29.7.06

TELEMARK

dette bør vel ikkje koma ut, men me har køyrt oss vill. telemark er ikkje lettaste fylket å orientera seg i, sidan alle dalar er prikklike, sidan alle vegar ligg midt inne i skogen, og sidan alle bygdesentruma ligg langt frå nærmaste veg. akkurat kvar me er no veit me ikkje, og me har difor heller ingen idé om kor tid me kjem oss herfrå. me kan ferie.

TOVDALEN

via ukjende og uventa vegar la me inn ei overnatting på ein storgard i tovdalen. vertskapet var bortreist. me kunne difor gjera nett som me ville, men det gjorde me ikkje. i staden gjekk me rundt og såg på dei mange kjøkkena, den store samlinga med noregsglas i kjellaren, dei mange bøkene, utsikta over vatnet, alle møblane, dei mange gardinene, og veggmåleria av to litterære nissar pluss dei tre heltane vinje, aasen og garborg.

til frukost dagen etter åt me litt pottittgull og drakk noko gamal vin me fann inst i eit skåp, før me reiste vidare. me kan ferie.

DRANGEDAL


sjøormmuseet i seljord er eit museum ein gjerne gjer seg ferdig med der og då, men slik er det ikkje med sputnik-museet i drangedal. her kan ein koma att mange gonger, og heile tida finna noko nytt å gleda seg over. utstillingane er framifrå, informative, og tvingar publikum til å reflektera over sin eigen livssituasjon. for tida køyrer avisa aftenposten ein artikkelserie der dei viser at norske museum ikkje greier å fornya seg, og det er ei stor skam at dei ikkje dreg fram sputnikmuseet som eit godt døme på nytenking, innovasjon, vilje til å gå nye vegar, og evna til å seia det same om att med nye ord. mor mi feira den gode museumsopplevinga med ein trippel macchiato to go, medan far min og eg delet ein liten pose pottittgull. me kan ferie.

biletet over seier vel det meste, men me tek like godt med eitt bilete til:

HOVDEN


her var me berre innom ein kveld, for å ta del i planlegginga av russetreffet til hausten. som dei fleste veit, er mor mi (til venstre) raudrussformann; far min (til høgre) blårussformann, medan eg (i midten) er gufferussformann. om ikkje lenge er gufferussknutereglane klare.


som dei typiske russane me er, gjekk det denne kvelden med store mengder vin, og små mengder pottittgull. me kan ferie.

SELJORD


få plassar i telemark har så mykje å by på som seljord. i tillegg til alle brukskunst-utsala, landhandlane og bensinstasjonane, er det her det vidgjetne sjøorm-museet ligg. argumentasjonen i utstillingane er så solid at det skal godt gjerast at nokon går herfrå utan å vera samde om at det finst sjøormar. biletet over viser far min saman med eit par sjøormar museet fanga under jolebordet i fjor.

sidan seljord sjøormmuseum i fjor fekk den prestisjetunge prisen "årets sjøormmuseum", feira me dette med litt vin og litt pottittgull. me kan ferie.

25.7.06

KRISTIANSAND

me reiste ikkje til kristiansand denne gongen, på grunn av det dårlege quart-programmet.

21.7.06

GOL

på gol tok me som vanleg inn på den største campingplassen i hallingdal. han har eit fascinerande klientell som stort sett held til i fastspikra campingvogner.

desse campingvognturistane er eit eige folkeslag. dei finn ein campingplass der dei spikrar campingvognene fast rundt fem meter frå nabocampingvogna, og har mellom anna desse kjenneteikna:
* dei markerer gevir ved å setja opp hagegjerde rundt vogna.
* kvar kveld arrangerer dei diktkveldar der dei les dikt av edith södergren, walt whitman og alma haug.
* kvar fredag syner amatørskodespelargruppa deira skodespel av framståande italienske dramatikarar.
* dei ivrigaste campingvognturistane er med i frimurarcampingvognturistlosjen, eit hemmeleg brorskap som arbeider for høgare bompengeavgift for campingvogner. (trass namnelikskapen har det ingenting med frimurarlosjen å gjera.)
* dei er ei ivrig pressgruppe, som mellom anna har arbeidd for større utval i vegetar-rettar på esso-stasjonar langs e6.
* dei gjev ein god ein i fotball, og bruker i staden mykje tid på å drøfta kvifor israel bør ta til vitet.
* dei opnar dagen med ein kort og hektisk joggetur i sekstida.
* resten av dagen går dei i sandalar, og spelar ein del badminton.

