1.6.07

BESTEN 10


på denne tida av året kjem ferieturane tett som hagl. denne veka har mor mi og eg og kvart på too teke endå ein tur til besten og besto, for å klappa kalvar, kika på traktorar, og eta ei og anna kake. i mellomtida er far min med på den årlege diktklubbturen sin. denne gongen reiste dei til eit eller anna fyr, der dei stal lommebøker og skreiv dikt om damer med stjert.

besten og besto er ein snartur på island, og då passar det jo ekstra godt med eit nytt bestenbilete. duk på bordet, englar i vindauga, ungar i bunad, ljos på bordet, ein unge med laserauge - alt tyder på at biletet er fotografert heime hjå besten og besto. kva seier besten?

8 kommentarer:

Anonym sa...

Besten seier: Eg skal nett ut å ha på meg nissehova.

Men du Guffen: Eg saknar "Spør Guffen"-spalta. No har eg vore åleine med far min i 27 timar, og byrjar å få panikk. Kva bør eg gjera?

guffen sa...

27 timar? er du sikker på at klokka er justert for sommartid?

Anonym sa...

Er rådet ditt å justere klokka for sommartid? Kanskje eg heller skal spørja kvart på toen.

Anonym sa...

Besten seier: "Skal nett male litt på den heimesnekra playstationmaskina Guffen skal få"

Anonym sa...

besten seier... Kor var det mandelen var i år???

Anonym sa...

matias seier: jeg har den hvertfall ikke i lomma.

Anonym sa...

OnklA seier: eg har mandelen i høgrehanda.

Anonym sa...

TanteM seier: Det er ingenting, eg har kinnposane fulle av mandlar.