20.6.06

VM-RESULTAT 12

fire kampar i dag, og mange poeng til utdeling. kampane viste seg å ikkje vera av dei vanskelegaste - dei fleste hadde minst tre rette. lars og halvor hadde fire rette, og halvor prikka òg inn eit rett resultat, slik at han klatrar vidare. thor morten hadde to rette resultat, og fekk òg seks poeng i dag. sju tipparar hadde fem poeng. matias fann ut at dette kunne vera ein god dag å bomma på det meste. han fekk berre eitt poeng, og er no nede på andreplass, bak erling.

nedst på lista merkar me oss at kjartan står litt i stampe. det kan skuldast at han no har gått åtte kampdagar utan å levera noko tips, men han seier at han kjem sterkare igjen i sluttspelet. det kan jo òg tyda at han har tenkt å snu på flisa - tidlegare år har han tippa, men ikkje betalt noko til vinnaren; no kan det henda at han ikkje tippar, men betalar noko til vinnaren.


34 poeng: erling
33 poeng: matias
31 poeng: kjetil, thor morten
30 poeng: ragnhild
28 poeng: stein inge
27 poeng: gjert, lars, jens johan
26 poeng: marit, halvor
25 poeng: bjørg, øystein, eirik, torunn
24 poeng: gaute, balle
18 poeng: arnfinn
17 poeng: tørsten
8 poeng: kjartan, docmartin
0 poeng: eivind

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kva gjer helleveane so langt nede på lista? No må de skerpa dykk og prikke inn dagens kampar. Ut frå mi eige tipping reknar eg no med å falle litt tilbake i feltet før eg gjer eit avgjerande rykk når Oliver Khan kjem inn på bana. Kan sekreteriatet sjekka opp om eg faktisk har tippa at Saudi Aribia skal slå Spania 2-0? Meininga var at Spania skulle vinna 2-0 sjølv om underholdningsverdien er stor om SA vinn noko uventa. Kan eg enre dette gisset så gjer eg det. Får ein poeng utfrå plassering i gruppene ut frå kva ein har tippa av resultat eller er det berre om du har riktig vinnar eller tapar i dei sluttspelet?

guffen sa...

eg er redd for at det ikkje let seg gjera å endra tips i gruppespelet. det er ikkje lagt opp til poeng for tabellplasseringar.

du må gjerne koma med spitord om helleveane, det fortener både far min og alle onklane mine, men eg minner om at matias held helleve-fana høgt. så lenge det varer.

Anonym sa...

Eg likar deg, spite-Thor