30.8.07

BASMA

far min har vore ute og reist nokre dagar. dei dagane han er vekke, får eg oftast sova så lenge eg vil, sidan mor mi ikkje har det travelt om morgonen. men far min kom altså heim i går kveld, og i dag vekte han meg heller tidleg. eg sov så djupt at eg vakna med dukkarsjuke, men det gjekk over etter nokre timar.

fem på treo slit òg litt med helsa i dag. då eg var liten, sende mor mi meg i golvet med hovudet fyrst, og sidan det gjekk rimeleg bra, har ho heilt på eiga hand rekna seg fram til at det truleg går dobbelt så bra med fem på treo dersom ho vert sendt i golvet litt oftare. så langt har mor mi fått inn to fulltreffarar.

sidan det er tysdag er det på tide med eit skrått blikk på medie-noreg. den dominerande saka denne veka har vore at fotballspelaren ole gunnar solskjær legg opp. dette har vore så interessant at avisene har skrive side opp og side ned om kor sympatisk han er, og kor mange pengar han har tent. ei avis brukte tre sider på å ramsa opp alle måla han hadde skåra. dei som er uinteresserte i fotball kan grua seg til den dagen christer basma legg opp - når solskjær får ti-tolv sider i avisene, kor mange sider vil ikkje basma få den dagen han legg opp?

27.8.07

BESTEN 15

mor mi og ti på treo er heime att. dei kan melda litt av kvart frå ulike storhendingar, både frå festen på dovre, og frå ein bautaflyttingsfest i rindal. der var besten ein av dei ivrigaste deltakarane, så det høver nok med ein ny runde i ein gamal leik: kva seier besten?

25.8.07

MUFFINS

far min og eg har frihelg. kvart på treo og mor mi er på dombås, der tremenningen til mor mi feirar 40-årsdag. då invitasjonen kom i posten, trudde både far min og eg at det var rein kødd, men det viste seg at mor mi er såpass lettlurt at ho pakka kvart på treo inn i bilen og køyrde rake vegen i går. meldingane så langt tyder på at ho har ei drøymehelg.

far min og har brukt store delar av føremiddagen i dag på å baka ferdigmuffins. me kjøpte ei pakke med eit kvitt pulver, blanda i vatn og olje, pressa det ned i nokre papirformer, og steikte det i omnen nokre minutt. i mangel på motorolje brukte far min olivenolje. dette var berre delvis vellukka, men dei som meiner at muffins bør ha ein viss eim av oliven, må gjerne kika innom den neste veka.

21.8.07

VENSTRE

mor mi er altså travelt oppteken med valkamp for tida. mange har lurt på kvifor ho har valt akkurat venstre, men svaret er relativt opplagt.

dei fleste veit at mor mi har vondt for å ta ei avgjerd. i ni av ti tilfelle er det det same for ho, og i det tiande må ho tenkja seg om ei stund. verst er det når ho skal kjøpa pottittgull, men det har lite med storpolitikk å gjera. når ho får spørsmål om ho er samd eller usamd i ein påstand, svarar ho ofte at ho er litt samd og litt usamd.

det viser seg at dette er typisk for dei som røystar venstre. den alltid like pålitelege oslo-avisa aftenposten har lagt ut ein valomat, der dei stiller tjuefem spørsmål, og der ein får fem svaralternativ, frå heilt samd til heilt usamd. dersom ein heile tida svarar alternativet i midten, altså at ein korkje er spesielt samd eller usamd, får ein ikkje uventa til svar at ein bør røysta venstre.

19.8.07

BESTEN 14

det kan vel ikkje stikkast under ein stol at det er på tide med eit nytt bestenbilete, og denne gongen kan me presentera eit sjeldan og relativt uvanleg dobbeltbilete, med opptil fleire bestar til stades. for ikkje å gjera det for komplisert stiller me likevel det vanlege spørsmålet: kva seier besten?

17.8.07

POSTMANN

den siste tida har eg studert mange bøker om postmann pat. eg finn stor glede i desse bøkene, noko som gler mor mi stort. ho er, slik mange veit, så urovekkande oppteken av the beatles at det grensar til noko gledeleg, og ho finn mange beatles-spor i serien om denne sjarmerande og hardt arbeidande postmannen. dei viktigaste spora ho har oppdaga er desse:
* brillene til postmann pat. desse har nøyaktig same form som brillene til john lennon.
* sonen til postmann pat. han heiter julian, nøyaktig same namn som sonen til john lennon.
* kona til postmann pat. ho heiter julia, nøyaktig same namn som mor til john lennon.
* i ei av bøkene seier postmann pat "hjelp". omsett til engelsk vert dette tittelen på ein song komponert av john lennon.
* lokomotivføraren i bøkene heiter arun, så godt som nøyaktig det same som mellomnamnet til elvis aron presley.
* the beatles gjorde furore med songen "please, mr. postman".
* viss du spelar postmann pat-songen baklengs, kan du høyra at john lennon seier "cranberry sauce".
* på engelsk heiter serien mailman mccartney, nøyaktig det same namnet som bassisten i the beatles.

14.8.07

JON

jens johansen, som for tida driv aktiv valkamp saman med mor mi, vart i dag til far ein gut som skal heita jon. lukke til, og til lukke.

2014

far min har som vanleg lagt ein god plan for korleis familieøkonomien skal halda seg stabil. i ferien merka han seg at det utanfor kvar einaste kyrkje langs ferieruta er plassert ein høgreist merkestein til minne om heimefronten i 1814. i 1914 reiste ein eller annan luring rundt med slike steinar, banka på hjå kvar prest han såg, og tente ei formue.

far min legg opp til same reiseruta om nokre år. men sidan kyrkjene ikkje har det same samlande grepet om folk etter at skjerselden vart avvikla tidleg i 1960-åra, kjem han i staden til å venda seg til gatekjøken og kjøpesenter.

11.8.07

FERIE

det var den ferien. som vanleg har me opplevd mykje me kunne greidd oss utan, slik at det er greiast å ta det i stikkordsform.

køyrelengda var i år 2100 kilometer, altså vel to gonger rundt ekvator. dette er ein klar nedgang i høve til 2005 og 2006, men det kan vel henda at det tek seg opp att neste år.

fylke. me var innom opptil fleire ulike fylke. mor mi meiner det var tre, men ho er ein relativt mangelfull kartlesar. far min meiner det var minst seks, men han bruker ofte fylkesinndelinga frå gamle dagar. eg meiner det var ti, men eg meiner jo at alt vert ti.

stader. me kan ikkje ramsa opp alle stadene me var innom, men dei som vil følgja reiseruta vår kan finna fram ei nokolunde god kartbok, og hengja seg på: gamlevegen - barstadvika - aure - ringstad - sylte - rem - hen - øverås - raudsand - besten og besto - gamlevegen - besten og besto - seim - bleie - sunndal - årsnes - vinnes - romslo - hope - nese - flekke - grov - grotle - bryggja - gamlevegen.

ferjer. me tok 14 ferjer. for meg var ferjestrekningane sandnes-duesund, rutledal-rysjedalsvika og kjelkenes-smørhamn nye.

reklame. far min vurderer å reklamera for guffebloggen på bilen, slik at andre trafikantar kan få adressa inn med morsmjølka. så langt har det vorte lite reklame, men andre nettsider har vore flinkare. på turen frå hope til gamlevegen hadde desse nettsidene reklame på møtande bilar, i kronologisk rekkjefølgje:
De ti bud. sendemenn som har oppdaga at sidemålsordet "bud" har ei dobbel meining.
Bergen BIL&MC skole AS. bilistane sitt svar på "ei pylsa med alt". køyreskule, nettbutikk, bruktbilforum, bilimport, og sikkert endå fleire interessante bilting.
Tenden Container og Gjenvinning. dette firmaet er ein totalleverandør av avfallstenester, og ein veit jo aldri kva tid ein kan få bruk for slikt. denne bilen møtte me forresten medan me køyrde på ein veg naf-vegboka ikkje veit om.
Nordvest Miljø AS. desse held på med litt prosjektering og litt vedlikehald.
Elprice.no. dei meiner at dei har irriterande låge prisar, men skriv ingenting om at dei har relativt irriterande fargebruk på nettsida si.
Fordeck.com. denne adressa såg me relativt langt nede på ryggen til ein syklist. far min var rimeleg sikker på at det var ein nettstad for framhjul, men det viser seg at det heile handlar om isolering av dekorasjonar, og dei har 12 varme buksepresser.
Boligmiljø AS. dei satsar alt på framtidsretta produkt, men kan likevel berre tilby fem års garanti.

dersom nokon framleis lurer på om dette var ein god eller dårleg ferie, kan bileta under vera til hjelp:


fjernsynskroken til besten og besto. besten let ikkje kven som helst frå bruka fjernsynsstolen hans.

nesset prestegard, barndomsheimen til bjørnstjerne bjørnson. eg er litt usikker på kva vc står for.

sundagsmiddag på oppheim. matias forsyner seg som vanleg grovt frå den varierte og rike middagsbufeen.

2.8.07

VOSS

dofestveka er altså over, og me held fram med ferien som om ingenting har hendt. me tok rake vegen til besten og besto, og eg nytta høvet til ein ny og solid runde med oppkast. då me var i valldal for nokre veker sidan kasta eg opp ein halv kilo med heile aprikosar; denne gongen kasta eg opp dei to litrane med jordbær-litago far min hadde pressa i meg.

me nyttar som vanleg høvet til å friska opp den gode samtalen, men merkar fort at me har mykje å læra. her om dagen peip det i telefonen til besten:

onkel A: hallo.
mann i andre enden: er det besten?
onkel A: nei, han er på vangen.
mann i andre enden: er han på vangen? er det gravferd?

me kan ferie.