29.12.08

HENTESVEIS

jaja. den demokratisk tinglyste hentesveis-jola er så godt som over, og dei fleste sit vel att med ei kjensle av at dette ikkje var heilt som venta. gledeleg nok hadde fire av dei fjorten deltakarane prøvd å ta temajola på alvor, men det verka som om alle hadde bomma litt på skiva og vel så det. eg trur naden sette fingeren på problemet den dagen han trefte far min og onklT, og sa at begge to likna på aslak l. det var nok litt mykje måne og litt lite henting hjå dei fleste.

eg kan her, truleg som fyrste blogg på vestlandet, presentera nærbilete av dei fire deltakarane, og gjev samstundes ei kort vurdering av innsatsen deira. dei som har noko å leggja til, må gjerne gjera det.
kandidat A. mykje måne, ikkje noko henting.

kandidat B. lite henting, mykje måne. får pluss for den gradvise overgangen mellom hår og ikkje-hår.

kandidat C. klar overvekt av måne også her, men viser i alle fall litt vilje til henting, og dreg i land nokre plusspoeng for det.

kandidat D. omtrent like mykje måne som henting, men i mangelen på noko betre er eg redd for at denne må utropast til den mest vellukka.

24.12.08

JOLEGÅVE

mor mi har hatt travle dagar, og treng truleg hjelp til å slappa av den neste tida. ho får difor ein eigen blogg i jolegåve - god jol!

JOL

hurra. endeleg er det jol. det viste seg at me ikkje fekk overnattingsgjester likevel - for nokre månader sidan melde besto at far min skulle overnatta hjå oss, men for tre dagar sidan hadde ho ombestemt seg. på ettermiddagen i går ombestemte ho seg igjen, men opna for at han kunne eta alle måltid og dusja og gå på do i huset deira. etter at han kom ombestemte ho seg endå ein gong, slik at no er alle gjestane stuva saman hjå besto og besten, medan me har ei rimeleg stor samling med ubrukte og oppreidde gjestesenger.

den siste folkerøystinga viste eit klart fleirtal for hentesveis-jol. det er knappe marginar her, så ikkje uventa har dei mest hårrike delane av slekta fått fleire spørsmål om dei kan avsjå ein liten lokk. me kjem høgst truleg attende med nokre gode blinkskot om ikkje mange dagane.

toppenbechifiseringa av jolefeiringa har i år spreidd seg til hushaldet vårt. mor mi har tilta heilt, og har til og med vaska badet. onklT er heilt samd med kukola, som hevdar at jol er opium for folket.

19.12.08

TEMAJOL

det spissar seg til i kampen om temaet for jola. i dag dreg eg like godt i gang det som (truleg) vert den siste runden, og eg bed alle om å tenkja seg nøye om før dei røystar. det er meir gledeleg enn truverdig at det kom over 30 røyster i den tredje runden. sidan dette er siste runden, opnar eg for at de kan røysta på meir enn eitt framlegg.

eg kan ikkje lova ut premiar til dei som stemmer rett, men eg kan tipsa om det som siglar opp som reine drøymefrukosten. eg kallar det berre eit oddvar-knekkebrød - knekkebrød med eitt lag prim, eitt lag brunost, og litt kvitost på toppen.

16.12.08

UTREINSKING 2

dette er kanskje å kasta glas i steinhus, men eg kjenner det ikkje slik at eg har fått nok skryt for at eg og besto og besten fekk åge hareide til å gå av. i staden stiller kommentatorane spørsmålsteikn ved det heile, så då er det ikkje anna råd - eg må henta fram eit nytt døme.

petter solberg. kva skreiv eg om han i februar 2007, altså for berre tjueto månader sidan? dette. og kva skriv avisene i dag, altså berre dagar etter at handball-vm er slutt, og berre dagar etter at det er vorte kjent at det skal lagast film om nokas-tjuvane? dette.

guffelbloggen - alle andre bloggar 3-0.

15.12.08

TRE

det er det vanlege - onklT kan ikkje vera mange timane ute or huset før mor mi ommøblerer. sist veke var onklT nokre dagar i volda, for å setja strek for nokre endelause prosjekt der, og han var ikkje vidare blid då han kom heim. mor mi hadde vore ein tur til skogs, henta eit joletre, og dekorert det med litt jolepynt ho hadde fenge som gåve frå elevane på husmorskulen. det einaste onklT fann å gle seg over, var at ho etter alt å døma hadde hogd treet på eigedomen til bortigarden. dei merkar neppe noko til det no, sidan dei er travelt opptekne med å få det mest jolete huset i tjukkebygdi. så langt ligg dei bra an:

eg nyttar elles høvet til at dei som vil påverka joletemaet denne jola, bør reagera rimeleg raskt.

8.12.08

UTRENSKING

i slekta mi er det mange som sympatiserer med politikarar med sans for utrenskingar. eg har prøvd å ta omsyn til dette på guffebloggen, men så langt har eg berre greidd å reinska ut ein person.

i helga fekk eg assistanse frå uventa hald. trugne lesarar veit at besten og besto på nordmøre i desse dagar vert kasta ut av huset dei har budd i sidan besten var ein neve stor, og at dei må flytta inn i ei dokkestove onkel A og tante B har sett opp til dei. møblane i huset dei har budd i har grodd fast i golvet, slik at besten og besto må ut på den opne marknaden for å skaffa seg eigne møblar. besto er tapt bak ei vogn, men det er ikkje besten, så via finn.no kom dei over eit veleigna møblement, som stod til spott og spe i molde, og som berre kosta ein brøkdel av den opphavlege prisen.

på laurdag tok besten og besto turen til molde, og det viste seg at seljaren var sjølvaste åge hareide. besto skjønte fort at denne sjansen får ho ikkje igjen, og sa at "det er berre å trekkja seg frå den driten; det der er ikkje folk å menga seg med". og kva sa hareide i dag? han hadde tenkt seg om lenge, men i løpet av helga hadde han bestemt seg for å gå av. ein skal vera bra stram i pæra for å ikkje skjøna at besto må ta ansvar for dette, og at guffebloggen kan festa endå ein skalp i beltet.

for å seia det på fotballspråket: guffebloggen - alle andre bloggar 2-0.

5.12.08

ODEL

no er det visst hakket før eg kan kalla meg odelsgut. i det høvet har mor mi teke meg med til fotograf, slik at eg kan ha ein passande dekorasjon på visittkortet. her om dagen fekk me vitjing av ein takstmann, som etter beste evne takserte det som kunne takserast. han verka rimeleg misnøgd med det meste, bortsett frå egg og ansjos-rundstykka besto trylla fram, så det vert vel ikkje rare taksten.

garden har vore i slekta i umenneskelege tider, og namna på bonden har veksla mellom besten og onklT omtrent like lenge. i går var difor far min innom i folkeregisteret for å byta namn med onklT, slik at det vert lettare for dei som ein gong i framtida skal skriva gards- og ættesoge for garden og ætta.

det er sjølvsagt dumt å byta namn rett før jol, spesielt i ei slekt der til dels store grupperingar er ferdig med jolehandelen for lenge sidan, men far min og onklT har funne ei grei løysing. dei samlar alle gåvene sine i ein haug. sidan begge to er ekstremt litterære, kastar dei alle gåvene som ikkje er bøker, og sorterer bøkene etter ei nøye gjennomtenkt ordning: dei bøkene som minner om hitchhiker's guide to the galaxy går til far min, medan dei som minner meir om fred av arne garborg går til onklT.

1.12.08

OSLO

i helga var me i oslo, og det var som vanleg altfor travelt. som vanleg når me er i oslo budde me i eit husvære der eigarane lir under ein total mangel på kunnskap om korleis cd-ar skal lagrast, men me gjorde det beste ut av det. mor mi hadde lagt inn akkurat mange nok samkomer med kjende og ukjende, slik at ho no reknar seg for ferdig med trimminga for i år. eg og fem på seksa og far min satsa heller på ei innehelg, der me herpa ein del leiker, såg ein del filmar, og åt mykje dårleg mat. den einaste ekskursjonen vår var sundag føremiddag, då me såg på nokre livlause dyr og åt altfor mykje graut.

resultatet frå fyrste runde i folkerøystinga om joletema er ferdig, og sjokkerande nok kom det inn 23 røyster. av dei åtte framlegga var det minimal interesse for dale-jol (0 røyster), og lita interesse for tonsurjol (1 røyst), bartejol (2) og nakenjol (2). dei fire andre fekk så godt som like mange røyster, så det er ikkje anna å gjera enn å lysa ut ein ny gallup, der òg nye framlegg frå gamle ordskifte vert tekne med.

