31.10.06

FLYTTEMELDING

den alltid pålitelege avisa sunnmørsposten la i dag fram resultata av ei partipolitisk rundspørjing. den viste at omtrent ein av tre i fylket ville ha røysta framstegspartiet dersom det var val i dag, og dersom valet vart gjort per telefon. det vil altså seia at der tre vaksne er samla, røystar ein av dei framstegspartiet.

for foreldra mine er dette dårleg nytt. begge to røystar på andre parti (far min røystar demokratane; mor mi røystar på postkasser), slik at kvar gong dei får folk på vitjing, eller kvar dei begge er til stades når dei møter folk heime eller ute, er det ein framstegspartiveljar til stades. slik går det jo ikkje an å leva, så no har dei funne ut at dei skal flytta snarast råd. bakdelen er at dei ikkje veit kvar dei skal flytta, men det er fare for at dei pakkar sekken og dreg til den fyrste staden dei kjem på. slik sett er det jo glimrande at mor mi er i vik i sogn denne veka.

29.10.06

POSTKASSE #11

med all gratisreklamen postkasse#10 fekk, er det ikkje uventa at ho tok teten i kåringa av noregs nasjonalpostkasse. likevel er det på sin plass å peika på at ingenting er avgjort. den fyrste nye konkurrenten er denne godbiten.

reglane er som før, opp ei trapp og ned ei dør, og absolutt alle som har tilgang til internett kan vera med. stillinga så langt:

postkasse #10: 10000
postkasse #6: 7356
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #9: 3836,3
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 667,5
postkasse #4: 17

i tillegg har desse ti postkassene skrapa saman 5643 poneg, og 34 peong.

28.10.06

SYNKRONISERING

endeleg. natta som kjem skal me endeleg stilla klokkene fram. det vil seia - alle andre skal stilla klokkene fram. me var i spania då klokkene skulle stillast attende i vår, slik at me gjekk glipp av det heile. gjennom heile sommaren har me kjent eit behov for å synkronisera oss med omverda, men me har altså ikkje fått sjansen før no. far min og eg driv stort sett med deiging heile tida, så for oss har det einaste problemet vore dei gongene me har vore på cafe de france for å sjå west ham-kampar. det har vore verre for mor mi, som har møtt opp ein time for tidleg til alle møte, alle avtalar, alle omvisingar, og alle danseprogramma på tv2. flaks at ho er så kvikk om morgonen.

på grunn av alt dette vart forresten filmklubb-programmet på torsdag endra. mor mi skulle henta filmen pretty in pink på postkontoret, men møtte opp ein time for tidleg. me såg i staden nokre seinfeld-episodar, og reknar med at pretty in pink vert vist ved eit anna høve.

26.10.06

PÅMINNING

ei kort melding i dag, for å minna om at gamlevegen filmklubb i dag viser filmen "pretty in pink", og at me framleis har liggjande ein sjokolade som manglar eigar. det er særs overraskande at me kan by på gratis sjokolade, utan at nokon har lyst på han.

forresten fekk mor mi ein svær sjokolade under innsamlingsaksjonen på sundag. ho vurderte ei stund å levera han i banken saman med pengane, slik at oppteljarane kunne ha litt for strevet, men fann ut at det var meir høveleg at ho åt han opp sjølv.

og endeleg er optimismen på veg attende - tysdag kveld skåra west ham for fyrste gong på ni kampar. johoo!

24.10.06

POSTKASSE #10B

sidan sist har det dukka opp mykje interessant om postkasse #10, og me legg difor ut denne informasjonen her. det kan sjølvsagt verka urettvist at denne postkassa får så mykje merksemd, men guffebloggen har då aldri streba etter å vera rettvis.



Informanten, som nyttar eit kongeleg "vi", skriv:
"På dei nye bileta vil juryen kunne sjå at postkassa også har ekstrautstyr, ein såkalla postvarslar. Ved å hengje postvarslaren på postkassa gjer du postkvinna merksam på at det ligg utgåande post i kassa, slik at ho stikk handa ned i postkassa og tek med seg utgåande post. Den utgåande posten må då vera ferdig frankert, elles må du stå ved postkasse nr. 10 når postkvinna kjem. I så fall treng du ikkje hengje opp postvarslaren.

Vi kan også legge til at postvarslaren har signaturen til bestefaren. Vidare legg vi til at nett denne postkassa har take i mot den samla produksjonen av norsk lyrikk i perioden 1960 - 1987. Denne samlinga kan ein få sjå ved å koma på besøk, gjerne i siloslåtten. Ta med gummistøvlar. Postkassa har også take i mot prøveeksemplar av mykje av den norske prosaen frå same periode. Brorparten av desse bøkene har ein av dei noverande postkasseeigarane brent på røysa.

Postkassa har også take i mot brev frå Olav H. Hauge og snart 40 årgangar av avisa Valdres.
Dette er altså ikkje ei kva-som-helst postkasse, men ei postkasse med stil, nasjonal utbreiing, innhald og unik historie."


Etter dette skulle røystinga gå enklare, men hugs at denne må gjerast etter meldinga der postkassa vart presentert, og ikkje akkurat her.

23.10.06

VITJING

i dag har besten og besto vore innom. besto meiner at det er tull å sparka trenaren for fotballag, sidan han berre står og ser på, medan besten ikkje har lyst på perlehalsband.

21.10.06

POSTKASSE #10

den usannsynleg populære kåringa av noregs nasjonalpostkasse held fram, denne gongen med eit foto ein av guffeblogbrukarane har sendt inn. biletet er uventa godt komponert.

reglane er stort sett uendra sidan kåringa tok til. skalaen går frå 10000 poeng (midt i blinken) til 1 poeng (ikkje midt i blinken). kvar og ein kan røysta på same postkasse maks tre gonger, og i slike tilfelle må poengsummane vera større eller mindre eller like store. dei som røyster anonymt kan eigentleg gjera som dei vil; dei som røyster under falskt namn bør skamma seg. dersom nokon kjenner seg i kjempeform, kan dei i tillegg gje postkassene poneg, poegn, peogn, osb.

sidan sist har, ikkje uventa, postkasse #6 styrka leiinga si. stillinga ser slik ut:

postkasse #6: 7356
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #9: 3836,3
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 667,5
postkasse #4: 17

det har òg kome inn 5343 poneg, og 34 peong.

ny postkasse neste veke, ver sikker.

20.10.06

KOTELETTAR

me hugsar alle at det var uventa brei semje om at det i år passar bra med ei god gamaldags kotelettjol. i heimen har me snakka litt om kor lang tid ein treng for å dyrka fram nokre gode kotelettar, og eg finn det difor på sin plass å koma med nokre tips. alle treng sjølvsagt ikkje like lang tid, dette handlar jo om kor utprega maskulin ein er. eg har difor gjort meg så fri å setja opp eit liste for kor tid dei påmelde bør ta til med sparinga; lista viser altså siste barberingsdato:

dei som truleg ikkje får kotelettar same kor mykje dei sparar, og som difor må bruka mascara-trikset onkel A introduserte med vekslande hell under bartejola for to år sidan:
albert, anna sofie, far min, johannes, jostein og meg sjølv

dei som truleg burde ha teke til med sparinga for eit halvt år sidan:
besto, mor mi, tante k, tante k og tante m

dei som truleg bør starta sparinga i dag:
matias og onkel k

dei som truleg bør starta sparinga ein månad før jol:
onkel a og onkel nr

dei som truleg kan starta sparinga ei veke før jol:
onkel t

dei som truleg kan starta sparinga dagen før:
besten

19.10.06

SVERIGE

eit klart fleirtal av svenske statsrådar har no mist jobben og fått omfangsrike og fargerike fallskjermar, av di dei ikkje har betalt fjernsynslisens sidan sist. eit klart fleirtal av nordmenn som ikkje har betalt fjernsynslisens sidan sist, får panikk og betalar lisens, slik at dei ikkje skal missa ein framtidig statsrådspost.

ut av dette er det greitt å lesa ein vesentleg skilnad mellom svenskar og nordmenn - svenskane tenkjer berre på pengar, medan nordmenn er livredde for å missa jobbane sine.

17.10.06

INNSAMLING

no har eg og mor mi godt samvit. me har nett vore og registrert oss som bøsseberarar til innsamlingsaksjonen komande sundag. me har som vanleg ingen planar om å gje pengar sjølv, men me kan gjerne stå på ein time eller to for at andre skal gje litt. far min var lenge tenkt å vera med, han òg, men han fann ut at det vart for travelt med slike oppgåver midt i permisjonen.

den viktigaste grunnen til at me melde oss, er at pengane denne gongen går til eit godt føremål. tidlegare år har det, som alle veit, vore samla inn pengar til litt meir tvilsame føretak, som heimlause husdyr, folkeaksjonen for større sykkelhjul, landslaget for spelemenn, eller vestmannalaget. denne gongen skal derimot pengane gå til organisasjonen legar mot grenser. med i den organisasjonen er fire-fem dokterar som arbeider for å fjerna alle grenser, sidan det ville fjerna problema med a) smuglarsprit, b) passkontroll, og c) amerikanske invasjonar i land som ikkje har masseøydeleggjande våpen likevel. einaste negative med arbeidsfeltet deira er at dersom dei vann fram, ville taxen forsvinna.

så mor mi og eg står klare sundag, med fleire bøsser i kvar hand. me fekk òg ei grei forklaring på kvifor dei legg innsamlingsaksjonen til nett det tidsrommet då skattelistene ligg framme - me har fått med utskrift av likninga for alle heimane me skal vitja, slik at me kan passa på at alle gjev prosentvis like mykje.

