28.6.07

SUPPE

far min er travelt oppteken med ein eller annan nynorskfestival, der det er vanleg praksis at festspeldiktaren stiller med fiskesuppe. tilfellet ville at far min i går kveld vart sitjande på nabobordet til festspeldiktaren, og ho vart ikkje lite opprørt då ho såg at far min ignorerte fiskesuppa, og i staden pirka i ein enkel salat.
festspeldiktaren: hæ? et du ikkje suppa mi?
far min: nei, eg er vegetarianar.
festspeldiktaren: hæ? korleis vert du mett då?
far min: nei, det går no på eit vis.
(pause)
festspeldiktaren: jaja, du ser no ikkje vidare tynn ut.

25.6.07

SNITT

den alltid like pålitelege oslo-avisa aftenposten kunne i går melda at ein blogg i snitt lever tre månader. guffebloggen kan snart feira toårsjubileum, slik at eg indirekte er med på å dra opp snittet. i farten kjem eg ikkje på andre område der eg dreg opp snittet, men ein stad må eg jo byrja.

ser ein slekta under eitt, vert resultatet verre. så langt har eg registrert desse slektsbloggane:
11 dagar: fjernsynsbiffen
16 dagar: jon
50 dagar: dritbloggen
6 dagar: beffen
5 dagar: klaffen

til saman ligg altså desse fem på 88 dagar, altså nøyaktig det same som dei tre månadene februar, april og november. ting tyder altså på at eg er frå ei slekt sånn på snittet.

20.6.07

FESTIVAL

som vanleg er eg misnøgd med alt som står i avisene, og akkurat no er det dette festivaltullet eg irriterer meg mest over. dei fyrste vekene i juni kvart år er alle aviser fulle av detaljar om absolutt alle festivalar i heile landet. for dei fleste av oss er dette heilt uinteressant. me har rett nok lagt opp til nokre festivalar denne sommaren, men avgrensar oss til dei to festivalane der korkje big bang eller odd nordstoga skal spela - dofestveka i volda, og fjellfestivalen på åndalsnes.

me reknar med at me får med oss nokre turar på festivalane. under dofestveka kjem me alle til å gå på do, i alle fall viss mor mi får fiksa dorullhaldaren, og på fjellfestivalen får me sikkert teke nokre fjellturar, alle fire. bortsett frå mor mi, som slit med seinskader frå fødselen. og bortsett frå far min, som har ein fraktert ruptur. og bortsett frå ti på halv too, som er litt ustabil i bratt terreng. og bortsett frå meg, som heller vil gjera noko anna.

13.6.07

BESTEN 11

du snakkar meg om. her kjem det pikerten eit nytt besten-bilete. så langt har det vore klart størst respons på bilete av han andre besten, men akkurat det hintet tek eg ikkje.

biletet denne gongen er frå ei eller anna strand, der interessa for bading var relativt jamt fordelt. kva seier besten?

12.6.07

MEKLING

no treng me litt hjelp. mor mi er lei av at kvart på too ikkje har fått eit meir vitskapleg namn, og har pressa gjennom ein knallhard frist. i morgon klokka seks, under det daglege familierådet, skal me avgjera om kvart på too skal få eit anna namn, og eventuelt kva det namnet skal vera. sakspapira, som sjølvsagt kom i posthyllene dagen før møtet, viser at partane står langt frå kvarandre.

mor mi meiner at det er på tide med eit nordmørsnamn. sidan guffen er mest brukt på voss, meiner ho at eit nordmørsnamn vil retta oppatt balansen. eg har ikkje akkurat merka meg denne manglande balansen, men viss det er nokon i hushaldet som er fikserte på balanse, er det mor mi. ho kjem i alle fall med desse fem framlegga: ole mekkal, nils tore, gerner, onkel trygg og dagrun.

far min meiner at det er på tide at me tonar flagg, og viser kvar me kjem frå. hulda og arne garborg kalla son sin arne olaus fjørtoft garborg, for å visa kven som var dei ideologiske ideala deira. til dagleg kalla dei han berre tuften. far min meiner at me bør friska opp denne måten å namngje ungar på, og han kjem difor med desse fem framlegga: kjell ottar moen midttun, harpo marx, general custer, mary celeste og johs. belsheim.

eg meiner at ordninga med å kalla opp nære slektningar er ideell, og har difor kome med desse to framlegga: aslak l., guffen l.

så det er ikkje heilt lett å sjå fellesnemnaren her.

