24.10.09

FEIL

kulturavisa dagbladet vart denne veka sterkt kritisert, frå mange hald. torsdag hadde dei ei framside som viste nokre bilete av han eine luringen i kongo, bilete med ein del augehimling og armvifting. saman med desse bileta stod overskrifta "se hvor syk han er!" dette, meinte alle som er levande opptekne av personvern og presseetikk, var å gå over alle strekar.

dagen etter, altså i går, hadde dagbladet ei framside med bilete av engle-märtha, under overskrifta "jeg har helbredende kraft", eller noko liknande. så langt har ingen kritisert denne overskrifta, truleg av di dei er redde for å få ari på nakken.

for meg er det opplagt kva som har skjedd her. på stabsmøtet tysdag har dagbladet-redaksjonen laga ferdig framsidene for resten av veka, slik dei har for vane, og så har det gått litt for i sluttredigeringa, slik at dei to overskriftene vart sett saman med feil bilete, og at i same slengen vart "hun" endra til "han".

21.10.09

LYKLAR

far min er vekkreist, men melder at han har funne att reservelyklane til bilen til besten. alle detaljar er ikkje klare, men det må vera klart for kvar og ein at dei dukka opp på ein plass der ingen skulle tru at dei var.

dagen i dag har elles vore prega av at alt som kan røra seg i den norske mediaverda presenterer lister over kven som tener mest totalt, kven som tener mest i regjeringa, kven som tener mest i sogn og fjordane, kven som tener mest av folk fødde i 1980, osb. den einaste lista som manglar er kven som tener mest av dei mest profilerte målfolka. burde ikkje dette vera ei opplagt sak for norsk tidend?

14.10.09

SLEIV

i dag la far min og eg ut på ein uvanleg lang tur. me gjekk nedover langs husveggen, og kom heilt ned mot hjørna ved kjøkkenet. utanfor det eine kjøkkenvindauga såg me noko merkeleg. innimellom nokre livlause rabarbraplantar låg det tre tresleiver. dei var heller lite tillitsvekkande, og gjorde sitt beste for å skapa inntrykk av at dei hadde lege der ei stund.

vanskane med å tidfesta dette heilt presist gjer at det er vanskeleg å finna ein syndebukk. mange var innom på vitjing her i sommar - såg nokon av dykk noko mistenkeleg? eg vonar at nokon kan vera litt til hjelp her, viss ikkje er det fare for at eg som vanleg må leggja skulda på besten og besto.

dei tre sleivene er truleg innkjøpt på ikea, og har ikkje akkurat spesielle kjennemerke.

9.10.09

TAP

haustferien vart, som vanleg, ein braksuksess. me var nokre dagar på ustaoset, saman med besten og besto og ei reservebesta. far min ville at me skulle bruka tida til å lesa mange av dei gode bøkene i bokhylla der, mor mi ville at me skulle prøva akebretta som låg i skibua, medan besto meinte at i alle fall nokon i slekta burde vita litt om ysting, og drog oss med til ysteriet nede ved oset.

far min gjekk diverre på eit par leie smellar. ein ting er at han greidde å rota vekk reservelyklane til bilen til besten, ein annan ting er at han greidde å rota vekk ladaren til mobilen. har nokon ein ladar til overs? eg er ikkje sikker på kva merke det er, men han har ofte sagt at han gjorde eit kupp då han kjøpte han - i 2001 var dette den suverent mest moderne mobilen som kunne kjøpast på austefjorden samyrkelag.

3.10.09

FERDIG!

mor mi runda førti år denne veka, og det vart feira med uvanleg mange gåver. dei mest rutinerte konditorane på gjestelista let òg vel over blautkaka, men det kan skuldast at dei hadde høyrt mykje rart om kaka som kom på bordet i fjor.

besto hadde like godt med seg ein sjølvlaga klokkestreng til gåve. dei av oss som ikkje har studert etnologi i oslo, og som difor ikkje har altfor store husflidskunnskapar, skjøna ikkje kvifor ho tok slik på veg, men utpå kvelden kom det fram at ho vart den fyrste som kom i mål: frå besto har ho no fått minst eitt eksemplar av alle husflidsprodukt som finst, inkludert nokre soppfarga selbuvottar. det er reint som det bugnar av husflid i heimen.