31.8.06

HUNDAR

i går kveld hende noko aldeles uforståeleg. mor mi, som er den i familien med flest trivialitetar i minnet, skulle briljera med eit hundenamn på kvar bokstav i alfabetet. ho kom ikkje lenger enn f (alsassian, buhund, chin-chow, dachs, engelsk fårehund, fårehund) før ho gav opp. kan nokon hjelpa ho, eller finst det ikkje hundar på g? ho gjekk forresten på ein smell på h òg. far min godkjende framlegget "hund", men eg meinte at det vart for generelt. heller ikkje framlegget på l, langbein, kunne godkjennast, sidan det er ålment kjent at langbein er ein okse.

resten av verda er travelt opptekne med andre storhendingar, som at west ham har kjøpt to argentinske spelarar frå vinnarlaget i fotball-vm i sommar, vivas og macchiato. dette lovar bra før fyrste runde i uefa-cupen.

27.8.06

POSTKASSE #2

ny sundag, ny postkasse. dei fleste hugsar vel at guffebloggen denne hausten skal kåra noregs nasjonalpostkasse, der lesarane kan gje postkassene poeng frå 1 (lite eigna til å vera nasjonalpostkasse) til 10000 (særs godt eigna). kåringa starta for ei veke sidan, og postkassekandidat nummer 1 har så langt eit snitt på 4718,5, noko som må seiast å vera bra. det er sjølvsagt ikkje for seint å gje poeng til den postkassa, sjølv om me i dag kan presentera postkasse nummer 2.

kvar person kan gje poeng til ei og same postkasse maks tre gonger, og i slik tilfelle må poengsummane vera omvendt proporsjonale.

AHA

eg var altså ein svipptur innom besten og besto, men likte dårleg at mor mi og far min skulle på aha-konsert utan at eg fekk vera med. då far min gjorde seg klar til å reisa, smatt eg inn i baksetet utan at han merka det, slik at eg fekk meg ein tur til ålesund, eg òg. då far min omsider la merke til meg (omtrent ved huset til han ole mekkal), var det for seint å snu.

konserten var ei retteleg storhending. publikum møtte opp i hundrevis, men heldigvis hadde reiseleiaren funne ut at det var lurt å stilla seg i kø tre timar før portane vart opna. det fyrste orkesteret var nokre unge musikantar frå oslo, som ikkje utmerka seg på anna vis enn ved å ropa "har dere det bra?" tre gonger. einaste lyspunktet var skjorta til trommisen. deretter kom det ei trubadurinne frå romsdal, som tralla og song i minst to timar. aha kom på scenen like før midnatt, og spelte ein del svisker. på kvar song gjekk morten harket teatralsk opp i falsett, medan han dansa like grasiøst som eit trafikkskilt med stivkrampe. publikum var naturleg nok i ekstase, og stemninga steig endå meir då mor til john arne riise kom fram for å kora på "east of the west of the sun". midt i konserten spelte dei ti-tolv songar ingen hadde høyrt før, før dei tok til vitet og spelte den eine songen publikum hadde betalt for å høyra, "take on me". her vart det sett ny sunnmørsk rekord i kor mange personar som samstundes nesten kom opp på den lysaste tonen i refrenget.

etter konserten kom arrangementsansvarleg opp på scenen for å gje alle musikantane eit bokmerke med bilete av edvard hoem.

22.8.06

MUSIKK

resten av veka skal me gjennomføra eit spanande eksperiment. mor mi og alle kollegaene hennar i nynorskverda skal på aha-konsert i ålesund på fredag, og ho har invitert med seg far min. sjølv skjønar eg ikkje heilt kva aha har med nynorsk å gjera, men mor mi seier at dei er dei fyrste som har toppa listene i amerika med ein nynorsk slager, "taka on me". eg innvender at ordet "onn" er stava feil, men mor mi meiner at når minst helvta av orda er stava rett, kan det godkjennast som nynorsk. ho burde vita kva ho snakkar om, ho hadde jo ein morten harket-periode på gymnaset, der ho kledde seg i vide ullgenserar medan ho såg mystisk inn i bakgrunnen.

