gruppe A, den tyske gladgruppa, er alt avgjort, og ingen er vel spesielt overraska over at equador slo fylgje med tyskland. eller, vent litt - statistikk eg har utarbeidd heilt på eiga hand viser at 12 av dei 18 som har tippa sluttspelet rekna med at polen skulle gå vidare. ein retteleg trist dag for dei, med andre ord. det var òg ein trist dag for han eine som trudde at england ikkje kom seg vidare. mot slutten av gruppespelet kjem eg til å presentera denne statistikken - eg kan knapt venta sjølv, og reknar med at alle andre er like spente.
i dag har det forresten skjedd ei endring i talet på tippa vinnarar. torunn held på argentina-portugal som finalelag, men endrar resultatet frå 0-2 til 2-0. forklaringa hennar var at "erling misforstod notatane mine", så viss det er andre som har levert notat til erling, som han deretter har misforstått, er det berre å melda frå. dette gjeld ikkje matias.
det jamnar seg ut. ingen av dei øvste på lista drog i land spesielt mange poeng, slik at feltet ser opnare ut enn for nokre dagar sidan.
21 poeng: matias
18 poeng: kjetil, erling, thor morten
17 poeng: gjert, ragnhild
16 poeng: marit, stein inge, bjørg
15 poeng: torunn
14 poeng: øystein, eirik
13 poeng: jens johan, lars
12 poeng: gaute
11 poeng: balle
9 poeng: tørsten
8 poeng: kjartan, halvor
7 poeng: arnfinn
0 poeng: eivind
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar