20.6.11

HURTIGRUTA

det har vore nokre drøymedagar for onklT. han har, slik dei fleste veit, til vane å vera heime på nasjonaldagen. ideelt sett ville han ha sett fjernsyn heile den dagen, men det går jo ikkje, sidan nrk insisterer på å visa ungar som marsjerer flaggviftande rundt, lett akkompagnerte av halvt deliriske korpsmusikantar.

no har nrk2 teke ansvar, og viser programmet "hurtigruta". det er som ei einaste lang nasjonaldagsending, berre utan all denne hersens marsjeringa. det dukkar rett nok opp uhøveleg mange korps, og det må vera litt irriterande for lettmatrosane på båten at dei ikkje kan leggja til kai utan at berlevåg mannskor dukkar opp og syng "å eg minnest, å eg minnest så vel dette land". ein kan seia mangt om korttidsminnet til mannskormedlemmar, men det er ikkje så utenkjeleg at dei minnest eit land dei står midt oppe i.

for besten og besto har programmet derimot vore ein einaste lang nedtur, og dei har lagt vekk alle planar om å ta denne turen. det går altfor seint, og dei meiner at namnet på ruta er heilt malplassert. slik går det når ein ikkje taklar ironi - på same måte som andre framståande kulturfenomen (fotballaget viking, framstegspartiet) er det tydeleg at hurtigruta har valt eit utprega ironisk namn.

13.6.11

SOMMARFEST

i dag var det sommarfest i barnehagen, og som vanleg var programmet noko heilt utanom det vanlege. denne gongen hadde dei tilsette funne ut at det var ein god ide om alle ungane kledde seg ut som figurar frå hakkebakkeskogen, medan me song "hanen stend på stabburshella". der er det jo ingen ord og uttrykk me slit med: hanen stend på stabburshella / bonden gjeve honom korn / rakkjen kvakkar i bergom nord / og julenissen bles i horn.

men det er mangt som vert klart så lenge festleiaren gløymer å slå på roperten, og i staden bruker det meste av taletida si til å ropa "høyrer de meg? høyrer de meg?"