23.11.08

JOLEFILM



komande helg skal me til oslo. vanlegvis låner me eitt av dei to romma til ei som pendlar litt mellom to folkemusikantar, og sidan ho denne gongen pendlar inn på det rommet me brukte sist, får me no låna rommet hjå mor hennar. det vert spanande.

dei siste åra har denne førjolsturen til oslo vore starten på adventstida for mor mi. ho tek med seg store mengder presangar, som ho leverer til folk ho ikkje er sikker på om om møter før jola er over. jola er like rundt hjørna, og i år ser det ut som om ho fører med seg noko særs skræmeleg: far min snakkar om å putta eit gamalt band together, i alle fall for ei øving i ein luguber kjellar. fem på sekso reknar med at ho vert invitert med, og har øvd inn nokre høvelege dansesteg.

19.11.08

JOL

den uventa store interessa for joletema har gjort at det er naudsynt med ein ny gallup, sjølv om me ikkje er komne lenger enn midt i november. eg har henta fram dei åtte ferskaste framlegga, og då er det vel ikkje anna å gjera enn å venta på resultatet. viss nokon brått kjem på andre idear, ser eg ikkje vekk frå at det kan verta ein ny runde gallup etter at denne er avslutta. den tid, den sorg.

12.11.08

JOL

det var tider, det. nettene vert lengre, og det stundar igjen mot jol. det hastar difor med å fastsetja kva som skal vera temaet denne jola. biletet over er frå den sers vellukka kotelettjola for to år sidan, og sidan fleire av dei mest framfuse deltakarane frå det året skal vera samla også i år, kan det henda at ein kan semjast om eit interessant tema. i fjor var det homojol, men det var visst berre sånn delvis vellukka.

dette vert den fyrste jola i eit framand land, så det heile vert truleg så annleis at alle tema passar inn. kom med framlegg snarast råd.

9.11.08

BESTEN 24

etter dei mange storpolitiske innlegga den siste tida, kan det vera greitt med eit meir jordnært tema. slike tema veks ikkje på tre heime hjå oss, men eitt av dei jordnæraste er dette biletet, som for alt eg veit kan vera frå haustonna. spørsmålet er det vanlege - kva seier besten?

2.11.08

VAL

det spissar seg til i amerika. far min har som vanleg lagt opp til valvake natt til onsdag. den einaste som så langt har stadfesta at han kjem, er leiaren i volda vinstre. far min er rutinert, og reknar med at det kjem ei avbekrefting dagen før, av di leiaren i volda vinstre brått måtte til oslo. far min må difor trykkja i seg alle american pancakesane han har laga sjølv.

valet er spanande, men dei av oss som hugsar serien 'i ville vesten', der zeb macahan, stamfar til kandidat john macahan, hadde ei sentral hovudrolle, er vel ikkje i tvil om at det hadde vore det beste for verdsfreden om han stakk av med det kvite huset.

28.10.08

SVIKT

det ser pikerten ut til at all teknikken i verda er i ferd med å svikta. no er det visst vorte slik at viss ein skal leggja inn ein signert kommentar på guffebloggen, må ein gje opp ei nettadresse. slik har det ikkje vore før, og eg reknar med at dei tilsette på det lokale bloggekontoret skal få litt å tenkja på når eg melder frå til dei. inntil dei får skikk på dette problemet, må altså kommentatorane anten dikta opp ei nettadresse, eller skriva inn ei som alt eksisterer.

det har òg vore litt svikt i den daglege oppsedinga. mor mi står trygt på ein pedagogisk plattform, og har difor ikkje gjort nokon feil så langt, medan far min er litt lausare i snippen. fredag ettermiddag, medan ein pizza både med og utan purre stod til lunk i steikeomnen, gjekk me gjennom det vanlege turnprogrammet. utover kvelden vart eg litt ør i foten. eg rekna fyrst med at det skuldast for mykje pizza, men mor mi meinte at det var tull, sidan a) ein skal eta bra mykje pizza før ein får vondt i foten, og b) eg hadde som vanleg berre pirka i pizzaen, livredd for at det skulle dukka opp eit eller fleire purrefjon.

dagen etter var det så gale at eg rett og slett måtte liggja på sofaen ei stund. etter 48 urørlege timar merka far min at noko var gale, så me tok turen til dokteren. han knadde litt, før han sende oss heim att, og vips - berre nokre timar seinare kunne eg halta. etter litt perfeksjonering har eg no same ganglaget som ein tidlegare kollega av mor mi, i tillegg til at alle ungane i barnehagen har gjeve meg oppnamnet 'feisingen'.

22.10.08

ØKONOMIPRISEN

den norske guffekomiteen kunngjer i dag at bjarte baasland er vinnar av guffeprisen i økonomi 2008.

bjarte baasland, luring og biskopson, siglar opp som ein av dei store heltane for guffebloggen. me er ein nasjon der alle vil klaga og kyta, oftast over kor lite pengar dei har, men baasland har på eige initiativ laga og prøvd ut ein plan som vil gje absolutt alle ein god slump med pengar.

slik er modellem: fyrst låner du 50-60 millionar frå foreldra dine og andre du slumpar til å kjenna. deretter opprettar du ein konto på eit utanlandsk gamblingbyrå, og satsar litt pengar histen og pisten. viss du greier å gå med overskot, betalar du tilbake pengane du har lånt, medan du lever godt resten av livet med pengane du har tent opp. viss du greier å gå med underskot, saksøkjer du berre gamblingbyrået, med grunngjevinga at du har eit speleproblem, og vips, så får du tilbake alle millionane.

viss baasland vinn saka mot gamblingbyrået, er difor kysten klar: sats alt du eig på alt du vil. det er uråd å tapa pengar, alt du treng er å lyga på deg eit speleproblem.

guffeprisen i økonomi er sponsa av gamblingbyrået bet365, og vinnaren får guffekalenderen 2008, pluss ein verdikupong på 100 kroner, som berre kan brukast hjå bet365.

20.10.08

MAT

det er ikkje noko bombe at dei gastronomiske interessene er litt ujamt fordelt i hushaldet. at kosthaldet til mor mi stort sett er sett saman av raudvin og pottittgull, og at far min ikkje et mykje anna agurk og gulrøter, er gamalt nytt. det har meir for seg å drøfta kosthaldet til meg og halv sekso.

eg er, om eg kan seia det sjølv, relativt pirkete i matvegen. eg likar omtrent ingenting av det eg får servert, og vil difor av prinsipielle grunnar heller ikkje smaka på det. halv sekso, derimot, stappar i seg alt han får. medan eg ikkje kan tenkja meg noko verre enn pizza med purre, har far min problem med å få pizzaen inn i omnen* før halv sekso har plukka av og ete opp all purren.

for halv sekso er det få ting som er viktigare enn å eta. den siste veka har me kasta opp ikkje så reint lite oppkast - det har gått litt på omgang, men halv sekso var den som hadde mest moro med dette, og som difor drog oppkastperioden ut over fleire dagar. mor mi trudde han var over det verste laurdag, slik at han vart plassert ved bordet då far min serverte delvis purrefri pizza. halv sekso fyller munn og mage med pizza, men etter ei stund må han ta ein liten pause for å kasta opp det han har ete så langt. til alt hell hadde han på seg ei plastsmekke med takrenne, slik at det meste vart liggjande der. han studerte oppkastet i nokre sekund, før han heldt fram med etinga. gourmand-prisen for 2008 ser difor ut til å gå til halv sekso.

* dette er ikkje meint som ein metafor.

12.10.08

TRENING

dei siste tre åra har mor mi ivra for at eg skal slutta med bleier. far min er relativt lunken også til dette, men det kan jo koma av at det er lenge sidan sist han tok ansvar på det feltet. diverre for mor mi har eg vore rimeleg lunken, eg òg, slik at framdrifta ikkje har vore til å ta og føla på.

no har ho rådført seg med kjennarar på feltet, som meiner at eg lettare kan lurast viss ho lokkar med store vinstar for kvart hekto som vert fanga opp av potta. ho har slite litt med å finna ut kva som kan vera lokkemat, mest av di eg har fritt spelerom i matbua heile døgeret. i andre hushald lokkar dei med sjokolade og teskeier med syltetøy; eg får begge delar kvar dag. eg har difor forhandla meg fram til ei ordning der eg får minst ti aksjar i ein islandsk bank for kvar gong eg har vore på potta. framtida er i boks.

