18.12.05

PINNEKJØT

dette er berre heilt topp. eg har venta og venta på at den fyrste tanna skal visa seg. i slekta mi er det vanleg at dei som ikkje har tenner, må nøya seg med flåt jolekvelden. til alt hell dukka den fyrste tanna opp litt over klokka halv fem i dag, så no er det berre å trilla fram kålrabistappa og sojapølsene.

JOLEHANDEL


etter ein snartur på statoil i går kveld er eg endeleg ferdig med jolehandelen. eg lever eit isolert liv, og anar difor ikkje om andre familiar gjer som oss, men eg går ut frå at også i jola gjeld dei same reglane som elles: skal ein bruka pengar, skal ein bruka dei på seg sjølv. biletet over viser dei presangane eg har kjøpt til eige bruk.

sauen på joletreet er forresten laga av onkel T.

13.12.05

LEVERPOSTEI

i går var eg på eu-kontroll. ho som kontrollerte meg var ikkje vidare sjarmerande, så etter at ho hadde nappa meg litt i løken såg eg ikkje annan råd enn å pissa ein skvett på buksa hennar. ho var rutinert nok til å ta det fint.

resultatet av kontrollen var at hypofysen hangla litt, at eg må gjera eit lite inngrep for å unngå å verta hjulbeint, at eg alt har same biceps-omkrins som far min, og at mor mi må eta meir leverpostei.

9.12.05

STORSKJERM


måndag var ein stor dag. mor mi og tre andre gjekk til topps i den såkalla haust-quizen, eller såkalla førjols-quizen om du vil, og fekk både heider og ære.

for meg var det viktigare at west ham gjorde det godt i den moralske seriefinala mot birmingham. birmingham skåra fyrst, men to flotte langskot av billy bonds og trevor brooking gjorde at det beste laget vann. no kan det berre gå ein veg. biletet over vart teke rett etter at birmingham skåra.

6.12.05

INDISK

i helga var eg i oslo, og me kika som vanleg innom på den indiske stamrestauranten min. maten var som vanleg framifrå, men servicen var ikkje heilt som vanleg, slik det går fram av desse ordvekslingane:

me har tinga fire mango lassi. serveraren kjem med fire mango lassi og ein pils.
onkel T: eg tinga ikkje pils.
serveraren (bestemt): jau, du sa pils.
onkel T: nei, det gjorde eg ikkje.
serveraren (tvilande): ok.

etter måltidet, då dei fire andre var ute i garderoben, takka far min serveraren for god mat.
far min: takk for god mat.
serveraren: ha det.

29.11.05

BLOGGEFEST

fleire leiande bloggarar var samla til middag i gamlevegen i kveld. det var litt overraskande at dei to rosa bloggarane var kledde i rosa frå topp til tå.

28.11.05

BANNING

i helga las eg om ei bok med liksombanning. dette er visst reine farsotten i kristne miljø på sørlandet, og trikset er å seia ord som liknar såpass mykje på banneord at alle skjønar kva ein eigentleg var tenkt å seia. ikkje-kortspelande kristne kan til dømes seia "pokker" når dei snakkar om "poker".

for meg er dette eit gamalt fenomen. ein ting er at mange her til lands seier "huff", evt "huffameg", når det skjer noko som fortener eit banneord; noko heilt anna er at norskamerikanarar lenge har hatt for vane å seia "uff da".

26.11.05

DRØYMELAG

eg les i avisa at george best, fotballspelaren som fekk debut-plata til the wedding present oppkalla etter seg, sette opp eit drøymelag rett før han døydde. då kan det passa å henta fram drøymelaget til mor mi. ho valde å bruka ein relativt sjeldan 4-4-3-formasjon.

målmann: erik thorstvedt
høgreback: øyvind storflor
midtstoppar: tony adams
midtstoppar: franz beckenbauer
venstreback: pele
høgre midtbane: diego maradona
sentral midtbane: patrick vieira
sentral midtbane: besiktas
venstre midtbane: zinedine zidane
høgre ving: dan eggen
midtspiss: ronaldinho
venstre ving: gabriel batistuta

BERGENSBURGER

denne veka har eg og mor mi og far min vore ein tur til bergen og omegn. føremålet med turen var å prøva ny mat. far min feiga ut, men eg slurpa i meg nokre dråpar vaniljesaus. det var godt. mor mi gjekk for ei total bergens-oppleving, og prøvde det ho kalla ein bergensburger - ei fiskekake frå systrene hagelin, innpakka mellom to skillingsbollar.

