1.7.06

REGELENDRING

far min har fylgjande framlegg til regelendring:

alle som har tippa brasil-frankrike i finala, og som i tillegg har same førebokstavane som anten erik håker, eric heiden eller edvard hoem, får 250 bonuspoeng, sjølv om finaletipset ikkje skulle slå til.

4 kommentarer:

havets biff sa...

det høyrest fortryllande lumskt ut. eg stemmer ja for denne regelendringa dersom dei som har etternamn som og er danske stadnamn får dele pengepotten med vinnaren

Guffen sa...

far min seier at dei med danske stadnamn som etternamn ikkje kan rekna med å dela pengane, men dei kan få tre fjerdedelar av bonuspoenga.

havets biff sa...

ok, eg kjem i det minste på den magiske andreplassen og kan lure meg sjølv til å tru at eg har ein sjanse til å vinne.

havets biff sa...

eg vil forøvrig legge til at eg tykkjer at avstemminga bør ha ein tidsfrist, til dømes klokka 13.00 idag, og dersom ingen har motførestillingar til den tid bør regelendringa tre i kraft frå og med kl. 13.01 idag. som i alle demokratiske val vil det jo verte ein del heimesittarar her og, men slik er jo dei deomkratiske spelereglane, ein må delta i valet for å kunne vere med å bestemme.