25.5.07

BESTEN 9


siste nytt frå gamlevegen er at too har skifta namn igjen. alle likar namnet too, men diverre er det vanskeleg for utlendingar å uttala det. dei fleste prøver med ein variant av det engelske ordet too, slik at det verkar som om too er i slekt med torvald tu. det er sjølvsagt lite interessant, så frå no av heiter too kvart på too.

for å feira det nye namnet har me a) herpa barnevogna mi, slik at eg ikkje kan rekna med å få noko frisk luft dei neste vekene, og b) funne eit nytt bilete av besten. spørsmålet er som vanleg: kva seier besten?

1 kommentar:

Frode sa...

Besten seier: Kvifor har du ikkje fått deg Facebook-side, Guffen?