30.4.07

BESTEN 7

det er vel best å få på plass eit nytt besten-bilete i dag, sidan alle er ute og går i tog i morgon. (sjølv skal eg gå i tog saman med han andre besten. toget går rundt skeisdalen.) dette biletet er henta frå heimesida til besten, og er difor av litt usikker kvalitet. det skulle likevel gå klart fram kven av dei tre som er besten, og det er vel heller ikkje direkte uklart kvifor dei andre pressar kroppane sine så langt til sida som råd. kva seier besten?

28.4.07

KOMMENTATOR

sidan nokre av dei trugnaste kommentatorane dreg i tvil eksistensen av nokre av dei andre trugnaste kommentatorane, startar me i dag ein serie der me viser korleis dei trugnaste kommentatorane ser ut. serien vert truleg relativt kort.

me startar med eit heilt ferskt bilete av onklt.

27.4.07

FEBER

denne veka har eg stort sett hatt feber. eg har ikkje ete mykje, og har heller ikkje drukke mykje. dei gongene eg har hatt lyst på mat eller drikke, har eg stort sett stappa noko i meg for å sjå kor lang tid det tek før det kjem susande oppatt. mjølkeprodukt med jordbær- eller sjokoladesmak kom relativt raskt i retur, men det aller beste kjøpte eg på apoteket: der har dei flytande pinex med jordbærsmak, som skal dempa feberen og eventuelle smerter som dukkar opp. eg styrta ein liten skvett, og det tok i underkant av tre sekund før den drikken kom opp att, saman med restane av litt sjokolademjølk og ein sjokoladebit eg tok medan far min kokte eit egg.

ei veke i feber førte forresten til at kroppsvekta mi vart redusert med ein stad mellom 30 og 35 prosent. far min har observert dette med stor interesse, og har gjort det han kan for å verta smitta. så langt har det stort sett vore bomturar.

av anna nytt kan det meldast at besten og besto var innom for å sjå korleis det stod til meg. etter at dei hadde sjekka det, las besto se og hør, medan besten fortalde frå årsmøtet i nordmøre mållag.

24.4.07

JEHOVAS

etter lang tid med tenking har eg no kome fram til ein knakande god måte å stoppa jehovas i døra. planen har ikkje fått noko namn enno, men går omtrent slik:

så snart du får høyra at jehovas er i gang med lokale aksjonar, vert du smitta av ein sjukdom som gjer at du får feber, misser matlysta, og at du har døgnope i begge retningar. ein halv time før jehovas bankar på døra, kastar du opp alt du orkar over far din, gjerne både på skjorte og bukse. pass på at du gnir litt av oppkastet inn i eige hår, slik at far din finn ut at det som hastar mest no, til og med meir enn å skifta klede på seg sjølv, er å gje deg eit bad.

når du er komen i badet, bør du spruta så mykje badevatn og såpeskum som råd på far din, slik at han i endå større grad ser ut som ein oppkastande nisse. når jehovas ringjer på, veit far din sjølvsagt at mor di slit med å koma seg opp frå sofaen, slik at han må opna. når jehovas får sjå far din, med gamalt oppkast og ferskt vatn og såpeskum over heile lekamen, misser dei litt av interessa for å frelsa han, og går før dei får sagt 'ha det på badet'.

denne planen fungerte perfekt i går kveld, men hadde to leie bi-effektar: for det fyrste hadde ikkje far min fullført klesskiftinga og utluftinga før nabo-professoren kom innom med ein rev, og for det andre tenkte eg ikkje på å friskmelda meg sjølv i løpet av natta, slik at eg i heile dag har lege heime, med lite futt i kroppen, men mykje futt både oppe og nede, bortsett frå oppe.

22.4.07

SUGERØYR

mor mi har hatt nokre utkropne dagar etter at toen vart fødd, men er no omsider tilbake i toppform. i går var det heldigvis ho som hadde ansvar for handlinga igjen. det vert ofte litt andre bollar då, enn dei gongene det er far min som handlar. han kjøper meir seriøse varer, som brokkoli, knekkebrød og jordbærsyltety, medan mor mi kvar gong går inn i butikken for å kjøpa noko ho aldri har smakt før.

i går kom me over noko som alt har revolusjonert mjølkedrikkinga heime hjå oss. i staden for å blanda oboy i mjølka, og røra rundt til me vert utkøyrde i begge armane, kan me no bruka sippah-sugerøyr. desse er svenske, sjølvsagt, og har den føremona at smakstilsetjinga ligg i sugerøyret. du stikk berre sugerøyret ned i mjølka, sug inn, og vips - den smakfullaste mjølka du kan tenkja deg.

bakdelen med det lokale samvirkelaget er at dei berre har sjokolade og jordbær. sugerøyra finst òg med banansmak, men det må ein truleg til sverige for å kjøpa. ein kan sjølvsagt handla direkte frå produsenten - den nettsida inneheld òg mange onderbara dataspel.

19.4.07

BESTEN 6

det er vel dags for ein ny runde med besten-kommentarar. etter ein liten aktivitetsnedtur etter runde 3 har det teke seg opp igjen, og etter runde 5 kan me for fyrste gong kåra ein tapar. han som får denne utmerkinga er onklt, som kom med det aldeles meiningslause framlegget "Tynn hårmanke? Har vel ikkje auga og sprutar eld og, som andre fantasifigurar? Og når vart Tande P, P Diddy, T Rex og Brynjar Å ikkje skikkelege namn?" det kan henda at juryen ikkje tek alle poenga her, men det er vanskeleg å sjå kva dette har med miltzow-ætta å gjera.

biletet over er nok teke ei helg, sidan besten er oppteken med å spela data. frå kameravinkelen er det vanskeleg å sjå at munnen hans er open, men akkurat denne gongen snakkar han faktisk gjennom nasen. kva seier besten?

