30.3.06

GUANTANAMERA

hola. biffen, ein bowlingklöppar fraa evanger, har lang fartstid i spania, og tipsa oss om ein god bowlingbane i guantanamera. det gjevaste med denne banen er at han er ein spansk variant av banen i nygaardsgaten i bergen. i bergen er det slik at du, dersom du slaar ein strike, kan faa meldinga ¡mamasita! ¡that was a good enchilada! oppropt. i guantanamera er det omvendt - her ropar maskina ¡min mor og de! ¡that was a good söstrene hagelins fiskekake!

dette fann eg og far min ut i gaar kveld. mor mi laag paa hotellrommet og nippa vin og aat pottittgull. me kan ferie.

28.3.06

FUENICADA

hola. denne byen er ikkje mykje aa skryta av, men har ein ting som gjer at ei vitjing er bryet verdt: eit stort museum knytt til cervantes og don quixote. far min har eitt maal i livet, og det er aa ta ein tur innom alle litteraere museum som finst, saa me gjorde ein kort stopp her. under omvisinga kom samtalen inn paa korleis ord og omgrep fraa eit spraak er paaverka av andre kulturar, og far min nemnde "middelhavsfarar" og "aa ta ein spansk ein" som gode döme paa dette. han fekk deretter, paa ikkje spesielt höfleg vis, melding om aa ha seg til pisis.

mor mi sat i mellomtida paa ein kafe, der ho nippa til ein dobbel macchatio to go. mor mi er ikkje spesielt hög (ho maa rett som det er staa paa taa for aa knyta skolissene), og merka seg at alle gamle damer i spania er endaa kortare enn ho. ¿er det nokon som veit kva dei gjer med höge kvinner i spania?

eg sat i barnevogna og sprella med solbrillene mine, som fungerer som reine magneten. rett nok er det berre ein som har fotografert meg saa langt, men eg har sjarmert ikkje saa reint faa fjortisdamer, helst av det italienske slaget.

i kveld skal eg og far min sjaa eit debattprogram paa spansk fjernsyn. mor mi har visst tenkt aa nippa til eit glas vin, samstundes som ho stappar i seg litt pottittgull. me kan ferie.

24.3.06

VALENCIA

hola. heilt sidan far min höyrde den knakande gode vitsen om dei to tomatene, har han hatt lyst til aa vitja tomatfestivalen i valencia. du har sikkert sett det paa fjernsyn - store mengder ravande galne folk hoppar opp og ned i nokre tankar med tomater, medan dei kastar tomater paa alle som ser ut som om dei har nyvaska klede.

mor mi ville ikkje vera med, og kjöpte seg i staden ein dobbel macchiato to go, men far min og eg kjöpte nokre kilo tomater, og drog i gang nokre ekstreme dansesteg, samstundes om me kasta tomater i aust og vest. ikkje lenge etter kom la guardia civil og forklarte at slik oppförsel berre var vanleg under festivalen, som er i juli.

deretter reiste me opp paa hotellrommet for aa sjaa debattprogram paa spansk fjernsyn. mor mi la seg i badekaret, der ho nippa vin og aat pottittgull. me kan ferie.

23.3.06

SEVILLA

hola. ferda gaar vidare. tidleg i dag kom me til sevilla, og det passa jo bra, sidan far min har glöymt barberhövelen heime. det var lang kö hjaa barberen (mange amerikanske turistar), slik at han kom litt seint til spansk-kurset sitt. dei var komne til ord paa fr, og far min fekk berre med seg dei to siste orda: fresa (jordbaer) og frigorífico (kjöleskaap). med den separator-kunnskapen far min ofte legg for dagen, greier han nok aa mima ordet flöyte, dersom behovet skulle melda seg.

uttaletips om ordet frigorífico: g-en vert uttala h; o-ane vert uttala aa. trykket ligg paa ríf, sjölvsagt. ríf er ei merkeleg staving, som alltid er trykksterk, slik tilfellet er i til dömes tenerife, griffenfeldt og gitarriff. det einaste unntaket er sjiraff, men der vert ríf stava med a, saa det vert jo litt annleis.

i dag skal me visst vitja ein ti-tolv nye museum, för me reiser opp paa hotellet. der skal eg og far min sjaa debattprogram paa spansk tv, medan mor mi skal eta pottittgull og nippa til eit glas vin. me kan ferie.

BUKSEOPPLEGGET

til alle som lurer: tante I har ordna opp i bukseopplegget, slik at mor mi treng ikkje senda heim kvitteringa likevel.

