30.12.06

KOTELETTJOL

kotelettjola vart som venta ein braksuksess, og i løpet av jola dukka det opp både nakkekotelettar og sojakotelettar. me har sett saman fire av dei mest framståande kotelettbrukarane i eit relativt symmetrisk kotelettgalleri, og dreg fram det gamle fjernsynsspørsmålet - kven skal ut her?

JOLEGALLERI

jolenek. som vanleg tok ikkje jolefeiringa heilt av før besten tok på seg favorittsydvesten og spikra opp joleneket.

sirupsnippar. eg gjorde det eg kunne for å koma meg vekk frå bakeøkta, men gode råd var for dyre.

jolemiddag. på grunn av plassmangel og matmangel måtte nokre av deltakarane sitja på eige bord, der dei måtte nøya seg med fiskegrateng og rivne gulerøter.

jolesongar. ikkje alle fann like stor hugnad i jolesongsynginga, sjølv om dei fleste song med lengting og liv.

jolegåve. som venta fekk eg ikkje rare jolegåvene. denne togbanen var den einaste gåva av interesse, og retteleg interessant vart det fyrst då eg køyrde off-piste.

24.12.06

JOLEPOSTKASSE #7

no tenner me det sjuande,
det siste for i år.
og det er bra, for på fingra-
ne har eg tennesår.

ny adventssundag, ny adventsjolekasse. same reglar som før; same stilling som før:

jolepostkasse #2: 8000
jolepostkasse #1: -
jolepostkasse #3: -
jolepostkasse #4: -
jolepostkasse #5: -
jolepostkasse #6: -

21.12.06

JOLETRAFIKK

i morgon tidleg køyrer me til voss. foreldra mine har diverre ein altfor liten bil, slik at eg må leggja att nokre av presangane eg har fått. (dette gjeld stort sett presangar frå slekta på nordmøre, sidan resten av slekta møter trauste og mannsterke opp på voss.) eg har dandert desse presangane i og rundt soveromsvindauga til foreldra mine, og når me kjem attende til volda har eg ein del opning til gode. far min meiner at eg godt kunne gjort unna litt no, men det går rett og slett ikkje an å opna gåvene før jolekvelden.

dei fleste er klar over at det er kotelettar som gjeld i år, og far min har skrapa saman nokre fjon. han reknar det som personleg rekord, men det luktar ikkje akkurat vm-uttak. så langt har han fått høyra at han liknar på ravi, aasmund olavsson vinje, og lars bjarne marøy.

20.12.06

LITTERATUR

trugne lesarar hugsar sikkert at eg i mai kåra boka komiske ku til favorittboka mi. forteljinga om komiske ku er framleis like gripande, det er alltid like spanande å sjå om ho kjem seg heim til kveldsmaten. sidan mange skal eta pinnakjøt i jola, kan det vera på sin plass å visa fram eit bilete av komiske ku - i farten er eg litt usikker på kva som gjer akkurat denne kua så komisk, men det kan henda at jurplasseringa er i det framfusaste laget.

18.12.06

NYTTÅR

no er eg nett like vis. på babybadinga i dag sa eg "godt nyttår" til alle dei andre, sidan det er omtrent på dagen ei veke sidan me høgtida jol hjå besten og besto. dei andre lurte på kva eg snakka om, og sa at det er ikkje jol før om ei veke. eg anar ikkje kven som lurer meg her, om det er dei andre dritungane, eller om det er foreldra mine. det ville vera merkeleg dersom det var foreldra mine, sidan dei ikkje har for vane å fara med narr, men ein veit jo aldri. men eg ser likevel at det kan verta ein ekstra jolekveld dette året, og er difor glad for at eg ikkje bur midt i svingen - då hadde eg sikkert fått klengenamnet "to jol i svingen".

då støvet hadde lagt seg etter dette ordskiftet, spurde ein av dei andre kva slags jolekalender eg har. eg anar ikkje kva det er for noko, sa eg, og dei andre ungane lo så mykje at badevakta måtte blinka med takljoset. ein av dei andre forklarde detaljert kva jolekalender er for noko, og eg sit igjen med ei kjensle av at foreldra mine let meg gå for lut og kaldt vatn. i alle fall far min - mor mi er, til liks med alle andre framståande gravide, framleis oppteken med å herpa så mykje som råd, og ho har den siste månaden gått effektivt til verks. fyrst punkterte ho to av dei beste dekka på bilen. deretter prøvde ho ut om det verkeleg er sant at vaskemaskindøra ikkje kan opnast før nokre minutt etter at vaskinga er ferdig, noko som viste seg å vera korrekt. i dag herpa ho like godt heile garasjedøra til husvertane. flaks for alle andre at det er far min som har ansvar for jolegåveinnkjøpinga.

17.12.06

JOLEPOSTKASSE #6

no tenner me endå eit ljos,
det er vel nummer seks?
haugen med oppbrende ljos,
han berre veks og veks.

eg veit at eg ofte har brukt omgrepet "retteleg godbit" om postkassekandidatar, men sjeldan har eit slikt omgrep passa betre enn i dag. eigarane av denne jolepostkassa har truleg avfotografert sitt eige jolehus, og i adventstida klistrar dei dette biletet opp på postkassa, slik at postmannen vert i godlune kvar gong han syklar forbi.

kampen om å vinna kåringa av jolepostkassa er framleis jamn, og me minner om at fristen for å røysta ikkje går ut før om mange dagar. maks 10000 poeng, minimum 1 poeng, og vinnar er den jolepostkassa med høgast snittskår.

stillinga så langt:

postkasse #2: 8000
postkasse #1: -
postkasse #3: -

postkasse #4: -
postkasse #5: -

15.12.06

SYLVGUTANE

i kveld var eg og far min på konsert med sylvgutane, koret mor mi er med i. far min sovna med ein gong, og gjekk glipp av ei storhending. etter ei opning der alle i koret etter beste evne rasla med lyklane sine, kom den eine kvitingen etter den andre fram på scena. mor mi gjorde ikkje stort av seg - eg trur ho mima store delar av konserten, og utmerka seg mest ved å vera gravidast i koret. det einaste negative med konserten var at det var litt mykje springing på songarane.

på programmet stod alle jolesviskene som finst, gjerne med svensktopp-inspirerte solistar. sjeldan har innsats, tekst og songtittel passa betre saman enn då dirigenten song solonummeret "himmel og hav". etter konserten fekk dei ståande applaus, og eg reknar med at avisene vert fulle av lovord dei neste dagane.

12.12.06

BARNEHAGE

volda kommune bruker ein litt uvanleg definisjon på omgrepet full dekning. der andre kommunar bruker omgrepet når dei meiner at alle born får plass i barnehage, bruker volda kommune dette omgrepet når det er fullt i alle barnehagane som finst. i går fekk eg melding om at alt dei kan by på er ein deltidsplass (80%) i sollia barnehage, ein barnehage der alle må ha same frisyre som jan gunnar solli. eg er berre velkomen fire dagar i veka, og sidan foreldra mine som vanleg prioriterer arbeid framfor alt anna, må eg vel gå til frisøren den femte dagen i kvar veke.

10.12.06

JOL

i går kveld feira me jol på nordmøre. etter at alle mjølkekyrne hadde fått ein ekstra sveip med mjølkemaskina, slik skikken er på jolekvelden, samla me oss rundt bordet. besten sette seg ved pianoet, og trylla fram den eine smektande jolemelodien etter den andre. ikkje eitt auge var vått. deretter var det talar og songar og helsingar og telegram. etter middagen vart det servert dessert, før kvelden vart avslutta med favorittfilmen til onkel A, elf. heller ikkje denne gongen orka nokon å sjå filmen heilt til slutt, så me veit framleis ikkje kva som skjer, men det fyrste kvarteret kan trygt tilrådast. god jol.

SYNFARING

i helga var me altså ein snartur til nordmøre, for å feira jol, og for å vera med på ei viktig synfaring. besten og besto skal byggja seg ny villa til sommaren, og hadde invitert kjennarar frå fjern og nær til ei synfaring på tomta. villaen vert truleg i santa fe-stil, med ein poppel-allé frå riksvegen og opp. det vert eit stykke å gå opp frå vegen, men dei har alt fått på plass det største boblebadet i møre og romsdal, slik ein kan sjå til høgre på biletet, og dei som treng det kan ta ein pust i bakken der.

på biletet ser me besten i intens drøfting med leiaren i fylkeslaget for landskapsarkitektar. landskapsarkitekten argumenterer intenst for at besten bør byggja huset inne i landskapet til høgre, men besten er ikkje så lettlurt, og vil heller bu slik at han lett kan sjå korleis den nye bonden ligg an med forhaustinga.

JOLEPOSTKASSE #5


no tenner me det femte ljos,
dei står der, tre på rad.
for ljos nummer to, det har
for lenge sidan slokna.

det er femte sundag i advent, og då er det sjølvsagt ikkje aktuelt å stoppa medan leiken er god. me held fram med ei ny jolepostkasse. det heile handlar om å kåra den mest jolete postkassa, og kan gje poeng frå 10000 (bra) til 1 (dårleg). høgast snitt er best.

det er råd å røysta på samtlege jolepostkasser heilt fram til fristen er ute, og det skal relativt lite til før stillinga vert endra. akkurat no er stillinga denne:

jolepostkasse 2: 8000
jolepostkasse 1: -
jolepostkasse 3: -
jolepostkasse 4: -

6.12.06

JOLEKVELD

i morgon køyrer me til nordmøre. så fort mor mi greier å lura seg ut frå kontoret, køyrer me rake vegen til besten og besto. der er det halvfullt hus frå før. besten og besto har heile livet vore klinkande klare på at jolegåver ikkje skal sendast med post; dei som vil ha gåver får henta dei sjølv. besto nyttar høvet til å laga ein jolekveld komande laurdag, med jolemiddag, joletre, jolenisse (ovesen), og jolegåver. til og med onkel trygg får eit jolekjøtbein. mor mi smuglar med seg litt vin og litt pottittgull.

dagane på nordmøre går etter planan i den vanlege tralten. far min og onkel A dreg til skogs så snart det vert dag, medan besten sit inne og bannar av di dei ikkje vert med på vedkappinga. mor mi har fast plass i sofaen, der ho, tante B, og besto les gamle nummer av familien etter samlebandsprinsippet. eg og han med e ligg oftast på golvet og kosar oss med nokre årgangsleiker.

4.12.06

SPRINKELANLEGG

i ein kommentar til denne meldinga lurer syver på kva ein sprinkelvernar er, og kva eller kven som vert verna mot kva eller kven når denne vernaren vert brukt. foreldra mine er ikkje dei mest utprega vernarane i gamlevegen, men biletet over viser kva sprinkelvernar dei nyttar i senga mi.

patenten er relativt enkel. du bakar seks smultringar (to grøne, to gule og to blåe), fordeler dei på to stablar, og plasserer to av sengeføtene i desse stablane. då vert senga meir som ein liten bakke, slik at om morgonen ligg eg og dyna og puta og resten av ekstrautstyret i ein krull i botnen av bakken. dyna og puta og ekstrautstyret vernar altså meg mot sprinklane, og sprinklane mot meg.

dersom du ikkje har smultringar for handa, vert det verre. du kan sjølvsagt bruka årsgamle sirupsnippar, men treng då truleg nærare femten i kvar stabel for å få rette vinkelen på bakken.

