28.4.09

SOFTIS

onklT og eg ferierer i førde, den suverent største byen i sunnfjord. ein skal ikkje vera lenge i førde før det melder seg nokre spørsmål. kan dette til dømes vera einaste staden med trafikkljos i heile fylket, bortsett frå ljoset inne i ein tunnel på vikafjellet?

eit langt viktigare spørsmål melder seg når ein spaserer forbi narvesen på busshaldeplassen. her vert det hevda at dei har "byen's 'beste' softis", og på eit relativt heimelaga banner utanfor butikken melder dei at dei så langt i år har selt 4874 softis. i 2008 selde dei 23768.

slik eg reknar, vart det selt 65 softis kvar einaste dag i fjor. servitøren fortalde oss at dei ikkje sel softis heile året, slik at det truleg er snakk om rundt 100 softis kvar dag. eg anar ikkje om dette er bra eller dårleg, men reknar heller ikkje med at det er spesielt truverdig.

23.4.09

BILLEMANN

i eit uvanleg interessant ordskifte for litt sidan lurte kjesso på korleis det eigentleg var med billemann og bollemann. nyare forsking viser at det ikkje er rare greiene. bergens tidende har den siste tida gjort sitt beste for å kartleggja den vestnorske humoren, og i artikkelen om bergen fortel frode rasmussen at vitsar om billemann og bollemann høyrer med til det ein kalla bergensk humor. han dreg fram eit døme. det er nærliggjande å tru at han drog den beste billemann og bollemann-vitsen han kom på, så ting tyder på at resten av landet ikkje akkurat har gått glipp av noko. hovudmålversjonen vert omtrent slik:

billemann og bollemann gjekk tur på fløyen. i ein av dei bratte svingane miste bollemann ei skive, som landa i hovudet på ei dame som gjekk lengre nede.
- var det med vilje, ropte ho.
- nei, det var med sukker, svara bollemann.

19.4.09

SKOGEN

i dag var det reine påskeveret. til alt hell var det lite sno, så me tok i staden beina fatt. det var me ikkje akkurat åleine om, me trefte opptil fleire personar langs vegen. alle fekk klar melding om kvar me var på veg.

me var ein liten runde i skogen. me hadde med kjeks og saft og flat brunost, og gjekk ein ekstremt lang tur. halv nio fekk ansvar for å skriva referat, og etter ein halvgod middag kan ho no melda at me såg ein apekatt. og ei løve. og ein elefant. og baloo. og ein pingvin. og ein sjiraff. og ein slange. og ein god del maur. og nokre elgar. og eit par lam.

12.4.09

TO

påska er over, og det er vel like greitt. det var ikkje langt mellom høgdepunkta, men det gjeng an å leva i kvardagen òg. me var på to skiturar - den eine gongen sat eg i meis, den andre gjekk eg nesten 200 meter. slik er det når ein har litt av kvart å slekta på.

kvart over åtto fylte to år skjertorsdag, og på festen møtte det opp noko for einkvar smak. gåvebordet var ikkje akkurat overfylt, men så lenge han som budde i huset før oss kom med ein såpass smakfull presang, gjorde det ikkje noko at mange andre skuffa. det går vel fram av biletet kva han som budde i huset før oss hadde med seg - ein tamburmajoruniform, komplett med tromme.

6.4.09

SKJOR

folk i nabolaget har ein merkeleg måte å ynskja heimvende søner (med ein slags familie) velkomne heim. me kom rekande for 7-8 månader sidan, og så langt har me ikkje sett snurten av noko utprega sosialt liv. eit par av naboane har rett nok mumla noko om at dei burde ha invitert oss på kaffislabberas, men kakene har ikkje akkurat vore til å ta og kjenna på.

me har i staden brukt tida på å studera korleis skjorene byggjer seg reir i tuntreet. slik har det vore her på garden, i umenneskelege tider, men slik vert det ikkje i framtida. her om dagen kom den nest nærmaste naboen med traktoren sin. han vifta litt med motorsaga, før han køyde traktoren så hardt han kunne, rett inn i tuntreet, slik at det datt og slo seg. kva skjorene meiner om slik framferd, er ikkje godt å vita, men her i huset har me teke det med fatning og vel så det.

1.4.09

LOKALNYTT 7

gamle seriar vaknar til liv:

Sjåførbrillene rauk:
Tidleg laurdag morgon, hadde ein taxisjåfør på Voss fire urolege passasjerar i bilen sin. Dei var så pass aktive at taxisjåføren sine briller vart øydelagde, får me opplyst hjå Terje Hilland i Operasjonssentralen til politiet. Gjerningsmennene kan verta melde for brille-øydelegginga i ettertid, får me opplyst.
Hordaland, 31.3.2009