26.5.09

OPPSUMMERING

to viktige hendingar frå dei siste dagane:

1. her om dagen var me innom hjå naboen og åt opp nokre restar etter eit middels vellukka bryllaup. ei av dei som var til stades forsynte seg av rjomegraut og dravle på same tallerk.

2. her om dagen prøvde og og fem på nio det nye fotballspelet til mor mi. det gjekk så bra at me filma det. filmen kan du sjå her.

20.5.09

BESTEN 27

det er vel fagre stunder når våren kjem innom. her om dagen kom han innom i vonheim, der dei i høve nasjonaldagen hadde eit drøymetilbod. tilbodet heitte 'nytt liv av daude gror', og dei som slo til, kunne eta så mykje dravle dei ville for usle 99 kroner. mor mi takka høfleg nei, men besten var relativt ustoppeleg. medan han tygg og tygg, kan me kanskje korta ned ventetida med å dra fram det vanlege spørsmålet - kva seier besten?

17.5.09

NASJONALT

dette vart etter kvart andre bollar, sjølv om det ikkje såg slik ut før eg vakna. mor mi gjekk diverre på mange nederlag i dag. fyrst måtte ho finna seg i at både halv nio og eg gjekk med joggesko til bunaden. deretter vart ikkje onklT med på idrottsplassen for å høyra talen for dagen. tidleg på kvelden kom besto innom med litt dravle, og mor mi hadde ikkje vit til å dikta opp ein allergi, slik at ho laut trykkja i seg ein halv liter. alle andre i rommet tenkte på uttrykket om dei gode minene og det slette spelet.

nasjonaldagen er truleg på veg vekk frå det nasjonale, og inn i marknadsøkonomien. der er minst tre næringar som ville gå under viss nasjonaldagen vart avlyst nokre år på rad. den eine er sjølvsagt alle isprodusentane - ein kan knapt gå ein meter utan å møta ein ismann eller to. den andre er skokremprodusentane - eg kan ikkje hugsa sist eg såg slike mengder nypussa sko som i dag. den tredje er heliumballongprodusentane, som pøser ut ballongar i alle former og vinklar. her på voss hadde dei dessutan alliert seg med småflyklubben, som putra att og fram over sentrum, samla saman alle heliumballongane som steig til vers, og tok dei med ned att slik at heliumballongseljarane kunne selja dei ein gong til.

15.5.09

ASKVOLL

denne veka var me nokre dagar i askvoll. det gjorde inntrykk.

pølsebua var diverre stengd.

hotellet (hus nummer to frå høgre) var bra, men totalinntrykket vart diverre litt skjemd av at ho på kjøkkenet gjekk og tralla heile tida.

denne bilen stod til spott og spe.


han eldste på biletet skal på butikken for å kjøpa kefir.

nei, ver sikker.

8.5.09

LIVET

livet kan by på mange harde slag. verst er det truleg for dei trugne arbeidskarane, som traust og trøysteslaust legg ned mange arbeidstimar i sur blest og kaldt ver og lei vind, dei som ikkje kvir seg for å ta i eit tak ekstra der det strengt teke ikkje trengst. rundt omkring i landet står det mange tause minnesmerke etter desse heiderskarane, som oftast var ute av stand til å skriva namnet sitt, og som heller ikkje greidde å lesa det dei ikkje hadde skrive.

i orkanen i dag gjekk eit slikt minnesmerke i bakken. mange av naboane tok ein pause då dei gjekk forbi på vegen, og bøyde nakken stilt medan dei i sitt indre tok farvel både med minnesmerket, og han som ein sommar i førre tusenår brukte to-tre ettermiddagar på å høvla av litt bork histen og pisten. alt som står att etter vedkomande no, i alle fall på vestlandet, er ein halvferdig spikka einhjørning (ein halvhjørning?) i eit gamalt sel langt til fjells. så akkurat no er det kanskje mest rettvist at alle reiser seg, kremtar ein par-tre gonger, og ropar tre gonger tre hurra for kukola.

6.5.09

SAMTALEN

det viser seg at det igjen er på tide å friska opp den gode samtalen.

på toget frå bergen til voss, onsdag kveld. to luringar møtest midt i vogna:
- nei, har du vore i bergen?
- ja. eg driv og tek lappen.
- bil-lappen?
- ja. eg kunne teke lappen på voss, men det hadde vorte så mykje stress.
- eh .... bur du ikkje på voss?
- jo.

litt seinare:
- ein eg kjenner, sant, tenkte ikkje på at det berre er eitt do på desse lokaltoga. så han sette seg heilt fremst, og så var doen bakarst.
- fremst?
- hæ?
- doen er fremst.
- eg tenkte på køyreretninga.
- akkurat.
- i alle fall - når han måtte på do, måtte han gå gjennom heile toget, og tilbake igjen. det var j*vli kjedeleg, sa han.

1.5.09

TOG

som vanleg høgtida me fyrste mai med å marsjera litt. i dag var besten med, og me marsjerte ein liten tur i skogen. fem over halv åtto såg litt færre dyr i dag, men såg i alle fall restar av avføringa til ein tiger.

omtrent halvveges i ein vel fortent matpause drog besten fram ein tollekniv han kjøpte på butikken til mora-nisse på slutten av syttiåra, reiv ned ei halvgamal selje, og trylla fram litt ulike instrument. me marsjerte litt til, medan me spelte 'internasjonalen' etter beste evne.

besto var ikkje med på marsjeringa. ho fann i staden fram nokre reine klede som ho hengde ut på turkestativet, slik at alle naboane som køyrde att og fram med traktor ikkje skulle mistenkja ho for å sympatisera.