medan mor mi og kollegane hennar og far min er i ålesund, skal eg vera hjå besten og besto på nordmøre. eg og far min dreg dit i morgon, slik at eg får akklimatisert meg litt. som dei fleste veit, ser besto på vedomnen som eit instrument. ho spelar på han som var han ein stradivarius, får fram ein del nyskapande lydar, ein del sveitteperler, og brystkassa til besten.

apropos musikk - eg tek til å verta lei dei songane far min og mor mi syng for meg om kvelden, og elles når dei vonar at eg treng ein liten lur. det går stort sett i "balladen om morgan kane", "lys og varme", og ein a capella versjon av "white christmas", i tillegg til sporadiske djupdykk i songboka mi. har nokon framlegg til songar som kan avløysa desse?

20.8.06

POSTKASSE #1

i serien ekstremt viktige kåringar er me no komne fram til kåringa av noregs nasjonalpostkasse. dei siste åra har eg skrapa saman bilete av fleire interessante postkasser, og kjem til å leggja ut bilete av ei postkasse kvar sundag utover hausten. dei som vil kan deretter røysta på kor godt akkurat denne postkassa vil gjera seg som nasjonalpostkasse, ved å bruka ein skala frå 1 (lite eigna) til 10 000 (særs godt eigna). viss eg nokon gong går tom for postkassebilete, kjem det ei oppsummering der eg reknar ut snittet på kvar postkasse. det seier seg sjølvsagt sjølv at dersom nokon sit på bilete av gode postkasser, må dei ikkje nøla med å ta kontakt.

postkasse#2 postkasse#3 postkasse#4 postkasse#5 postkasse#6 postkasse#7 postkasse#8 postkasse#9 postkasse#10 meir om postkasse#10 postkasse#11 postkasse#12

18.8.06

GYLDENDAL

ei som mor mi arbeider saman med stod i ettermiddag og vifta med siste nummer av norsklæreren. der var det eit interessant lesarbrev, forfatta av magnhild vollan. ho fortel om ei hending på ei bokmesse i kristiansand, der gyldendal forlag selde eit bokverk til norskfaget, på begge målformer. på omslaget av halvparten av bøkene stod det norsk, på resten av bøkene stod det nynorsk.

dette er altså bøker frå kulturforlaget som gjev ut bøker av både uri og ari. eg kjem no til å boikotta gyldendal heilt til neste gong eg kjøper eller les ei av bøkene deira, og eg oppmodar alle om å gjera det same, slik at det svir skikkeleg.

16.8.06

TRAGEDIE

au, au, au. berre dagar før sesongstart.

15.8.06

FERIEGALLERI

gamlevegen. far min og eg er klare til å reisa. mor mi skulle nett inn på badet for å smørja seg inn med nokre kremar. etter ein halv time må eg inn for å sjekka kor langt ho er komen.
jølster. på cempinplassen i jølster selde dei heimelaga aviser. eller rettare - dei hadde heimelaga aviser til sals.
filefjell. mor mi har ein teori om at han høgaste av desse to syklistane var med i "jakten på bonderomantikken" på tv norge. denne nær kjendis-opplevinga var einaste gongen ho gjekk i fistel i ferien.

FERIEGALLERI 1

telemark. bilen har punktert. mor mi er den av foreldra mine med suverent størst teknisk innsikt, utan at det seier så mykje. medan ho gjer seg klar til å skifta dekk, prøver far min å finna ut korleis ho kan vera så sikker på at dekket verkeleg er punktert.

rjukan. me har tomannstelt, slik at kvar natt søv ein av oss ute. denne gongen var det min tur, og det gjekk fint heilt til regnet kom i firetida.
ål. her vaks mor til besten (oldo?) opp. ho hadde eit fint leikestativ.
tovbygda. eg er fullt påkledd, men har plassert meg på ein så utkropen måte at far min trur at eg tek meg eit bad.

