31.8.09

SAMFUNN

det kan ikkje vera lenge igjen til stortingsvalet, og til liks med alle andre som set dagsorden var meininga mi å koma med nokre døme på korleis stoda er. slik vert det ikkje - eg greier ikkje heilt å finna ut kva døme eg skal dra fram. skal eg snakka om desse to luringane i kongo, som på ein eller annan måte har greidd å stilla seg slik at heile oljefondet og meir til går med til å erstatta ymse tap? skal eg snakka om at sjølvaste kiki sørum er død - kven skal no stå fram med smakfulle klede og fortelja oss kva som er gale med andre sine klede?

denne oppgåva er i største laget for meg. det får heller gå som det går med dette valet.

25.8.09

BESTEN 29

her er eit blinkskot frå jonsokfeiringa, rett før besten dreg i gang ein selskapsleik med lange tradisjonar i slekta. spørsmålet er det vanlege: kva seier besten?

22.8.09

DRAUM

onklT treng hjelp av ein draumetydar:

i natt drøymde han at han braut seg inn i eit herskapleg hus, der eit gamalt skinn budde heilt åleine. han gjekk rundt i dei enorme stovene, og såg seg ut saker og ting som kunne passa som tjuvgods. etter ei stund vakna det gamle skinnet, og til si store skrekk såg onklT at ho kom tassande inn i stova der han var. onklT såg ikkje anna råd enn å spela idiot, og ropte ut ein del ord som skulle prova at han var ein utlending med lettare hjerneskade.

mor mi vakna av desse ropa, og forstod ingenting av det som vart sagt. det er ikkje så uvanleg; eg er meir interessert i kva draumen tyder. kan det ha noko med haustsleppefesten til samlaget å gjera?

18.8.09

BESTO

besto og besten var ein snartur til nordfjord. onklT hadde teke på seg å henta dei, og sidan turleiarane var så til dei grader bak mål, måtte besto informera litt undervegs. ho er ein kløppar på tekstmeldingar:

I: Nei dei er litt uvisse sjefane me er i loen kom i 5tida me cooan middag kl 7 får ringja når eg får nærare besk (måndag, 18.07)

II: No er me snart i van vald me skal visst stoppa ein gong til klokkeslett er vanskeleg å få greie på skal de ut på noko (tysdag 16.05)

III: [tom melding] (tysdag 18.01)

IIII: Tvinno me vert 3 kan du ta bilen vår (tysdag 18.56)

17.8.09

JUS

dette kan verta ei lang veke. eg har ei kjensle av at på den internasjonale juskonferansen vart alle dommarar i heile verda samde om å leggja dei minst interessante rettsaken til éi og same veke. slik har det seg at samstundes som einearvingen i riisen-slekta ("kan jeg ta en til?") står for retten, står to luringar for retten ein eller annan stad i jungelen. dei to har til alt hell fått ein kosmisk advokat, som så langt har basert forsvaret på at a) han som er død er ikkje død, og b) ho som var gift med han har aldri vore gift med han. rett ut av læreboka.

mor mi slit som vanleg med å visa interesse for ting som har såpass brei og ålmenn interesse, og pendlar difor til oslo for å sitja barnevakt. eg og halv ellevo og onklT sit att med skjegget i postkassa, og veit ikkje vår arme råd.

8.8.09

ALVOR

det var den ferien. totalt køyrde me 1980 kilometer, altså i underkant av to rundar rundt ekvator. samanlikna med sommaren 2005 og sommaren 2006 og sommaren 2007 er det ikkje mykje å skryta av.

på måndag vert me frakta attende til barnehagen, både ti over tio og meg. etter det eg kan sjå er det langt til neste lyspunkt i livet mitt. rett nok kan eg leva ei stund på dei to-tre høgdepunkta frå ferien, men kjenner eg meg sjølv rett, hugsar eg lite av dei når hauststormane dreg i gang ulinga si.

som vanleg vart ferien avslutta med eit kakelag hjå naboen. der var det servert vassbakkels, knekkebrød, jordbær, kjøtbollar og svart brus. stemninga stod i taket, og vel så det.