30.4.06

DOKUMENTARFILMFESTIVAL

i helga har eg vore på dokumentarfilmfestival. alle som er noko seier at festivalen var mykje betre i fjor, og at programmet i år var i seriøsaste laget, men nokre høgdepunkt var det jo. filmen eg likte best handla om han som starta denne verksemda (dersom det finst noko liknande på sunnmøre vil eg gjerne vita om det), men eg likte òg filmen om han luringen her (dersom det finst nokon liknande på sunnmøre vil eg gjerne vita om det).

dokumentarfilmfestivalen er som alle andre festivalar ei kjelde til stor frustrasjon hjå alle gamlingar. me gjekk forbi samfunnshuset i kyrkjetida i dag, og fekk med oss litt av dialogen til to bester me gjekk forbi:
- nei, det er noko tull med denne festivalen.
- ja, her ligg jo knuste glas overalt.
at det stort sett var plastglas, og at det ser mykje verre ut kvar helg året rundt, er mindre viktig.

eg likte forresten òg ein samtale inn på rokken. medan me venta på vinnarfilmane, las nokre av arrangørane om dokumentarfilmfestivalen på nettet. dokumentarfilmfestivalen fekk mykje skryt, og han eine meinte at dei burde vera i volda eitt år til, slik at dei kunne vera medarrangørar neste år òg.
- ja, me kunne jo studera engelsk. (litt latter)
- eller kateket. (meir latter)
- ja, eller ta mastergrad i nynorsk! (enorme mengder latter)

27.4.06

SKATT

no er me i gang igjen. avisene kan hjelpa deg til å betala så lite skatt som råd. mellom anna opererer dei med eit femsifra minstefrådrag. ein skal vera bra tjukk i skolten for å bita på noko slikt - det seier seg jo sjølv at det minste frådraget er kroner null.

i motsetnad til alle desse hersens tabloidane er eg oppteken av at alle skal betala så mykje skatt som råd. og sidan hjelpetelefonane til skatteetaten slit med for stor pågang, tek eg gjerne mot spørsmål her.

25.4.06

REFERAT

dofesten vart ein braksuksess! det møtte i alt fem personar, og programinnslaga kom som perler på ei snor: litt mat, svartmåling av mange situasjonar, og kvitmåling av rosabloggen. livet vert ikkje mykje betre enn dette.

einaste nedturen var at me ikkje vart kvitt ei einaste flaske hotell-shampoo.

23.4.06

GLADNYTT


etter ein feiande flott fotballkamp slo west ham middlesbrough ein-null, og går dermed vidare til finala i fa-cupen. eg såg semifinala saman med onkel k, og i sigersrusen inviterte han med meg til finalekampen i cardiff 13. mai. hurra!

biletet er teke rett etter kampslutt.

21.4.06

DO


medan me var ein snartur i dubrovnik, såg husvertane våre sitt snitt til å pussa opp badet me ofte omtalar som 'vårt'. no er det meste i orden, og alle er difor velkomne til do-innflyttingsfest måndag 24. april, klokka 18.30 presis.

programmet er ikkje heilt i boks, men mor mi kjem til å framføra songane "bad" av michael jackson, og "i do, i do, i do" av abba. det vert òg servert brownies.

dei som vil kan prøva ut badet. me stiller med dopapir, handklede, og ei relativt imponerande samling shampoo, såper, balsam, lotion, kammar og skokrem frå nokre utvalde hotell.

påmelding på telefon 95 28 18 98 før fristen går ut.

20.4.06

KVARDAGSLIV

av og til funderer eg på kva andre gjer på kveldstid. for å finna ut meir om dette, lånte eg den hypermoderne mobiltelefonen til far min, og sende ei melding til omtrent alle han kjenner. dei fekk det same spørsmålet: kva gjorde du rett før du fekk denne meldinga?
(dei som står litt feilplassert i alfabetet fekk rett nok spørsmålet "kva gjorde du rett for du fekk denne meldinga", men dei fleste av desse var oppvakte nok til å ta poenget.)

her kjem altså ei nesten usensurert liste som viser kva folk dreiv med torsdag 20. april omtrent klokka seks. gledeleg nok såg ingen på idol, og ingen var heller travelt opptekne med å røysta framstegspartiet.

dei trikotasjeinteresserte
hilde stod i eit prøverom og fann bukse til anders, medan oddny prøvde ei bukse, og kjøpte bryllaupsklede til torkil.

