13.7.05

UTVIKLINGA

i dag var eg på kontroll. dei sjekka høgd og lengd og tyngd og slikt, i tillegg til at dei i god frenologisk tradisjon sjekka omkrinsen på skallen. sjølv funderte eg mest på høgda. på fem veker har høgda auka med sju cm. eg reknar med at eg veks med same farten også i framtida, og sidan det framleis ramlar inn eit lass med kroppar kvar veke, kan det ha ålmenn interesse å vita kor høg eg til ei kvar tid er.

på fem veker har høgda gått frå 50 til 57 cm, altså ein auke med 14 prosent. det gjev denne prognosen for det neste året:

7. juni: 50 cm
13. juli: 57 cm
17. august: 65 cm
21. september: 74 cm
26. oktober: 84 cm
30. november: 96 cm
4. januar: 110 cm
8. februar: 125 cm
15. mars: 143 cm
19. april: 163 cm
24. mai: 185 cm
28. juni: 211 cm

rundt eittårsdagen vert eg altså den høgste i familien.

3 kommentarer:

Ragnhild Bjorge sa...

Eg må berre seia at eg er imponert over nettsida di, Guffen! Det finst forresten ei veldig fin bok du burde skaffa deg. Trur ho heiter handbok for den nyfødde. Tantungen min fekk den då ho vart fødd i mars og eg trur ho har lært seg mykje nyttig der. Det er vel Samlaget som har gjeve ut boka.

Anonym sa...

Du er flink til å rekne guffen, men veksten din må vel reknast i høve "gausskurva", og vil vel difor desverre avta med alderen?

Anonym sa...

Hei Guffen!
Snakk om gild blogg! Heilt utruleg kor mykje du har å skrive om endå så liten du er.
Den boka som Ragnhild tipsa om er sikkert denne:
Hegdal, Ola A.
Handbok for babyen : standardverket for den nyfødde / Ola A. Hegdal. - Oslo : Samlaget, c2003. - 82 s. : ill.
ISBN 82-521-6264-9 (h.)
Du får høyre med foreldra dine om dei kan skrangle saman nokre kroner og kjøpe boka til deg.