5.7.06

VM-RESULTAT 23

endeleg ei gladmelding frå fotball-vm! eg fekk ikkje sett kampen i dag, då eg hadde ein liten piknik under bjørka i hagen, men eg gler meg stort over at christiano ronaldo ikkje får visa seg i vm-finala. dette har ikkje noko å gjera med det han sa eller ikkje sa då rooney vart utvist her om dagen, men det kjem seg av at han må vera den mest irriterande fotballspelaren verda har sett (i alle fall sidan tuften la opp. har han lagt opp, forresten?).

tippinga er så godt som avgjort, men det knyter seg litt spaning til kampen om den magiske tredjeplassen, som mor mi no har taket på. ho kan òg skåra poeng dersom portugal vinn bronsefinala, og dersom kahn ikkje får spela. ragnhild kan få poeng dersom kahn ikkje får spela, og dersom det ikkje vert fleire straffespark-konkurransar. thor morten kan få poeng dersom frankrike tapar finala (bloody likely), henry vert toppskårar (endå meir bloody likely), dersom kahn kjem på bana (ekstremt endå meir bloody likely), og dersom det ikkje vert fleire straffespark-konkurransar. relativt ope, med andre ord.

sure-bjørg er den einaste med to lag vidare i rett finale. marit, gjerten, thor morten og alle helleveane har eitt lag i rett finale, medan resten har brukt opp alle laga sine.

dei som har ein sjanse til å tippa rett vinnar av vm er sure-bjørg og matias helleve (frankrike), og arnfinn helleve (italia).

sundag inviterer me forresten alle til vm-avslutning på småskjerm i gamlevegen. det vert utdeling av diplom til vinnaren, som etter alt å døma vert stein inge. me hadde rekna med at jens johan eller andre i volda skulle vinna, slik at me har ikkje lagt inn reisekostnader i budsjettet. me reknar likevel med at alle med glede legg 150 kroner i potten, slik at me kan få dekt flyturen til stein inge. andre som vil fly kan ringja billettkontoret til widerøe, og be om ei rundreise til volda med guffen-rabatt.

249 poeng: stein inge
114 poeng: eirik
79 poeng: marit
77 poeng: ragnhild
76 poeng: thor morten
69 poeng: erling
68 poeng: sure-bjørg
67 poeng: kjetil, gjert
66 poeng: matias
59 poeng: jens johan
58 poeng: balle
57 poeng: torunn
55 poeng: halvor
53 poeng: arnfinn
52 poeng: docmartin
50 poeng: tørsten
48 poeng: øystein, gaute
34 poeng: lars
8 poeng: kjartan
0 poeng: eivind

2 kommentarer:

Anonym sa...

Trur ikkje Tuften har lagt opp ennå. For meg som har spelt både med, under og mot tuften så vil eg heller samanlikna han med Zidane enn Ronaldo. Både Zidane og Ronaldo har desse luftige overstegsfintene som tuften også nyttar seg av. Men det er kun Zidane som har peikefinter som kan minne om Tuften sine.

Ragnhild Bjorge sa...

Hmm... dette ser mørkt ut for meg. Diverre sit eg i Oslo og les landssviksaker og anna moro, slik at eg ikkje får med meg den hei dundrande avslutninga med fellessjåing. Men eg skal ha dykk i tankane medan eg er grisesur på at dei to defensive tullelaga kom seg til finalen, på kostnad av laga mine.