29.3.10

JAZZ

det er mangt ein må vera med på. no i helga drog foreldra mine meg med på noko jazzgreier. ti over halv tolvo laut òg vera med. det var ikkje mykje med det, det var berre nokre stolar og musikantar ramla saman på slump. ti over halv tolvo er ikkje så røynd kulturbrukar, så ho sat med store auge og tralla med der det passa seg slik. sjølv tok eg heller beina fatt, for å sjå på den fine utsikta.

etterpå fekk me vafler og lunka saft.

23.3.10

BERGEN

sist veke masa mor mi så ekstremt mykje om at ho hadde fortent ein ferie, så fredag ettermiddag pakka me ein del godbitar inn i bilen, og køyrde til bergen så fort me kunne. der kjøpte me nye pyjamasar og sokkar, lærte mykje nytt på vitensenteret, såg på krokodillar og apekattar på akvariet, åt is, og sprang att og fram på eit minimalt stovegolv i fyllingsdalen. det regna litt i bergen.

17.3.10

NETTMØTE

halv tolvo får ikkje sova om natta. ho ligg og undrar seg over kvifor ingen sender inn nettmøtespørsmål. for meg, som delar av natta ligg på same rom som ho, er dette helst irriterande. eg drog difor i gang ein kort spørsmålsrunde i sofaen her om dagen.

eg: når eg vert stor, skal eg verta dyrlege. kva med deg?
halv tolvo: når eg vert stor, skal eg verta ein sånn mann som kler seg ut som tiger.

2.3.10

TYSKLAND

det er tunge dagar for besten. på årsmøtet i den lokale avdelinga av tysklandsbrigaden vart det vedteke å leggja ned drifta. til alt hell skal nettsida deira leva vidare ei tid, eller som dei skriv i ei pressemelding: "Det er sett av midlar til å halda nettstaden open i ein del år framover, så langt dei avsette midlane rekk."