29.9.07

MYANMAR

dei siste dagane har sunnmøre vore fullt av folk som har kledd seg i raudt, i sympati med alle munkane som demonstrerer i myanmar. heime hjå oss er det litt delte meiningar om dette temaet. mor mi har, slik dei fleste har fått med seg, ei sentral rolle i lokallaget til venstre, og var frå fyrste demonstrasjonsdag klar på at dette var noko ho ville støtta. diverre har ho ingen raude klede, men ho drakk raudvin dagen lang, og rekna det som ei god støtte til myanmarnesarane.

far min gjekk òg i raudt - han hadde funne fram den raude bestskjorta både torsdag og fredag og laurdag. dette var likevel heilt tilfeldig, han ser ikkje nokon grunn til å demonstrera mot eit regime som har teke makta gjennom eit lovleg gjennomført militærkupp.

26.9.07

GLADMELDING

guffebloggen har no kome så langt at same kva innlegga mine handlar om, tek frode og kukola til å krangla. det fyrste delmålet med guffebloggen er såleis oppnådd.

24.9.07

MOBIL

sist veke, medan far min var på noko kulturelt i telemark, pressa fem over treo og mor mi og eg inn litt kvalitetstid hjå besto og besten. programmet var ikkje av det mest overraskande, og akkurat det var vel heller ikkje spesielt overraskande. me åt litt, og køyrde litt traktor, og besto meiner at ho eine i idol-juryen har same frisyre som donald duck.

viss det dukka opp litt daudtid, nytta mor mi høvet til å klaga litt over den nye mobilen sin. ho fekk eit kanontilbod frå ein telefonseljar - viss ho heldt fram som telenor-kunde dei neste 25 åra, kunne ho få ein splitter ny mobil til berre éi krone. ho slo til, og sidan har livet vore ein einaste lang nedtur. ho har skrive eit dikt om dette, som ho har kalla "pengar ut vindauga":

ikkje går det an å senda tekstmeldingar med telefonen,
viss eg fotograferer nokre blinkskot vert dei lagra alle andre stader enn inni mobilen,
det er berre dårlege ringelydar,
og mobilen er altfor stor og tung.

dette diktet framfører ho så ofte ho kan. så langt har ingen bede om ekstranummer.

18.9.07

GUFFEFILM 3 / BESTEN 17

eg og mor mi og treo skal til besten og besto nokre dagar. lite tydar på at tilhøva for blogging har betra seg sidan sist, så det kan vera greitt å få ut ei ny melding før me reiser. og sidan eg har så ekstremt mange gode filmar eg kan publisera, kjem det ein ny her.

her er i alt ti skodespelarar med på denne filmen. maks ti prosent av dei skjønar noko av det som skjer, slik at påverknaden frå wam og vennerød er relativt tydeleg. for å spara tid, og sidan besten sit sentralt plassert, legg eg like godt inn det gode gamle spørsmålet endå ein gong: kva seier besten?

16.9.07

GUFFEFILM 2


sundag er frå gamalt av ein solid kinodag, så det kan passa bra å leggja ut ein ny film. denne gongen er det spaghettiwesternfilmen "den gode samtalen". han som spelar hovudrolla drikk diverre litt mjølk samstundes som han snakkar. bodskapen i filmen skulle likevel koma klart fram.

11.9.07

POSTMANN 2

no ser eg meg nøydd til å henta fram ei agurksak frå midt i august. i ei relativt samfunnskritisk melding ramsa eg opp nokre grunnar til at mor mi meinte at postmann pat eigentleg handla om popmusikantane the beatles. to veker seinare, altså på eit tidspunkt då dei fleste hadde kome godt i gang med å tenkja på andre ting, la onklt inn ein kommentar, som peika på seks nye grunnar til at postmann pat og the beatles faktisk er ein og same person. dermed er me totalt oppe i 14 grunnar, og sidan den internasjonale grensa for å akseptera slike hypotesar ligg ved 50 grunnar, er det berre å stå på. eg har difor røkt litt etter, og har funne nokre fleire samanhengar:

* den andre singelen til the beatles heitte "please please me". førebokstavane i dei tre orda er altså ppm. legg ein litt haltande orddelingsreglar til grunn for korleis ein skriv post mann pat, vert førebokstavane pmp.
* songen "the long and winding road" handlar om den dagen postmann pat køyrde feil i krysset.
* landsbyen der postmann pat held til heiter greendale. på norsk vert dette grøndalen. tankane går omgåande til fotballspelaren svein grøndalen, som i ein fotballandskamp mellom noreg og england i 1980 takla phil neal så hardt at han måtte leggja opp. phil neal spelte for liverpool, altså byen der the beatles voks opp.
* ringo starr las kommentarane til serien om thomas the tank engine. i opptil fleire episodar av postmann pat kan ein sjå eit heilt anna tog.

me er altså oppe i 18.

7.9.07

BESTEN 16

det er berre ein månad til regjeringa legg fram statsbudsjettet. dei som drøymer om auka løyvingar til valdresbanen har ikkje mange gleder i vente; dei som drøymer om andre ting har heller ikkje mange gleder i vente. i slik stunder passar det ekstra godt med eit nytt kvardagsbilete, og me spør som vanleg: kva seier besten?

5.9.07

GUFFEFILM

det er vel dags for ein ny serie. med litt flaks vert dette ein like stor suksess som dei andre. i denne serien kjem me av og til til å leggja ut ein ny film, og det er vel ikkje uventa at me startar med filmen "den gode samtalen".

guffefilm2 guffefilm3 guffefilm4 guffefilm5 hinkefilm1

3.9.07

HUMBERSET

det er berre ei veke att til valet, og eg har omsider funne ut korleis eg kan få mest ut av valet. eg røystar sjølvsagt venstre, og akkumulerer mor mi for alt ho er verd. det er vel fare for at det brist meir enn det ber, men det svaret får me ikkje før om ei veke. lokalavisene har meir enn nok med å skriva om kvivsvegen og andre tullevegar, slik at her har ikkje vore ei einaste rundspørjing på prent. det er difor plent uråd å vita korleis det går.

diverre har ein eller annan minister funne ut at det er slutt på å stryka kandidatar frå vallistene. for meg verkar dette som noko stort tull - det må då ha vore eitt høgdepunkt valdagen. til alt hell går det framleis an å føra opp personlege favorittar, og eg kjem til å røysta på desse:

* liv inga homberset, nummer 16 hjå senterpartiet
* asbjørn tore humberset, nummer 13 hjå framstegspartiet
* hildegunn homberset, nummer 8 hjå arbeidarpartiet
* kirsten homberset, nummer 17 hjå arbeidarpartiet
og eg kjem i tillegg til å akkumulera bjarte humberset, nummer 15 hjå venstre.

dei andre partia er heilt uaktuelle - kor alvorleg kan ein ta eit parti som stiller til val utan ein einaste humberset?