dei kulturinteresserte
frode prøvde å sjå interessert ut då musikklæraren til signe fortalde om songen alle fugler, jens johan såg h c, johan sykla til operaen, far min høyrde på speedmetall, medan kjartan sjekka litt rundt.

dei venta
agnes vaska opp, christel sorterte i bokhylla si, gaute spelte sudoku, ida hadde konferansetime på skulen, jørgen sat med ein annan telefon og fikla med innstillingane,
oddvar kledde av seg, svein arne las, medan tobben sov.

dei uventa
lasn laga kaffi på la pavoni-maskina.

dei motorinteresserte
arnfinn starta bilen, medan kajsa forklarte mor si korleis bilnøkkelen fungerte.

dei gastronomiske
ada prøvde å få spaghetti inn i munnen på sondre (men han var oppteken med ein bit toast melba), mor mi åt pottittgull og drakk vin, medan tørsten hadde matro.

dei relativt uklare
kirsti lurte på om det var fordi ho vil prøve det nye badet, kristi svara ?, medan ragnhild svara at ho var jammen seg ikkje sikker.


og åshild er ikkje van med tidleg utvikla ungar, og trur difor at det var far min som sende ut meldinga. get real.

18.4.06

ROSA

er det berre eg som meiner at rosa-bloggen har drege rosainga litt langt?

17.4.06

PÅSKE

det går nedover med påskerituala hjå besten og besto. der det tidlegare var påskeegg, påskekjuklingar, påskeskiturar med tullemor og mykje anna, er no den einaste attlevande tradisjonen at besten, rett før roald øyen entrar fjensynsskjermen, spring rundt i huset og ropar "no byrjar det! hallo? skal eg vera åleine om dette her? hallo?"

ALKOHOL

besto er ein trugen lesar, og merka seg med uro at mor mi nippa vin kvar einaste dag i spania (at mor mi åt pottittgull kvar dag var visst ikkje så farleg). mor mi har difor måtta tola daglege kommentarar om at heime hjå besto vert det ikkje servert vin.

flaks at eg ikkje nemnde tiliters-dunken med heimebrent som mor mi drog med seg gjennom halve europa.

KROPPSFORM

under dei heftige og knallharde ordskifta sist sommar, om kva namn eg skulle få, var mellom anna smørbjørn på tale. etter ei veke på voss vurderer eg å byta til dette. både besto, onkel A og tante M nemnde heile tida at eg var skikkeleg feit - ved eitt høve gjekk det til og med så langt at dei samanlikna låra mine med låra til far min.

11.4.06

OPPSUMMERING

me er attende i heimlandet, og roar ned med nokre dagar hjå besten og besto før me fer heim til sunnmøre. det er kanskje greiast å runda av tur-rapporteringa med nokre oppsummerande tankar, i relativt tilfeldig rekkjefylgje.

gode samtalar. eit av måla med turen var å friska opp den gode samtalen. desse døma skulle vera prov på at det gjekk bra:

(på turistkontoret i dubrovnik)
- do you have guided walks through the city?
- no.
- you don't have guided walks?
- no.
- but it says in our guidebook that you have guided walks?
- does it?
- yes.
- well, we don't have them.
- ok. what do you recommend that we do here?
- well, we have guided walks through the city.
- akkurat.

(på stranda i dubrovnik. me finn roen, og vert avbrotne av ein gal og frittgåande flatansikthund. eigaren, ei ung engelsk dame som har same klessmak som begge bestene mine tilsaman, nappar han vekk. far min ser ikkje verdien av at eg får flatansikthundar strødd opp i ansiktet, og finn fram den høflege stemma si:)
- i don't think dogs are allowed on the beach. but ...
- yes, they are.
- no, it says ...
- YES, THEY ARE!
(ho går nokre meter, og snur seg:)
- YES, THEY ARE!
- akkurat.

(i ein restaurant i dubrovnik. me slit med å lesa menyen, som er skriven på eit lokalt språk)
- these dishes are all meat dishes, right?
- yes.
- and what kind of meat is this?
- it's... it's ... he's a friend of the cow.
- eh ... is it a male friend?
- yes!
- akkurat.

(i ein annan restaurant i dubrovnik)
- how would you like your potatoes?
- i would ...
- would you like them with other vegetables, like carrots and stringbeans?
- akkurat.

