, dette!

onkel f sa...

Ikkje bland deg i dette, sam said

onklt sa...

Besten: "...og då sa brura sin far: "nu tnudde nu var norson no?""

sam sa...

Kommentar til onkel f: Eg elskar fruktblanding!