12.4.07

BESTEN 5

kva seier besten-tevlinga fekk inn uventa mange framlegg sist veke, og for fyrste gong tek me sjansen på å kåra ein vinnar. oppgåva sist veke var altså "kva har besten sagt her", og onkel k tek fyrsteplassen med framlegget "Mykje hår? Har vel ikkje auga og sprutar eld og, som andre fantasifigurar? Og når vart Tande P, P Diddy, T Rex og Brynjar Å ikkje skikkelege namn?" det var kanskje ikkje så rart at besto drog litt i smilebandet.

me ynskjer til lukke, og legg i same slengen ut eit nytt bilete, teke ein gong besten heldt eit foredrag om miltzow-ætta. spørsmålet er som vanleg: kva seier besten?

8 kommentarer:

Frode sa...

Besten seier: Det er hyggjeleg at heile den store Miltzow-ætta har kome hit i kveld. Eg helser også til sonen min "k", på tredje rad, han med den tynne hårmanken.

frode 4 ever sa...

Besten seier: Det einaste eg angrar på i løpet av 70 år, er at eg ikkje kalla nokon av ungane mine Frode. Det er slikt eit herleg namn. Og forresten. Kan nokon skru på ljoset?

Anonym sa...

Kor blir det av bilder av toaren?
hlsing tante M

sam sa...

Ja, eg står no her eg står, kan henda litt i skuggedalen, for som det heiter med eit gamalt ordtøke som ikkje nett er frå Voss, då, men frå Ordtøka 3, 34: "Spottarar svarar han med spott,
men dei audmjuke gjev han nåde."

Frode sa...

Du held deg til den rette læra, du Sam. Trur du kanskje Besten er baptist?

sam sa...

Gode frode! Besten veit å halda seg til dei elementære reglane for all god scenekunst. Det er eit noggrant samarbeid mellom dei som er på og bak scena. Ein skal halda seg inne med ljosfolka, difor kan ein stundom høyra mellom røynde skodespelarar og talarar: "Når nokon spottar oss, svarar vi venleg" (1. Kor 4, 13)

Elles ville eg nok heller tru at besten er kvekar. Han satsar på "det indre ljoset" framfor det ytre. Viss dette ikkje gjev meining, får du spørja verdsveven om info om kvekarane eller høyra med besten. Kan ikkje besten svara på dette, har eg truleg teke feil i vurderingane mine!

onklt sa...

Besten seier: Tynn hårmanke? Har vel ikkje auga og sprutar eld og, som andre fantasifigurar? Og når vart Tande P, P Diddy, T Rex og Brynjar Å ikkje skikkelege namn?

Bokken sa...

"Så dette at alle trur at M'en i Miltzow har noko med milten å gjera er altså feil. M'en står for multekrem".