9.10.08

ITALIA

far min og mor mi var altså i italia sist veke, saman med nokre andre folk. dei har vore heime nokre dagar, og det ser ut til å ha vore ein vellukka tur. mor mi har kjøpt med seg store mengder raudvin, medan far min har hamstra nok sjokolade for fleire veker framover.

viss nokon framleis er i tvil om turen var ein suksess, reknar eg med at desse bileta fjernar denne tvilen per omgåande:

piza. reiseleiaren prøver å forklara korleis ein kan stå for å få best mogleg bilete. dei som ser godt etter, kan sjå nokre luringar i toppen av tårnet. far min er ikkje blant dei.

milano. den årlege grisefesten tok heilt av då denne duoen framførte 'å leva det er å elska' på gulrotrasp og papirpose.

far min gjekk forresten i overskot på heimturen, då han vart omplassert på eit fly som gjekk via zürich. ikkje berre vart han kjend med to uvanleg store neper frå sørlandet, han vart òg vitne til at vegard ulvang kjøpte med seg ein del brennevin frå taxen på gardermoen, og han slapp å eta middag med onkl T.

3.10.08

VENEZIA

mor mi er med paa ei kulturell gruppereise til venezia. eg snakka med ho i gaar, og ho seier at det er litt krevjande. alle i gruppa oppfoerer seg som om dei er pensjonistar, og gaar rundt med trillekoffertar. i tillegg drikk dei slike enorme mengder vin at til og med mor mi maa melda pass. ho trekkjer seg difor tidleg attende til hotellrommet, der ho kosar seg skikkeleg med ein rimeleg stor pose pottittgull.

venezia er elles ein ekstremt upraktisk by. i staden for skikkelege gater har dei gravd nokre kanalar, slik at viss du skal over til andre sida av gata, maa du anten gaa ein lang omveg, eller ta baat over kanalen, eller drita i det. mor mi finn oftast ut at det siste er like greitt. at ingen i byen har raad til bil, gjer og at det er uraad aa koma seg fort fram. or ein tulleby.

29.9.08

NORSKLÆRAR

i dag drog mor mi i gang haustferien. det har vore nokre travle veker på husmorvikarskulen. ikkje berre er elevane stort sett godt kvalifiserte neper, men i tillegg har dei pedagogiske hjelpemidla på skulen gått ut på dato og vel så det. dei står ikkje heilt i stil med den pedagogiske plattforma til mor mi.

så langt har me hatt tre vitjarar i haustferien, og i morgon kjem det fire til. mor mi og far min gjer difor det einaste rette, og reiser på ferie. dette er vel å be om bråk, men reisemålet deira er italia.

24.9.08

DRAUM

i helga var eg og far min og besten på poesifestival i ulvik. eg har ikkje heilt oversikta, men eg trur det er fyrste gong tre generasjonar i denne slekta opplevde kultur samstundes, heilt sidan besto og onkel K og nokre småungar var på omvising på blåfargeverket. festivalen var på sett og vis rimeleg upraktisk, men det var greitt at alle arrangementa slutta med diktet "det er den draumen", slik at publikum visste at no var det på tide å gå ut av lokalet, venta ein halvtime, og gå inn att.

mor mi var heime, og kom over noko merkeleg i matbua. i ein blå plastboks låg det store mengder krydder, mellom anna fire pakker med ingefær. dette krydderet vert sjølvsagt ikkje rekna med i den ikkje heilt avslutta tipptevlinga.
flisespikkarar bør merka seg at ordet pakker i denne meldinga ikkje kan tyda anna enn pakker.

18.9.08

TEVLING

for ikkje altfor lenge sidan lyste eg ut ei sånn måteleg interessant kryddertevling. responsen har så langt vore over snittet, men ingen har heilt rette svar så langt. no viser det seg at besto, truleg for fyrste gong etter at huset hennar vart bygd i 1969, har rydda i krydderhylla. ho har eit ope sinn, og er ikkje framand for å putta nye og gamle ting i brøddeigen, men ho sorterte likevel ut nokre kryddersortar som ikkje passa inn der. desse vart naturleg nok flytta over i nabohuset, slik at føresetnadene for kryddertevlinga er endra.

av krydderdublettar er der no seks boksar av eitt krydder, fire boksar av eitt krydder, tre boksar av fire ulike krydder, to boksar av eitt krydder, og fire pakker med buljong. spørsmålet er omtrent som sist gong - kva krydder og buljongar kan dette vera snakk om? flisespikkarar bør merka seg at ordet boksar i denne meldinga òg kan tyda glas eller posar.

premiane er:
1. premie: fem boksar cayennepepar
2. premie: tre boksar koriander
3. premie: to boksar basilikum, to boksar spisskumin, 2 boksar karri, og to boksar ingefær
4. premie: ein boks piffikrydder
trøystepremie: tre pakker grønsakbuljong

14.9.08

GUFFEBLOGOMTALE NR. 2

guffeblogomtaleserien kan minna litt om eit teaterstykke av jon fosse - det er ikkje kvar dag det skjer noko, men når det endeleg skjer noko, er det verdt å få med seg. retteleg trugne lesarar hugsar den fyrste guffeblogomtalen, og no, under tre år etterpå, dukkar det pikerten opp ein ny: Her står det: "Dessutan er verdas kanskje mest morosame nynorskblogg komen med: Guffen!"

eg er generelt skeptisk til omgrep som nynorskblogg. ei slik segregering er direkte ufin, det vert omtrent som om, som om ... ja, eg kjem ikkje på noko godt døme akkurat no, men det vert omtrent som noko som ikkje er heilt bra.

10.9.08

DÅP

ei ny helg, ein ny dåp. eg er i grunnen lei av å referera frå alle desse døypingane - har du vore i ti dåpar, har du vore i alle. det er helst liten variasjon i programmet - ein runde med lunka vatn i kyrkja, ein runde med litt delikat mat, nokre talar med høveleg innhald, og ein lang biltur heimatt. slik var det òg denne gongen, bortsett frå at maten var ekstra delikat.

4.9.08

STORPOLITIKK

det dreg seg mot valkamp igjen. me er komne til det stadiet i valkampførebuingane der alle partia legg vekk alt som minner om ansvarleg politikk, og i staden kjempar om å likna mest på framstegspartiet. her i heimen har no dei politiske kamplinene endra seg litt. i gamle dagar var grensene klare - mor mi røysta venstre, medan alle andre nytta seg av den røystesetelen med finast farge. etter at far min har vorte godseigar, ser han at det einaste partiet som verkeleg arbeider hardt, heile døgeret, for at landbrukstilskotet skal halda seg på eit altfor høgt nivå, er senterpartiet, så han har difor meldt seg inn der. berre han får kontakt med ho som er leiar i bondekvinnelaget, vert mor mi meld inn der på flekken.

mor mi er litt skeptisk til denne leflinga med bøndene, og kjem difor støtt og stadig med spitord om alle som held til i primærnæringa. ho har like godt alliert seg med leiaren i volda venstre. far min var i volda sist veke for å halda nokre endelause foredrag, og tok då inn i kjellarstova til leiaren i volda venstre. då far min skulle reisa, viste det seg at leiaren i volda venstre hadde vore så utkropen at han hadde gøymt mobil-ladaren til far min. far min tok kontakt med leiaren i volda venstre same kvelden, og leiaren i volda venstre lova å senda mobil-ladaren snarast råd. men det har han ikkje gjort, luringen, mest av di han har vore på jobb heile dagen, og då er det jo uråd å senda pakker med posten. far min er difor tapt bak ei vogn.

2.9.08

DRØYMEFERIEN, DAG 4

[kommentarane frå siste melding tyder på at opptil fleire har von om at dei gamle travarane kan vekkjast til liv. me prøver.]

18. juli - tysdag (dette er eit framhald frå denne sida)

Frå Melhus i halv-elleve tida, ein halv time etter ruta. Fint ver, men noko kjøleg. Forbi Trondheim utan stans, denne gongen skal me samla oss om Nord-Noreg. Til Trøndelag kjem me vel snart att. Fint innover dei breie bygdene. Kornet er skote, men står grønt framleis. Langs Snåsa-vatnet var det svært vakker natur, låge skogåsar rundt vatnet. Folk hesjar og driv med slåtten. Me har krope inn i ei hytte på Mellingsmo, litt sør for Majavatn. Vanleg halloi og kamp om sengeplassane. (far min la mindre vekt på jordbruk.)

Spørsmålet er omtrent som vanleg - kva seier postkassa til besten?

29.8.08

REPETISJON

dette har eg skrive før, men denne gongen er det nesten for sant til å vera godt: frå no av vert det fleire bollar. me har fått på plass både datamaskin og internett, mor mi er godt i gang med rådgjevinga, far min er i gang med innhaustinga, og eg og femmen herjar vilt i barnehagen heile dagen. tilhøva ligg såleis godt til rette for at det vert mange bollar framover.

i barnehagen går det greitt. viss nokon herjar med femmen byrjar han å grina; viss nokon herjar med meg bit eg dei til dei byrjar å grina. i dei andre barnehagane eg har vore innom har det vore vanleg at alle ungane har same sveis som den personen barnehagen er oppkalla etter. slik er det truleg her òg, men sidan ho einaste eg kjenner med etternamnet gjernes hadde med seg bomber i sitt eige bryllaup, er det ikkje verdt bryet å henta fram eit bilete av ho her. dei som vil kan i staden leika at dei ser eit bilete av ei som har med seg bomber i sitt eige bryllaup.

15.8.08

TEVLING

det går framover med utpakkinga, men spesielt fort går det ikkje. det er ikkje uventa, og det er heller ikkje uventa at far min, som på eige initiativ har utropt seg sjølv til ansvarleg for alt som har med data å gjera, slit med å få tilgang til internett heimefrå. av og til lurer eg meg inn på kontoret til besten, sikraste tidspunktet er under vestlandsrevyen, og då er eg travelt oppteken med heilt andre ting enn å koma med nye gladmeldingar på guffebloggen.

det vert difor lite nytt også i dag, men eg kan i staden by på ei spanande tevling. då mor mi pakka ut pappøskjene med krydderboksar, oppdaga ho til si store undring at der var dobbelt opp av nokre utvalde krydderartar. tevlinga handlar difor om krydder. mor mi fann fire boksar av eitt krydder, og tre boksar av to andre krydder. eg vil gjerne vita kva krydder det var snakk om.

premiar:
1. premie: tre boksar med koriander
2. premie: to boksar med basilikum
2. premie: to boksar med piffikrydder

5.8.08

JORDBRUK

i går kveld kom flyttelasset vårt til voss, sånn omtrent rett etter at eg burde ha lagt meg. ein svær gul lastebil, ein tysk sjåfør, ein latvinsk berar, og ei tysk småjente var med på turen. kassene for ut av bilen i eit høvisk tempo, mest av di besten krabba inn i bilen og lempa kasser ut. spesielt den tyske sjåføren var imponert, og besten fekk så mange rosande ord på svensk at han ikkje fekk sova i natt.

det er mange som bur i altfor store hus. ein grei måte å finna ut om huset er stort nok, er å plassera heile flyttelasset i stova og på kjøkenet. viss det er mogeleg å flytta seg rundt i desse romma medan dei er fulle av øskjer, er huset i største laget. dette var mogeleg i huset vårt i dag, men likevel valde far min å køyra eit tresifra tal øskjer med bøker opp i gamlahuset. det er ikkje kvar dag han køyrer bil med tilhengjar, men greidde likevel å pløya ganske grundig rundt huset samstundes som han flytta bøker. kanskje han likevel har von om ei framtid i jordbruket.

29.7.08

FERIE

ikkje uventa var det rolege bloggedagar no i ferien. me var ein runde på nordmøre, ein runde på voss, og er no på nordmøre igjen. innimellom alt dette har foreldra mine gjort sitt beste for å pakka alt me eig inn i altfor småe og altfor fåe pappøskjer.
veret var som vanleg altfor varmt, slik at det var altfor varmt. det er difor uråd å dra fram nokre høgdepunkt, det får halda at me viser fram ein av geleane onkel A diska opp med.

15.7.08

FESTIVAL

i helga var me på festival på nordmøre, og det var eit klart høgdepunkt så langt denne sommaren. sjølv om me såvidt har kome i gang med ferien, skal det litt til om dette vert toppa.

det var god musikk, god og sunn mat, mange fine og forseggjorte varer, det var aloe vera og herbalife, det var mykje folk, og det låg ein slik god og heimekjær eim av svidd grillmat over heile området. gratis var det òg. viss ikkje far min hadde vore så streng, hadde eg vorte med besten på dans om kvelden, men slik gjekk det diverre ikkje.

den fyrste auksjonen er over, og sipahh-sugerøyra går til frode for usle 50 kroner. dette må reknast som eit kupp, sidan han kunne kjøpt tre gonger så mange sugerøyr for halve prisen på samvirkelaget. det var skral interesse for fluffen - det einaste bodet som kom inn låg langt under utropsprisen, så frode får fluffen på kjøpet.

9.7.08

GJESTEBOD

om fem dagar skal me flytta, og prosessen med å redusera flyttelasset held fram. i matbua innom kjøkenet står det enorme mengder hermetikk, og me ser ingen grunn til å dra dette med til voss. er det noko dei har nok av i butikkane på voss, er det hermetikk. det vert omtrent som om folk som flytta til fjærland skulle ha med seg eit bremuseum.

dei fem neste dagane et me altså opp denne hermetikken, etter fylgjande mønster:
torsdag: bønner. middagen vert sett saman av to boksar kidney beans, ein boks chili beans, fire boksar tomatbønner, ein boks garbanzo beans, to boksar refried beans (med ein ikkje heilt ideell barbecue-smak), og ein boks brekkbønner.
fredag: indisk. middagen vert sett saman av to glas tikka masala-saus, to glas tandoori-saus, og eitt glas indian korma-saus. (mor mi kjem truleg til å snakka indisk-engelsk under middagen.)
laurdag: pastasaus. denne dagen vert det ein enkel middag, sett saman av fire glas pastasaus. eitt av desse glasa er økologisk.
sundag: fruktsuppe. me kokar suppe på fem små boksar med oppkappa ananas, og ein stor boks med halve fersken i sukkerlake.
måndag: tomatsuppe. me kokar suppe på to boksar tomater med basilikum og oregane, og to boksar tomater i chili.
tysdag: flyttedagen. alle er sjølvsagt inviterte til å vera med på å bera flyttelasset ut i flyttebilen. når alt er på plass der, lagar me ein gryterett med restar frå dei fem dagane, garnityrert med to små boksar maiskorn.

velkomne kvar og ein.

4.7.08

AUKSJON

mor mi seier at no hastar det med å få orden på flyttinga. far min er hakket meir avslappa, og meiner at det berre er tre oppgåver som står att - pakking, vasking, og tinging av flyttebil.

den dyraste av desse tre oppgåvene er truleg flyttebilen. flyttebyråa baserer seg stort sett på ein genial forretningsidé - prisen stig nokolunde proporsjonalt med storleiken på flyttelasset. det vil altså vera pengar å spara på å redusera flyttelasset litt, så me auksjonerer difor ut nokre godbitar frå samlingane. i fyrste omgang legg me ut to godbitar, delikat framvist av fem over femmo. fristen for å leggja inn bod går ut ein eller annan gong, og me betalar både frakt og returfrakt.

for at auksjonen ikkje skal verta for useriøs, har kvar og ein berre lov til å leggja inn bod under falskt namn tre gonger.

tre sipahh-sugerøyr med banansmak. ideen er både genial, upraktisk, smaklaus og miljøfiendtleg - i staden for å gjera som o'boy og selja smakstilsetjinga i ein stor boks, ligg her smaken som små banankuler i sugerøyr, som alle er pakka i hermetiserande plastposar. når ein syg melka opp gjennom sugerøyret, smakar det omtrent som flytande bananbugg som ved eit uhell har landa i eit melkeglas. I pakka var det opphavleg ti sugerøyr, men det rauk med nokre sist det var jolebukkar innom. utropspris: 50 øre.

jordbærfluff. denne forretningsideen er sikkert òg god - lag noko kliss med ein smak som minner om jordbær, og skriv utanpå plastglaset at fluffet* eignar seg godt som pålegg på grilla marshmallows. me delte ut smaksprøvar under dofestveka i fjor, og fluffet fekk gode tilbakemeldingar, men i ettertid har loket grodd fast med plastglaset, slik at ingen i hushaldet greier å opna fluffet. her bør altså kjøparen anten vera sterk, eller kjenna nokon med kjempekrefter. det heile gjekk ut på dato i mai, men sidan det fastgrodde loket gjer at det heile er vakuumpakka, går det sikkert greitt å smørja det utover marshmallowsen ei stund til. uansett vil ein neppe merka noko skilnad i smaken. utropspris: 50 øre.