FERIEGALLERI 2


stavern. onkel K byr på grillmat, etter eiga oppskrift. eg og mor mi og far min køyrer direkte til oslo, der me kastar opp ein to-tre dagar.

voss. besten og besto slappar av i hagen.

voss. onkel A og to av ungane hans øver inn nokre songar til dansekvelden på slektstreffet.

voss. ein gal hund i ein bil. (å bruka adjektivet "gal" når ein snakkar om hunden er relativt opplagt, sidan alle hundar er gale. eg brukar det her for å visa at denne hunden var ekstra gal.)
gamlevegen. rett før me ikkje køyrer bilen inn i garasjen finn eg ut at det kan vera retteleg morosamt dersom eg tømmer ut alle nonstopane i nærleiken av girspaken. far min hadde ei anna meining.

14.8.06

VOSS

ferien vart avslutta med nokre dagar på voss. som vanleg kom me heim midt i slåtten, slik at foreldra mine stort sett dreiv med hesjing heile veka. sjølv brukte eg tida på å læra meg canasta, eit kortspel der det skjer ekstremt lite, og som difor helst bør spelast når folk er så trøytte at dei ikkje merkar kor bale det heile er. eg spela canasta med onkel A omtrent kvar einaste kveld, og han vann suverent alle gongene. å, eg vonar at eg ein gong vert like flink canasta-spelar som han er !

no i helga var det slektstreff på rondastovo, eit rundt hus inst på bordalen. her var nærmare to tusen slektningar samla (nærmare to tusen enn tre tusen), og det var difor eit stort logistisk problem å få avvikla canasta-cupen. store delar av tida måtte brukast til dette, før me endeleg fekk kåra ein vinnar (onkel A). bortsett frå det hende det lite av interesse, om ein då ser bort frå at tante M har fått ein konkurrent når det gjeld frekvensen på kostymeskift.

i går køyrde me heimatt til gamlevegen. køyrelengda denne sommaren var 2600 kilometer, altså litt over 2,5 rundar rundt ekvator.

6.8.06

ETNOFERIE

så langt har ferien vore bra etno. det heile tok til dagen me reiste frå gamlevegen, då etno-ella marie og etno-erik kom innom for å eta vafler og spela maxi-mikado. (dei var forresten på ferie hjå ei etno-dame på lauvstad). dagen etter var me innom i sogndal, der me trefte etno-agnes og etno-alf tore, som åt så mykje kaker at kjolen sprakk. i tovdalen lånte me huset til mor til etno-tonje, og dagen etter budde me hjå far hennar utanfor sandefjord. der pilka me etter makrell og bada nakne. neste føremiddag var me innom på hytta til etno-svein arne, som serverte glovarm kaffi i solsteiken, og heldt forvitnelege føredrag om wagner og napoleonskrigane. i oslo trefte mor mi eit lass med etno-damer, som alle kjøpte ein dobbel macchiato to go.

på veg heim frå jotunheimen prøvde far min å få kontakt med nestenetno-frode, men det gjekk ikkje heilt. slik det går fram av den heilt autentiske tekstmeldingskorrespondansen under, var ikkje nestenetno-frode spesielt interessert i vijting i år. kanskje me betalte for lite for oss i fjor.