(dette er forresten melding nummer 300 på guffebloggen - tida går. så langt har det kome 344 innspel, altså litt over snittet.)

15.10.06

POSTKASSE #9

det er dags for ei ny postkasse, og no når det stundar mot haust kan det vel passa med ei postkasse der eit insekt har bunde seg ein blomekrans.

reglane i tevlinga er som før. det handlar om å kåra noregs nasjonalpostkasse, og det gjer ein enklast ved å gje postkassene poeng - 10000 for postkasser som for all ettertid kan representera noreg i internasjonale nasjonalpostkassetevlingar, og 1 poeng for postkasser som bør halda seg heime. alle som har tilgang til internett kan røysta, men kvar person kan berre gje poeng til ei og same postkasse maksimalt tre gonger. ved slike høve må poengsummane vera større enn hypotenusen. dei som røyster anonymt kan berre røysta to gonger på same kasse. dei som røyster under falskt namn kan gjera nett som dei vil. dersom nokon vil gje poeng til postkasser som vart presentert for lenge sidan, er det ingenting i vegen for det. i det siste har det òg vorte vanleg å gje poneg til postkassene, utan at eg anar kva som er poenget med det.

stillinga er så langt slik:

postkasse #6: 6012
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 888
postkasse #4: 17

det er så langt meldt inn 5343 poneg.

14.10.06

BRUASET 9

der ingen skulle tru at nokon kunne bu, del IX:
hardangerbrua

12.10.06

FILMKLUBB

den lokale filmklubben slit med å få ferdig haustprogrammet, men kan no melda at dei snart er tilbake, og at dei vonar å vera i drift i løpet av september. så lenge kan eg rett og slett ikkje venta, og det er difor ikkje anna råd enn å starta min eigen filmklubb.

alle filmane vert viste på småskjerm i gamlevegen, torsdagar klokka ni. programmet denne hausten er sett saman av filmar tante I kjøpte på free record shop i københavn. velkomne kvar og ein.

11. oktober: orkidé-tyven (adaption); spike jonze 2003
18. oktober: ingen film, sidan mor mi er i høyanger og eg er på nordmøre
25. oktober: pretty in pink; howard deutch, 1986
2. november: ingen film, sidan mor mi er på voss og eg er på voss
9. november: the truman show; peter weir 1998
16. november: fuglane (zywot mateusza); withold leszcynski 1968
23. november: this is spinal tap; rob reiner 1984
30. november: the rutles; gary weis & eric idle 1978
7. desember: mifunes siste sang; søren kragh-jakobsen 1999
14. desember: malcolm x; spike lee 1992
21. desember: a place in the sun; george stevens 1951

programmet kan på kort varsel endrast, slik at det i staden vert vist ein eller annan film av coen-brørne, ein marx brothers-klassikar, eller nokre episodar av the office eller seinfeld.

PROBLEM

av ein eller annan grunn har det dukka opp nokre tekniske problem på guffebloggen. desse vert sjølvsagt ordna snarast råd.

11.10.06

KØBENHAVN

det er vanskeleg å omtala turen til københavn utan å nytta ordet braksuksess. frå start til mål var det ein tur som viste at foreldra mine er nokre kløpparar til å koma på meiningsfulle aktivitetar, slik at det nesten vart i meste laget. her er nokre høgdepunkt.
* kvar dag tok me ein kikk på den lille havfrue
* husværet me budde i hadde ein jamn og fin romtemperatur rundt 25 grader.
* det var svært gode dvd-tilbod på free record shop øvst i gågata.
* toga i danmark går alltid dit dei skal.
* eg fekk godt med mat.
* stefar til tante M inviterte oss med på magedans.
* mor mi og tante I handla i dagevis utan å kjøpa noko.
* på louisiana har dei fjerna to av fløyane.
* på biblioteket såg me ein del stolne bøker.

