27.2.08

NORDMØRE

drøymehelga gjekk etter planen, slik det ofte gjer på nordmøre. ti på firo fekk skryt for at ho hadde kome seg, eg tok nokre traktorrundar med besten, far min angra på at me ikkje venta ei veke med turen, slik at han kunne fått handla litt bøker på sira gamle skule, og mor mi deiga seg i sofaen med nokre utvalde artiklar om kaker ho aldri kjem til å baka, lusekofter ho aldri kjem til å strikka, gamle damer som har pynta huset sitt til jol, og gladartiklar der dei har pressa fem-seks generasjonar inn på eitt og same bilete. besto stulla med sitt.

heime i volda viste det seg at der har kome nokre rotne eple i nabolaget. natt til tysdag hadde nokon brote seg inn hjå oss, og klint kattedrit under skorne til far min, skorne til mor mi, og skorne mine. ei stund var fem på firo hovudmistenkt, men dei generelle koordineringsproblema hennar gjorde at me lot bakar gå for smed. me tek gjerne mot tips i denne ufine saka.

22.2.08

EIKSUND

i dag gjer me oss klare for ei ny drøymehelg på nordmøre. dei siste vekene har lokalavisene vore proppfulle av stoff om opninga av eiksundsambandet. dette er nokre tunnelar og bruer som knyter ulstein og hareid og det som verre er saman med fastlandet. for oss inn- og utflyttarar får dette altfor stor merksemd, og heile sambandet siglar opp som ein av dei fire store grunnane for å flytta. (dei tre andre er, som mange veit, rotsethornvegen, kvivsvegen, og den sterkt aukande palataliseringsfaren.)

avisene har mellom anna intervjua alle kjøpmenn i området. utan unntak meiner desse at sambandet vil føra til at dei får mange nye kundar frå andre sida av tunnelane. g-sport i ulstein vil til dømes få mange nye kundar frå volda, medan g-sport i volda vil få mange nye kundar frå ulstein - det heile er altså ein klassisk kombinasjon av ein vinn/vinn- og ein tap/tap-situasjon.

dette skal sjølvsagt markerast heile helga, med tunnelmenyar, tunneltilbod, tunnelsport, tunnelfanfarer, osb. alle andre ungane i barnehagen skal kle seg ut som tunnelar i helga, og for å sleppa unna det vaset dreg eg altså med meg dei andre til besten og besto.

19.2.08

JOBB

mor mi har fått jobb! eller, jobben er vel ikkje heilt i boks, men ho reknar det som sikkert at ho får han.

mor mi er, slik dei fleste veit, ein trugen tilhengar av sport på fjernsynet. denne helga sat ho time etter time og såg sendingane frå skiskyting-vm, og det slo ho at ola lunde, ein av ekspertkommentatorane til nrk, har drøymejobben. kvar gong ein norsk skiskytar fyrer av eit skot, fortel han kvar skotet råka. "midt i, midt i, bom over, midt i, midt i". dei fleste som ser på gjev ein god i kvar skotet råkar, poenget er vel om det vert blink eller bom. så mor mi ser føre seg eit liv på skiskytarstemner, der ho finn fram fluktstolen, set seg godt til rette med ei bunke gamle vekeblad, og rettar inn kikkert og mikrofon kvar gong det skal rapporterast. jobben vert jo endå enklare når frode andresen ein gong legg opp.

15.2.08

KARNEVAL

av ein eller annan grunn, kanskje for å visa at avstanden mellom gamlevegen og rio de janeiro berre er symbolsk, fann barnehagen ut at det skulle vera karneval denne veka. eg nytta høvet til å dra fram bakarmeister harepus-kostymet mitt, og gjorde stor lukke. eg fekk ikkje premie for beste antrekk - det trofeet gjekk til ho som hadde kledd seg ut som ei badekåpe.

besto var forresten innom nokre dagar denne veka, sidan begge foreldra mine hadde viktige ting å gjera. sjølv såg eg lite til besto, sidan eg var på karneval, men ti over firo hadde ein drøymedag. eg veit lite om kva dei hadde føre seg, men dagen etter at besto reiste heim, var det ein napping. kva besten seier til akkurat dette, torer eg ikkje tenkja på.

far min er elles djupt vonbroten, etter at han ikkje fekk jobb på hans nielsen hauge-senteret likevel. det verste er visst at han såg dette som einaste vegen ut or arbeidsløysa. flaks at mor mi har sikre framtidsplanar, elles kunne dette gått retteleg ille.

12.2.08

HINKEFILM



mor mi er som vanleg uroleg for at utviklinga mi går i seinaste laget, eg må til og med ha hjelp til å skru på p1 om morgonen. ho har difor gjeve meg ulike utfordringar eg må løysa.

det fyrste eg må læra meg er å hinka. filmen over viser kor langt eg var komen mot slutten av den fyrste økta.

8.2.08

BESTEN 21

guffebloggen har dei siste dagane, uventa nok, vorte eit forum for snomenndebatt. då kan det høva med eit rykande ferskt bilete av besten, der ein skal vera bra dum for ikkje å skjøna at det er dette spørsmålet som kjem: kva seier besten?
og sidan nokre er skeptiske til snomannkunna til far min: her fortel han meg at han berre brukte i underkant av ein time på å laga denne vesle luringen.

4.2.08

JANUAR

etter ein månad med uventa dårleg tilgang til internett er eg no heime att i volda. me farta litt rundt i januar, og bortsett frå nokre veker hjå besto og besten på voss budde me heile tida i husvære der eigarane av ukjende grunnar ikkje hadde satsa stort på gode tilhøve for blogging. det er ikkje anna å gjera enn å beklaga dette, og presentera ein visuell kortversjon av heile månaden. det vert hyppigare blogging i februar.


voss. far min hjelper meg med å laga snomann, og må ty til naudløysingar for at den stakkars snomannen skal overleva lenge nok til å verta fotografert.

bergen. mor mi tek med meg på akvariet, slik at eg kan læra meg å telja like fort som ho kan.

roma. mor mi framfor kolosseum. fin kjole.

oslo. kontoret til onkel j i den nye operaen.

oslo (igjen). far min held eit langt foredrag om arkitektur og harde og mjuke liner. eg søv ein skvett.

beitostølen. eg tvilar framleis på at det finst ein himmel, men får ein viss idé om korleis han eventuelt ville ta seg ut.

beitostølen (igjen). jostein viser far min at det går an å laga meir solide snomenn.