alt dette og meir til fekk mor mi vita då ho vart med på eit møte i dobbel macchiato to go-klubben på campingplassen. dei serverte òg litt pottittgull.

far min og eg nyttar i staden tida til å lesa lokalavisa, som på framsida kan melda "plantar forhatt vier ved hytter". me kan ferie.

JØLSTER

me tok ein kort stopp i jølster for å sjekka at alt fungerer som det skal. me overnatta på ein gard langt oppe i lia, og vart plasserte på det varmaste rommet i landet. eg nytta høvet til å skipla den haltande døgnrytmen endå meir, og reknar med at før ferien er over skal eg greia å sova heile dagen, og vera vaken heile natta. me kika òg litt i den lokale avisbua, men fann ikkje noko av interesse.

på veg til jølster vart me liggjande bak ein bil med ukjende skilt. eg spurde far min kvar bilen kom frå, og han sa at bilen var dansk. eg svara: - ein danskje? køyr na nid!

medan eg og far min las lokalavisa (framsidesak: marerittet over for eigil) nippa mor mi som vanleg til ein dobbel macchiato to go og ein neve pottittgull. me kan ferie.

20.7.06

ÅRSMØTE

fusa vaffel- og mikadolag held årsmøte i hagen i gamlevegen omtrent klokka tolv i dag.

vanlege årsmøtesaker.

19.7.06

RUNDE

ferien held fram. me hadde eit samrådingsmøte i går, der me vart samde om dei viktigaste måla for ferien. det er ikkje noko bombe at det viktigaste målet vart å friska opp den gode samtalen. i heile ferien kjem me til å handla etter mottoet "dette har me gjort før". mottoa frå i fjor, "ikkje ta ansvar", "ikkje spel på lag" og "tol endå mindre enn vanleg" vart forkasta, etter kraftige ordskifte.

me prøvde ut måla og mottoa på ein tur til runde i dag. sidan me alle har mange års røynsle med å spasera opp på rundebranden, valde me denne gongen å ta ein båttur rundt runde. som vanleg vart me rundlurte av annonseringa - det var slett ikkje snakk om nokon båttur rundt runde, det var i staden ein liten tur ut til fyret, med retur same veg. av og til flaug det ein fugl eller to forbi. dette var av stor interesse for dei andre på båten, som ropte ut det eine obskure fuglenamnet etter det andre, medan foreldra mine ikkje visste anna råd enn å ropa "fugl! fugl!". eg kunne sjølvsagt assistert dei, men for det fyrste sov eg det meste av turen, og for det andre var redningsvesten min såpass stor at eg ikkje såg stort.

me betalte altså i dyre dommar for å ta ein båttur langs runde for å sjå på nokre fuglar me ikkje veit namnet på. me kan ferie.

17.7.06

BATNFJORDEN

ferien er i gang. som oppvarming tok me nokre dagar hjå besten og besto på nordmøre, og det var som vanleg innhaldsrike dagar. me tok ein liten spaserur oppover bakkane, me åt ein del kake, og me sov ikkje så reint lite.

laurdag var far min og onkel J travelt opptekne med å kappa og kløyva ved. det kom ein liten hoggorm tassande, og onkel J fotograferte litt før han fortalde besten kva som var i ferd med å skje. besten høyrde ordet hoggorm, og var ikkje sein med å hogga hovudet av han. eg er lite van med ormar, men visste ikkje at det var samanheng mellom ormenamn og aktivitet. dersom besten ser ein brilleslange, tek han på seg briller?

siste dagen slo det meg forresten at å reisa frå besten og besto er omtrent som å fly frå gardermoen i dårleg ver. alt er pakka inn i bilen, avreisetidspunktet er klart, alle passasjerane er klare, sjåføren har bil-lyklane i handa, men ein må nett venta på klarsignal før ein kan ta ut. me kan ferie.

