29.9.08

NORSKLÆRAR

i dag drog mor mi i gang haustferien. det har vore nokre travle veker på husmorvikarskulen. ikkje berre er elevane stort sett godt kvalifiserte neper, men i tillegg har dei pedagogiske hjelpemidla på skulen gått ut på dato og vel så det. dei står ikkje heilt i stil med den pedagogiske plattforma til mor mi.

så langt har me hatt tre vitjarar i haustferien, og i morgon kjem det fire til. mor mi og far min gjer difor det einaste rette, og reiser på ferie. dette er vel å be om bråk, men reisemålet deira er italia.

24.9.08

DRAUM

i helga var eg og far min og besten på poesifestival i ulvik. eg har ikkje heilt oversikta, men eg trur det er fyrste gong tre generasjonar i denne slekta opplevde kultur samstundes, heilt sidan besto og onkel K og nokre småungar var på omvising på blåfargeverket. festivalen var på sett og vis rimeleg upraktisk, men det var greitt at alle arrangementa slutta med diktet "det er den draumen", slik at publikum visste at no var det på tide å gå ut av lokalet, venta ein halvtime, og gå inn att.

mor mi var heime, og kom over noko merkeleg i matbua. i ein blå plastboks låg det store mengder krydder, mellom anna fire pakker med ingefær. dette krydderet vert sjølvsagt ikkje rekna med i den ikkje heilt avslutta tipptevlinga.
flisespikkarar bør merka seg at ordet pakker i denne meldinga ikkje kan tyda anna enn pakker.

18.9.08

TEVLING

for ikkje altfor lenge sidan lyste eg ut ei sånn måteleg interessant kryddertevling. responsen har så langt vore over snittet, men ingen har heilt rette svar så langt. no viser det seg at besto, truleg for fyrste gong etter at huset hennar vart bygd i 1969, har rydda i krydderhylla. ho har eit ope sinn, og er ikkje framand for å putta nye og gamle ting i brøddeigen, men ho sorterte likevel ut nokre kryddersortar som ikkje passa inn der. desse vart naturleg nok flytta over i nabohuset, slik at føresetnadene for kryddertevlinga er endra.

av krydderdublettar er der no seks boksar av eitt krydder, fire boksar av eitt krydder, tre boksar av fire ulike krydder, to boksar av eitt krydder, og fire pakker med buljong. spørsmålet er omtrent som sist gong - kva krydder og buljongar kan dette vera snakk om? flisespikkarar bør merka seg at ordet boksar i denne meldinga òg kan tyda glas eller posar.

premiane er:
1. premie: fem boksar cayennepepar
2. premie: tre boksar koriander
3. premie: to boksar basilikum, to boksar spisskumin, 2 boksar karri, og to boksar ingefær
4. premie: ein boks piffikrydder
trøystepremie: tre pakker grønsakbuljong

14.9.08

GUFFEBLOGOMTALE NR. 2

guffeblogomtaleserien kan minna litt om eit teaterstykke av jon fosse - det er ikkje kvar dag det skjer noko, men når det endeleg skjer noko, er det verdt å få med seg. retteleg trugne lesarar hugsar den fyrste guffeblogomtalen, og no, under tre år etterpå, dukkar det pikerten opp ein ny: Her står det: "Dessutan er verdas kanskje mest morosame nynorskblogg komen med: Guffen!"

eg er generelt skeptisk til omgrep som nynorskblogg. ei slik segregering er direkte ufin, det vert omtrent som om, som om ... ja, eg kjem ikkje på noko godt døme akkurat no, men det vert omtrent som noko som ikkje er heilt bra.

10.9.08

DÅP

ei ny helg, ein ny dåp. eg er i grunnen lei av å referera frå alle desse døypingane - har du vore i ti dåpar, har du vore i alle. det er helst liten variasjon i programmet - ein runde med lunka vatn i kyrkja, ein runde med litt delikat mat, nokre talar med høveleg innhald, og ein lang biltur heimatt. slik var det òg denne gongen, bortsett frå at maten var ekstra delikat.

4.9.08

STORPOLITIKK

det dreg seg mot valkamp igjen. me er komne til det stadiet i valkampførebuingane der alle partia legg vekk alt som minner om ansvarleg politikk, og i staden kjempar om å likna mest på framstegspartiet. her i heimen har no dei politiske kamplinene endra seg litt. i gamle dagar var grensene klare - mor mi røysta venstre, medan alle andre nytta seg av den røystesetelen med finast farge. etter at far min har vorte godseigar, ser han at det einaste partiet som verkeleg arbeider hardt, heile døgeret, for at landbrukstilskotet skal halda seg på eit altfor høgt nivå, er senterpartiet, så han har difor meldt seg inn der. berre han får kontakt med ho som er leiar i bondekvinnelaget, vert mor mi meld inn der på flekken.

mor mi er litt skeptisk til denne leflinga med bøndene, og kjem difor støtt og stadig med spitord om alle som held til i primærnæringa. ho har like godt alliert seg med leiaren i volda venstre. far min var i volda sist veke for å halda nokre endelause foredrag, og tok då inn i kjellarstova til leiaren i volda venstre. då far min skulle reisa, viste det seg at leiaren i volda venstre hadde vore så utkropen at han hadde gøymt mobil-ladaren til far min. far min tok kontakt med leiaren i volda venstre same kvelden, og leiaren i volda venstre lova å senda mobil-ladaren snarast råd. men det har han ikkje gjort, luringen, mest av di han har vore på jobb heile dagen, og då er det jo uråd å senda pakker med posten. far min er difor tapt bak ei vogn.

2.9.08

DRØYMEFERIEN, DAG 4

[kommentarane frå siste melding tyder på at opptil fleire har von om at dei gamle travarane kan vekkjast til liv. me prøver.]

18. juli - tysdag (dette er eit framhald frå denne sida)

Frå Melhus i halv-elleve tida, ein halv time etter ruta. Fint ver, men noko kjøleg. Forbi Trondheim utan stans, denne gongen skal me samla oss om Nord-Noreg. Til Trøndelag kjem me vel snart att. Fint innover dei breie bygdene. Kornet er skote, men står grønt framleis. Langs Snåsa-vatnet var det svært vakker natur, låge skogåsar rundt vatnet. Folk hesjar og driv med slåtten. Me har krope inn i ei hytte på Mellingsmo, litt sør for Majavatn. Vanleg halloi og kamp om sengeplassane. (far min la mindre vekt på jordbruk.)

Spørsmålet er omtrent som vanleg - kva seier postkassa til besten?