17.11.05

JOLEGÅVER

far min er for tida travelt oppteken med å kjøpa alle bøker i verda. difor treng me meir plass i bokhyllene, og har sortert ut nokre dublettar som me gjev vekk til dei som vil ha dei:

joseph heller: catch 22, 1994
sist gong far min var i london avslutta han med ein runde innom dei største bokhandlarane i byen. attende på hotellrommet viste det seg at han hadde kjøpt to utgåver av denne boka, på under ein time. boka er på engelsk.
ragnar hovland: under snøen, 1983
ei bok mor mi stal med seg frå ålesund kretsfengsel. NB! boka er på nynorsk!
henrik ibsen: samlede digterverker I-V, 1930
ser du etter ei samla utgåve av verka til ibsen? då er denne perfekt for deg. i alle fall dersom du ikkje tek det så tungt at band VI manglar.
erlend loe: doppler, 2004
far min trur framleis at dette er ei bok av erling lae, og vil difor ikkje ha ho i hyllene sine.
til fots i norge, 2000
denne fekk me hjå to galne austerrikar som var innom for nokre år sidan. far min har laga ein interessant powerpoint-presentasjon til minne om den vitjinga. eg skulle gjerne lagt han ut her, men han forsvann saman med ein berbar pc tante I fekk ein gong.
tor ulven: prosa i samling, 2001
kjøpt av far min. då han kom heim viste det seg at han hadde alle tekstane i andre bøker.

sånn. fyrstemann til mølla osb.

14.11.05

ZOOLOGI 2

for lenge sidan hadde eg ei førebels rangering av dyra i heimen. alle som har kika innom i leikebutikkar veit at sjansane er store for at små ungar får dyr, og slik er det òg med meg. talet på dyr aukar og aukar, og det er på tide med ei ny rangering. så langt er desse dyra registrerte:

skilpaddo, bø og bæ, pinglan, den gule katten, kanino, tigeren, gåsa, haren, speledåskanino, blekkspruten, elefanten, den raude hunden, kålormen og tante I-katten. sauskolten frå afrika, gyngesauen og figuren frå røysbakken stiller i eigen klasse, og har ikkje vore med i denne vurderinga.

etter nøye vurdering har eg kome fram til at dette er topp fem:

1. pinglan
2. blekkspruten
3. kanino
4. speledåskanino
5. bø og bæ

den gule katten eg fekk frå besten ligg på ein uoffisiell sjetteplass.

12.11.05

BILSETE


nytt foto. slik ser eg ut når eg tek plass i bilsetet.

11.11.05

BESTO

i dag kjøpte eg meg digitalt kamera. naturleg nok var besto den fyrste eg tok bilete av. sidan biletet ein dag kan få historisk verdi, legg eg det ut her. dersom det er interesse for det, kan det henda det kjem fleire blinkskot seinare.

9.11.05

F

mor mi har nesten ikkje sove etter at ho las band fem av den nye utgåva av store norske leksikon. under bokstaven f er ho med på eit bilete. det er ikkje dårleg å koma i leksikon før ho har fylt 45.

7.11.05

CUPFINALEN

i helga såg eg cupfinalen for fyrste gong. me var hjå besten og besto. eg trur eg satsar på å vera ein annan stad under fotball-vm til neste år. her er eit lite utval høgdepunkt:

* kongen viser seg på tribunen
besto: der kjem han, ja. nei - har han på seg eit gult slips? uff. han burde hatt eit raudt.

* jan werner syng nasjonalsongen
besto: kva er dette for noko tull? og kvifor går han i frakk?

* mor mi hentar fram ein gamal kjepphest
mor mi: er du ikkje samd i at alle burde spela på eit lag frå heimstaden sin?
besto: jau. [det dukkar tilfeldigvis opp ein neger i moldedrakt.] ja, sjå på han der, til dømes.
mor mi: det var ikkje akkurat det eg meinte. men alle som spelar på molde burde vera frå molde, og alle som spelar på kristiansund burde vera frå kristiansund.
besto: ja, det er rett. og folk som er innflyttarar til ein by kan ikkje kalla laget sitt opp etter den byen, men må ta eit anna namn. som gutta boys.

* banen er eit gjørmehav, og draktene vert skitne
besto: ja, eg er glad det ikkje er eg som skal vaska opp.


* besto serverer middag
besto: ja, no må di eta.

* molde skårar
far min: der skåra molde.
besto (fem minutt seinare): nei, er det 1-0 til molde?

* dommaren dømmer straffe rett før slutt
mor mi: kvifor dømmer han straffe der? no vert det jo uavgjort og ekstraomgangar. hadde han latt vera å blåsa hadde me jo vorte fortare ferdig.

besto: vert det ekstraomgangar? stakkars kongen, som står der og frys. og me kan ikkje venta heilt til kampen er slutt før me et farsdagskake.
mor mi: er det ikkje neste helg det er farsdag?
besto: jau, men då er jo ingen heime.

* lillestrøm skårar på straffe
besto: jaja, no er det ikkje vits i å lesa avisene i morgon. det kjem til å stå side opp og ned om straffen som var feil.

* uwe rösler går til garderoben eitt minutt før slutt.
besto: nei, byter dei ut dommaren?