13.7.06

SOMMAR

fotball-vm er endeleg over. eg trudde at det hersens fjernsynet kunne få seg nokre kviledagar, men slik gjekk det ikkje. sidan far min gjekk glipp av altfor mange vm-kampar, insisterer han på å sjå absolutt alt frå tour de france. eg trur det er to viktige grunnar til det - for det fyrste er det stas å sjå at thor hushovd går på smell etter smell, og for det andre har far min ein hemmeleg draum om å verta sjåfør på ein av fylgjebilane. å køyra frankrike rundt i 40 km/t vert omtrent som å køyra til finnmark i 60 km/t.

dei som ikkje er glade for at vm er over, og som framleis har eit nedtrykt humør av di brasil ikkje vann, kan gå til denne sida for å skaffa seg eit brasilsk fotballnamn. frå no av er eg guffinho.

mor mi har siste arbeidsdag før ferien i dag. sidan me brukte altfor mykje pengar på pizza, pottittgull og vin i mars og april, legg me inn ein minstepensjonistferie i sommar. me pakkar ein del kjekspakker inn i bilen, og køyrer rundt på fire eller seks utvalde sider i naf-vegboka. det luktar ein ny drøymeferie, med andre ord.

batnfjorden runde jølster gol kristiansand seljord hovden drangedal tovdalen telemark stavern oslo etnoferie voss feriegalleri1 feriegalleri2 feriegalleri3

9.7.06

VM-RESULTAT 25

under finalefesten vart det så fullt hus at nokre måtte sitja i garasjen, og få oppdateringar på mobiltelefon. publikum gleda seg mest over at zidane, på same måte som i 1998-finala, fekk drøymetreff på to headingar. mykje applaus var det òg då stein inge fekk diplom for den suverene tippinga. (flybilletten kom på 2799 kroner, slik at kvar og ein skal betala 140 kroner for flyreisa hans.)

thor morten kneip den viktige tredjeplassen, etter å ha tippa at frankrike tapte finala. i dameklassen gjorde sure-bjørg det best. saman med mor mi får ho honnør for å vera den einaste i teten som ikkje har endra tips eller reglar i løpet av turneringa.

arnfinn får rune thelens minnepris for å vera den einaste som tippa italia som verdsmeister.

me merkar oss òg at alle tråane fekk totalt 86 poeng, medan alle helleveane fekk totalt 333 poeng.

så snart stein inge får sendt kontonummeret sitt til sekretariatet, vert det sendt vidare til alle deltakarane, med oppmoding om rask betaling.

takk for no, og vel møtt att til em i 2008.

endeleg resultatliste:
249 poeng: stein inge
119 poeng: eirik
86 poeng: thor morten
83 poeng: sure-bjørg
79 poeng: marit
77 poeng: ragnhild
72 poeng: gjert
69 poeng: erling
68 poeng: balle, arnfinn
67 poeng: kjetil, torunn
66 poeng: matias
64 poeng: jens johan
62 poeng: tørsten
55 poeng: halvor
53 poeng: øystein
52 poeng: docmartin
48 poeng: gaute
34 poeng: lars
18 poeng: kjartan
0 poeng: eivind

FINALEFEST

finalefesten er i full gang, fem timar før avspark. det er ope hus i gamlevegen, og mor mi stiller med store mengder pottittgull og vin. så langt ser det ut til å vera ei hårfin overvekt av franske supporterar.

kjartan er forresten tilbake i tippinga, tre og ei halv veke etter at han tok ein pause. det viser seg at han som einaste tippar har tippa både italia og frankrike til finala, og finaletipset hans er 1-0 til italia.

