9.6.06

VM-RESULTAT 1

planen var sjølvsagt å leggja ut alle innkomne tippeframlegg før opningskampen, men det vart litt vanskeleg. det har ramla inn framlegg heile dagen, me er oppe i tjue så langt, og nokre av dei er relativt mangelfulle. ein har ikkje kome i gang i det heile, nokre har berre tippa dei to fyrste kampane, medan eivind/åse gav opp då dei såg at det skulle spelast så mange kampar, og tippa i staden at england vinn, at brasil vert nummer to, og at argentina vert nummer tre, med mario kempes som toppskårar. det er deira pengar, og dei kan sjølvsagt bruka dei akkurat slik dei vil.

i morgon legg eg ut alle framlegga, i alle fall dersom eg unngår ein av desse hersens sykkelturane far min dreg meg med på. eg kjem til å halda fram med dagleg oppdateringar, reknar eg med. inntil vidare kan de gle dykk over at det er relativt jamnt - slik ser det ut etter to kampar:

2 poeng: øystein
1 poeng: balle, bjørg, eirik, gjert, halvor, jens johan, kjartan, kjetil, lars, marit, ragnhild, stein inge og torunn.
0 poeng: arnfinn, thor morten, eivind, erling, gaute og tørsten.

så ingen har grunn til å vera altfor deprimerte, kanskje bortsett frå tørsten, som imponerte med å tippa polen heilt til finala.

6.6.06

SALVING

i pinsehelga var me ein tur på nordmøre for å halda fram med denne evindelege døype-turneen. denne gongen var det jon som stod for tur. her er dei viktigaste hendingane frå desse dagane:

døypinga. sjølve døypinga såg ut til å gå etter planen, heilt det kom nokre katolikkar og drog i gang ei salving utan like. eg såg ikkje anna råd enn å leggja meg nedpå litt. eg fekk difor ikkje med meg todelinga blant publikum - halve lyden tok turen opp til presten under døypinga, den andre venta til nattverda. det var rundt 95 selde billettar; den einaste a-kjendisen var sylvia brustad.

språk. det var ikkje mykje som viste at me var i eit nynorsk herad. alle salmane i kyrkja var på bokmål (også der salmen finst i nynorsk versjon), dei fleste songane under samkoma etterpå var på dansk eller bokmål, og husvertane sette ny personleg rekord i knoting. besten burde melda seg inn i mållaget, så vert det vel andre bollar.

kunnskapspel. som vanleg gjekk mykje av tida til å vera samla rundt eit brettspel. det danske laget var imponerande samkøyrd, med unnatak av dei gongene det var uklart kvar vegen gjekk vidare. to av spørsmåla baud likevel på problem. på spørsmål om ein kanadisk skodespelar frå knallfilmen ghostbusters kom dei ikkje på andre kanadiske skodespelarar enn jim carrey (og kanskje robin williams), og lurte difor på om halvt kanadiske skodespelarar kunne godtakast. i tillegg vart ordskiftet om kva som var største sjøfartsbyen i noreg i 1850 så kvasst at han som ikkje hadde tru på arendal ("hvorfor arendal? hvorfor ikke grimstad?") gjekk og la seg i rein depresjon.

mat. som vanleg var det meir enn nok mat. det vart slege fast at kaffi er sunt - litt overraskande slo same mann fast at det vart sunt å vera forkjøla.

salveprisjuryen deler ut desse prisane:
prisen for beste replikk går til besten, for "får jeg forestille fru liv berg?"
prisen for flest kostymeskifte går til tante m, som viste seg i fire ulike kostyme før lunsj i dag, og som vart observert i eit femte seinare på dagen.
prisen for størst nylagde plen går til ovesen - 942 kvadratmeter på under to timar.