SJOKOLADE

det kjem eit referat frå københavnturen seinare i dag, men denne meldinga hastar det med å få ut. på veg til parkeringsplassen på flesland i går fann mor mi ein sjokolade på fortauet. me tok denne med, sjølvsagt, men har ikkje opna han enno. dersom nokon har mist ein sjokolade i fleslandsdistriktet den siste veka, kan dei senda melding om det hit. eg er relativt lettlurt, men ikkje så lettlurt at eg sender sjokoladen til kven som helst - det må sjølvsagt vera til ein som veit kva sjokolade det er snakk om. så den fyrste som sender rett sjokoladenamn hit får sjokoladen i posten.

POSTKASSE #8

grunna ekspedisjonen til københavn vart det ikkje lagt ut noko ny nasjonalpostkassekandidat denne sundagen, men no er endeleg ei ny postkasse klar. denne er, slik det framgår av klistremerka og dei interessante namna, trygt plassert i københavn.

det har kome inn mange stemmer sidan sist, også på postkasser som har vore presenterte tidlegare. stillinga har difor endra seg, men mykje kan framleis henda i denne ekstremt spanande tevlinga.

reglane skulle vera kjende, men kortversjonen er at alle nettbrukarar i heile verda har høve til å røysta på postkassene. skalaen går frå 1 poeng (ueigna til å vera nasjonalpostkasse) til 10 000 poeng (heller godt eigna til dette oppdraget). kvar og ein kan berre gje poeng til ei og same kasse tre gonger, men røystetale må då vera sirkulære. dei som røyster anonymt kan berre røysta på same kasse to gonger.

stillinga så langt:
postkasse #6: 6012
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #4: 17

nokre brukarar har oppmoda meg om å laga ein ponegoversikt, og det kan eg godt gjera. så langt har postkassene skrapa saman 1876 poneg.

5.10.06

MERKESTEIN #2

bergen, 4. oktober, under ei vitjing hjå storebror anders:
for fyrste gong i livet søler eg vin.

2.10.06

KØBENHAVN

no reiser eg og mor mi og far min på haustferie til københavn. for at eg skal vera budd på kva som møter meg der, har far min dei siste dagane lese diktet om gåsa og katten og hanen opptil fleire gonger kvar dag. diktet grip meg ikkje noko særleg, så for å ha noko å gjera medan far min etter beste evne dramatiserer hendingane i diktet, moroar eg med å stabla hovudpersonane i diktet oppå kvarandre.

tante I vert med på turen, slik at me reknar med at det vert nippa endå meir vin enn vanleg. i tillegg er ho like glad som mor mi i å gå og gå i butikkar utan å kjøpa noko, så det er fare for at far min og eg, som begge er så til dei grader kulturinteresserte, har valet mellom å gå på glyptoteket åleine eller å sitja i husveret og sjå fjernsynsprogram om pølser i svøb.

viss nokon vil ha noko i taxen, kan dei berre melda frå.

1.10.06

POSTKASSE #7

nokon vil sikkert hevda at interessa for kåringa av nasjonalpostkasse dabbar av. så langt har me ikkje registrert godkjende røyster på postkasse #6, men det skuldast heilt sikkert haustferien og liknande påfunn, så kåringa held fram, med omtrent same glød og entusiasme som i gamle dagar.

eg var ein snartur hjå besten og besto for ei veke sidan. dei er trugne lesarar av meldingsbladet til postvesenet, og sidan det bladet hadde ein dominerande plass i fjernsynskroken, merka eg meg at dei hadde kåra den flottaste postkassa i landet. å vera flott er sjølvsagt ikkje det same som å vera nasjonal, så me tek med vinnarepostkassa deira, for å sjå om ho har noko å fara med i nasjonalpostkassekåringa. sidan biletet er lånt frå nettsida til posten, har det sjølvsagt ikkje same kvalitet som dei andre bileta i tevlinga, men motivet skulle koma greitt fram likevel.

reglane er som før: du gjev postkassene poeng mellom 10000 (ideell som nasjonalpostkasse) og 1 (uaktuell som nasjonalpostkasse). same person kan røysta maks tre gonger på ei og same kasse, og i slike tilfelle må røystetala gå opp i opp. usle feigingar som ikkje torer å vedkjenna seg handlingane sine kan røysta anonymt, men kan då berre røysta to gonger på same kasse. fristen for å røysta på tidlegare presenterte postkasser har ikkje gått ut, så det er framleis råd å påverka stillinga.

stillinga så langt:
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #5: 4318
postkasse #2: 2028,3
postkasse #4: 17
postkasse #6: -