21.3.06

PAMPLONA

hola. flyturen sörover gjekk relativt greitt. me vart av ein eller annan grunn plasserte i hyle-avdelinga paa flyet, og eg lot ikkje hövet gaa fraa meg til aa dra i gang noko skikkeleg hyling. paa flybussen kom me opp i dei vanlege problema. foreldra mine har teke med seg ein stor sekk kvar, ein liten sekk kvar, ei vogn til meg, og meg, altsaa seks kolli. skal flyten inn og ut av flybussen gaa normalt, maa dei altsaa ta eit og eit halvt kolli i kvar arm, og det seier seg sjölv at det ikkje gjekk. til alt hell fekk me hjelp av ein som likna litt paa kjetil tön (nasen var rett nok litt större).

fraa madrid tok me toget til pamplona. byen er best kjend for det aarlege okselöpet, og far min, som er travelt oppteken av at eg skal verta like maskulin som han, meinte at eg og han burde springa framfor oksane. for aa vera paa den sikre sida, sprang me fire maanader för oksane, og kom fraa det med livet. mor mi ville ikkje vera med, og kjöpte seg i staden ein dobbel maccchiato to go.

i kveld skal eg og far min sjaa om me finn nokre gode debattprogram paa fjernsyn. mor mi skal nippa til eit glas vin og eta pottittgull. me kan ferie.

sevilla
valencia
fuenicada
guantanamera
affichia
cadacez
oppsummering
alkohol

17.3.06

NEDTELJING

no har det gått fire timar sidan far min gjekk ut i permisjon. til alt hell er det berre 288 dagar igjen til eg byrjar i barnehage.

16.3.06

EKSIL

no er det nok. me har rett nok snakka om ein utanlandstur lenge, men akkurat no er det så mykje mediamas om ingenting at me knapt kan venta med å reisa. far min, den skøyaren, har lenge prøvd å skapa inntrykk av at me skal til barcelona, og resultata let ikkje venta på seg: omtrent alle me kjenner på sunnmøre har sendt reisetips, eller kome innom med reisebøker og kart og liknande. sanninga er at me skal til dubrovnik, der me har leigd eit lite husvere i nokre veker. me flyg tidleg måndag, og det kan henda det vert vanskeleg med oppdateringar dei neste vekene.

det me gler oss mest til i dubrovnik er altså å vera fri for media, og då spesielt desse sakene:

fugleinfluensa. me er alle glade i fuglar (bortsett frå mor mi, men det er visst ein genfeil i heile slekta). likevel greier me ikkje heilt å visa den store interessa for at tre-fire fuglar på ei øy i tyskland er sjuke.

nokas-saka. nokre bandittar stal nokre pengar i stavanger. big deal.

e.coli. for tre veker sidan melde media at kjøtdeigen til gilde var dårleg. for to veker sidan melde media at kjøtdeigen til gilde var dårleg. for ei veke sidan melde media at kjøtdeigen til gilde var dårleg. i dag melde media at kjøtdeigen til gilde var dårleg.

marit bjørgen. ho praplar og praplar om at ho må skjermast frå media, og at ho treng ein medierådgjevar. sanninga er vel heller at ho treng ein rådgjevar som kan fortelja ho kor mislukka ringen i augnebrynet hennar ser ut.

renta. tre gonger i veka trillar sentralbanken ut han luringen som liknar på ein stuttvaksen bilmekanikar, og han rapporterer at renta skal opp eller ned med nokre desimalar. einaste grunnen til dette er truleg at olav gran-olsson skal ha noko å snakka om.

siv jensen. viss du tek siv jensen frå ein gjennomsnittsnordmann, får han truleg livsgleda attende.

12.3.06

FORSKANSING

etter å ha plukka opp ein del triks frå tv2-nyhenda det siste året, forskansa eg meg i går kveld. korkje politi eller journalistar dukka opp, så etter nokre timar avbraut eg heile forskansinga.

10.3.06

SLEKTA

eg har tenkt litt på jon og jon. dei er begge fødde i oslo, og det aukar jo sjansane for at dei vert nokre store taparar. det er viktig at dei får litt hjelp no i startfasen, så eg har gjort mitt: eg har gitt dei ei hjelpande hand i blogg-startfasen, slik at i kveld kan me avduka to nye bloggar:

bloggen til jon, og
bloggen til jon.

sjølv er eg mest imponert over dei opne linene dei legg seg på. det verkar som om kven som helst kan skriva innlegg på bloggane deira.

8.3.06

BOWLING

begge foreldra mine har eit sterkt konkurranseinstinkt. kvar dei har fått det frå, veit eg ikkje, men eg vonar det ikkje er morsmjølka, då det aukar sjansane for at eg kan gå rakrygga gjennom livet utan å vera sugen på å konkurrera i alt mogeleg.

før jol var dei kvar veke med på ein quiz, og denne våren er dei med i ein bowlingserie, saman med nokre kollegaer frå posten. annakvar veke dreg dei meg inn i bowlinglokalet, der det er litt i meste laget med lyd og ljos etter min smak. poenget med bowling er greitt - dei har stilt opp nokre kvitmåla pingvinar i eine enden av banen, og prøver å velta desse med ei stor kule. i utgangspunktet er jo dette interessant nok, men kva skjer etter at alle pingvinane er velta? kula kjem attende, pingvinane reiser seg att, slik at du er tilbake til utgangspunktet. jaja, tenkjer foreldra mine, då er det ikkje anna å gjera enn å kasta kulene i retning av pingvinane ein gong til. og ein gong til. og ein gong til. og ein gong til.

get a life.