2.6.06

TIPPING

eg har ikkje greidd å få kontakt med operadart-miljøet i bergen, og ser difor ikkje anna råd enn å dra i gang eiga vm-tipping. i løpet av helga kokar eg saman eit skjema med oppgåver - dei viktigaste vert å tippa rett resultat i vm-kampane, men det dukkar kanskje opp andre oppgåver òg. vm-et det er snakk om er vm i fotball. alle som har interesse av å vera med kan tinga eit skjema på den halv-offisielle e-adressa til guffebloggen: kjesso¤online.no.

under vm vert det òg lagt ut ei rekkje spørsmål. desse har ikkje mykje med fotball å gjera, men er slike spørsmål som foreldra mine ikkje veit svaret på. lukke til.

innleverte tips:
arnfinn balle bjørg docmartin eirik eivind erling gaute gjert halvor jens kjetil lars marit matias ragnhild stein inge thor morten torunn tørsten øystein

stillinga
9. juni 10. juni 11.juni 12.juni 13.juni 14.juni 15.juni 16.juni 17.juni 18.juni 19.juni 20.juni 21.juni 22.juni 23.juni 24.juni 25.juni 26.juni 27.juni 30.juni 1.juli 2.juli 4.juli 5.juli 8.juli 9.juli

statistikk og anna
sluttspelet regelendring finalefest

1.6.06

SKEI

i dag vart det visst ikkje noko årsoppsummering. i går las mor mi ei bok om korleis det eigentleg er å vera dritunge, og der stod det at ungar skal kunne eta med skei utan hjelp frå andre før dei er eitt år gamle. eg hadde altså berre dagen i dag til å læra det på, og det gjekk sjølvsagt ikkje.

i morgon skjer det minst to store ting: eg inviterer truleg til vm-tipping (i alle fall dersom operadart-miljøet i bergen ikkje gjer det), og den store folkefesten tek til klokka åtte i gamlevegen.

31.5.06

LITTERATUR

eg har arva mor mi si interesse for litteratur, og har brukt meir tid i bokhylla enn alle andre på babysymjinga til saman (inkludert dei vaksne). ein forfattar og ei bok peikar seg ut som dei mest interessante:

favorittforfattar: stephen walton. eg har ikkje tal på alle gongene eg har rive doktoravhandlinga hans, farewell the spirit craven, ut av bokhylla. derimot har eg tal på kor mange gonger eg har rive sund omslaget på biografien ivar aasens kropp (2).

favorittbok: komiske ku. denne var i utgangspunktet relativt keisam, men etter at eg nappa ut alle sidene i midten, og berre sit att med omslaget, er forteljinga mykje betre:

side 1: hei, eg heiter komiske ku.
side 2: og me kom heim til garden rett før kveldsmaten.

30.5.06

KMI

ved inngangen til eit nytt år kan det vera greitt å ta utgangspunkt i kroppslege tilhøve. alle tidsepokar har hatt eigne metodar for å måla kor tjukke folk er, og den mest populære no for tida er kmi - kroppsmasseindeks. viktigaste grunnen til at denne er mykje brukt er truleg at ein må rekna litt for å finna svaret, slik at det heile verkar ekstremt vitskapleg. det vil føra for langt å forklara denne utrekninga i detalj her, men til alt hell finst det ein kmi-utreknar på internett.

kroppsmåla mine er litt usikre. eg var på eu-kontroll for nokre veker sidan, og vekta vart då estimert til 10 kilo. mekanikaren gløymde diverre å notera kor høg er var, og eg må difor ta utgangspunkt i ei tidlegare utrekning, som stemmer sånn nokolunde. eg slår inn desse tala i kmi-utreknaren, og får til svar at kmi-en min er 2,5. eg er i alle fall ikkje overvektig.

29.5.06

JUBILEUM

denne veka er det eitt år sidan eg vart fødd. sjølv hugsar eg dagen som ei ut av kroppen-oppleving, og ser ingen større grunn til markering, men sidan omtrent helvta av foreldra mine er opplært til at gebursdagar er det nest viktigaste av alt, er det ingen veg utanom: denne veka skal det feirast.

hovudfesten vert fredag. alle som vil er velkomne til gamlevegen frå klokka åtte og utover. det vert kaker, talar, dans på bordet, og me har i tillegg invitert to profesjonelle klovnar til å underhalda. dette vert bra!

resten av jubileumsmarkeringa vert meir impulsiv og sporadisk (siste versjon av produksjonsplanen er ikkje heilt ferdig). ein viktig del vert oppsummering av tida så langt, her på bloggen. kakebakinga er i full gang.