28.6.06

VM-RESULTAT 19

slik ser det ut før dei åtte siste kampane. foreldra mine markerer seg som vanleg bra - mor mi fekk full pott i kampen mellom ghana og brasil, og fekk òg med seg poeng for frankrike, slik at det ikkje er lenge før ho er med heilt i teten. far min ladar opp til slektstreffet i august. det hadde vore fint om lars kunne levert eit skjema verdt minst elleve poeng, slik at ikkje kjartan vert liggjande utan brør rundt seg.

før kvartfinalene har kjetil, thor morten og doc martin 6 lag vidare, marit, jens johan, ragnhild, stein inge, halvor, torunn, arnfinn, gjert og bjørg har 5, balle, tørsten, erling og matias har 4, eirik, gaute og eivind har 3, medan øystein greier seg med england og argentina.

ragnhild har levert inn nye framlegg frå kvartfinala og utover. det er fint om erling seier frå kva han meiner om det.

eg snakka litt med tørsten då eg var i oslo. han er einaste i tippelaget som er med i mensa, men til og med han sleit med å forstå reglane. han meinte at neste gong bør tippinga vera todelt, slik at ein tippar grunnspelet og sluttspelet kvar for seg, av to grunnar: for det fyrste vert poengutrekningssystemet enklare, og for det andre favoriserer systemet me no bruker dei som gjer det godt i gruppespeltippinga. fleire enn meg vil sikkert innvenda at dette er noko han hevdar for å auka sjansane for helleve-triumf, men ein slik påstand sparkar bein under seg sjølv.

69 poeng: erling
68 poeng: ragnhild
67 poeng: thor morten
64 poeng: marit
58 poeng: kjetil
56 poeng: matias
54 poeng: bjørg, gjert
53 poeng: jens johan
52 poeng: balle
51 poeng: torunn
50 poeng: stein inge
48 poeng: øystein, gaute
46 poeng: docmartin, halvor
44 poeng: eirik
43 poeng: arnfinn
40 poeng: tørsten
34 poeng: lars
8 poeng: kjartan
0 poeng: eivind

7 kommentarer:

Ragnhild Bjorge sa...

Eg har kjent litt på dei moralske grensene mine, men kunne ikkje sjå noko til dei, difor trur eg dette er innanfor.

guffen sa...

nytt spørsmål til erling: dei moralske grensene til ragnhild er såpass sporadiske at ho like godt har endra litt på åttandedels-tippinga si òg. er dette greitt for deg? o

Ragnhild Bjorge sa...

Eg trur kanskje eg vart riven med i gleda over å finna ut av skjemaet, men det var vel ikkje meininga å gjera endringar i åttande-delstippinga mi.

Anonym sa...

Det er supert for meg om ragnhild får gjera endringar, for du må lotteritilsynet(Guffen) godta mine endringar og, eg søkte jo om å få endra spania- saudia arabia kampen min som var feilført noko som blei avslått, om dette blir retta opp ledar eg konkuransen!!! Uansett så blir denne gissekonkuransen agjort på om Oliver Khan kjem inn for Tyskland eller ikkje. Det er godt Erling ser meg som hardaste konkurenten, då eg var iferd med å gi opp då min finale Frankriket-Brasil møtes no og derfor berre blir ein fjern draum

Anonym sa...

Mensa Tørsten har eit godt poeng, reglane må endrast då gruppespillet no spelar for stor rolle til at finalespelet blir avgjerande. Ragnhild kan vinna utan å eit riktig lag finalen

guffen sa...

thor: det er vel ein skilnad på å tippa feil resultat, og på å føra vinnarane i åttandedels inn i feil kvartfinale? uansett kjem ikkje erling til å godta at du endrar noko.

mensa-endringane ville kanskje òg føra til at fleire kommenterte her. no er det jo stort sett dei tre i teten som er aktive.

Ragnhild Bjorge sa...

Takk, guffen!

Når det gjeld I sofall er det vel ikkje berre eg som kan vinna utan rette lag i finalen, eller?

(Eigentleg har jo eg oppnådd mitt, nemleg å trona på toppen av lista fleire gongar. Og eg har fått venene mine til å sjekka guffebloggen berre for å oppdaga at eg er best - kva meir kan ein ynskja seg?)

Elles: Reglar eller ikkje reglar. Eg trur Thor har rett: Mykje står på spel med gamle Oliver og på talet på straffesparkavsluttingar. Kanskje det er det som kjem til å snu opp-ned på tabellen vår?