* Eller fluffen? her sviktar nynorskordboka.

30.6.08

DØYPING

desse døypingane tek visst aldri slutt. i helga var me endå ein runde på nordmøre, for å vera med då jon vart døypt. har du vore med på ein ti-tolv døypingar, har du vore med på alle, så der finst vel ikkje gode grunnar for å gå i detalj. stikkorda var som vanleg kaker og rosiner. far min og gjekk ein tur for å sjå etter katten, men me fann han ikkje. mor mi seier at det vert fleire døypingar utover sommaren. eg kan knapt venta.

23.6.08

DRØYMEFERIEN, DAG 3

[eg lova visst ein litt for heftig progresjon her. daglege oppdateringar frå drøymeferien vert det ikkje, men det kjem sånn litt etter kvart.]

17. juli - måndag (det er dette dette er)
Besto: Me overnatta i gamle rektorbustaden i gamle Trøndertun. Men gjekk til frukost hjå Margit og heldt oss der heile dagen. I kveldinga var alle til kaffi hjå fru Flakne (som no er 80 år). Om kvelden var det framvising av fargebilete.

ikkje uventa opplevde far min litt meir denne dagen.

19.6.08

JOBB

i dag kjem det ikkje noko nytt referat frå drøymeferien. der er andre storhendingar som må refererast - mor mi har fenge jobb. det komande skuleåret skal ho vera norsklærar og rådgjevar ved voss husmorvikarskule, noko som truleg er synd for elevane, men bra for far min. viss mor mi plukkar opp nokre triks på skulen, kan far min bruka tida til andre ting enn å koka egg og vispa krem.

tilsetjingsprosessen har vore eksemplarisk: skulen lyste ut ei fast stilling, delt på midten mellom norsklæring og rådgjeving. på intervjuet vart det meldt at det var snakk om eit vikariat, og at det var 66 prosent norsklæring og 45 prosent rådgjeving, altså 111 prosent. i går kom det ein e-post om at ho måtte melda seg på eit kurs i rådgjeving ved universitetet i bergen, og i dag kom det eit brev der ho fekk tilbod om stillinga, som no er 56 prosent norsk og 35 prosent rådgjeving, altså rundt 90 prosent. dette lovar bra.

18.6.08

DRØYMEFERIEN, DAG 2

16. juli - Sundag (Dette er dette.)

Besten: Frå Lom til Melhus. Mykje trafikk, skiftande ver. Me rasta på Dovrefjellet, straks etter kom det ei sur snøbye, - kvitt på bilen og kvitt på vegen. Det varde ikkje så lenge, heldigvis. Nedover Gauldalen gjekk det greitt, - til me kom til Kvål. Der høyrde me merkelege lydar, - sume meinte det var torever, andre at det var flydur. Men lyden kom frå tilhengjaren, eine hjulet var punktert og gjekk på felgen. Me hadde med reserveslange, og fekk låna verktøy så me fekk byta slange. Til Trøndertun kom me i seks-tida, og vart godt mottekne der.

Slik opplevde far min denne dagen.

17.6.08

DRØYMEFERIEN, DAG 1

15. juli 1978 - Laurdag (Kva er dette?)

Besten: Etter noko om og men vart det likevel til at me skulle ta ut på den lange turen me hadde snakka om og gledt oss til lenge.

Besto har pakka og ordna til i dagevis, og i gårkveld lasta me inn i bilen og på tilhengjaren. I Ygrevegen møttest to sjåførar som båe hadde vanskar med å rygge, men dei kom då forbi kvarandre til slutt. No er me i Lom, i ei triveleg hytte med utsyn over Lomsbygda og Lomseggi. Triveleg stad. Fint ver på turen hit, men snøbyer over fjellet, og litt regn her. Her er vel det det veret dei helst vil ha. Det er mange som vatnar.

Fjellet er storfelt. Mest når ein tenkjer på korleis det var før vegar og turistar kom.

16.6.08

JON

gravemaskinansvarleg på guffebloggen, onkel NR, fekk i dag ein son som skal heita sondre. me kan vel ikkje gjera anna enn å gratulera.

ei anna storhending som er i kjømda er treårsdagen til guffebloggen. nøytrale lesarar plar dra fram to høgdepunkt frå desse tre åra - kåringa av nasjonalpostkassa, og referatet frå drøymeferien i 1977. som ei traust gåve til dei mange trufaste lesarane våre kjem me den neste tida til å presentera ein annan versjon av denne ferien. det viser seg at far min ikkje var åleine om å referera frå denne turen - besten og besto samarbeidde om eit omtrent like interessant referat. dei er rett nok hakket meir poetiske enn far min, og bruker ein del ord som har gått ut på dato, men referatet har likevel interesse. etter turen laga dei ei skrapbok, der dei illustrerte referatet med ein del fotografiske fulltreffarar. me kjem til å publisera nokre av desse, fyrst og fremst for å visa at der finst bilete som ikkje seier meir enn tusen ord.

med litt flaks vert turen ferdig referert til 15. juli. då er alle inviterte til mimrefest heime hjå besten, for å markera at det er tretti år sidan turen tok til.

11.6.08

KRØPLING 1

sidan piffen har gått ut av kva seier besten-spørsmåla, dreg me i gang ein heilt ny og interessant serie, der me viser fram bilete av slektningar som har minst ein kroppsdel dei burde ha endra, dersom det hadde vore rom for det i budsjettet. fyrstemann ut er albert, og spørsmålet er: kva kroppsdel burde han ha gjort noko med?

(dette er forresten melding nummer 500 på guffebloggen. talet på kommentarar er no oppe i 986, slik at snittet er omvendt proporsjonalt.)

8.6.08

BRUKARUNDERSØKING 1

bensinprisane etter kvart nærmar seg eit fornuftig nivå. diverre fører det med seg at all slags neper vert politisk aktive, og det fører igjen med seg at partiet med det presise namnet framstegspartiet svingar seg opp på meiningsmålingane. det er difor fare for at landet vert høgrestyrt frå neste haust, og sidan foreldra mine er for tiltakslause til å flytta til eit varmare land, må me vel halda oss her. då må me nok leggja om til ein meir markandsretta profil, og me har difor drege i gang ei brukarundersøking.

resultata frå det fyrste spørsmålet er no klare, og tala gjev ikkje grunn til jubel. at heile elleve personar har røysta er rett nok minst fire gonger fleire enn me hadde rekna med, men svara deira er dystre greier.

spørsmålet var: kor ofte er du innom guffebloggen?, og svara fordelte seg slik:
ikkje spesielt ofte: 8 røyster
sjeldan: 2 røyster
aldri: 4 røyster
har ikkje internett: 4 røyster

nokre av desse elleve har røysta fleire gonger, og for å skapa ein illusjon av at det heile er truverdig må me difor fjerna dei doble røystene. då sit me att med 1 røyst på 'ikkje spesielt ofte', 2 på 'sjeldan', 4 på 'aldri', og 4 på 'har ikkje internett'. 8 av 11 guffeblogglesarar manglar altså internett, eller er her aldri.

5.6.08

BUSS

endeleg har barnehagen fått ein buss. det har sjølvsagt vore ein båt i barnehagen i årevis, ein båt må jo alle barnehagar ha, men no har me omsider fått ein buss på plass òg. eg var såvidt innom og kika på han for nokre dagar sidan, då han fekk siste finpuss med målarkosten, og hadde sett fram til å ta ein tur. det hadde diverre resten av ungane i barnehagen òg, slik at eg vart ståande langt bak i køen. og å køyra bussen var ikkje til å tenkja på, to røvarar i kvite og grøne t-skjorter okkuperte førarsetet til langt på kveld. han eine vifta til og med med ein pistol.

1.6.08

TRE

treårsdagen kom og gjekk. det var ein travel dag, med uvanleg mykje kaker. det heile tok til i barnehagen, der me åt kaker og song nokre songar på sidemål. deretter reiste eg heim, og då eg henta posten viste det seg at besto hadde sendt nokre vassbakkels. det store selskapet tok til i sekstida. nesten alle hadde kledd seg i lilla, og det var kaker og saft og hattar nok til alle. ikkje eitt auge var turt då kaka kom på bordet, og det vart sunge opptil fleire songar.

eg prøver å hengja med på den teknokratiske utviklinga, og har difor drege i gang ei lesarundersøking øvst i spalta til høgre. så langt er det litt engelsk tekst der, men så snart dei tek telefonen på bloggesentralen reknar eg med at det snart skal stå på ei meir praktisk språk.

28.5.08

GUFFEFILM 6



dei siste dagane har eg vore travelt oppteken med å skriva produksjonsplan for selskapet på fredag. eg går ut frå at eg ikkje treng å minna om at eg fyller tre år den dagen, eg reknar med at kvar og ein for lenge sidan har kjøpt inn høvelege gåver. gjestelista er på det nærmaste klar - mor mi stiller, fem over femmo stiller, og T frå barnehagen får snart ein invitasjon. menyen skulle òg vera i boks, og ingen undrar seg vel over at det vert nokre kaker. at temaet er ljoseraudt er vel òg som det skal vera.

på filmskulen har det vore mindre travelt i det siste. fem over femmo fekk hovudrolla i ein tidlegare guffefilm, og innsatsen der var ikkje mykje å skryta av. ho har likevel fått prøva seg igjen. resultatet er omtrent som venta.

sidan det snart dukkar opp litt fotball på fjernsynet, har eg oppretta ein ny blogg. velkomne kvar og ein.

23.5.08

AVSLAG

dei som sveipa innom nettsida til aftenposten kunne i dag lesa denne artikkelen. to bloggarar har søkt kulturdepartementet om kunstnarløn for skrivinga si. begge har fått avslag. avisa seier ikkje kva bloggar det handlar om, men det seier seg sjølv at guffebloggen er ein av dei. for at alle skal vera oppdaterte, kopierer eg her inn teksten frå e-posten eg sende departementet.

hei trond,

du kjenner ikkje meg, men du hugsar kanskje onkelen min frå hundreårsjubileet til noregs mållag for nokre år sidan? det var han som kom heilt til sist, i den lyse sommardressen, og som elles utmerka seg ved å ta stolen til jon fosse.

dei siste åra har eg blogga om likt og ulikt. aktiviteten har aldri vore direkte stor, men no er det hakket før all respons er vekke. i tillegg til mine eigne kommentarar er det berre frode, ein gardbrukar frå vestre slidre, og den nemnde onkelen i lys dress som kommenterer. likevel ville det vore greitt om du kunne betala meg litt for dette, sidan foreldra mine har sagt opp alle jobbane sine utan å tenkja på kva me skal leva av til hausten. dei fleste andre nynorske tiltaka her i landet (mållaget, vestmannalaget og fonna forlag) får alle statsstøtte, så då burde vel eg òg få?

viss du seier ja til denne søknaden, lovar eg å røysta på deg når eg får røysterett om 15 år.

med vennleg helsing
guffen

ref: jens kåre engeset, tidlegare styreleiar i ivar aasen-museet

LØVE

no har desse nepene i vestmannalaget rota det til igjen. etter at noregs fotballforbund omsider hadde innsett at det er så til dei grader avlegs at landslagsspelarar har flagg på drakta, og erstatta det med ein velskapt salamander, måtte vestmannalaget på liv og død gjera dette til den store saka i målstriden akkurat no. "no maa me faa draktor med noreg paa", skreiv dei i ei pressemelding, og la ved eit bilete der dei hadde manipulert logoframlegget ørlite. fotballforbundet skjøna raskt at dette var ein kamp dei ikkje kunne vinna, og droppa heile salamanderen.

det hadde som vanleg vore best om vestmennene ikkje hadde opna munnen. då kunne me fått ei drakt som står i stil med drakter det er naturleg å samanlikna seg med. viss dei absolutt skulle ta ordet i denne drøftigna, burde dei vel heller kome opp med dyr som passar endå betre enn salamander. hadde det ikkje vore for at det alt er ein sjiraff på dei tyske draktene, hadde det vore det beste valet. det kunne òg gjort seg med ein liten gris. eller ein talgokse.

17.5.08

KRIGEN

i dag vakna eg av ein eller annan salutt i sju-tida, og det tyder vanlegvis det same: eg og mor mi skal ut for å eta is og gå i tog og ropa hurra for alle kirgssiglarane. eg er berre sånn middels interessert, men så lenge mor mi kan lokka med svære mengder sjokoladeis, er eg rimeleg lett å be. fem på femmo har friare tøylar, og gjer som vanleg nett som ho vil. ho får difor ein drøymedag i boblebadet, med speedmetall og halvgode bøker.

i ein tidlegare kommentar nemnde eg forresten noko om komaden barnedåpar. eg har visst gløymt å fortelja at det har dukka opp to nye syskenborn i oslo. for ein gongs skuld har foreldra funne ut at dei ikkje bør heita jon, men av omsyn til personvernet er det greiast å bruka jon-namnet også her. to nye jonar i oslo, altså. lukke til, og til lukke.

14.5.08

VANILJESAUS

helga på nordmøre gjekk som vanleg etter planen. eller, me hadde vel eigentleg ikkje nokon plan, men det gjekk etter planen likevel.

mor mi og ti på femmo og eg køyrde nordover fredag, og vart der heile pinsehelga. me åt kaker og drakk vaniljesaus og kasta steinar i vatnet og åt litt fleire kaker. besten sat i bar overkropp og las gamle aviser og løyste kryssord. etter at helga var over vart besto med til gamlevegen, slik at eg kunne få litt meir vaniljesaus.

8.5.08

BESTEN 23

det er dårleg folkeskikk å trykkja den forvitnelege drøftinga om modernisering av postkasser lengre nedover på sida, men det vart no slik. og viss det verkeleg er slik at postkassa som så langt har fått flest poeng i nasjonalpostkassekåringa er fjerna, reknar eg med at juryen har ein jobb å gjera. kan ei nasjonalpostkasse liggja på lageret?

i helga som kjem skal eg og kvart på femmo og mor mi nordover, for å visa besten og besto og onkel T at kvart på femmo har lært seg å gå. persen så langt ligg på rundt tjue steg, ho er altså omtrent på same nivå som besten. apropos besten - kva seier han andre besten på biletet over?

5.5.08

MADAGASKAR

vel, det har vore ei roleg veke ved den fortvilte sjøen. besto har vore her i åtte-ti dagar; besten har vore her sidan onsdag. på vegen hit var dei innom på madagaskar, og kveldane har stort sett gått med til å visa fram bilete frå denne turen. viss interessa viser seg å vera stor nok, er det ikkje utenkjeleg at dette kan verta ein retteleg interessant serie. biletet over er frå ein landsby besto har gløymt namnet på, men det var på den nordlege delen av øya.

onsdag var mor mi travelt oppteken med kongevitjinga på jobben. ved middagen sat ho ved nabobordet til kongen, men ho sat til alt hell ved sida av ein av adjunktane han hadde med seg, ein kontreadmiral frå sjøforsvaret, slik at ho kjenner det slik at ho no har ein fot innom på slottet.

besten og besto reiser attende til voss i morgon, slik at frå no av må mor mi vaska opp sjølv.

29.4.08

TEATER

i går var eg på teater. eg trur det er fyrste gong noko slikt har hendt meg, og eg vonar det vert lenge til neste gong. stykket var karius og baktus, men i staden for å halda seg til det opphavlege tekstførelegget, altså romanen til torbjørn egner, hadde dei laga ein ny slutt der karius og baktus forsvinn ut av munnen til jens og ut på havet. for noko tull. eg vart reint trist der eg sat. viss det er slikt ein driv med på teater, kan dei ikkje rekna med at dei får meir av sparepengane mine.

besto har vore her nokre dagar, slik at det vert litt skikk på hushaldet. ho vaskar opp og vaskar golv, og kokar graut og broderer litt makramé. mor mi har det travelt før kongen kjem i morgon, og far min klamrar seg fast til dei siste restane av krøplingkortet. i morgon skal han opererast, slik at det ikkje er mange vekene før han må ta den tunge vegen tilbake til det vanlege livet.

