i dag trilla det inn nok mål til at endå ei gruppe vart avgjort etter to kampar. dårleg nytt for dei fire som tippa serbia vidare, og for dei seks som tippa elfenbeinskysten vidare, og kanskje spesielt for dei to som ikkje hadde noko tru på at argentina skulle gjera det noko større.
det er ikkje kvar dag at eg har noko positivt å seia om nordlendingar. likevel - gaute fortener ros for tippinga si. som nordlendingar flest veit han meir om data enn fotball, så han brukte store delar av sist veke på å programmera inn alle kampar frå tidlegare vm inn i eit dataprogram, før programmet tok seg av resten. så langt hevdar han seg betre enn dei fleste onklane mine. kjartan har forresten hatt nokre dagar utan tipping no, men kjem truleg sterkt attende når sluttspelet er i gang.
24 poeng: matias
22 poeng: erling
21 poeng: thor morten
20 poeng: stein inge
19 poeng: kjetil, gjert
17 poeng: ragnhild, bjørg, eirik, marit
16 poeng: torunn, øystein
15 poeng: lars
14 poeng: jens johan, gaute
12 poeng: balle
11 poeng: tørsten
9 poeng: halvor, arnfinn
8 poeng: kjartan
0 poeng: eivind
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar