27.10.11

3.10.11

AUKSJON

besten held fram moderniseringa av heimegarden. under eitt år etter at han kvitta seg med fryseboksen frå tidleg femtital, har han no like godt kjøpt seg ny bil. den nye bilen har firhjulstrekk, to lyskastarar og sentrallås, slik at han skulle vera midt i blinken.

slike bilar får ein sjølvsagt ikkje kjøpt gratis, så på vegner av besten lyser me no ut ein ny auksjon. sjølve bilen endar vel opp til spott og spe hjå ein vrakpantar, men me har sikra oss eit sett reservelyklar, og desse sender me med glede ut til høgstbydande.

26.9.11

BARNEHAGE 2


ein kan seia mykje rart om den nye barnehagen til tolvo, men dei har heldigvis gode løysingar for dei som korkje likar trolldeig, perling eller eventyrmåling.

21.9.11

NORDMØRSBESTO

nordmørsbesto har kjøpt seg mobil. ikkje uventa var det berre snakk om minutt før ho tok opp kampen med ho andre besto:

Har besøket ditt reist? Ei skal på seniortsin i dag.får er på sykehuset ennå. Kanskje han kjem heim i morgen eller fredag. Fint var . Har ete til middag om. Skal koke kafe å ha med på dansen.

19.9.11

BESTEN 42


han tenkte "ha! no tenkjer eg det vert slutt på all kivinga med bortigarden om kven som har dei blåaste billyktene". men kva sa han?

(dette er altså meint som ei god, gamal 'kva seier besten-oppgåve")

4.9.11

TELEFON

besto har nyleg kjøpt seg ny mobiltelefon, sidan det ikkje var råd å skriva punktum på den gamle. ho har gått over til nokia, sidan ho las i vekebladet familien for ein åtte-ti år sidan at nokia var den beste telefonen i heile verda.

ho prøver seg fram, slik ein gjerne gjer når ein har ny telefon. planen var å senda tekstmeldinga "dette er ein prøve" til tante K. det gjekk bra ei stund, heilt til den tredje bokstaven i det siste ordet. ho fann pikerten ikkje ø-en, slik at tekstmeldinga så langt såg slik ut: dette er ein pro. sidan ho ikkje anar korleis ho rettar skrivefeil var det berre ein ting å gjera - finna eit høveleg ord som tek til på pro. det fyrste ordet ho kom på var pronomen.
kva tante K tenkte då ho fekk denne meldinga, er så langt ukjent. men det er vel rimeleg stor sjanse for at ho undra seg over at pronomen brått var vorte eit hankjønnsord.

17.8.11

REGNBOGE


fem på tolvo har nett teke til i ny barnehage, mest av politiske grunnar. ho har vore der to dagar, og så langt ser det ut til å vera eit godt val.

11.8.11

SERIESTART

det er snart på tide med litt fotballsjåing igjen. eg og onklT har varma opp heile sommaren, og no, rett før det heile brakar laus, ser det ut til at alle laga har gjort seg ferdige med handel og vandel.

dette vil òg seia at det er gode tider for alle fotballpubane rundt omkring. mange av desse reklamerer flittig for det dei har å by på, slik det går klart fram av biletet over. viss du ikkje er heilt sikker på korleis du skriv league, er det jo lurt å variera litt, slik at sjansen aukar for at du får rett minst ein gong.

4.8.11

LOKALNYTT 7

ha - eg tippar mange trudde at den spanande serien med lokalnytt var slutt? slik er det sjølvsagt ikkje, i dag kan nettutgåva til den pålitelege lokalavisa hordaland melda følgjande, med mellomstore krigstypar:

Inga fallskjermulukke på Rykkje

gamalt lokalnytt her.

28.7.11

FALSK

eitt av dei store problema den siste tida har vore alle bakarane og konditorane som gjer fyller butikkane med falske kneippbrød. produsenten bakers har teke konsekvensen av dette, og sel frå no av ekte kneipp. dermed skulle det problemet vera ute av verda.

av anna nytt kan det meldast at far min, som framleis er kulturmarxist, heilt på eiga hand har funne ut at viss ein stokkar om på bokstavane til han tempelriddaren det står ein del om i avisene no for tida, får ein breivik bin gerhardsen. dette til orientering.

15.7.11

TURISTAR

det er ikkje lett å ta sylskarpe bilete på lyntoget mellom voss og hønefoss, men likevel: når det er behov for slike skilt, kan det ikkje vera tvil om at det ikkje er nsb-passasjerane som treng eit nytt nsb, det er nsb som treng nye passasjerar.

og det er jo påfallande at før "framstegs"partiet vart skipa fanst det aldri slike skilt på todoar.

14.7.11

UNGARN 4

besto: Me har tenkt oss på folklorekveld litt for varmt helsar me går ut 1915

10.7.11

UNGARN 3

besto er ustoppeleg:

på+veg+til+orfu der me festa for å eta resta hels folket

UNGARN 2

fersk oppdatering frå ungarnferien til besto og besten:

Godt og varmt solheimane fornektar seg

Ikkje dei talte på 1jærsk 2engelsk 3tysk og 4ungarsk alle på same tida slik nokre setn om gngen åse hadde hadde lært nokre ord og uttrykk av ein ung musikar dansen var ein rkuffelse diskomusikk av högaste styrke og vel så det no må eg kle meg me skal på badin me drikk vatn i flaskevis godt over 3o gr f i n by og me slekta vert saman bus på same hotell helsar frå far som nett slo augo opp

9.7.11

UNGARN

besto og besten legg som vanleg ferien til eit land der gamalkommunistar vert mottekne som gamalkommunistar. i år står ungarn for tur, og no sende nett besto inn denne meldinga:

Me har kome vel fram lite soving tross god seng og aircomd skal sjå litt av byen idag i kyrkja kl 18 alle er her i huset litt vel varmt

- - -

guffemerknad: aircomd er hunden til besto

20.6.11

HURTIGRUTA

det har vore nokre drøymedagar for onklT. han har, slik dei fleste veit, til vane å vera heime på nasjonaldagen. ideelt sett ville han ha sett fjernsyn heile den dagen, men det går jo ikkje, sidan nrk insisterer på å visa ungar som marsjerer flaggviftande rundt, lett akkompagnerte av halvt deliriske korpsmusikantar.

no har nrk2 teke ansvar, og viser programmet "hurtigruta". det er som ei einaste lang nasjonaldagsending, berre utan all denne hersens marsjeringa. det dukkar rett nok opp uhøveleg mange korps, og det må vera litt irriterande for lettmatrosane på båten at dei ikkje kan leggja til kai utan at berlevåg mannskor dukkar opp og syng "å eg minnest, å eg minnest så vel dette land". ein kan seia mangt om korttidsminnet til mannskormedlemmar, men det er ikkje så utenkjeleg at dei minnest eit land dei står midt oppe i.

for besten og besto har programmet derimot vore ein einaste lang nedtur, og dei har lagt vekk alle planar om å ta denne turen. det går altfor seint, og dei meiner at namnet på ruta er heilt malplassert. slik går det når ein ikkje taklar ironi - på same måte som andre framståande kulturfenomen (fotballaget viking, framstegspartiet) er det tydeleg at hurtigruta har valt eit utprega ironisk namn.

13.6.11

SOMMARFEST

i dag var det sommarfest i barnehagen, og som vanleg var programmet noko heilt utanom det vanlege. denne gongen hadde dei tilsette funne ut at det var ein god ide om alle ungane kledde seg ut som figurar frå hakkebakkeskogen, medan me song "hanen stend på stabburshella". der er det jo ingen ord og uttrykk me slit med: hanen stend på stabburshella / bonden gjeve honom korn / rakkjen kvakkar i bergom nord / og julenissen bles i horn.

men det er mangt som vert klart så lenge festleiaren gløymer å slå på roperten, og i staden bruker det meste av taletida si til å ropa "høyrer de meg? høyrer de meg?"

30.5.11

KLIMA

no melder avisene at co2-utsleppa aukar igjen, proporsjonalt med auken i bensinprisen. det ser ut til at temperaturen kjem til å stiga med minst to grader, men det er vel ikkje noko anna å venta, når ein fyrst har busett seg i eit land der ein på liv og daud ikkje skal høyra på fagfolk og ekspertar.

for mor mi er dette gledeleg nytt. ho skal visst vera heime det komande året, og ein slik fin temperaturauke gjer jo at turane etter ved vert færre, og at det vert lettare å pressa innetemperaturen over tretti grader.

23.5.11

SKULESTART

du snakkar meg om. eg har ikkje eingong fylt seks år, og i morgon skal eg byrja på skulen. eg er sjølvsagt rimeleg nervøs. til alt hell har besto funne fram det legendariske glaset med solbær/rips-syltetyet tipptippoldo sylta i 1876. dette glaset har alle i familien hatt med seg fyrste gong dei går til skulen, og me veit jo alle korleis det går. det har sjølvsagt vore ein del bønder, men det er ikkje lenge sidan onkel A vart dokter, og no er pikerten far min klar med debutboka. eit eller anna, here i comes.

21.5.11

ÅKER

det er klart at det er vanskeleg for aviser no når dei har sagt opp alle korrekturlesarane og i staden satsar på at autokorrekturen i teksthandsamingsprogramma deira skal ordna opp. besto meiner likevel at aftenposten i denne artikkelen om kongevinking på balkong gjekk litt for langt.

15.5.11

STUDENTAR

frå onklT, som det siste halvåret har nytta høvet til å fullføra eit grunnfag i norsk, har eg fått denne lista med spørsmål. no for tida er det slik at når studentar har individuell heimeeksamen riggar dei seg til med ei facebook-side, der dei fleste bed medstudentane om hjelp. grunntanken er nok at på eit eller anna tidspunkt vert ein eller annan lei av alt maset, og legg ut ein fasit.

oppgåve 1 handla om å analysera og heimfesta ein dialektprøve. døme på spørsmål:
* Er det noen som har klart å skille Fyresdal og Nissedal?
* det står skrevet /dæi/ og /d3i/, men er ikke det egentlig det samme?? 3 omvendt egentlig da
* i oppg 1.2 nevner dere alle dialektmerkene da, eller kun de som avslører dialekten?
* Hva har dere tatt med når det gjelder presens av sterke verb? Noen som har utelatt det?
* Noen som har funnet på noe smart å si om verbene i teksten på oppgave 1? Teksten står i preteritum...
* Er å tak, og å take eit eksempel på kløyvd infinitiv i dialektprøven fra Fyresdal?
* Oppg. 1: Er gangande palatalisering?
* Hvordan forklare hvor "kvenn" blir brukt når det står i boka at dette ordet uttales med "h" i telemark?
* Er det slik at "frakkjen" er palatalisering av gammel velar? Jeg ser meg blind på bøkene nå:-)

oppgåve 2 handla om språkhistorie på 1800-talet. døme på spørsmål:
* Kva meiner dei med "det almindelige Bogsprog" på side 145 i pensumboka? Er det dansk de meiner?
* ...nokon som har noko fornuftig å si om dativsformene på side 136 i pensumsboka? Korleis ser vi at det er dativ?
* Er det mulig å skrive svar på oppgave 2 uten å ha boka til Torp og Vikør, men bare holde seg til Otnes? :-)

oppgåve 3 handla om gode norske samansette namn som dukka opp i andre halvdel av 1800-talet, men som aldri har vorte noko større populære. døme på spørsmål:
* er det noen som har med en form for konklusjon i oppgave 3?
* Tror dere det holder å skrive (NLP 1995:125) som kildehenvisning etter hvert navn? [NLP er forkorting for Norsk Personnamnleksikon]
* Kom dere fram til en enighet ang hvilket tall dere skulle ha med fra navnestatestikken på ssb? Navnet som førstenavn (antall) eller navnet som eneste fornavn (antall). Skal de legges sammen eller tar dere det første antallet?
* jeg skjønner ikke vitsen med sånne oppgaver som 3... men, jeg gjør den for det!
* I NPL står det et sted at Her- er lite brukt i vårt hå. Noen som vet hva nynorsk hå betyr? Kan det "oversettes" med område?

Generelt:
* Hva er oppgaveteksten? :)
* Noen som husker hvor vi finner språktips?
* Et lite teknisk spørsmål: hvordan fletter dere forsida med resten av dokumentet, uten at dokumentet skifter format? Her endrer alt seg etter formatet på forsida...
* 4363 ord får holde. nåken som veit kar ej finne framsida som skal brukast?
* innledning og avsluttning, har dere det felles for begge oppgavene, eller hver for seg?
* Vi nærmer oss slutten folkens :) Ligger dere godt ann? Jeg merker at klokka tikker og får liksom ikke avsluttet verken den ene eller andre oppgava. Mye frem og tilbake, men snart er det sommerferie :) Puh, det var dagens motivasjonstale...
* et lite spørsmål.. jeg har valgt å ta for meg oppgave 2 og 3. Siden oppgave 3 blir ordfattig, blir det da feil av meg å skrive oppgave 2 lengre(med flere ord)? Istedet for å ta utgangspunk i at jeg skulle ha bruk omtrent halvparten på oppgave 2 og tilsvarende på oppgave 3, vil da oppgave 2 ta mange flere av disse 4500 ordene..
* hvorfor viser ikke innlegget jeg skrev? ser dere det?????
* Et lite undre spørsmål: Når dere skriver og bruker info fra pensum. Når du skrider det om til ditt eget men har me info holder det da å bare ha henvisning (feks Torp og Vikør 2003:24-27) til litteratur til slutt, eller har dere det ofte inni avsnittet?
* Hei, bare en lite digresjon her midt i eksamen. Jeg vil bare si at 1. året på bibliotekhøgskolen også er som fjernundervisning. Jeg tok det for noen år siden, og kan anbefale det.

- - -

og folk lurer på kvifor eg er så passiv facebook-brukar.

11.5.11

VÅRTEIKN 6

ny vår, nytt dørskilt.

8.5.11

VÅRTEIKN 5

vårteikn nummer fem: besto spanderer nye solbriller.

7.5.11

VÅRTEIKN 4

eit sikkert vårteikn er at butikkar reduserer prisen på varer ein burde ha selt for lenge sidan.

6.5.11

VÅRTEIKN 3

(ikkje heilt) nytt vårteikn: konsert med sjølvaste runar bang, til ein ikkje heilt urimeleg pris.

5.5.11

VÅRTEIKN 2

vårteikn nummer to: restane av nyttårsfesten til naboen dukkar opp.

4.5.11

VÅRTEIKN 1

vårteikna står i kø, og her er det fyrste: telefonar dalar ned frå taket på bilen.

29.4.11

SYKKELFILM

far min er ikkje akkurat vidarekomen som handyman, men ein ting kan han: montera støttehjul på ein trafikksikker måte.

26.4.11

OVERSKRIFT 1

påskehelga kan vel vera ei grei helg for å stå opp frå dei nokolunde daude. her er lite nytt å melda, så eg dreg like godt i gang ein heilt ny serie: overskrifter på forteljingar som har stått i norsk barneblad, og som ein truleg ikkje ville brukt i dag.

29.3.11

FOSS

dette er typisk "framsteg"spartiet. ein av politikarane deira får ørlite kritikk for å ha filma litt i dusjen og for å ha sprella med termosen med mindreårige til stades. for å stoppa kritikken nyttar dei kontaktar i media. dei sender ut ein dekkagent for å laga denne gode saka. mor til dekkagenten fekk sjå innslaget, og det var det - ingen aviser var opptekne av den suspenderte politikaren meir.

23.3.11

BASAR

dei fleste er vel klar over at det er denne helga det skjer. møt opp kvar og ein.

9.3.11

HOTELL 3

hotell comfort bryggen, ålesund. han andre får eit rom med balkong, eg får rom i ein gang som er under oppussing, der halvmonterte lampar sleng og heng.

8.3.11

BESTO

besto melder at ho nett sjekka førarkortet, og såg til si store undring at det berre var gyldig til 1985. ho er litt usikker på kva som er lurt å gjera akkurat no, og tek gjerne mot halvgode råd. der er i alle fall tre utvegar:
* ho tek turen innom biltilsynet og forklarar at ho lenge har tenkt på å fornya førarkortet, men at ho har hatt viktigare ting fore. dei gjev ho eit nytt kort på dagen. det er ei god løysing.
* ho tek turen innom biltilsynet og forklarar at ho ikkje har brukt førarkortet sidan 1985, men at ho no må fornya det. dei seier at ho må avleggja nye prøvar i teori og praksis. det er ei urimeleg løysing.
* ho køyrer vidare som om ingenting har skjedd. det er ei fullt ut akseptabel løysing.

HOTELL 2

hotellbilete nummer to: ein dorull på golvet utanfor hotellrommet mitt på hotell aleksandra, molde. rar måte å driva hotell på.

21.2.11

HOTELL 1

hotellbilete nummer ein: minibaren på grand hotell bellevue, åndalsnes.

16.2.11

SKILT 7

for oss som kan ferie er det snart ferietid igjen. onklT reiser no til helga, for å rekognosera. nokre veker etterpå reiser eg og tolvo etter. i år har me to oppgåver - i tillegg til å dyrka fram den gode samtalen, skal me prøva å læra desse nordingane ein ting og to om rettskriving.

31.1.11

SMØRBUKK

sjå der. mor mi var oppteken av nynorsk skriftkultur alt då (1981). kanskje ikkje like oppteken av anatomi.

men det løner seg altså å kjenna historikaren åt norsk barneblad. det er ingenting som tyder på at han gjer ein grundig jobb. ein annan historikar som eg kjenner (endå betre) meiner at eg kanskje ikkje skal blogga denne barnebladkunsten til mor mi, ettersom det fort kan føra til at nokon saksøkjer heile guffebloggen for kr 75 000 gjennom det amerikanske rettssystemet.

men eg er tøff og tek sjansen. smørbukk forever.

29.1.11

SKILT 6

det er greitt at det av og til vert litt mykje jarle trå i media, men eg synest likevel at le café francais har drege det litt langt.

22.1.11

BESTEN 32

det er ikkje dags for så mykje anna enn ein ny runde med "kva seier besten?". dei nærsynte treng kanskje nokre detaljar: midt i biletet står besto og tviheld på kvart på tolvo, medan besten står ved sida av bilen sin til høgre. biletet er teke i ein av dei mest lugubre delane av b-fjorden, så det er ikkje rart dei passar på det dei reknar for viktig.

men altså: kva seier besten?

11.1.11

SKI

du snakkar meg om. drøymedag på drøymedag, det snøar og snøar heile tida. me målte snødjupna tidlegare i dag, og det nærmar seg fire meter på flata utanfor huset.

dei fleste av oss fresar rundt på ski, sjølvsagt, men for onklT, som gjekk i klasse med ein speidarleiar, er det meir interessant å laga snømenn.

7.1.11

GUFFEBLOGGOMTALE NR. 3

dette heng truleg saman med at onklT på obskurt vis rett før jol greidde å grava fram ein kopi av det særs sjeldne diktet "Rjupa", men likevel: i den offisielle kåringa av dei aller, aller beste bloggane i landet er guffebloggen no oppe på åttande plass.

for tidlegare omtalar, sjå her (nr. 1) og her (nr. 2).