6.11.05

SONG NR. 3

besten var i kanonform i helga, og introduserte mellom anna ein ny song. denne kan minna litt om song nr. 2, men er tidvis litt inspirert av knutsen og ludvigsen:

dille, dalle, dulle
(melodi: tille, talle, tulle)

dille, dalle, dulle
dille, dulle, dalle
hvordan står det til?
hallo?
dille, dalle, dalle

1.11.05

ANSVAR

kan eg vera med på quiz, kan eg vel òg skriva mine eigne innlegg? rett nok har eg ikkje fylt fem månader, men eg kan vel skriva litt sjølv for det, utan at mor mi styrer fingrane mine? berre sjå her:

B iik9kiii.v
nbhjy6h4
iiv599øåm
gg

skjønnar? eg har full kontroll. full kontroll.

PUBQUIZ

eg har vore med nervelaget på quiz to gonger, og begge gongene har me vunne. laget er jamt bra. ei av dei andre er bloggar sjølv, så eg og ho kommuniserer på det topphemmelege bloggespråket. han som stiller spørsmåla er ofte på bærtur, og det gjer det heile endå artigare. i går hevda han at desse hersens amerikanarane invaderte grenada i 1993, sjølv om alle veit at det var 1983. og då det viste seg at fleire visste at knut hamsun gav ut sult i 1890, meinte han at det var sjukt å gå rundt og vita slikt. bra for han at han stiller spørsmåla, og ikkje prøver å finna svara.

30.10.05

LØV-HAM

fotballmessig var helga ein stor nedtur. fyrst tapte west ham 0-2. dette var ufortent, sjølv om west ham ikkje hadde eit einaste skot på mål heile kampen. deretter vann vif tippeligaen, og det er sjølvsagt relativt meiningslaust. det einaste ljoset i myrkret var at løv-ham berga plassen i ein eller annan divisjon.

24.10.05

TRONDHEIM, DAG 5

endeleg på veg heim att. det skjer ikkje så veldig mykje i sofaen heime, men det er likevel hakket betre enn å jogga frå butikk til butikk. i dag køyrde me frå trondheim relativt tidleg. eg hadde von om å snakka med skilpaddo og pinglan før dagen var omme, men det viste seg at mor og besto nett skulle innom nokre cubusar på vegen. me må difor overnatta i en bondes hytte, og kjem ikkje heim før i morgon.

det reknar eg med at far min er glad for. då me reiste for nokre dagar sidan var det få reine gryter, så det er på tide mor mi kjem heim for å ta oppvaksen.

23.10.05

TRONDHEIM, DAG 4

eg vakna i sekstida, yr av glede. butikkane er stengde i dag, slik at eg hadde tru på at det kunne verta ein litt meir kulturell dag. i tillegg kunne det kanskje la seg ordna med west ham-middlesbrough i dag, sidan dei ikkje spelte i går. billy bonds skal visst vera i kjempeform for tida.

eg spurde mor mi om me ikkje kunne leggja inn ein heilaften på ein fotballpub - fyrst west ham, deretter fotballekstra med ivar hoff. ho berre lo, og sa at det er like moro å sjå i butikkvindauge som å gå inne i butikkane. skilnaden er relativt liten, i og med at det likevel aldri er snakk om å kjøpa noko. så planane i dag er å driva gatelangs, kika på nokre utstilte varer, drikka litt utanlandsk kaffi, kika meir på utstilte varer, før me reiser til nærmaste storkiosk for å kjøpa inn det same som i går.

22.10.05

TRONDHEIM, DAG 3

i går var det stor festmiddag med mykje mat og drikke og dei vanlege talane saman med nokre slektningar av mor mi. i dag er me kvitt slekta - resten av opphaldet skal me bu hjå nokre luringar mor mi vart kjend med då ho var student. planane for i dag er prega av dette; for mor mi vert det omtrent som ein vanleg dag på historie grunnfag: ein tur til ikea, ein tur på eit konditori der dei sel utanlandsk kaffi og kaker med ekstra mange kaloriar, ein tur på cubus, ein tur til på ikea, meir utanlandsk kaffi, ein tur i skobutikk, før me reiser til nærmaste storkiosk og kjøper ting som tek til på d: digg, dip, druer, dajm og dagbladet, og køyrer heim for å sjå den store klassefesten på fjernsynet. sjølv har eg meir lyst til å sjå west ham-middlesbrough, men eg er visst ikkje med i turkomiteen i dag heller.

21.10.05

TRONDHEIM, DAG 2

no er eg komen litt på kant med mor mi. det viser seg at me har hatt litt ulike planar for opphaldet i trondheim. eg var sugen på ein tur i nidarosdomen, lunsj i tyholt-tårnet, ein rosenborgkamp, middag på uffa, konsert med angor wat, og kødding med avisboda til adresseavisa om natta. mor mi, som som vanleg opptrer som reiseleiar, har på eiga hand funne ut at me skal ein tur på ikea, ein tur på eit konditori der dei sel utanlandsk kaffi og kaker med ekstra mange kaloriar, ein tur på cubus, ein tur til på ikea, ein tur på sko-nytt, ein tur på bukse-nytt, ein tur i alle andre -nytt-butikkar, før me skal sjå nytt på nytt på fjernsynet. snakk om bomtur.

20.10.05

TRONDHEIM, DAG 1

sidan far min er på jobb heile tida, tok eg i dag med meg mor mi til trondheim. ho ville ikkje vera dårlegare, og tok med seg si mor. litt av ein biltur - store mengder kakling i framsetet, og litt færre ulydar frå baksetet, der eg sit. i trondheim vitja me fyrst tanto til mor mi. eg trudde kaklinga låg på maksnivå i bilen, men der tok eg feil. etter ein tre-rettars middag reiste eg og mor mi vidare til neste middag. der var det ein katt.

Trondheim, dag 2
Trondheim, dag 3
Trondheim, dag 4
Trondheim, dag 5

17.10.05

KABAL

om nokre timar skal den komande statsministeren presentera den komande regjeringa. på tide. då vert det igjen råd å lesa ei avis eller høyra på radio eller sjå fjernsyn utan at nokon snakkar om regjeringskabalen. finst det eit omgrep som er meir malplassert? bla gjennom alle kabalbøkene i heile verda, og du finn ikkje nokon kabal som heiter regjeringskabalen.

endå verre vert det når dei snakkar om at stoltenberg i arbeidet med denne kabalen har halde korta tett til bringa. hallo? i kortspel med fleire personar kan det vera greitt å halda korta skjult, men kabal er ein leik for ein person. kva er då poenget med å halda korta skjult? at ikkje eingong han sjølv skal vita kven som er med i regjeringa før han presenterer namna? det merkelege er at dette er einaste forklaringa på nokre av utnemningane.

uansett er det vanskeleg å ta stoltenberg på alvor. han insisterer visst på å halda alle pressekonferansar ved sognsvatn i oslo, og eitt minutt etter at alle journalistane har møtt opp, kjem han syklande. utan hjelm.

16.10.05

SUKSESS

mor mi melder at ho har funne kattesmokken.

ETTERLYSING

under frukosten i dag tok mor mi ordet. ho var litt uroleg over at kattesmokken var vekke. ho hadde leitt overalt, men smokken var ikkje å sjå nokon stad. dersom nokon har sett ein narresmokk med bilete av ein katt på, kan dei melda frå.

12.10.05

ÅLEINEMOR

i dag har eg ei litt trist melding. ho er ikkje stadfesta av alle involverte, men eg trur far min har funne seg ei ny, ei som heiter jobb. han er i alle fall oppteken med ho heile dagen - han kjem heim midt på dagen for å eta middag, før han reiser igjen. eg synest han heller burde oppføra seg som folk.

8.10.05

TROPISK

i dag har eg berre to ting å melda:
1. etter ei uspesifisert hending ved frukostbordet har eg no fått klengenamnet "tropisk aroma".
2. no må finn-erik vinje roa seg ned.

3.10.05

HÅRVASK

heime hjå oss har me gode vaskerutinar. mor mi vaskar håret sitt fire gonger kvar dag, eg får ei totalreingjering annakvar dag, far min dusjar ein gong i veka (oftast rett før han skal spela fotball), me vaskar opp kvar gong det er slutt på reine gryter, og golvet vert vaska ein gong i året. i helga fekk desse rutinane seg ein lei knekk, då eg midt på sundag fekk vaska håret, og berre håret, av ein mann i kvit kjole. 154 personar hadde betalt for å sjå på.

etterpå køyrde me heim til besten for ein klassisk vestnorsk triathlon: eting av smørgåsbord, synging av guffesongar, og speling av kortskalle. besto vann alle klassane suverent.

GUFFEBLOGOMTALE NR. 1

ein av dei eldste nynorske bloggarane, elias blix (f. 1836), har nyleg kome med rosande omtale av guffebloggen, på http://blixblog.blogspot.com/. me siterer frå to ulike datoar:

20.9.: Mykje gildt folk var til stades. Eg fekk mellom anna ein god prat med Roger Lockertsen, som var mellomlanda på veg frå Tromsø til Stavanger. Og så hadde eg gleda å helse på Guffen, sannsynlegvis den yngste nynorske bloggaren på nettet (...). Guffen sjølv låg i barnevogn.

27.9.: Eg har så vidt nemnt den yngste nynorske bloggaren på nettet. No kan du sjølv sjå kva han har på hjartet i Bloggen til Guffen. Dette er ein ung mann vi kan vente oss mykje av (som Vinje og Aasen i si tid sa om meg).

eg reknar med at det kjem til å strøyma inn med andre omtalar i nær framtid, og har difor drista meg til å kalla dette for guffeomtale nr. 1.

29.9.05

GUFFESONGAR

eg takkar alle som har sendt inn framlegg til guffesongar. eg valde ut dei ni med flest røyster, og sette dei saman i eit høveleg songhefte. det vart diverre ikkje plass til "tille, talle, tulle", som besten har skrive. mor mi insisterte på at det ikkje passar å syngja "det lyser i stille guffar" i ein barnedåp, slik at den songen fekk ikkje vera med, sjølv om han fekk uhorveleg med røyster. det vart i staden plass til tekstar av nokre av dei største trea i den nynorske skogen, og til og med ein lite kjend guffesong av astrid lindgren. eg visste ikkje at guffinga hadde spreidd seg til utlandet.

kva songar som kom med i heftet vert fyrst kjend under smørgåsbordet etter døypinga, men eg kan vel alt no røpa titlane på dei fem songane som fekk flest røyster av dei som ikkje kom med: "fola, fola guffen", "guff signe vårt dyre fedreland", "hun er forelska i guffen", "lys, varme og guffen" og "seargant pepper's lonely hearts club guff".

25.9.05

PORSELEN

i går prøvde me nyebilen med ein liten tur gjennom valdres, og høyrde med interesse på den lokale nrk-stasjonen. dei melde mellom anna om 30 porselensdokker frå valdres folkemuseum som var utstilte i byen galveston i texas, og som stod i fare for å få ein amerikansk orkan midt i planeten. dei lokale nrk-stasjonane på andre kantar av landet har ikkje vist interesse for desse dokkene, og eg veit difor ikkje korleis det står til med dei. dersom nokon har høyrt siste nytt om dokkene, bør dei melda frå snarast.

SONGAR

til helga skal eg visst døypast. som vanleg ligg foreldra mine litt på etterskot med alt som handlar om planlegging, og dei har difor gjeve meg ansvar for å kopiera opp eit songhefte. eg tek difor gjerne mot tips om songar som er rimeleg guffete.

24.9.05

KULTURLYFTET

bøndene og sosialistane og sosialdemokratane (BSS) er misnøgde med satsinga på kultur, og har lova å auka kulturbudsjettet med ein prosent. eg veit korleis dei har det. berre i år har foreldra mine kjøpt møblar (ca. 10000 kr), dvd/videospelar (ca 2000 kr), datamaskin (ca 9000 kr), piano (ca 30000 kr), bil (ca 120000) - dei har altså brukt i overkant av 170000 kr på seg sjølv, og då har eg ikkje ein gong rekna med alt lesestoffet dei har kjøpt seg. berre for å streka under at dei vassar i pengar har far min til og med kjøpt seg ny skjorte.

i det same tidsromet er alt dei har kjøpt til meg fire narresmokkar (ca 17 kr), altså 0,01 prosent. av og til tenkjer eg på kor mange narresmokkar eg kunne hatt dersom éin prosent av totalbudsjettet hadde vorte brukt på meg og mitt.

21.9.05

ÅRSTAL

nye dagar, nye kunnskapar. eg hadde teke med meg foreldra mine, som begge hevdar at dei er opptekne av alt som er nynorsk, for å høyra det årlege årstalet for tilstanden til nynorsk skriftkultur. eg er som vanleg travelt oppteken med å læra flest mogleg årstal utanåt, og etter talen var alt klart: talaren sa det rett nok ikkje rett ut, men så lenge det einaste årstalet han nemnde var 2001, kan me trygt gå ut frå at i år er det 2001 som er årstalet for den nynorske skriftkulturen.

13.9.05

DRØYMEDAG

mykje bra skjedde på ein gong. fyrst visste far min at helge løvland vann em i tikamp i 1920. deretter vart det regjeringsskifte, og det er ikkje mykje som er betre enn ei regjering med bønder, sosialdemokratar og sosialistar (og eventuelt trond giske). dessutan vann west ham 4-0 over aston villa.

12.9.05

NEDTUR

hm. det viser seg at ein må vera 18 år for å røysta, ikkje 18 dagar.

11.9.05

VALKAMP

det har vore lite blogging den siste veka. eg har vore travelt oppteken med å setja meg inn i kva dei ulike partia står for. det er fyrste valkampen min, slik at det er mykje å setja seg inn i. det er enklare for mor mi, som er fødd i ein bondes hytte, og for far min, som ikkje er det. eg har difor sett alt som er av politiske debattar, og for å gjera valet enklare for alle, ikkje minst meg sjølv, presenterer eg her det viktigaste kvart parti kan by på. eg droppar alt som er av terningskast, men listar partia i omvendt kronologisk rekkjefølgje.

9. venstre. partiet vil gje lars sponheim til alle. for meg er dette lite freistande.

8. kristeleg folkeparti. partiet vil gje jesus til alle. dette er heller ikkje så pirrande, men hakket meir interessant enn lars sponheim.

7. arbeidarpartiet. partiet vil gje arbeid til alle. ekstremt aktuelt for meg, som ikkje eingong er gamal nok til å gå i barnehage.

6. sosialistisk venstreparti. partiet vil gje gratis skulemat til alle. omtrent like spanande som arbeid.