før turen:
far min: eg provianterer på fagernes samvirkelag i tretida, men køyrer vidare over valdresflya rett etterpå, så du treng ikkje tenkja meir på det.
nestenetno-frode: lite å tenkje på, ja. du kan jo slenge innom som silotrakkar.
[far min er til fjells i tre dagar, der det er lite råd å bruka mobil.]
etter turen:
far min: nådde ikkje å svara på silo-meldinga før telenor forsvann. kan eg trø nokre lass i dag?
nestenetno-frode: ja, men det er lagt press på han. du står difor i fare for å bli blaut på beina. prat med naboen, vi er på stølen til i morgon. han kan gje deg eit handkle. [ein annan måte å lesa denne meldinga på, er "ha deg vekk"]
far min: eg har handklede med. ingen grunn til å blanda naboen inn i gardsdrifta.
nestenetno-frode: bra. då ordnar du det sjølv. signe har baderingar du kan låne.
[nokre timar etterpå sender far min denne meldinga:]
far min: då er det i boks. er det meir eg skal gjera? hesja litt? vaska traktoren? saga ned poppelen?
nestenetno-frode: kan du vatne litt i hamnehagen?
nestenetno-frode: viss du verkeleg er i lomen, vil du kanskje ta deg ein tur på stølen? ca 3 mil frå garden. [her sender nestenetno-frode to meldingar på ein gong, og no skapar han inntrykk av at han vil ha vitjing. merkeleg.]
far min: hm. eg var i lomen, men sidan du var til dei grader avvisnade i stad, køyrde eg vidare. no står eg ved hydro-stasjonen i vang.
nestenetno-frode: vonar du har hydrotexacokopp. [sarkasmen i denne meldinga var ufin]
far min: eg tok snarvegen frå skammestein til ryfoss. eg går ut frå at eg var like ved stølen.
nestenetno-frode: ja. berre 3 mil frå i retning hemsedal.
far min: like ved nøsen? eller strøseter? øynadn? [far min har kome seg som kartlesar]
nestenetno-frode: i sørenden av helin.
far min: så eg kunne faktisk køyrd opp frå vang. [på kartet går det veg frå vang til sørenden av helin, men, som me skal sjå, nestenetno-frode har ikkje spesielt stor tru på moderne kart.]
nestenetno-frode: nei. frå lomen. i sørenden, ikkje nordenden.
far min: ok. eg er der om ein liten halvtime. [dette er sjølvsagt ikkje sant, sidan far min no er over alle haugar, ein eller annan stad i sogn og fjordane]
nestenetno-frode: bra. køyr innover mellom syndinvatna innover til stølslaget kvitehaugen som ligg i nordenden av movatnet. ["bra"? kor lettlurt går det an å vera?]
far min: til høgre eller venstre i krysset etter strøseter?
nestenetno-frode: det er til venstre etter skiltet til strø. det står kvitehaugen. men det heiter ikkje strøseter slik det står på kartet, men strø. [akkurat. så kartverket veit ikkje kva dei driv med?]
far min: kan eg ha køyrd feil? [han legg ved eit bilete frå lærdalstunnelen]
nestenetno-frode: nei. det ser ut til at du er i ein av krafttunnelane i området. spør deg fram.
far min: dei tyske turistane her skjønar ikkje kven der president des strunkenwoche er. har du andre framståande verv?
[denne meldinga har det til dags dato ikkje kome svar på, men det kan skuldast at nestenetno-frode leitar etter ei god tysk ordbok.]

OSLO

dagen etter skjedde det derimot litt av kvart. fyrst vart mor mi dårleg på veg til oslo, slik at eg måtte ta over som kartlesar. då me gjekk inn døra hjå han med E, måtte ho kasta opp. ho gjorde ikkje stort anna den kvelden enn å kasta opp og gå på do. eg tok hintet, og la meg på same lina. i starten var det litt rart, sidan eg ikkje er van med dette, men etter kvart vart det like daglegdags som det meste anna foreldra mine dreg meg med på. me flytta over til husveret til onkel J, og etter fyrst å ha hatt ei prøvespying i ein del av senga, perfeksjonerte eg det heile ved å spy i søvne, utan å vakna. mor mi meiner dette er kjenneteiknet på ein skikkeleg spyar, og seier at eg bør melda meg inn i ein spyklubb. me kan ferie.

STAVERN

jaja, omsider kom me oss ut av telemark. far min hadde teke over som kartlesar, og det førte mellom anna til at me var to-tre dagar i sirdal. til far min sitt forsvar skal det seiast at skiltinga i sirdal er ekstremt uklar.

i alle fall, brått var me i stavern. der har svigermor til svigermor til onkel K ei hytte, og me la oss inn der ein dag og to. høgdepunktet var grillfesten til onkel K, der han diska opp med mat som var gått ut på dato for over eit år sidan, berre for å sjå kva som ville skje. ingenting skjedde den dagen, og heller ikkje om natta. me kan ferie.