10.6.07

DOFESTVEKA

tante I var innom i helga, og ikkje uventa var det travle dagar. ho er leiar for den årlege dofestveka, som i år vert i slutten av juli. det vert som vanleg eit stramt program, og for mange vert nok høgdepunktet den årlege meisterturneringa i kubbespel. det vert truleg òg nokre rundar med maksi-mikado, og dersom far min vert ferdig med spikkinga, vert det sikkert høve til å spela krokket.

som vanleg ventar me storinnrykk, slik at alle kan ikkje rekna med å få plass i herbyrget. gledeleg nok veit ikkje husvertane heilt kva slags folk som kjem innom, slik at dei har sagt at alle som vil kan bu på gjesteromma deira. i tillegg tek tante K og onkel NR med seg den nye campingbilen sin, slik at det ordnar seg nok med sengeplass for alle.

sjølv om programmet ikkje er heilt klart, tek me mot påmeldingar alt no. hadde det vore korn med i biletet, kunne me sagt noko om fyrstemann til mølla, men det passar altså dårleg i år.

dofestveka er ein årleg kulturfestival - les referatet frå dofestveka 2006 her. føremålsparagrafen for dofestveka handlar om å friska opp den gode samtalen. dofestveka er sponsa av sippah.

8.6.07

TO

jaja, i går var det litt av ein dag. etter nokre rundar med is i barnehagen sprang eg heimatt for å eta kake i lag med alle dei beste venane mine. det viste seg at eg ikkje har gode venar, så me inviterte i staden herr og fru jens johansen, ho på biblioteket, besto, barnevakta, og ei som er vitskremd berre ved tanken på at ho kan verta nemnd på internett. stemninga var som venta relativt laber.

besto reiste heimatt i dag, etter å ha vore innom alle nille-butikkane på vestlandet. ho hadde heller ikkje større problem med å aktivisera seg sjølv dei timane nille held stengt. ho henta fram ein pose med halvferdig handarbeid, og sette i gang med å brodera nokre gryteklutar. ho greidde ikkje stoppa før grytekluten var stor nok til at kvart på too kunne bruka han som golveteppe.

i dag har me ein drøymedag på moa, der me skal eta is og henta tante I.

5.6.07

RUPTUR

ei besta kjem sjeldan åleine. etter fire dagar i sus og dus og ananasbrus på nordmøre, kom me attende til gamlevegen i går. det tok ikkje spesielt lang tid før ho andre besto dukka opp. ho er heldigvis hakket meir lunken til alle desse presangane andre har med seg, og satsar i staden på det mest elementære: kvart på too fekk ingenting, medan eg fekk ein kaninsjokolade og eit kryssordblad.

far min var innom hjå dokteren her om dagen, og fekk ein førebels diagnose på nokre av plagene sine. det viser seg at der er ein horisontal degenerert ruptus i bakre horn. ruptusen er gjennomgåande, men likevel utan noko stor parameniskal cyste. tilhøva i nabolaget er normale, sett bort frå at sentralt i patella er der nokre mindre grad 1-endringar i bruksen. dette kan passa godt saman med chondromalasi. i femorotibialleddet er alt normalt. i superapatellare bursa er der tendensar til væsking, medan det ikkje er merknader ved quadriceps-sena og patellarsena. alt dette er visst noko han kan ordna sjølv, berre han får kjøpt seg eit verktyskrin og litt verkty.

1.6.07

BESTEN 10


på denne tida av året kjem ferieturane tett som hagl. denne veka har mor mi og eg og kvart på too teke endå ein tur til besten og besto, for å klappa kalvar, kika på traktorar, og eta ei og anna kake. i mellomtida er far min med på den årlege diktklubbturen sin. denne gongen reiste dei til eit eller anna fyr, der dei stal lommebøker og skreiv dikt om damer med stjert.

besten og besto er ein snartur på island, og då passar det jo ekstra godt med eit nytt bestenbilete. duk på bordet, englar i vindauga, ungar i bunad, ljos på bordet, ein unge med laserauge - alt tyder på at biletet er fotografert heime hjå besten og besto. kva seier besten?