5. høgre. partiet vil gje kaci-frisyrer til alle. akkurat. kva med oss som er så godt som hårlause?

4. senterpartiet. partiet vil gje ein sau til alle. eg er alltid klar for tiltak som kan gje meg meir ull, men eg er litt usikker på kvar eg skulle plassera han.

3. kystpartiet. partiet vil gje ei flyndre til alle. dette er eg klart for. det vil gjera kveldsbadinga hakket meir interessant.

2. raud valallianse. partiet vil gje meir skatt til rimi-hagen. for meg er dette ei viktig sak i denne valkampen, og det finst nok større tabbar enn å røysta raud valallianse.

1. framstegspartiet. partiet vil gje 270 milliardar til alle. eg greier meg godt med barnetrygda, men foreldra mine er storforbrukarar av pengar, og kan få bruk for 540 friske milliardar. difor røystar eg framstegspartiet i år.

4.9.05

JOTUNHEIMEN

far min verkar rimeleg fiksert på at eg skal verta ein fjellgris, og i helga tok han meg med til jotunheimen. onkel T har fortalt at far min kan vera ein heller ukoseleg turkamerat, og slik var det denne gongen òg. fyrst fekk eg det våtaste hjørna i teltet, så fekk eg den tyngste sekken, og så la han i veg som om det handla om å koma fyrst fram. eg slit litt med koordineringa av armar og bein, så etter fem minutt var han ute av syne. eg la meg nedpå litt, og nokre timar seinare kom han attende. han var heilt fesen, og det vart ikkje noko av det varme måltidet han hadde lova meg. han kasta meg i staden i bagasjerommet og køyrde heim.

der nådde me såvidt sportsrevyen. det fotball-landslaget treng mest av alt er ein frisør.

31.8.05

FOTBALL

i dag starta fotballsesongen for far min, med ein time innefotball. han vert rimeleg raud i trynet når han har sprunge litt. fy fasan kor dumt det ser ut.

28.8.05

LØGER

på den siste rangeringa over sofadyr ligg tigeren på ein sterk tredjeplass. oddvar peikar på at tigeren eigentleg liknar meir på ei blanding av tiger og løve. korleis dette heng saman veit eg ikkje, men eg fekk dyret frå ein professor, og eg meiner at han brukte ordet tiger. eg må på biblioteket i morgon for å sjekka dette.

elles var eg på loppemarknad for fyrste gong i går. eg kjøpte ingen lopper.

25.8.05

TAFFELMUSIKK

i kveld kom oddvar innom. han skal vera her nokre dagar. under kveldsmaten vart det ikkje spelt sinatra for gjesten. her kunne eg ha skrive "heller ikkje denne gongen vart det spelt sinatra for gjestane", men minnet mitt strekkjer seg berre to veker attende, slik at eg hugsar ikkje at foreldra mine minst to gonger tidlegare ikkje har spelt sinatra for gjestane sine.

23.8.05

BOMKJØP

no har foreldra mine gjort det igjen. dei har brukt tusenvis av kroner på eit monster av eit piano, trass i at ingen av dei er spesielt pianokyndige. dei kan ikkje rekna med å tena innatt utgiftene ved å spela på gata, så heile kjøpet passar godt inn i praksisen deira med å kasta pengar ut vindauga. i tillegg har dei plassert instrumentet framfor ei dør, slik at eg må leggja om traktor-ruta mi.

19.8.05

MINNE

no er me inne i ein merkeleg tidsalder. alle rundt meg gløymer ting dei burde vita. besten hugsar ikkje korleis han skal setja cd-plater inn i datamaskina si. far min har gløymt korleis han lagar lasagne. men det verste av alt er at mor mi har gløymt kva corn flakes heiter. då me skulle laga handleliste før handleturen, måtte me ta ein lang pause på kjøkenet. hovudet hennar var heilt tomt, slik at ho måtte ta det gode gamle alfabettrikset for å finna ut kva ho skulle kjøpa.

eg prøvde å forklara ho at ho sikkert kom på det dersom ho såg det i butikken, men sleit med å få kontakt

16.8.05

ZOOLOGI

i kroken min ligg det ein del dyr. nokre har kome som gåver etter at eg vart fødd; andre har vore her ei stund. i ettermiddag sorterte eg desse dyra etter kvalitet, og kom fram til at dette er dei fem beste:

1. pinglan
2. kanino
3. tigeren
4. bø og bæ
5. skilpaddo

den gule katten eg fekk frå besten ligg på ein uoffisiell sjetteplass.

Oppdatert liste, 14.11.2005
Oppdatert liste, 12.5.2006

15.8.05

SONG NR. 2

denne songen er innsendt av besten. dei som vil kan variera vokalane.

tille, talle, tulle
(melodi er så til dei grader valfri)

tille, talle, tulle, talle, tille, tille

tille, talle, tulle, tille, tille, tulle
(repeter ad infinitivum, eller til minst ein av oss fell i svevn)

TINNITUS

eg er attende frå ferie. den gamle toyotaen har i ferien køyrt 2807 kilometer, altså nesten tre gonger rundt ekvator. me har sett litt av kvart, men det eg kjem til å hugsa lengst er lyden frå den relativt misantropiske lydpotta under bilen. det har vore uråd med verbal kommunikasjon mellom fram- og baksetet, og den vanlegvis så smektande taffelmusikken har fått avløysing av musikksjangrar som sluttar på metall.

det gledelege er at eg endeleg har fått noko kroppsleg som viser slektskap med far min - dobbelsidig tinnitus.

14.8.05

BRYLLAUP

i går kveld var me i bryllaup på lofthus. etter seremonien i kyrkja skulle festlyden gå i prosesjon til festlokalet, men denne prosesjonen vart noko forseinka, sidan nokon hadde gløymt ei bombe i bilen.

eg lurte lenge på kva folk skulle med denne bomba. seint på kvelden kom det eit lass med skotrarar (ein kombinasjon av jolebukkar og raudruss), og då skjøna eg at det kunne vera bruk for ei bombe. diverre var skytebasen ute av stand til å kvitta seg med problemet.

7.8.05

FERIE

eg minner ivrige lesarar i utlandet om at eg for tida er på ferie, og at det såleis ikkje er like lett med daglege oppdateringar. eg er attende for fullt ein måndag midt i august, dersom far min får ordna opp i nokre mindre dataproblem heime.

siste nytt er forresten at eg har fenge meg eit namn. dette er sjølvsagt berre eit dekknamn - sjølv kjem eg til å bruka namnet guffen så lenge som råd. i alle fall heilt til eg lærer å snakka.

1.8.05

NAMN

besten har gjeve meg ei bok med namnetydingar, noko som vel er eit teikn på at han meiner det går litt seint med val av namn. eg har tidlegare skrive at det gjeld å nytta tida, men denne boka har gjort det uråd for meg å velja eit namn i det heile. i boka har alle namn ei tyding, og desse tydinga er oftast ulike variantar av "den agelege stridsmannen", "den ævelege hovdingen", "den agelege og ævelege hovdingen som tidlegare var ein ageleg stridsmann", og "han som vernar alle". det eg treng er eit namn som tyder "bleik, feit og lat".

28.7.05

SONG NR. 1

eg nyttar mellom anna ferien til å skriva inn songar i mi eiga songbok. her er den fyrste. bruken av dialektordet mjøk (= mjølk) luktar litt naudrim, men det er ikkje gjort i ei handvende å finna eit godt rimord elles.

læ, læ, gamle mor
(melodi: valfri)
læ, læ, gamle mor, har du noko mjøk
ja, ja, vesle guff, nesten utan løk
måndagsmjøk til guff,
og tysdagsmjøk til guff,
og onsdagtorsdagfredaglaurdagsundagsmjøk til guff

song nr. 2 - tille, talle, tulle
song nr. 3 - dille, dalle, dulle
song nr. 4 - puff, puff, så får du ein guff

EKSAMEN

besteforeldra mine har alltid snakka om at ein må nytta tida godt ved eksamenar. fyrst kladdar ein, deretter ser ein over kladden, så fører ein inn, ser over innføringa, og, dersom det er tid til det, ser over innføringa minst ein gong til. ein skal aldri reisa frå eksamen før tida er ute.

når det handlar om namngjeving er det visst annleis. fristen for å gje meg namn er tidleg i desember, men likevel er det ei endelaus masing om at eg snart må få meg eit offisielt namn. for meg hastar det ikkje - eg trivst godt med guffen.

19.7.05

JORDBÆR

på ferien nyttar me som vanleg vegboka til NAF, på jakt etter forfattarheimar me kan vitja. me kika innom ein slik i valdres. den komande gardbrukaren var oppteken av fornying, og snakka vel og lenge om poppeltreet han gleda seg til å saga ned. far min var i kanonform, og meinte at det ville vera ei upoppelær gjerning.

litt seinare serverte husmora eit eller anna meksikansk. eg vart dårleg i magen etterpå, og me kan såleis avbekrefta rykta om at det var jordbæra som var skuld i mageverken sist veke.

16.7.05

KARTLESAR

i dag skal me visst på ferie, altså fire veker med bilkøyring gjennom så store delar av landet som mogleg. sidan dette er fyrste ferien min, har eg berre to oppgåver:

1. far min meiner at eg bør vera kartlesar, slik at eg kan gjera det betre i geografitimane. for å gjera det lettare for meg å lesa kartet, har han plassert bilsetet mitt bak-fram.

2. eg har ein midtskill på nærare ti centimeter, og er difor på jakt etter ein nokolunde god tupé-butikk. den tidlegare bridge-makkeren til far min seier at det finst ein god ein ikkje så langt frå hamar.

