27.7.10

BESTEN 31

er det noko å skriva om akkurat no? er det verdt å nemna at kjesso er på fotballkamp i bergen? nix. er det bryet verdt å skriva noko om at så snart det samlar seg nok traktorar utanfor kvitahuset for å laga rundballar, kjem alle naboane som ikkje er med trøande for å sjå på. neppe.

så det er ikkje anna råd enn å henta fram eit rykande ferskt bilete, og å stilla det vanlege spørsmålet: kva seier besten?

22.7.10

DIKTARVEGEN

for nokre dagar sidan var me igjen innom ei døyping. eg har tidlegare vore inne på at desse døypingane vert heller like, har du vore i ti dåpar har du vore i alle. denne gongen var det heldigvis ein retteleg gladprest som stod for døypinga. at han triksa litt med ein fotball var ikkje så uventa, kvar og ein kan jo verta påverka av fotball-vm. meir gledeleg var det at han gjorde sitt for å redusera bosmengda i kyrkja. etter at han hadde skvetta litt vatn på dåpsungane, fann han fram ein klut som han brukte til å tørka vekk igjen vatnet. mange ville ha kasta denne kluten rett i boset, men ikkje denne karen: han heldt i staden kluten fram mot fadrane, som ikkje visste anna råd enn å ta imot.

deretter køyrde me langs den nye diktarvegen, eit framifrå prosjekt som vil heilt sikkert vil gjera at fleire vil lesa vossa-stubbane til per sivle. me brukte ti timar på den fyrste halvdelen av denne vegen, og såg ikkje snurten av eitt einaste dikt.

16.7.10

NOREG

ferierefereringa held fram, og i dag tek me føre oss ein liten sveip gjennom sørlandsfylka.

tromøya. leiaren i volda vinstre inviterer på båttur. det einaste rette er å spela daud.

orre. onklT var nesten tom for solkrem, og måtte verna hovudet på anna vis.

kongeparken. om me visst at me kom til å bruka litt over ti timar på dei 31 mila frå bryne til voss, kunne me like godt køyrd desse mopedane heile vegen fram. det hadde gått like fort, og me hadde sluppe alle spørsmåla frå mor mi om me ville høyra karius og baktus-cden ein gong til.

13.7.10

DANMARK

sidan sist har me vore ein svipptur innom danmark. besto fylte 80 år, og inviterte med seg rubbel og bit til ei veke på ein herregard i danmark. det var relativt flatt der me var. det let seg neppe gjera å referera den veka (og dagane etterpå) på anna vis enn å henta fram nokre godbitar frå det digitale kameraet.

privatsjåfør. besto slo på stortromma, og hadde hyra inn ein lokal sjåfør som køyrde oss både til og frå.

vinnar I. som vanleg når me er på ferie prøver me å finna ut kven som har den kjedelegaste sommarjobben i manns minne. han vaksne karen heilt til venstre på dette biletet stakk av med sigeren.
vinnar II. ei ny tevling dette året var mr. nelson-lookalike 2010. Matias får trekk for manglande hatt, men elles er det meir enn godkjent.
konsert. skal ein til danmark, er det vanlegvis bryet verdt å gå på konsert med dei lokale trekkspelorkestra.

film. dei som har sett filmen bugsy malone skjønar kva film desse prøver å etterlikna; dei som ikkje har sett den filmen skjønar det truleg ikkje.