31.12.10

DÅP

det er noko hersens slit med all denne døypinga. same kor mykje slekta slit, greier ein ikkje å fornya sjangeren noko større. det er litt vatn i håret, litt mat, og det er det heile. det minner altså om nyttårsfeiringa, som heller ikkje er noko å trakta etter. også der er programmet klin likt frå år til år, og der vert det like godt avslutta med at alle kastar vekk titusenvis av kroner på rakettar.

bøndene på nordmøre har omsider innsett at det kan vera greitt å få litt fortgang i all denne "festinga", og har difor slege saman to fluer. yngstemann i slekta, jon, vart difor døypt i dag. det gjekk omtrent som venta, bortsett frå at det florerte med vasskoppar og oppkast. og det var før talane kom på bordet.
det heile var altså rimeleg bortkasta. dei må ha vore heldigare, dei som åt heimelaga pizza og knuste eit peparkakehus og spelte dataspel heile kvelden. dei fekk sikkert gå til sengs til vanleg tid òg.

22.12.10

OSLO

typisk. akkurat då me var klare for å setja inn ein sluttspurt for å verta ferdige med alt jolevaset før jol, kom det innkalling til disputas i hovudstaden. me møtte sjølvsagt mannsterke, det er trass alt ikkje kvar dag ein i slekta skal disputera.

på disputasen lærte me litt av kvart. doktoren hadde i fleire år drive nærstudie av seksualundervisninga på landsbygda i nokre tilfeldige utvalde afrikanske land, og fekk endeleg høve til å diskutera dette med nokre nasjonale og internasjonale toppfolk. ho eine brukte til dømes tjue minutt på å få doktoren til å fortelja "who he was". onklT brukte mange av dei minutta til å tenkja på den gongen han vitja nokre galne polakkar i warsawa, og der han fekk det heilt sentral spørsmålet "what things are you interested in most?". dei yngste i doktorfamilien visste det som var å vita om seksualundervisninga i afrika, og nytta heller tida til å bruka opp batteriet på "telefonen" til doktoren.

om kvelden var alle som kjende doktoren samla. dei som ville, tok del i tevlinga "kven kan dikta opp mest positive ting om doktoren". premien gjekk til doktorfrua, som innimellom alt det andre greidde på hevda at doktoren var ein stor poet. greitt at han har skrive teksten til evergreens som "pønken ekje daud" eller "alexander kielland", men likevel.

17.12.10

1976

årgangsvits frå norsk barneblad 1976:

- Har du høyrt om jegeren som laut betala bot for dyrplaging?
- Nei, kvifor måtte han det?
- Han hadde spent hanen.

1975

årgangsvits frå norsk barneblad 1975:

- Kva heiter son din?
- Tom.
- Kven er han kalla opp etter?
- Lommeboka mi.

1974

årgangsvits frå norsk barneblad 1974:

Butikksjefen: Merkte du kassen med glasvarer med "Varsam, denne sida opp"?
Butikkguten: Ja då. For å vera trygg, skreiv eg det endåtil på begge sidene.

16.12.10

1972

årgangsvits frå norsk barneblad 1972:

- Kona mi er på Mallorca og nyt tilværet.
- Og du då?
- Eg er heime og nyt fråværet.

1971

årgangsvits frå norsk barneblad 1971:

- Den vinteren eg var på Svalbard, var det så kaldt at logen på lysa fraus og vi fekk ikkje sløkt dei.
- Det var ille. Men endå var det nok verre då eg var på Grønland, for der var det så kaldt at orda fraus og vart til isklumpar straks dei kom ut or munnen på oss. Fyrst då det vart våren, kunne vi høyra kva vi hadde sagt - då vart det ei prating og skravling alle stader.

1970

årgangsvits frå norsk barneblad 1970:

Dottera fortel om bryllaupsreisa i Afrika: - Så ein dag heldt det på å gå gale. Då vi skulle av stad, nekta kamelen å stå opp.
Mora: - Høyrt på maken, alt på bryllaupsreisa!

1969

årgangsvits frå norsk barneblad 1969:

- Du Johan heng i som ein fjording, du!
- Ja, og blakk er eg også, sa han Johan.

1968

årgangsvits frå norsk barneblad 1968:

Det var i reknetimen. Anders streva med eit stykke, men fekk det ikkje til å stemma. Læraren stod over han, og spurde litt ironisk:
- Kva vil du gjera med det som er til overs?
- Eg vil gje det til misjonen, svara Anders.

15.12.10

1966

årgangsvits frå norsk barneblad 1966:

Norskamerikanaren sat og skrytte og fortalde: - Borte hjå oss i Dakota er farmane så store at når vi sender eit par unge ektefolk ut for å mjølka kyrne, er det ungane deira som kjem attende med mjølka.

1963

årgangsvits frå norsk barneblad 1963:

Ei dame hadde teke med seg hunde sin på toget. Brått vart det ein liten høl på golvet attmed hunden, og med det same kom konduktøren. Han såg nokså morsk ut.
- Men kjære konduktør, sa dama, - hunden har då aldri gjort slikt før.
- Kor gammal er han?
- Tre år.
- Då må eg seia det var på tide, sa konduktøren.

1961

årgangsvits frå norsk barneblad 1961:

Kona: Veit du at det er fullt av prentefeil i den nye kokeboka mi?
Mannen: Ja, eg har alt smaka nokre av dei.

14.12.10

1957

årgangsvits frå norsk barneblad, 1957:

- Har du høyrt noko nytt frå son din i Amerika?
- Ja, han skal visst gifta seg, for han skreiv at han var på veg til ei som heitte Filadelfia.

