19.4.07

BESTEN 6

det er vel dags for ein ny runde med besten-kommentarar. etter ein liten aktivitetsnedtur etter runde 3 har det teke seg opp igjen, og etter runde 5 kan me for fyrste gong kåra ein tapar. han som får denne utmerkinga er onklt, som kom med det aldeles meiningslause framlegget "Tynn hårmanke? Har vel ikkje auga og sprutar eld og, som andre fantasifigurar? Og når vart Tande P, P Diddy, T Rex og Brynjar Å ikkje skikkelege namn?" det kan henda at juryen ikkje tek alle poenga her, men det er vanskeleg å sjå kva dette har med miltzow-ætta å gjera.

biletet over er nok teke ei helg, sidan besten er oppteken med å spela data. frå kameravinkelen er det vanskeleg å sjå at munnen hans er open, men akkurat denne gongen snakkar han faktisk gjennom nasen. kva seier besten?

11 kommentarer:

frode 2 sa...

"Kor finn eg World Of Warcraft?"

Frode1 sa...

Biletet er take etter runda 5 av kva seier Besten, og no kommenterte han kommentarane så langt: (altså litt metaaktig)(eg skal forklare uttrykket ved eit seinare høve):
Besten sa: Dessa to sønene mine, onkel t og k, er nokre ynkelege og fantasilause figurar. Eplet har falle langt frå stamma, ja. Det er noko anna med dei trivelege frode 1,2,3 og 4. Å ja, og slik går no dagane.

guffen sa...

frode1: for min del treng du ikkje forklara uttrykket meta-aktig. far min har forklart at meta var ein videotype som etter kvart tapte for vhs.

sam sa...

Dette Dialektspelet var no altfor enkelt. Denne karen er sjølvsagt frå Olden. Treng ikkje vera vossing for å skjøna da. Eg må seia som Jesaia: "Du ser ikkje lenger det frekke folket, folket med det vanskelege språket som ingen skjønar, med stammande tunge som ingen kan tyda" (Jes 33, 19).

guffen sa...

frå no av får kvar kommentator berre lov til å bruka ti bibelord kvar månad. dei som heller vil laga sine eigne bibelord, får bruka tolv.

dette gjeld ikkje familien said.

sam sa...

Eg er berre oppe i tre bibelord så langt, og dessutan er det jo Besten som seier dette! Eg får seia som Besten ville sagt: "Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar [...] ,for dei som følgjer slike reglar, har aldri hatt nytte av det." (Hebr. 13, 9) - greitt, fire bibelvers så langt...

Frode 2 sa...

Kan nokon skrive noko fornuftig om profeten sam. Han er vel ikkje ein av dei fortapte og frekke onklane?

sam sa...

"Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane." (Hebr 11, 32)

guffen sa...

sam var assistenten til frode i ringdrotten.

den fyrste frode 2 sa...

Forresten. Tek du deg nær av at det berre er ei hanfull som har sjekka ut profilne din, og at klaffen og geffen og pylso er ekstremt dårlege på å oppdater bloggane sine?

den andre Frode 2 sa...

Detta var no ein utruleg merkeleg kommentar. Sa Besten verkeleg dette?