15.7.05

FENOMENOGONOLOGI

i åra som kjem vil sikkert mor mi hevda at det fyrste ordet eg sa var "mor", medan far min kjem sikkert til å hevda at det fyrste ordet var "groucho". ingen av dei har rett - i natt vakna eg, funderte litt på kvifor arsenal har selt patrick vieira, før eg sa "fenomenogonologi" høgt og tydeleg.

14.7.05

MIDDAG

i kveld hadde foreldra mine middagsgjester frå fusa. heller ikkje i dag spelte dei sinatra.

BESTEN

alle spør meg kven eg liknar på, nett som om det er viktig. eg prøver å visa fingeren til alle som spør, men det er ikkje så lett, sidan det tek nokre månader før eg får kontroll over handrørslene mine. sidan eg ikkje svarar, svarar dei oftast sjølv, og kjem fram til at eg liknar på besten.

dette skal visst vera dei største likskapane:
* eg seier frå når eg vil ha mat
* eg rapar høgt etter måltidet
* eg likar å gå topplaus
* eg søv heile dagen
* eg er ikkje vidare interessert i kongefamilien

13.7.05

UTVIKLINGA

i dag var eg på kontroll. dei sjekka høgd og lengd og tyngd og slikt, i tillegg til at dei i god frenologisk tradisjon sjekka omkrinsen på skallen. sjølv funderte eg mest på høgda. på fem veker har høgda auka med sju cm. eg reknar med at eg veks med same farten også i framtida, og sidan det framleis ramlar inn eit lass med kroppar kvar veke, kan det ha ålmenn interesse å vita kor høg eg til ei kvar tid er.

på fem veker har høgda gått frå 50 til 57 cm, altså ein auke med 14 prosent. det gjev denne prognosen for det neste året:

7. juni: 50 cm
13. juli: 57 cm
17. august: 65 cm
21. september: 74 cm
26. oktober: 84 cm
30. november: 96 cm
4. januar: 110 cm
8. februar: 125 cm
15. mars: 143 cm
19. april: 163 cm
24. mai: 185 cm
28. juni: 211 cm

rundt eittårsdagen vert eg altså den høgste i familien.

SIDEMÅL

eg er for obligatorisk sidemål. utan sidemålet ville det heita "utan mat og drikke duger helten ikkje", og eit slikt rim haltar jo litt. på den andre sida haltar jo heile uttrykket litt, sidan eg ikkje har ete noko mat i det heile så langt - alt eg gjer er å drikka.

12.7.05

FISING

meir bakalaonytt: det viste seg at bakalao ikkje berre gjev meg ilt i magen, men det aukar òg krafta og kvaliteten på fisinga. eg er difor ikkje like lunken til bakalao no.

11.7.05

BAKALAO

meir middagsnytt: me var inviterte til eit kalas i kristiansund. det vart servert enorme mengder bakalao, kaker, jordbær og brus, og det var mange lange talar på norsk og engelsk. alt dette gjorde at eg vart skikkeleg roten i magen. eg trur eg ventar med denne blandinga til eg er minst to månader gamal.

9.7.05

SINATRA

i dag hadde foreldra mine middagsgjestar frå minnesota. for ein gongs skuld spelte dei ikkje sinatra under måltidet.

8.7.05

SMOKKAR

no er eg rimeleg irritert. far min sa at me skulle ta ein tur på coop mega for å kjøpa nye smokkar. akkurat det var ei gledeleg melding, men då eg såg kva han kjøpte vart eg skuffa - han kom ut med to narresmokkar. han vassar i pengar, men har ikkje råd til å kjøpa skikkelege smokkar?

7.7.05

BORDTENNIS

mor mi er oppteken av å koma i form etter fødselen, og utfordra meg til eit slag bordtennis i dag. eg er litt usikker på korleis det gjekk - ho sa at ho vann 21-19 i tredje sett, men det høyrdest ut som om det siste slaget hennar var ein grov bom. det var litt vanskeleg for meg å sjå kva som skjedde, sidan eg låg på golvet.

KVISER

i går oppdaga eg at ansiktet mitt er dominert av ikkje så reint få kviser. dette uroa meg sterkt. eg var innom høgskulebiblioteket, der Den store kviseboka til alt hell ikkje var utlånt. der las eg at kviser er eit teikn på at puberteten er i gang, og eg slår meg til ro med det. det er godt kva som er gjort.

far min tek dette tungt. han kom ikkje i puberteten før i trettiårsalderen, og meiner det er urettvist at eg skal koma i puberteten så tidleg.

6.7.05

KROPPAR

takk til alle som har gjeve meg kroppar. sist eg rekna etter hadde eg fått 21. den mest populære fargen er kvit (og kvit-liknande) med 20. på ein god andreplass kjem blå med 1.

eg er dårleg i engelsk, slik at det plagget andre kallar body kallar eg kropp. andre har same problemet, slik jan stenmark skriv i eit dikt:

Hon kan ingen engelska.
Hon är för ung.
Säger till exempel
Martin Luther Kung.

GUFFEN

hei. eg er guffen. eg er fire veker gamal. dette er bloggen min.