8.7.06

VM-RESULTAT 24

lite poeng i dag, men mange skåra godt på at oliver kahn fekk spela ein kamp. heilt i teten er det ingen endringar, medan thor morten tok over tredjeplassen, som er den plassen det knyter seg størst spenning til.

etter at sure-bjørg prikka inn både kahn og at portugal tapte bronsefinala, blanda ho seg inn i kampen om tredjeplassen. tørsten satsa alt på ein langspurt, ved å få poeng for kahn, og, imponerande nok, for å tippa at tyskland vann bronsefinala 3-1. det er likevel vanskeleg å sjå korleis han skal klatra høgare på lista.

slik er stoda for dei fire som kjemper om det ledige trinnet på pallen:
*marit er ferdig, men har inntil vidare eit sikkert grep om den magiske fjerdeplassen.
*ragnhild får fem poeng dersom det ikkje vert straffespark-konkurranse i finala. men då får òg thor morten fem poeng, slik at det vert vanskeleg for ragnhild å koma på pallen.
* sure-bjørg kan få fem poeng dersom frankrike vinn, sju dersom dei vinn 1-0, og ti dersom dei vinn på straffar.
* thor morten får fem poeng dersom frankrike tapar, sju dersom dei tapar 1-2, og fem dersom frankrike vinn utan at kampen går til straffar. dersom henry pirkar inn to mål, vert han toppskårar, og då får både sure-bjørg og thor morten fem poeng for det tipset.

kampen om det nedste trinnet på pallen står altså i realiteten mellom thor morten og sure-bjørg.

249 poeng: stein inge
114 poeng: eirik
81 poeng: thor morten
79 poeng: marit
78 poeng: sure-bjørg
77 poeng: ragnhild
69 poeng: erling
67 poeng: kjetil, gjert
66 poeng: matias
64 poeng: jens johan
63 poeng: balle
62 poeng: torunn, tørsten
58 poeng: arnfinn
55 poeng: halvor
52 poeng: docmartin
51 poeng: eirik
48 poeng: øystein, gaute
34 poeng: lars
8 poeng: kjartan
0 poeng: eivind

7.7.06

HANSKAR

tidleg i vm tok mor mi til orde for større keeperhanskar, slik at ein kunne få endå færre mål i kampane. ho har no tenkt meir på denne interessante problemstillinga, og funne ut at ei anna god løysing kan vera at keeprane får større hender, slik pat jennings viser på dette biletet.

6.7.06

JULIBEUM

to store merkedagar på rad: i dag er det eitt år sidan det fyrste innlegget på guffebloggen, og i morgon er det 133 år sidan sjølvaste halvdan koht vart fødd.

i det året som har gått har guffebloggen sett dagsorden, teke opp mange viktige samfunnsdebattar, kome med mange kvardagstips, og vist mange kvalitetsfoto. dette er innlegg nummer 245, og så langt har innlegga fått 262 kommentarar.

merkedagane vert markerte på ulikt vis. oddvar får truleg ei nøkkelrolle under hovudmarkeringa i kveld, der me reknar med at det ikkje vert spelt sinatra. hipp hipp hurra.

5.7.06

VM-RESULTAT 23

endeleg ei gladmelding frå fotball-vm! eg fekk ikkje sett kampen i dag, då eg hadde ein liten piknik under bjørka i hagen, men eg gler meg stort over at christiano ronaldo ikkje får visa seg i vm-finala. dette har ikkje noko å gjera med det han sa eller ikkje sa då rooney vart utvist her om dagen, men det kjem seg av at han må vera den mest irriterande fotballspelaren verda har sett (i alle fall sidan tuften la opp. har han lagt opp, forresten?).

tippinga er så godt som avgjort, men det knyter seg litt spaning til kampen om den magiske tredjeplassen, som mor mi no har taket på. ho kan òg skåra poeng dersom portugal vinn bronsefinala, og dersom kahn ikkje får spela. ragnhild kan få poeng dersom kahn ikkje får spela, og dersom det ikkje vert fleire straffespark-konkurransar. thor morten kan få poeng dersom frankrike tapar finala (bloody likely), henry vert toppskårar (endå meir bloody likely), dersom kahn kjem på bana (ekstremt endå meir bloody likely), og dersom det ikkje vert fleire straffespark-konkurransar. relativt ope, med andre ord.

sure-bjørg er den einaste med to lag vidare i rett finale. marit, gjerten, thor morten og alle helleveane har eitt lag i rett finale, medan resten har brukt opp alle laga sine.