24.4.08

ÅTVARING

det nærmar seg den tida på året når det aular ut med nye slektningar i oslo. tante b har termin i morgon; tante m har termin på måndag. eg reknar med at dei samkøyrer desse planane, slik at ungane også denne gongen vert fødde på same dag. det gjer det jo mykje enklare for slike som finn det for godt å memorera alle gebursdagar i slekta, i tillegg er jo eit slikt samantreff eit godt utgangspunkt for ein noreg rundt-reportasje ein gong i framtida.

mor mi meiner at det hadde vore kjekt med minst ei jente i slekta. eg er usamd, eg ser ikkje heilt kva som er vitsen med jenter. bortsett frå at me kunne vorte kvitt alle desse ljoseraude kleda som ligg på lageret.

eg reknar med at begge dei nye ungane vert fødde midt på natta. ingen av foreldra har innsett at slike nyhende ikkje har topprioritet heime hjå oss, og kjem difor til å ringja i halvfemtida, for å fortelja noko som like godt kunne venta til den vanlege opningstida. (i den vanlege opningstida ringjer dei forresten hit på ny, for å fortelja alt det same ein gong til.) i alle fall vonar eg begge foreldra mine hugsar å slå av ringjelyden på mobilane sine, før dei gøymer dei langt inne i vaskemaskina, slik at me ikkje skiplar dei ekstremt solide sovevanane her i huset.

21.4.08

SOL

sola skin, veret er fint, det er turre vegar og sno i fjellet, og foreldra mine gjer alt dei kan for å halda meg innandørs. eg fekk såvidt lov til å ta ein liten tur i hagen i går, men måtte inn att etter nokre minutt. sidan skorne eg hadde på meg i fjor sommar er i minste laget, har dei kjøpt nokre nye sko no. dei er litt større, men likevel ikkje så store at eg melder meg friviljug til å ta ein tur ut.

mor mi var forresten utom døra i går, ho òg. fyrste blomen han er komen, slik at det var på tide å skifta til sommardekk. det greidde ho relativt bra, framleis er alle fire hjula og tre av hjulkapslane på plass.

13.4.08

BESTEN 23

sist veke fekk me litt urettvis kritikk for å fokusera for mykje på den finkulturelle satsinga i oslo. for å retta opp dette går me til andre enden av den kulturelle gradestokken, og hentar fram eit sundagsbilete som viser kvardagslivet i ei tilfeldig innlandsbygd på vestlandet. kva seier besten?

11.4.08

OPERA

no går avisene i fistel igjen, og alle kan by på bilete frå og tankar rundt den nye operaen. for oss i gamlevegen er dette gamalt nytt, sjølvsagt, det er fleire månader sidan me gjekk gjennom det huset. me likte det me såg, spesielt far min, som jo har lagt seg på ei relativt minimalistisk line. så snart dei får litt wagner på programmet, tek me turen til oslo igjen.

far min var forresten inn på scena og song fyrste verset av "nordmannen". han gjer difor krav på å vera den einaste som har sunge dette verset både på scena til den gamle og den nye operaen. (han har i tillegg framført dette verset frå dirigentstolen i berlinfilharmonien, scena i palau i barcelona, og frå talarstolen i byrådssalen i oslo rådhus. og sjølvsagt på north bank på highbury.)

festen for fem over halv femmo i går gjekk forresten etter planen, noko som sjølvsagt var ein lei nedtur.

8.4.08

INNKALLING

i morgon (onsdag) vert det stor jubileumsfest i gamlevegen. halv femmo fyller eitt år, og ho opnar dørene for alle som har interesse av å vera med. det vert nok av kaker, mange spanande leikar, utlodding med fine premiar, og ein tale eller to. programmet for dofestveka vert òg gjort kjent i løpet av seansen.

det heile tek til halv fem, og varer til det er slutt. velkomne kvar og ein.

4.4.08

BOIKOTT

akkurat no er det visst boikott av ol i peking som er det heitaste avistemaet. nokon vil unngå boikott, nokon vil boikotta opningsseremonien, medan andre, mellom dei sjølvaste statsministeren, vil unngå alt som har med boikott å gjera.

sett frå den eine sida er det jo lett å vera samd med han. sist noreg boikotta ol, i 1980, var det ein rein protest mot at sovjetunionen hadde invadert afghanistan. så gjekk det 25 år, og så invaderte noreg afghanistan. det seier seg sjølv at dersom noreg boikottar ol av di kinesarane ikkje tek omsyn til menneskerettane, vil det gå 25 år før noreg gjer det same.

sett frå den andre sida er det jo dumt å ikkje boikotta noko, når ein har ein så god sjanse til å gjera det. kunne det ikkje gått an å boikotta opningsseremonien, og alle idrettsgreinene der noreg ikkje har med utøvarar?

3.4.08

ENDRING

foreldra mine har lagt seg på ei ny line for tida. tidlegare delte dei alle oppgåver femti-femti, eller i alle fall førti-førti. men etter det fatale telemarksnedslaget til far min tidleg i mars har han vorte endå meir redusert, slik at arbeidsdelinga no er rundt sytti-null, i mor mi sin favør. far min lever glade dagar, og les gamle målbøker, medan mor mi skutar til og frå. eg og halv femmo gjer sjølvsagt ikkje ein drit.

av anna nytt er det lite melda, bortsett frå at begge foreldra mine er inviterte til ein kongemiddag i slutten av månaden. og at eg endeleg har perfeksjonert kunstforma "drita i buksa ti sekund før me kjem inn i barnehagen om morgonen".

29.3.08

SAMTALE

relativt autentisk frå frukostbordet, laurdag morgon:
mor mi: er det ikkje kjekt at me har ti over firo?
eg: ikkje sikker. kanskje.

24.3.08

BESTEN 70

det er travle dagar, som vanleg. me reiste heimatt frå ei påskeveke hjå besten og besto på voss, og overnatta såvidt i volda før me for vidare til besten og besto på nordmøre. besten fyller 70 år, og han og besto hadde invitert det vanlege drøymelaget til ein fest som truleg ikkje kjem til å skriva seg inn i sogebøkene. høgdepunktet var då formannen i hovdebygda ungdomslag sølte kake på trygg.

påsken kjem elles til å verta hugsa for alle krøplingane som var til stades. far min hinka rundt store delar av tida, og var knapt ute i friluft heile veka. i rein sympati braut tante k ankelen, godt og vel eitt år etter at ho vann oscar. bakken ho datt i var nesten like bratt som den mor mi datt i på beitostølen i januar, og mor mi har stort sett berre snakka om kor heldig ho er, som ikkje fekk varige mein etter ein slik luftetur.

sidan besten er med på biletet, og sidan han jubilerer i dag, er det fritt fram for å koma med kva seier besten-framlegg, men desse vil ikkje telja med i samandraget.

18.3.08

PÅSKE

påskefeiringa er i gang, og så langt har det vore godbit på godbit. me er hjå besten og besto på voss, og me er ikkje akkurat heilt åleine. som om ikkje det var nok, går det rykte om at onkel k tek med seg hushaldet og kjem rekande, i alle fall om han får start på "bilen".

opninga av påskeveka har vore travel, med eit mangslunge program. me har til dømes drive litt med eting, litt med drikking, løyst ein del påskenøter og sett på ikkje så reint lite påskekrim. dei sprekaste i familien greidde òg å grina seg til ein skitur, men det vert truleg med den eine turen.

13.3.08

NETTMØTE

nettmøtet er no avslutta. takk til mor mi som stilte opp utan å mukka. dei som vil friska opp att tidlegare nettmøte finn dei her (besten) og her (tante k). guffebloggen har altså ein kvinneprosent på minst femti når det gjeld nettmøte, og er såleis heilt i tråd med intensjonane til samferdsledepartementet. eg kjenner ikkje til konkrete planar for komande nettmøte, men tek gjerne mot framlegg på personar som kan vera aktuelle.

Eg har berre eit spørsmål: Korleis er bryllaupsmarsipanen i år? Klem, Frode
Det veit eg faktisk ingenting om, men du kan spørja far til Guffen.

