26.2.07

OSCAR

siste nytt frå kulturlivet er at tante k fekk seg ein velfortent oscar i natt. etter mange års slit i ein av dei mest omsynslause bransjane i verda, sit ho no på toppen av karrierestigen, førebudd på at det heretter berre er unnabakkar. filmen ho fekk prisen for, ein dansk diktar, handlar om ein dansk diktar. som vanleg er guffebloggen raus med gratulasjonane til slektningar som vinn internasjonale prisar.

tante k er fyrste norske prisvinnaren sidan thor heyerdahl. me markerer dette med å arrangera eit felles nettmøte, der begge to vil svara på spørsmål frå lesarar og andre. sidan tante k skal kasta ein del glans over hollywood dei neste dagane, vert ikkje nettmøtet før neste måndag klokka 19.30, men dei som vil kan senda inn spørsmål alt no. hugs å ta med kven de stiller spørsmålet til - det ville vera for dumt om tante k vart sitjande med ein haug med spørsmål om kontiki-ekspedisjonen. ho er rett nok stamgjest på kontiki-museet, men likevel.

25.2.07

ROM

då eg skulle leggja meg i går kveld, viste det seg forresten at mor mi hadde nytta vinterferien til ei ekstrem oppussing av rommet mitt. ein tek litt hardt i dersom ein hevdar at det er det ultimate ungerommet, men det er då framgang i høve til dei tyske dekorasjonane far min installerte tidlegare i år. med ny oppussing kvar månad skulle det ikkje ta lang tid før rommet uroar meg så lite at eg greier å sova ei heil natt.

24.2.07

VINTERFERIE

det var den vinterferien. eg vart parkert hjå besten og besto, medan far min var nokre dagar i sirdal. hjå besten og besto var det omtrent som i jola, dersom ein ser vekk frå at det var færre folk, færre joletre, færre jolegåver, lengre mellom måltida, og mindre kinnskjegg.

planen min var eigentleg å vera ute ein del, slik ein skal vera i vinterferien, men slik gjekk det ikkje. viktigaste grunnen var at onsdag tvinga besto meg til å sjå ei altfor lang direktesending om ein jubilerande konge. for meg, som har hatt nærkontakt med bispen, var ikkje dette noko storhending, men det tok ikkje besto omsyn til.

medan eg var på voss og far min var i sirdal, fekk mor mi ein sosial overdose. den sosiale omgangen hennar er vanlegvis relativt mild, men no var det middagar og kveldsmatar fleire gonger for dagen. typisk nok hadde ho ikkje tid til å vera heime då far min og eg kom rekande i ettermiddag. me gjekk difor for lut og kaldt vatn, medan ho var ute og kasta glans. heldigvis kom ho heim før me svalt i hel.

20.2.07

SIVLE

no har eg vore nokre dagar hjå besten og besto på voss. så langt har eg ikkje fått gjort mykje anna enn å knusa ein ljosestake og eta og drikka litt, men far min køyrer vidare til ryfylke om nokre timar, så då vert det vel andre bollar. viss det vert bollar, då - eg er slettes ikkje sikker på det.

på sundag var far min og onkel A og eg på ei utstilling på det lokale folkemuseet. der såg me ei utstilling som prøvde å prova at det var slektskap mellom per sivle og appen, i tillegg til at dei hadde gøymt ein cd-spelar under eit høgsete.

15.2.07

UTGJORT

det er tilnærma meiningslaust. etter mange år med nokas bla bla bla nokas bla bla bla toska bla bla nokas nokas bla bla bla toska bla bla nokas alrich bla bla toska bla stavanger bla bla bla bla bla bla, er det heile endeleg over, og me kan gå trygt forbi tv2 igjen. men kva skjer, berre minutt etter at det er over? petter solberg bla bla bla henning bla bla bla rally norway bla bla bla solberg bla bla bla.

eg veit ikkje kven som har ansvar for dette, men eg trur 2008 vert eit betre år dersom dei pressar alt rally (inkl. han puslingen som køyrer moped til dakar), alt nokas, all fugleinfluensa og handball-vm inn i ei og same veke. då er me ferdig med det, og kan bruka resten av året på andre ting.

14.2.07

KJØLESKÅP

av og til slumpar eg til å vera på kjøkenet samstundes som mor mi eller far mi opnar kjøleskåpdøra. då ser eg mitt snitt til å gå bort til døra, og laga klikkelydar med loka på syltetyglasa som står der inne. det er klart best lyd i lærum sine, medan lyden i eplemossyltetyglasa til nora har litt lite piff. eg forstår difor like lite av kvifor folk kallar ungane sine opp etter dette syltetyet. kva slags samfunn har me fått, dersom klikkelydar ikkje er viktige lenger?

i dag fann eg forresten ut at det er dårleg klikkelyd på jarlsbergostpakkene òg. namnet tine skulle dermed vera uaktuelt. med desse atterhalda tek me framleis mot gode og dårlege namneframlegg.

8.2.07

QATAR

dei siste dagane har eg eksperimentert litt med auge-qatar. dette er ein fysisk tilstand som gjer at det kjem honning ut av augene på relativt uventa tidspunkt. tilstanden fører med seg både godt og dårleg nytt - eg slepp å gå i barnehagen, men samstundes må far min vera heime, slik at det går litt opp i opp.

det er forresten litt merkeleg at nesten alle landa i midt-austen har sjukdomar oppkalla etter seg. qatar har auge-qatar, jordan har tannkostar - eg kunne halda på med oppramsinga til i morgon tidleg.

4.2.07

MILJØ

i veka som gjekk vart det lagt fram ein klimarapport, utarbeidd av ein million klimaforskarar frå titusen land. hovudpoenget deira var at no går alt til pisis - hava stig, isbreane smeltar, det vert stivare kuling, og temperaturen stig med opptil fleire grader dei neste hundre åra. for mange er dette dårleg nytt, men ikkje for meg. eg har gått gradene heime hjå besto, ja, ein kan nesten seia at eg har gått varmegradene heime hjå besto, så eg vil truleg ikkje merka noko til dette i det heile.