(overalt)
- do you speak english?
- no.
- akkurat.

språk. eit anna mål var å læra litt språk. utbyttet var som venta - to ord på spansk (fresa og frigorifico), og eitt nytt på engelsk - approximatively.

underhaldning. det er viktig med god underhaldning når ein er på tur med foreldra mine, og sidan dei er relativt knipne på pengane, er gateartistar viktigaste artistkategorien. me såg mykje interessant, og gjev heiderleg omtale til gitaristen som likna på sissel benneche osvold (det såg ut som om ho song og spelte gitar, men me høyrde ingenting, sjølv om ho stod berre to-tre meter frå oss), han som likna på djengis khan (han hadde rett nok pause, så me veit lite om kva han gjorde for pengane), to musikarar med enormt mange strengar på gitaren (dei hadde rett nok eit avgrensa repertoar - både song nummer ein og fire var scarborough fair), og gitaristen på stranda i dubrovnik (som berre hadde éin song på repertoaret).

i ein klasse for seg stod likevel stokkemannen, som balanserte ti-tolv spaserstokkar på eine armen, og som stoppa uvitande ungar for å balansera stokkane på dei, og kattemannen, som var kledd som ein idiot, og som balanserte to kattar på skuldrene sine.

lookalikes. me såg mange lookalikes, og hugsar ikkje alle her, men tek i alle fall med desse: kjetil tøn, liv ullmann, jon grepstad, jan magne dahle og steinar knapstad, pluss ein som ikkje likna på jahn teigen likevel. me såg òg ein som likna på pål anders ullevålseter, men det viste seg å faktisk vera pål anders ullevålseter, og då høyrer han vel ikkje heime i lookalikes-kategorien.

bohemar. i dubrovnik var me plutseleg i eit område som reiseføraren omtala som bohem-strøket. visuelt var det lite som skilde folk der frå folk i nabolaget, så me brukte i staden tida på å finna ut om me har nokre bohemar i omgangskrinsen. me kom fram til at det nærmaste måtte vera tante I i trondheim.

mot slutten av turen spurde eg meg sjølv om det frista å busetja seg i spania. eg kom fram til at det gjer det ikkje, sidan eg då måtte snakka spansk, og det gjer eg jo ikkje, og eg måtte òg eta ein del oliven, og det er jo sjølvsagt heilt uaktuelt.

me kan ferie.

6.4.06

CADACEZ

hola. i serien "ting som kanskje kan fungera som magnetar" er me i dag komne fram til herping av halvfulle fresa-milksjeikplastglas eg har midt i fanget. det fungerte berre saann middels. far min tok det med stoisk ro, men eg torer ikkje tenkja paa korleis mor mi hadde reagert. ho har eg ikkje sett paa nokre dagar - det siste ho sa var at ho var tom for baade vin og potittgull, saa ho ville sjaa etter ein drosje til marrakesh, der ho ville slaa seg ned resten av permisjonen sin. ho var litt usikker paa kor mykje permisjonstid ho har att, men eg reknar med at ho les bloggen, saa dersom nokon veit kor tid ho tek til att, kan dei gjerne melda fraa her.

i kveld skal eg og far min sitja paa hotellrommet og kjeda oss. me kan ferie.

3.4.06

AFFICHIA

hola. det ser ut som om me maa ha oss ut av spania om nokre dagar. dei siste dagane har far min vore uroleg over pengebruken til mor mi, og han har difor sett seg nöydd til aa spe paa reisekassa med litt lettare underhaldning paa gata. i storbyane er det mange dugande gateartistar, men dreg me litt lengre ut paa landet er nivaaet litt laagare, og det passar bra for far min. i affichia, ein liten by i nord, var den einaste andre gateartisten ein som balanserte ti liggjande spaserstokkar i eine handa, saa far min drog i gang ein middels versjon av den spanske flue, slik han hugsar det fraa ekstremsportveka i desember.

publikum sette lite pris paa dette. etter nokre minutt kom den spanske inkvisisjonen, og ut fraa den ivrige bruken av orda fresa og frigorifico skjöna far min at det var best aa gje seg. saa i kveld tek me nattoget til portugal, i von om at dei har eit litt opnare syn paa kunst. mor mi har kjöpt inn pottittgull og vin til togturen. me kan ferie.