1956

årgangsvits frå norsk barneblad 1956:

Det var ei kone som var så knipen på kaffien. Ein dag drengen sat attmed bordet og drakk denne vass-kaffien, rukka han på nasen.
- Kva slag smak er det på denne kaffien? sa han.
Då tok kona ein kopp og smala sjølv. - Eg kan ikkje kjenna noko smak, sa ho.
- Nei, det var det eg tykte, eg og, sa drengen.

1951

årgangsvits frå norsk barneblad 1951:

- Kvifor har han far så lite hår, mor?
- Det er for di han tenkjer så mykje, barnet mitt.
- Men kvifor har du så mykje hår då?

1949

årgangsvits frå norsk barneblad 1949:

- Men Kåre, du sit då med open munn!
- Eg veit det, eg har sjølv opna han.

1948

årgangsvits frå norsk barneblad 1948:

Kåre har ramla i veg til skulen. Men om eit lite bel kjem han att som eit hardt uver og tek til å rota både her og der i stova.
- Har du gløymt noko? spør mor.
- Nei då, svarar Kåre. - Det var berre noko eg kom i hug på vegen.

12.12.10

SPONSING

med unntak av nokre veker sommaren 2008, då me var sponsa av sippah, har guffebloggen vore politisk og økonomisk uavhengige. dette endrar seg no, frå og med årsskiftet er me sponsa av dette produktet frå tine.

for ein gongs skuld har tine greidd å laga noko som kan brukast i alle samanhengar. det kan sjølvsagt drikkast på direkten, men eg tykkjer det vert best når me a) frys det og lagar små karamellar, eller b) kokar semulegraut med slik mjølk. juhu.

10.12.10

1947

årgangsvits frå norsk barneblad 1947:

I norsktimen.
Lærarinna: Du Tore, kva heiter "eg sit" i fortid?
Tore: Eg stod.

1945

årgangsvits frå norsk barneblad 1945:

Læraren: Kan du Vesle-Ola nemna meg eit døme på at dyra har instinkt?
Vesle-Ola: Ja, høna verp egg som høver i egg-glasa.

1944

årgangsvits frå norsk barneblad 1944:

Arne: Gjer brillone dine alt større, bestemor?
Bestemor: Ja, guten min.
Arne: Då må du taka dei av deg når du skjer av kaka åt meg.

1942

årgangsvits frå norsk barneblad 1942:

Læraren: Kva gjorde Karl den 12. i Noreg?
Olav: Han døydde.
Læraren: Ja, det gjorde han visseleg, men gjorde han ikkje meir?
Olav: Nei, det var det siste han gjorde.

1941

årgangsvits frå norsk barneblad 1941:

- Kan du far skriva namnet ditt når du held att augo?
- Ja, eg trur då det!
- Skriv det her i karakterboka mi då!

1940

årgangsvits frå norsk barneblad 1940:

- Du må lata veslebroren din få låna kjelken din stundom!
- Ja, han får draga han opp bakken kvar einaste gong!

9.12.10

1937

årgangsvits frå norsk barneblad 1937:

Læraren: Kann du Stein segja meg kva det kjem av at havvatnet er salt?
Stein (tenkjer seg um): Det - det er vel av alt saltet i sildi?

8.12.10

1935

årgangsvits frå norsk barneblad 1935:

Mor: Kvifor ser du so på han farbror din, Kåre?
Kåre: Du sa at eg ikkje måtte tala um håret hans, men eg kann ikkje sjå eit einaste eitt.

1934

årgangsvits frå norsk barneblad 1934:

Lærarinna: Nei, er du ikkje ferdig med å stoppa sokkane dine enno, Liv?
Liv: Nei, men eg held på med andre sokken.
Lærarinna: Kann eg få sjå den fyrste?
Liv: Nei, eg er ikkje ferdig med han, eg tok den andre fyrst.

1933

årgangsvits frå norsk barneblad 1933:

- Eg fær fem øre av mor kvar gong eg drikk tran.
- Kva brukar du pengane til då?
- Ingenting. Eg gjev pengane til mor, og ho nyttar dei til tran.

7.12.10

1932

årgangsvits frå norsk barneblad 1932:

Ein amerikanar og ein nordmann gjekk i lag i Oslo ein dag. Amerikanaren var fæl til å skrøyta, soleis som det folket plar vera. Han fortalde millom anna at dei var so glupe til å byggja hus i Amerika. "Dei byggjer svære hus på tvo dagar", sa han. I det same kom dei framum slottet. "Kva er dette for ein bygnad", spurde amerikanaren. "Eg veit ikkje", svara nordmannen. "Det stod her ikkje i dag tidleg då eg gjekk framum."

1931

onklT nyttar førjolstida til å bla i gamle årgangar av norsk barneblad, for å finna den beste vitsen som har stått på trykk der. det vert ikkje heilt kronologisk, og det skulle ikkje undra meg om det heile stoppar opp relativt raskt, men her er i alle fall årgangsvitsen frå 1931:

- Segjer de "eg døde" eller "eg døydde" her i bygdi? spurde målgranskaren ein av bygdefolki.
- Hjå oss snakkar ikkje liki, svara mannen.


dei som vil kan gjerne gje poeng til desse vitsane, etter eigen skala.

3.12.10

OSLO

onkl T og eg var på ein snartur til oslo denne veka. han er som vanleg på leit etter folk og verksemder som er lettlurte nok til å tilsetja han, og medan han var på nokre jobbintervju sat eg på tåsen og prøvde å få tante M til å forstå det mest grunnleggjande ved nintendo. eg vonar at onkl T hadde eit meir oppegåande publikum. det skal forresten ikkje mykje til - tante M skjøna ikkje meir enn tjue prosent av det eg sa.