30.6.09

USA

at drøymeferiar best vert oppsummerte ved å henta fram nokre godbitar frå fotoalbumet, er gamalt nytt. me prøver likevel.

usa 1: akkurat her bad mor mi onklT om å svinga til høgre.

usa 2: ord vert fattige.

usa 3: onklT og ein dinosaur.

usa 4: mor mi har kome til himmelen.

usa 5: mor mi og onklT var innom i ein naturpark, der dyra var nesten like truverdige som dinosauren.

usa 6: onklT har kome til himmelen.

usa 7: mor mi smiler lurt, vel vitande om at turen var verd kvart øre.

voss: medan mor mi og onklT var i usa, viser besten at ein ikkje treng å betala tusenvis av kroner for bilsete til ungar. i alle fall ikkje så lenge ein har ein driftsikker bil.

24.6.09

CUSTER

i kvitahuset går alt som normalt, bortsett frå at eg og nio må stappa i oss enorme mengder vaniljesaus til frukost, middag, kvelds, og litt innimellom alle måltida. i utlandet skjer det heller ikkje noko spanande:

(custer, sør-dakota - gpk): i dag var det travelt. mor mi og onklT var fyrst innom i ein dyrepark og kika på nokre store og små bjørnar. deretter delte dei seg, onklT for til fjells for å sjå på nokre skulpturar, medan mor mi vitja laura ingalls wilder-musea i missouri, minnesota, iowa og sør-dakota. det vart litt i meste laget til og med for ho, så då ho kom heimatt til motellrommet, var det ikkje anna å gjera enn å finna fram ei flaske raudvin og litt pottittgull.

me kan ferie.

21.6.09

BURNSVILLE

(burnsville, minnesota - gpk): suksessferien til mor mi og onklT held fram. framdrifta var rett nok heller dårleg i dag, sidan mor mi er trufast mot dei nordmørske tradisjonane, slik at sekken hennar vart vekke på ein kortare på flytur i dag.

til alt hell hadde ho nett vore på butikken, og handleposen vart difor ikkje pakka ned i sekken. etter at ho var innom på eit huset på prærien-museum, medan onklT såg på nokre svært interessante pilspissar på eit indiansk kultursentrum, fann ho difor fram ei flaske raudvin og ein rimeleg stor pose pottittgull, som ho kosar seg skikkeleg med. onklT såg nokre debattprogram på fox news.

me kan ferie.

18.6.09

RICHFIELD

dette året prøver me noko nytt i ferien. i staden for å stappa alt og alle inn i bilen, og køyra rundt og rundt og rundt, deler me oss opp, for å sjå om det går an å køyra rundt og rundt og rundt i mindre grupper. eg og fem på nio held oss heime, assistert av besten og besto og besten og besto. ting tyder difor på at det vert meir enn nok vaniljesaus dei neste vekene. mor mi og onklT ferierer i utlandet, og via pressekontoret har me fått inn denne rapporten:

(richfield, minnesota - gpk): mor mi og onklT ferierer på prærien i år. så langt har dei ikkje gjort stort anna enn å leggja planar for den neste veka. mor mi skal innom på dei fleste huset på prærien-musea, medan onklT satsar meir på cowboyar og indianarar. om kveldane kikkar han på debattprogram på fox news, medan mor mi held seg til raudvin og pottittgull. raudvinen er visst sånn midt på treet, men fy fasan - desse amerikanarane kan pottittgull.

me kan ferie.

13.6.09

POPULÆRKULTUR

ein gong i gamle dagar song salhuskvintetten "det skal bli andre bollar når papen kjem heim". dei er elles best kjende for slageren "besten sette potena her", men teksten om bollane og papen står likevel som eit høgdepunkt i nyare norsk populærkulturen. teksten om besten og potetene vert litt for sviskeaktig - det er greitt at alle likar sviskegraut, men å blanda inn poteter vert litt for pikant.

besten har no laga sine eigen variant av desse slagerane, og lever etter mottoet "det vert andre bollar når besten er heime". han har lenge sett seg lei på at besto ser for mykje på fjernsyn, og til og med snakkar varmt om fjernsynsserien "karl & co", så her om dagen var det ikkje anna råd enn å køyra fjernsynet til pisis. eg kjem til å tenkja på den gamle songlina om at "det brydder etter plogen" - eg veit rett nok ikkje kva ordet "brydder" tyder, men eg trur at den songlina passar bra her.

8.6.09

FIRE

her om dagen høgtida eg fireårsdagen min med flagget til topps. mor mi hadde baka ei kake som var hakket større enn eg hadde trudd, og det kom rekande gjester frå fjern og nær. me rigga til eit høveleg festlokale ute på plenen, og brukte nokre timar på å gøyma ein del leiker, eta ein del kaker, drikka litt brus, eta mykje is, huska i huskestativet og pusla puslespel. det var ein retteleg stor dag.

det som truleg har større ålmenn interesse, er at han som bur i enden av vegen har meldt at han i løpet av dagen kjem til å koma med nokre detaljar om langeleiken han nyst har handla inn. han skulle gjerne kome med desse detaljane tidlegare, men då måtte han ha busett seg nærmare midten av vegen, der dei har postmoderne oppfinningar som breiband o.l.

1.6.09

PINSE

eg tek sjansen på at den infame hetsen mot all refereringa frå jole- og påskefeiring ikkje omfattar pinsefeiring, og kjem difor med eit heller detaljert pinsereferat.

laurdag køyrde me bil, kasta steinar i vatnet, gjekk under ein foss, og vitja nokre luringar som budde i enden av vegen.

sundag køyrde me bil, tok ei ferje, såg på eit fly, gjekk på kino og såg ein skummel spøkelsefilm, åt ekstremt dårleg indisk mat, og køyrde heim att.

måndag sykla me ein tur, før me sykla heim att.

det einaste folkemusikalske innslaget var at han som budde i enden av vegen nyleg hadde kjøpt seg langeleik.