5.3.06

PIZZA

veit nokon kva som skjedde med ståle stil frå p-p-p-pizzafyll-reklamen?

VASALOPPET

det er mange måtar å markera at ein er vorten far. ein kan leggja ut på ein kort eller lang fjelltur, ein kan kjøpa bilbane til son sin, ein kan halda fram med lembinga som om ingenting har hendt, ein kan reisa rett i bryllaup og halda tale for brudgommen, eller ein kan reisa heim og eta banan-is og høyra på jaga jazzist.

prisen for mest originale far-feiring går likevel til onkel A. kort tid etter at jon var fødd, sa han takk for seg og køyrde til vasa (der far min var 30. juli 1978) for å gå vasaloppet. sjølv om han hadde litt problem med ski-preppinga, gjekk det tolleg bra - du finn resultatlista her.

4.3.06

FRAMTIDA

mor mi har lært meg at det er viktig med langtidsplanar, og eg har difor tenkt litt på kva eg bør verta viss eg vert stor. eg trur eg vil passa godt som nerd.

det vert ikkje lett å verta kjend som nerd, og det vert heller ikkje lett å verta største nerden i slekta. far min, til dømes, er framleis relativt nerdete, sjølv om han var ivrigare i gamle dagar. han samla på plastposar, talde bilsortar på innhaldsrike ferieturar til finnmark, noterte flittig resultat og lagoppstillingar og målskårarar frå arsenal-kampar, og samlar til og med på uspretta prøvenummer av syn og segn (1894).

skulle eg verta større nerd enn han, har eg likevel ikkje nådd slektstoppen i nerding. den prisen går til onkel T, for innsatsen han la ned som flaskesamlar rundt 1980. då han og far min omsider fekk med seg at det låg store pengar i tomflasker, la dei ein imponerande innsats for dagen, og vart sjeldan sett utan ei eller fleire flasker i hendene. dei skjøna at skulle pengane brukast til nyttige innkjøp, måtte dei spara på flaskene til det vart mange nok av dei, slik at rommet til onkel T tidvis vart fullt av flasker.

det var her at nerde-talentet til onkel T verkeleg viste seg. flaskene vart nøye sortert etter brus-sortar, og han førte nøye statistikk over kva smakar som var mest populære. dette vart ført inn i ei bok der han til og med limte inn dei ulike brusetikettane. og ikkje nok med det - det var viktig for han å ha samla inn alle sortane som fanst i butikken, så dei sortane han ikkje fann langs vegen eller i boskorger, kjøpte han sjølv, drakk, og limte etiketten inn i boka. eg reknar med at ekspeditørane på finne handel var litt overraska den dagen han kom for å kjøpa ei flaske selters, ei flaske club soda, og ei flaske bitter lemon.

JON

dei fyrste historiene frå fødslane på austlandet tek til å siva ut. som vanleg med slike historier må ein luka ut litt og leggja til litt før ein finn sanninga, og etter denne rekninga ser biletet slik ut:

jon vart fødd 1. mars kvart over eitt. fødselen var eit mareritt utan like, der både far og mor måtte stappa i seg enorme mengder epidural, og dei måtte òg skifta jordmor eit par gonger under fødselen. dei vitale måla var 48 cm og 4200 gram.

jon vart fødd 1. mars litt før klokka fire. denne fødselen var litt annleis. mora fekk pris for å vera den fyrste i år som hadde fått til ein champagnekork-lyd under fødselen. kroppsforma til jon la litt opp til dette - han var 56 cm og 3100 gram.

sidan me bur i eit land der det er ein god marknad for filmar med juniorvariantar av komikarar, er det truleg lurt av dei nysteikte foreldra å spela inn ein stumfilm med dei to, presentera han som helan og halvan junior, og dermed gå i litt overskot på det som vanlegvis er eit tapsprosjekt.

1.3.06

PROV

slekta mi er hypermoderne, så det tek ikkje lang tid før dei fyrste bileta er klare. dei ser vel ikkje spesielt vellukka ut, men på den andre sida har dei stort utviklingspotensiale.

jon
jon

SYSKENBORN

du snakkar om drøymedag. klokka eitt i ettermiddag hadde eg fire-fem syskenborn - tre timar seinare hadde eg to til, begge på morssida. begge dei nyfødde er gutar. namna er ikkje klare, men det ser ut som om det vert kamp om namnet jon.

me kjem tilbake med meir, som det heiter.

jon jon jon jon jon jon