dei som har ein sjanse til å tippa rett vinnar av vm er sure-bjørg og matias helleve (frankrike), og arnfinn helleve (italia).

sundag inviterer me forresten alle til vm-avslutning på småskjerm i gamlevegen. det vert utdeling av diplom til vinnaren, som etter alt å døma vert stein inge. me hadde rekna med at jens johan eller andre i volda skulle vinna, slik at me har ikkje lagt inn reisekostnader i budsjettet. me reknar likevel med at alle med glede legg 150 kroner i potten, slik at me kan få dekt flyturen til stein inge. andre som vil fly kan ringja billettkontoret til widerøe, og be om ei rundreise til volda med guffen-rabatt.

249 poeng: stein inge
114 poeng: eirik
79 poeng: marit
77 poeng: ragnhild
76 poeng: thor morten
69 poeng: erling
68 poeng: sure-bjørg
67 poeng: kjetil, gjert
66 poeng: matias
59 poeng: jens johan
58 poeng: balle
57 poeng: torunn
55 poeng: halvor
53 poeng: arnfinn
52 poeng: docmartin
50 poeng: tørsten
48 poeng: øystein, gaute
34 poeng: lars
8 poeng: kjartan
0 poeng: eivind

4.7.06

VM-RESULTAT 22

ein god dag for helleveane - dei einaste som fekk poeng var tørsten som tippa at tyskland tapte, og arnfinn, som tippa at italia vann. stillinga i botnen av tabellen er altså endra, på toppen har stein inge framleis ei solid leiing, og ser ut til å vinna klart.

249 poeng: stein inge
110 poeng: eirik
77 poeng: ragnhild
75 poeng: marit
70 poeng: thor morten
69 poeng: erling
67 poeng: kjetil
63 poeng: gjert
62 poeng: matias
60 poeng: bjørg
59 poeng: jens johan
58 poeng: balle
57 poeng: torunn
55 poeng: halvor
53 poeng: arnfinn
52 poeng: docmartin
50 poeng: tørsten
48 poeng: øystein, gaute
34 poeng: lars
8 poeng: kjartan
0 poeng: eivind

3.7.06

LANDSKAPPLEIKRESULTAT

parallelt med den lite populære vm-tippinga har me hatt gåande ei ekstremt populær landskappleiktipping. landskappleiken er no over, og resultata er klare.

frode var einaste deltakaren i tippinga, og slik var tipsa hans:
* lausdans: hallgrim hansegård. hansegård vart nummer fire, langt bak vinnaren sigbjørn rua. (her må det òg nemnast at storfavoritten, tom løvli, var uheldig då han sette foten fast i scenegolvet og måtte bryta). 0 poeng
* durspel: ulf arne johannesen. johannesen vart klart slegen av håavrd ims. 0 poeng.
* strykelyre: "nei, nei. denne klassa finst ikkje"; og beinfløyte: "heller ikkje ei eiga klasse, men ok, kan kanskje gå inn under andre eldreinstrument. men ingen spelar beinfløyte der i år." i klassen for eldre folkemusikkinstrument var der deltakarar både i strykelyre og beinfløyte, men ingen kunne måla seg med jørn simenstad på bukkehorn. 0 poeng.
* langeleik (samspel): brøtagutadn. her hadde me lagt inn ein liten luring. frode tippa vinnar i seniorklassen, og det gjorde han godt, men me var sjølvsagt ute etter vinnaren i juniorklassen, som var magnhild karsrud/lisa tunås bratteng. 0 poeng.

med 0 poeng til den einaste deltakaren kan me sjølvsagt ikkje kåra nokon vinnar. og så lenge tevlinga ikkje har nokon vinnar, er vel einaste konklusjonen at dette var ei tevling om, for og med taparar.

2.7.06

VM-RESULTAT 21B

det har vore ei sensasjonell og svært uventa utvikling i tippinga. lenge såg det ut til å dra seg mot ein duell mellom ragnhild og mor mi, heilt til far min kom med dette framlegget til regelendring. stein inge hadde eit lite tillegg, og det vart sett fram ein frist for protestar. ingen har protestert, slik at eg ser meg nøydd til å ta omsyn til regelendringa.

regelendringa gav i utgangspunktet 250 poeng til alle som hadde tippa brasil-frankrike i finala, og som hadde same førebokstavar som anten erik håker, eric heiden eller edvard hoem. vidare skal tre fjerdedelar av desse poenga gå til deltakarar med same etternamn som byar i danmark. etter det eg kan sjå er det berre eirik som får poeng på det fyrste punktet, medan stein inge er den einaste i det siste. stein inge får difor 187 poeng, medan eirik får 63.

den oppdaterte lista ser slik ut:

249 poeng: stein inge
110 poeng: eirik
77 poeng: ragnhild
75 poeng: marit
70 poeng: thor morten
69 poeng: erling
67 poeng: kjetil
63 poeng: gjert
62 poeng: matias
60 poeng: bjørg
59 poeng: jens johan
58 poeng: balle
57 poeng: torunn
55 poeng: halvor
52 poeng: docmartin
49 poeng: arnfinn
48 poeng: øystein, gaute
46 poeng: tørsten
34 poeng: lars
8 poeng: kjartan
0 poeng: eivind

1.7.06

VM-RESULTAT 21

det spissar seg til. det er vanleg folketru at dei som vinn vm treng litt tid på å spela seg varme, og slik sett ligg jo frankrike godt an. dei brukte same taktikk i vm 2002, men gjekk då ut litt for forsiktig.

få av tipparane hadde tru på portugal, og mange hadde tru på brasil, slik at mor mi var vel den einaste som hadde ein drøymedag. med england ut (med rett resultat), med brasil ut, og med portugal vidare, plukka ho elleve poeng, og har dermed eit sikkert grep om den magiske andreplassen.

berre tre tipparar har portugal vidare, og alle desse er jenter. blant fotballkjennarar vert dette omtala som ricardo carvalho-effekten.

stein inge er den einaste med tre lag vidare, han manglar berre portugal. torunn, bjørg, halvor og kjetil har to kvar, docmartin, matias, thor morten, gjert, arnfinn, tørsten, ragnhild, balle, jens johan, marit og eirik har eitt kvar, medan gaute, eivind, øystein og erling har brukt opp alle laga sine. det ser verst ut for gaute og øystein, som kan oppleva at endå fleire hellevar går forbi dei.

dei einaste som kan knipa poeng for toppskårar er dei tre som har henry, og han eine som har totti.

77 poeng: ragnhild
75 poeng: marit
70 poeng: thor morten
69 poeng: erling
67 poeng: kjetil
63 poeng: gjert
62 poeng: matias, stein inge
60 poeng: bjørg
59 poeng: jens johan
58 poeng: balle
57 poeng: torunn
55 poeng: halvor
52 poeng: docmartin
49 poeng: arnfinn
48 poeng: øystein, gaute
47 poeng: eirik *
46 poeng: tørsten
34 poeng: lars
8 poeng: kjartan
0 poeng: eivind


* kan koma opp i 297 poeng dersom regelendringsframlegget hans vert godkjent.

JOTUNHEIMEN

far min har som vanleg tenkt seg til fjells til sommaren. i år ser det ut for at fjelldagane vert fyrste veka i august. kor mange dagar det er snakk om kjem litt an på ver og vermeldingar. planane er like lause som vanleg, men han har i alle fall tenkt seg på heillstugutindane, han har lurt litt på nokre dagar i trollsteinkvolven, han funderer som vanleg på nautgardstindryggen, men det kjem ikkje som noko bombe om det vert noko heilt anna.

akkurat den veka er eg heilt nøydd til å vera med mor på ein del kaffibarar i oslo, slik at det er fare for at far min må gå åleine. dersom nokon vil slå fylgje med han, er det berre å melda seg.

REGELENDRING

far min har fylgjande framlegg til regelendring:

alle som har tippa brasil-frankrike i finala, og som i tillegg har same førebokstavane som anten erik håker, eric heiden eller edvard hoem, får 250 bonuspoeng, sjølv om finaletipset ikkje skulle slå til.