3.12.06

JOLEPOSTKASSE #4

no tenner me det fjerde ljos,
dei står der tre på rad.
at fargen ikkje er lik kan
me berre beklaga.

jolepostkassekåringa held fram med ein retteleg godbit, slik det høver seg på fjerde sundag i advent. interessa for kåringa er litt dabbande, men det er vel berre naturleg. dei fleste har hatt jolepynt hengande i nokre veker alt, slik at mykje av fritida vert brukt til ettersyn og vedlikehald av stjerner og månar.

me har ikkje sett nokon grunn til å endra reglane, så dei er omtrent som før: de kan gje kvar postkasse poeng mellom 10000 (god jol) og 1 (dårleg jol). kassa med høgast snitt ligg best an. stillinga så langt:

postkasse 2: 8000
postkasse 1: -
potkassse 3: -

2.12.06

JOLEFØREBUINGAR

biletet over, som er frå den årlege joleverkstaden på skaugum, viser tydeleg at me er på veg inn i ein krevjande del av året. sjølv har eg avbegrensa jolerøynsle, men eg ser likevel ein del trekk med joleførebuingane som gjer meg skeptisk til heile greia.

for det fyrste er det fyrst denne helga at folk dreg i gang jolepyntinga i hus og heim. eg har fått med meg at jola stort sett handlar om tradisjon, men når det no er vedteke at talet på adventssundagar er auka frå fire til sju, burde ikkje folk vera så opphengde i gamle dagar og halda fram som om ingenting hadde skjedd. dei einaste som har fått med seg at adventstida er utvida er dei som tek til med jolebaksten midt i november.

for det andre sender alle småbarnsfamiliar identiske jolekort. far min er friteken, både frå å skriva og å få jolekort, men mor mi er relativt aktiv på dette feltet. ho går rett nok i underskot kvart år, men det gjer visst alle andre òg. i alle fall - der ho for ti år sidan fekk eit jolekort som handla om jolekortskrivaren, får ho no eit masseprodusert kort, med bilete av ein eller fleire pre-pubertelle ungar som har kledd av seg alle kleda bortsett frå ei nissehue, og som ligg og vrir seg på eit saueskinn. på baksida står det at han eine ungen har lært å gå, han andre har lært å sykla, medan han tredje, som ikkje har lært nokon ting, satsar på eit liv som solstråle. til slutt kjem spørsmålet "hvordan går det med studiene? bor du fortsatt i oslo?"

for det tredje er det desse joleverkstadene. eg trudde fyrst at det handla om verkstad der ein kunne reparera ulike joler, men det handlar i staden om verkstader der ein førebur jol. også her skal det vera nett likt året før, og her er eg diverre nøydd til å hengja ut mor mi litegrann: sjølv om dei andre verkstaddeltakarane ikkje kjem rekande før langt ut på ettermiddagen, set mor mi på jule-cden til dde (no e dde jul igjen) alt før frukost. deretter fyller ho mange fat med valnøter, dadlar og fiken uten steinar, lagar ein bananmousse, og serverer det heile med helsefarlege mengder kakao. kva har dette med jol å gjera?

1.12.06

RAPPORT

fleire har sagt at guffebloggen har lagt ut på ei lang ideologisk vandring, og at her må ei kursendring til dersom det framleis skal vera von. kritikarane meiner at her er altfor lite guffestoff, og at det i staden vert satsa for mykje på seriar, kåringar, og jolefeiringar. for å bøta på denne skaden kjem det no kvar fredag ei oppsummering sidan sist.

det viktigaste som har skjedd denne veka er at mor mi har fått svangerskapsdiabetes. det fører berre med seg at ho fram til termin (23. mars) må ignorera smågodthyllene på samvirkelaget, og at ho må redusera inntaket av appelsinjuice til maks 1 liter dagleg. for ho er det altså ikkje den heilt store krisa, det er verre for alle som misser arbeidet på smågodtfabrikkane rundt omkring.

med meg går det som før. det eg irriterer meg mest over denne veka er at alpinisten aksel lund svindal og fotballspelaren tommy svindal larsen på liv og død skal ha svindal plassert på ulike stader i namnet sitt. det hadde vore mykje enklare om begge hadde svindal til mellomnamn, til dømes.

med far min er det lite nytt, bortsett frå at han fekk flis i fingeren då han henta ved i går.