20.6.06

SLUTTSPEL

eg har i all hast utarbeidd ørlite statistikk rundt sluttspeltippinga. hadde tippelaget hatt litt større basiskunnskapar om det heilt grunnleggjande dataprogrammet excel, hadde det gått hakket raskare. skal det tippast til neste vm òg, trur eg at alle som er med skal få eit lynkurs i excel.

lag flest har tru på. alle tippar at brasil, frankrike og spania går vidare, medan berre ein trur at england går ut, og berre to trur at argentina, tsjekkia, tyskland og ukraina går ut.

lag færrast har tru på. costa rica og saudi-arabia er dei einaste laga ingen har tippa vidare. berre ein har tru på trinidad og tobago, medan berre to har tippa tunisia, iran og ghana vidare.

lag som går fort ut. sytten har tippa ukraina vidare. femten av desse trur dei går rett ut i åttandedelsfinala. kroatia og polen har det nesten like gale (elleve av tretten trur dei går rett ut), medan alle åtte som tippar sveits vidare sender dei rett ut i åttandedelsfinala.

lag som går seint ut. elleve av nitten trur brasil kjem til finala. ingen trur at nederland kjem til finala, men fire trur at dei ryk i semifinala. kvartfinala er ein vanleg endestasjon for spania.

litt uklare lag. dei fleste trur altså at frankrike, england, argentina og tyskland går vidare, men det er lite semje om kor lenge dei får vera med.

oversynet under viser kor mange som har tippa kvart lag vidare. tala i parentes viser til kor mange som trur laget ryk i åttandedelsfinala, kvartfinala, semifinala, og om laget tapar eller vinn finala.

Brasil 19 (2,3,3,6,5)
Frankrike 19 (2,8,4,3,2)
Spania 19 (3,10,2,2,2)
England 18 (4,5,6,2,1)
Argentina 17 (3,6,3,2,3)
Tsjekkia 17 (8,7,0,1,1)
Tyskland 17 (4,8,2,1,2)
Ukraina 17 (15,2,0,0,0)
Italia 15 (9,2,3,0,1)
Mexico 14 (10,3,1,0,0)
Portugal 14 (9,2,2,1,0)
Sverige 14 (7,5,2,0,0)
Kroatia 13 (11,1,0,0,5,0,5)*
Polen 13 (11,1,0,0,5,0,5)*
Nederland 11 (2,5,4,0,0)
Angola 8 (6,1,0,0,1)
Equador 8 (7,0,1,0,0,)
Sveits 8 (8,0,0,0,0)
Togo 8 (6,2,0,0,0)
Elfenbeinskysten 6 (3,1,2,0,0)
Paraguay 5 (4,1,0,0,0)
Serbia 4 (3,0,1,0,0)
USA 4 (1,2,1,0,0)
Australia 3 (2,0,1,0,0)
Japan 3 (3,0,0,0,0)
Sør-Korea 3 (3,0,0,0,0)
Ghana 2 (2,0,0,0,0)
Iran 2 (2,0,0,0,0)
Tunisia 2 (1,1,0,0,0)
Trinidad & Tobago 1 (1,0,0,0,0)
Costa Rica 0 (0,0,0,0,0)
Saudi-Arabia 0 (0,0,0,0,0)


* tørsten har altså ikkje bestemt seg for kven som vinn finala mellom polen og kroatia, og lite tyder på at det vert ei aktuell problemstilling

3 kommentarer:

Anonym sa...

Å, fytterakkern, noko så keisamt. Guffen! Hallo! Er du der!

Anonym sa...

Kvar er Landskappleiktipping-statistikken?

guffen sa...

du får ta det opp med far min. sjølv sit eg i leikegrinda og veit ikkje mi arme råd.

eg orkar ikkje laga statistikk over han eine som har tippa landskappleiken.