17.4.07

NAMN

det er truleg på sin plass med ei lita forklaring på kvifor toen heiter toen. mange trur namnet kjem av at han er unge nummer to i familien, men det er heilt feil. me må som vanleg gå til litteraturen for å skjøna noko som helst, og akkurat denne gongen skal me til boka The Life and Times of the Thunderbolt Kid, der bill bryson fortel om oppveksten sin i iowa, usa. han skriv dette om lærarane på skulen sin:

They insisted on knowing strange things, which I found bewildering. If you asked to go to the restroom, they wanted to know whether you intended to do Number 1 or Number 2, a curiosity that didn't strike me as entirely healthy. Besides, these were not terms used in our house. In our house, you either went toity or had a BM (for bowel movement), but mostly you just went 'to the bathroom' and made no public declarations with regard to intent. So I hadn't the faintest idea, the first time I requested permission to go, what the teacher meant when she asked me if I was going to do Number 1 or Number 2.

'Well, I don't know', I replied frankly in a clear voice. 'I need to do a big BM. It could be as much as a three or a four'.

me tok utgangspunkt i denne soga under eit familieråd. alle kom med sine vurderingar av bror min, og snittresultatet vart to. difor kallar me han toen.

13.4.07

HEIM

i ettermiddag var det slutt på husfreden. i nokre dagar har eg og far min hatt det som salt i grauten, med mykje god mat, og fritt fram for å rapa etter maten. men for nokre timar sidan kom mor mi og toen heim, og då var det andre bollar. mor mi kommanderte far min i alle retningar, kalla han ein tufs og ei hushjelp, og stemninga var generelt dårleg. eg trur litt av grunnen til det dårlege humøret var at ho også denne gongen gløymde å tøya ut etter at fødselen var over. toen grein både to og tre skvettar, og det vart ikkje betre då far min fann fram påskepyjamasane.

det seier seg sjølv at frå no av får toen greia seg sjølv. dei som meiner at han har interesse, kan følgja med på heimesida hans. på guffebloggen er me meir opptekne av kva besten seier.

12.4.07

BESTEN 5

kva seier besten-tevlinga fekk inn uventa mange framlegg sist veke, og for fyrste gong tek me sjansen på å kåra ein vinnar. oppgåva sist veke var altså "kva har besten sagt her", og onkel k tek fyrsteplassen med framlegget "Mykje hår? Har vel ikkje auga og sprutar eld og, som andre fantasifigurar? Og når vart Tande P, P Diddy, T Rex og Brynjar Å ikkje skikkelege namn?" det var kanskje ikkje så rart at besto drog litt i smilebandet.

me ynskjer til lukke, og legg i same slengen ut eit nytt bilete, teke ein gong besten heldt eit foredrag om miltzow-ætta. spørsmålet er som vanleg: kva seier besten?

10.4.07

TOEN

i dag var eg med mor mi og far min på fødeavdelinga. inne på sjølve fødestova var det visst duka for ein del sterke scenar, så der fekk ikkje eg lov til å vera med. merkeleg nok fekk far min, som er ei relativt sart sjel, lov til å vera med. kjeldene mine seier at han ikkje takla det spesielt bra.

etter ein del om og men plumpa toen ut. sjølv meiner eg at han står framfor ei vanskeleg oppgåve - å vera veslebror min er omtrent som å hoppa etter wirkola. mor mi har ei litt anna oppfatning, og meiner at å vera veslebror min er omtrent som å hoppa etter fidjestøl.

sidan eg ikkje fekk vera med inn på fødestova, kan eg ikkje visa fram bilete av toen. derimot kan eg by på eit bilete som viser restane av den velsmakande lunsjen mor mi og far min fekk servert i ein liten pause:

6.4.07

BESTEN 4

det er ikkje spesielt stor grunn til å leggja skjul på at responsen på besten-leiken har ei litt faretruande utvikling, sjølv om fristen ikkje går ut før besten fyller åttifem. så langt har det kome 4 svar til oppgåve #1, 6 svar til oppgåve #2, men berre eitt svar til oppgåve #3. på akkumulert matematikkspråk, der ein tek utgangspunkt i differansen frå gong til gong, har det difor kome 4 pluss 2 minus 5 svar, altså totalt eitt svar på dei tre oppgåvene. snittet er altså rimeleg lågt, men så lenge det ligg på plussida, kan me ikkje klaga, og dreg i gang ei ny oppgåve. denne gongen har me henta eit bilete frå heimesida til besten, og spørsmålet er denne gongen litt annleis: kva har besten sagt her?

5.4.07

PÅSKE

me er omtrent halvferdige med påskeveka, og så langt har det vore ein påske på det jamne. onkel A og tante B og han med E var innom nokre dagar. på vegen hit hadde dei kjøpt eit enormt påskeegg, og fylt det opp med all slags sjokolade, så mor mi og tante B hadde nokre drøymedagar. far min og onkel A tok i staden ein skitur, der dei åt store mengder kvikk-lunsj.

etter at onkel A og tante B og han med E reiste vidare, har ikkje far min og eg gjort noko anna enn å handla inn mat til dei neste dagane. det er vanskeleg for oss å koma oss ut, sidan veret er så stygt at me gjerne vil bruka bilen,men det går jo ikkje, sidan mor mi køyrer opp på sjukehuset ein gong i timen for å høyra om det er noko nytt med nummer to.