26.6.06

VM-RESULTAT 18

folk var ikkje like ivrige på å skrapa saman poeng i dag. ei lita endring i teten, der ragnhild hoppa bukk over erling, og tok attende leiinga.

etter sist oppsummering har det dukka opp eit langt ordskifte der a) thor morten held fram med å etterlysa betre tipping frå helleveane, sjølv om det er mot reglane å endra den tippinga dei alt har levert inn, og b) ragnhild verkar interessert i å retta opp ei feilføring. sett frå leikegrinda trur eg at ho bør slita med denne feilen, men eg tek gjerne mot andre synspunkt, fyrst og fremst frå erling, som er den som kan ha mest å tena på at ragnhild ikkje får gjera endringar. (thor morten har jo alt nådd målet sitt, og gjev truleg ein god ein i kva som skjer med ragnhild og andre tipparar som ikkje heiter helleve.)

mor mi har kopla grepet om den magiske fjerdeplassen.

neste oppdatering vert ikkje før onsdag kveld. eg dreg med meg far min til oslo i morgon, me skal på konsert med noko islandsk kunstrock.

66 poeng: ragnhild
65 poeng: erling
63 poeng: thor morten
56 poeng: marit

54 poeng: kjetil
50 poeng: bjørg, gjert, matias
49 poeng: jens johan
48 poeng: stein inge, øystein
47 poeng: torunn
44 poeng: balle, gaute
42 poeng: docmartin
40 poeng: eirik, halvor
37 poeng: arnfinn
36 poeng: tørsten
34 poeng: lars
8 poeng: kjartan
0 poeng: eivind

2 kommentarer:

Anonym sa...

sidan mitt einaste håp om å vinne dette her anten er at alle andre vert tekne i juks og fanteri eller at poengutrekningssystemet vert så vanskeleg å forstå at kven som helst kan utrope seg til vinnar stemmer eg for alle forslag som måtte komme om endringar, poengutrekning, endringar i resultat og anna. eg lurar sjølv på om eg kan endre mine lag frå igår til sveits-ukraina 0-0 med ukraina vidare på straffespark? eg stemmer for det og.

beste helsingar
havets
10 år på hovudfag

Anonym sa...

Eg synest doktoren får lite kred frå programleiaren for opphentinga si, sjølv om det riktignok stort sett er hellevear han har drege forbi so langt.