Eg har eitt spørsmål til:Frå kva ende er det best å byrja å eta påskeegget; den spisse eller den butte? Klem, Frode
Dei fleste påskeegga er ikkje berre spisse og butte, men også flate på undersida, eller baksida om du vil. Dermed blir det også eit spørsmål om ein skal starte frå den flate eller en runde sida. Det beste er å legge den flate sida ned, og så starte frå den spissaste enden. Der er det mest sjokolade, iallfall gjeld dette dei sjokoladetrekte, halvflate egga. Klem, Mor.

Etter nærare omtanke, noko som vel framleis er lov, synest eg ikkje kukola skal skrive innlegg i namnet åt Frode med skrivefeil. For ein type, og han skal vera redaktør? Hmmm... Men gift skal han bli. Klem, Frode
Eg visste ikkje at Kukola skal gifte seg. Kvar skal det skje? Og når? Klem, Mor.

Eg elskar marsipan! Klem, anonym
Eg likar marsipan ganske godt, men ikkje alle typane er like gode. Anton Berg-egga er truleg dei beste, så kjem Nidar sin flate påskemarsipan, marsipanen i Twist-posen, og litt uti leksa: dei meir vanlege påskeposane og kolibriegga. Klem, Mor.

Kvifor finst ikkje jolemarsipanen som joleegg? Klem, Frode
Joleegg? Hallo! Kva kjem først? Jula eller påska? Julemarsipanen finst til dømes som hjarte, juletre og gris, medan påskemarsipanen har lagt seg på egg, sol og høne-stilen. Kvifor både jule- og påskemarsipanen satsar på ulike pølsevariantar er litt uklart. Klem, Mor.

Går det an å koke påskeegg saman med vanlege egg? Bør ein i tilfelle bruke egg frå frittgåande høner? Klem, ikkje Frode
Påskeegg kan du koke saman med vanlege egg, men påskemarispanegg ville eg ikkje ha koka. Eg veit ikkje så mykje om egg frå frittgåande høner, men trudde i grunnen dette skulle vere eit nettmøte om påskemarsipan. Klem, Mor.

Bør ein påskemala marsipanegg? Klem, Jakob Sande
Nei, det bør ein ikkje. Anton Berg-egga er alt måla, og dei fleste andre har sjokoladetrekk. Mange har dessutan kakestrøpynt i tilllegg. Det får halde. Klem, Mor.
PS: Er ikkje Jakob Sande død?

Kan ein dele opp ordet mars-i-pan og likevel skjøne kva det er Frode eigentleg snakkar om? Klem, kukola
Mars-i-pan er vel delt opp. Vil du dele det opp enda meir? Klem, Mor.

kan ein skjøna kva frode eigentleg snakkar om? Klem, guffen
Ofte er det vanskeleg å forstå kva både Frode og Kukola snakkar om. Du, Guffen, skjønar eg meg betre på. Klem, Mor.

Du voks jo opp i ein familie med notoriske marsipanhatarar. Korleis har det seg at du er så glad i marsipan no? Helsing far min
Hæ? Marsipanhatarar? Det var vel meir snakk om å dele den stakkars marsipanstonga i ein og annan twistpose i fem pinleg nøyaktige delar. Helsing Mor.

Korleis verkar prismekanismen inn på marsipanprisane? Autoklem, mor mi
Dette var visst eit spørsmål til meg sjølv. Eg lurer kanskje eigentleg mest på kva prismekanismen er, sånn generelt, men sidan eg snart skal seie opp jobben min, så er det snart for seint å finne ut av dette. Marsipanprisane er iallfall ofte halve frå midt i januar og i nokre veker, og frå rett etter påske og til uti mai. I butikkar på små plassar kan du finne restlager med utgått marsipan i ei oppstilt handlevogn mange månader etter den sesongen marsipanen var tiltenkt. I år vart det berre ein kort periode med halv pris på julemarsipan, og det er fordi påska kjem tidleg. Det har igjen noko å gjere med første fullmåne etter første søndag etter noko. Mor.

11.3.08

BESTEN 22

som vanleg er det i dag dags for ein spesialrunde med besten-kommentarar. spørsmålet er som vanleg: kva seier besten?

me minner òg om at det ikkje er mange dagar att til nettmøtet der mor mi fortel alt ho veit om marsipan. send gjerne inn endå fleire spørsmål.

8.3.08

KVINNEDAG

mor mi er, slik dei fleste veit, ei knallhard og kompromisslaus kvinne. ho feirer difor kvinnedagen etter vanleg folkeskikk - den dagen gjer ho ikkje ein drit. i dag tidleg fann fem over firo ut at ho ville testa om dette var sant. eg og far min hadde sjølvsagt stått opp for lenge sidan, for å sjå klar-ferdig-gå! på nrk1, og fem over firo nytta høvet til å vekkja mor mi, og krabba bortover mot sengekanten.

mot mi gav ein god ein, slik at fem over firo stupte med hovudet fyrst dei 60-70 centimetrane ned mot golvet. resultatet vart både lydrikt og fargerikt. fem over firo har bede meg om at eg ikkje publiserer bilete av ho no, sidan området mellom nasen og munnen er til dels sterkt opphovna, men ein liten flik av froskepyjamasen hennar er vel sterkt nok hint om korleis andletet hennar ser ut.

mor mi meiner at dette er slik det skal vera, og eg går ut frå at alle andre temporært farlause ungar har det på same måten i dag.

6.3.08

PÅSKE

påskehøgtida er visst rett rundt hjørna. me skal visst til voss, seier far min, for å drøfta oppussing med ein snikkar og ein arkitekt som ikkje svarar på breva hans. mor mi er litt meir i tvil, ho kunne heller tenkja seg nokre rolege dagar på nordmøre, i godt selskap med nokre gamle vekeblad og ein gal hund.

eg og firo er for ein gongs skuld samde med far min, slik at alt tyder på at neste helg pakkar foreldra mine altfor mykje inn i bilen, før me køyrer sørover. det einaste som manglar er ei avgjerd på kva som skal vera temaet denne jola. det er heile ti dagar til palmesundag, så det skulle vera rom for mindre kirurgiske inngrep, dersom det vert aktuelt. me tek som vanleg mot alle former for framlegg.

1.3.08

MARSIPAN

folk er rare. kvart einaste år får folk dillo når dei ser jolemarsipan i butikkane alt i oktober, men ingen reagerer når dei ser påskemarsipan i butikkane i februar, over eit halvt år tidlegare. kva dette kjem av er ikkje godt å vita, men det er i alle fall sikkert at mor mi er glad for at det er slik. når butikkane omsider går tomme for sterkt rabattert jolemarsipan, kjem påskemarsipanen. denne er heilt identisk, om ein då ser vekk frå at emballasjen har ei litt meir påskerelatert utforming.

mor mi har det travelt for tida, sidan ho sjølvsagt ynskjer å finna ut om påskemarsipanen har same kvalitet som i fjor. ho har difor kjøpt inn ein av kvar, og utover kveldane gumlar ho på kolibriegg, påskemarsipan, marsipanegg, marsipanpølser og det som verre er, og for å gjera det heile komplett varierer ho med påskesjokolade og påskeseigmenn. ho må difor reknast som ein av dei store påskemarsipankjennarane på nordvestlandet, og for å gjera livet enklare for kvar og ein, stiller ho til nettmøte om påskedigg torsdag 13. mars, litt utpå kvelden. send gjerne inn spørsmål alt no.

27.2.08

NORDMØRE

drøymehelga gjekk etter planen, slik det ofte gjer på nordmøre. ti på firo fekk skryt for at ho hadde kome seg, eg tok nokre traktorrundar med besten, far min angra på at me ikkje venta ei veke med turen, slik at han kunne fått handla litt bøker på sira gamle skule, og mor mi deiga seg i sofaen med nokre utvalde artiklar om kaker ho aldri kjem til å baka, lusekofter ho aldri kjem til å strikka, gamle damer som har pynta huset sitt til jol, og gladartiklar der dei har pressa fem-seks generasjonar inn på eitt og same bilete. besto stulla med sitt.

heime i volda viste det seg at der har kome nokre rotne eple i nabolaget. natt til tysdag hadde nokon brote seg inn hjå oss, og klint kattedrit under skorne til far min, skorne til mor mi, og skorne mine. ei stund var fem på firo hovudmistenkt, men dei generelle koordineringsproblema hennar gjorde at me lot bakar gå for smed. me tek gjerne mot tips i denne ufine saka.