23.6.06

VM-RESULTAT 15

no tek meistertipparane til å visa seg fram for alvor. matias tippa rett vinnar i alle kampane, og fekk fire poeng. det heldt ikkje mot thor morten, som tippa ein kamp feil, men hadde to rette resultat, og difor fekk sju poeng. ragnhild imponerte med å tippa rett resultat i tre kampar, men dei ni poenga hennar heldt ikkje mot erling, som tippa tre rette resultat og ein rett vinnar - ti poeng. i kampen om den magiske femteplassen ligg mor mi godt an.

ragnhild har flest lag vidare til sluttspelet (14). erling og docmartin har 13, marit, jens johan, balle, kjetil, gjert, thor morten og matias har 12, eirik, halvor, torunn og bjørg har 11, gaute, arnfinn og tørsten har 10, medan øystein og stein inge har 8 kvar. lars har ikkje heilt funne ut kven han trur går vidare, men det er fare for at han prikkar inn alle 16.

50 poeng: erling
43 poeng: ragnhild
42 poeng: matias, thor morten
37 poeng: marit, bjørg
35 poeng: gjert, kjetil, stein inge
34 poeng: lars, jens johan, torunn
33 poeng: balle, gaute
31 poeng: eirik, øystein
28 poeng: halvor
27 poeng: arnfinn
25 poeng: tørsten
21 poeng: docmartin
8 poeng: kjartan
0 poeng: eivind

Ingen kommentarer: