31.12.10

DÅP

det er noko hersens slit med all denne døypinga. same kor mykje slekta slit, greier ein ikkje å fornya sjangeren noko større. det er litt vatn i håret, litt mat, og det er det heile. det minner altså om nyttårsfeiringa, som heller ikkje er noko å trakta etter. også der er programmet klin likt frå år til år, og der vert det like godt avslutta med at alle kastar vekk titusenvis av kroner på rakettar.

bøndene på nordmøre har omsider innsett at det kan vera greitt å få litt fortgang i all denne "festinga", og har difor slege saman to fluer. yngstemann i slekta, jon, vart difor døypt i dag. det gjekk omtrent som venta, bortsett frå at det florerte med vasskoppar og oppkast. og det var før talane kom på bordet.
det heile var altså rimeleg bortkasta. dei må ha vore heldigare, dei som åt heimelaga pizza og knuste eit peparkakehus og spelte dataspel heile kvelden. dei fekk sikkert gå til sengs til vanleg tid òg.

22.12.10

OSLO

typisk. akkurat då me var klare for å setja inn ein sluttspurt for å verta ferdige med alt jolevaset før jol, kom det innkalling til disputas i hovudstaden. me møtte sjølvsagt mannsterke, det er trass alt ikkje kvar dag ein i slekta skal disputera.

på disputasen lærte me litt av kvart. doktoren hadde i fleire år drive nærstudie av seksualundervisninga på landsbygda i nokre tilfeldige utvalde afrikanske land, og fekk endeleg høve til å diskutera dette med nokre nasjonale og internasjonale toppfolk. ho eine brukte til dømes tjue minutt på å få doktoren til å fortelja "who he was". onklT brukte mange av dei minutta til å tenkja på den gongen han vitja nokre galne polakkar i warsawa, og der han fekk det heilt sentral spørsmålet "what things are you interested in most?". dei yngste i doktorfamilien visste det som var å vita om seksualundervisninga i afrika, og nytta heller tida til å bruka opp batteriet på "telefonen" til doktoren.

om kvelden var alle som kjende doktoren samla. dei som ville, tok del i tevlinga "kven kan dikta opp mest positive ting om doktoren". premien gjekk til doktorfrua, som innimellom alt det andre greidde på hevda at doktoren var ein stor poet. greitt at han har skrive teksten til evergreens som "pønken ekje daud" eller "alexander kielland", men likevel.

17.12.10

1976

årgangsvits frå norsk barneblad 1976:

- Har du høyrt om jegeren som laut betala bot for dyrplaging?
- Nei, kvifor måtte han det?
- Han hadde spent hanen.

1975

årgangsvits frå norsk barneblad 1975:

- Kva heiter son din?
- Tom.
- Kven er han kalla opp etter?
- Lommeboka mi.

1974

årgangsvits frå norsk barneblad 1974:

Butikksjefen: Merkte du kassen med glasvarer med "Varsam, denne sida opp"?
Butikkguten: Ja då. For å vera trygg, skreiv eg det endåtil på begge sidene.

16.12.10

1972

årgangsvits frå norsk barneblad 1972:

- Kona mi er på Mallorca og nyt tilværet.
- Og du då?
- Eg er heime og nyt fråværet.

1971

årgangsvits frå norsk barneblad 1971:

- Den vinteren eg var på Svalbard, var det så kaldt at logen på lysa fraus og vi fekk ikkje sløkt dei.
- Det var ille. Men endå var det nok verre då eg var på Grønland, for der var det så kaldt at orda fraus og vart til isklumpar straks dei kom ut or munnen på oss. Fyrst då det vart våren, kunne vi høyra kva vi hadde sagt - då vart det ei prating og skravling alle stader.

1970

årgangsvits frå norsk barneblad 1970:

Dottera fortel om bryllaupsreisa i Afrika: - Så ein dag heldt det på å gå gale. Då vi skulle av stad, nekta kamelen å stå opp.
Mora: - Høyrt på maken, alt på bryllaupsreisa!

1969

årgangsvits frå norsk barneblad 1969:

- Du Johan heng i som ein fjording, du!
- Ja, og blakk er eg også, sa han Johan.

1968

årgangsvits frå norsk barneblad 1968:

Det var i reknetimen. Anders streva med eit stykke, men fekk det ikkje til å stemma. Læraren stod over han, og spurde litt ironisk:
- Kva vil du gjera med det som er til overs?
- Eg vil gje det til misjonen, svara Anders.

15.12.10

1966

årgangsvits frå norsk barneblad 1966:

Norskamerikanaren sat og skrytte og fortalde: - Borte hjå oss i Dakota er farmane så store at når vi sender eit par unge ektefolk ut for å mjølka kyrne, er det ungane deira som kjem attende med mjølka.

1963

årgangsvits frå norsk barneblad 1963:

Ei dame hadde teke med seg hunde sin på toget. Brått vart det ein liten høl på golvet attmed hunden, og med det same kom konduktøren. Han såg nokså morsk ut.
- Men kjære konduktør, sa dama, - hunden har då aldri gjort slikt før.
- Kor gammal er han?
- Tre år.
- Då må eg seia det var på tide, sa konduktøren.

1961

årgangsvits frå norsk barneblad 1961:

Kona: Veit du at det er fullt av prentefeil i den nye kokeboka mi?
Mannen: Ja, eg har alt smaka nokre av dei.

14.12.10

1957

årgangsvits frå norsk barneblad, 1957:

- Har du høyrt noko nytt frå son din i Amerika?
- Ja, han skal visst gifta seg, for han skreiv at han var på veg til ei som heitte Filadelfia.

1956

årgangsvits frå norsk barneblad 1956:

Det var ei kone som var så knipen på kaffien. Ein dag drengen sat attmed bordet og drakk denne vass-kaffien, rukka han på nasen.
- Kva slag smak er det på denne kaffien? sa han.
Då tok kona ein kopp og smala sjølv. - Eg kan ikkje kjenna noko smak, sa ho.
- Nei, det var det eg tykte, eg og, sa drengen.

1951

årgangsvits frå norsk barneblad 1951:

- Kvifor har han far så lite hår, mor?
- Det er for di han tenkjer så mykje, barnet mitt.
- Men kvifor har du så mykje hår då?

1949

årgangsvits frå norsk barneblad 1949:

- Men Kåre, du sit då med open munn!
- Eg veit det, eg har sjølv opna han.

1948

årgangsvits frå norsk barneblad 1948:

Kåre har ramla i veg til skulen. Men om eit lite bel kjem han att som eit hardt uver og tek til å rota både her og der i stova.
- Har du gløymt noko? spør mor.
- Nei då, svarar Kåre. - Det var berre noko eg kom i hug på vegen.

12.12.10

SPONSING

med unntak av nokre veker sommaren 2008, då me var sponsa av sippah, har guffebloggen vore politisk og økonomisk uavhengige. dette endrar seg no, frå og med årsskiftet er me sponsa av dette produktet frå tine.

for ein gongs skuld har tine greidd å laga noko som kan brukast i alle samanhengar. det kan sjølvsagt drikkast på direkten, men eg tykkjer det vert best når me a) frys det og lagar små karamellar, eller b) kokar semulegraut med slik mjølk. juhu.

10.12.10

1947

årgangsvits frå norsk barneblad 1947:

I norsktimen.
Lærarinna: Du Tore, kva heiter "eg sit" i fortid?
Tore: Eg stod.

1945

årgangsvits frå norsk barneblad 1945:

Læraren: Kan du Vesle-Ola nemna meg eit døme på at dyra har instinkt?
Vesle-Ola: Ja, høna verp egg som høver i egg-glasa.

1944

årgangsvits frå norsk barneblad 1944:

Arne: Gjer brillone dine alt større, bestemor?
Bestemor: Ja, guten min.
Arne: Då må du taka dei av deg når du skjer av kaka åt meg.

1942

årgangsvits frå norsk barneblad 1942:

Læraren: Kva gjorde Karl den 12. i Noreg?
Olav: Han døydde.
Læraren: Ja, det gjorde han visseleg, men gjorde han ikkje meir?
Olav: Nei, det var det siste han gjorde.

1941

årgangsvits frå norsk barneblad 1941:

- Kan du far skriva namnet ditt når du held att augo?
- Ja, eg trur då det!
- Skriv det her i karakterboka mi då!

1940

årgangsvits frå norsk barneblad 1940:

- Du må lata veslebroren din få låna kjelken din stundom!
- Ja, han får draga han opp bakken kvar einaste gong!

9.12.10

1937

årgangsvits frå norsk barneblad 1937:

Læraren: Kann du Stein segja meg kva det kjem av at havvatnet er salt?
Stein (tenkjer seg um): Det - det er vel av alt saltet i sildi?

8.12.10

1935

årgangsvits frå norsk barneblad 1935:

Mor: Kvifor ser du so på han farbror din, Kåre?
Kåre: Du sa at eg ikkje måtte tala um håret hans, men eg kann ikkje sjå eit einaste eitt.

1934

årgangsvits frå norsk barneblad 1934:

Lærarinna: Nei, er du ikkje ferdig med å stoppa sokkane dine enno, Liv?
Liv: Nei, men eg held på med andre sokken.
Lærarinna: Kann eg få sjå den fyrste?
Liv: Nei, eg er ikkje ferdig med han, eg tok den andre fyrst.

1933

årgangsvits frå norsk barneblad 1933:

- Eg fær fem øre av mor kvar gong eg drikk tran.
- Kva brukar du pengane til då?
- Ingenting. Eg gjev pengane til mor, og ho nyttar dei til tran.

7.12.10

1932

årgangsvits frå norsk barneblad 1932:

Ein amerikanar og ein nordmann gjekk i lag i Oslo ein dag. Amerikanaren var fæl til å skrøyta, soleis som det folket plar vera. Han fortalde millom anna at dei var so glupe til å byggja hus i Amerika. "Dei byggjer svære hus på tvo dagar", sa han. I det same kom dei framum slottet. "Kva er dette for ein bygnad", spurde amerikanaren. "Eg veit ikkje", svara nordmannen. "Det stod her ikkje i dag tidleg då eg gjekk framum."

1931

onklT nyttar førjolstida til å bla i gamle årgangar av norsk barneblad, for å finna den beste vitsen som har stått på trykk der. det vert ikkje heilt kronologisk, og det skulle ikkje undra meg om det heile stoppar opp relativt raskt, men her er i alle fall årgangsvitsen frå 1931:

- Segjer de "eg døde" eller "eg døydde" her i bygdi? spurde målgranskaren ein av bygdefolki.
- Hjå oss snakkar ikkje liki, svara mannen.


dei som vil kan gjerne gje poeng til desse vitsane, etter eigen skala.

3.12.10

OSLO

onkl T og eg var på ein snartur til oslo denne veka. han er som vanleg på leit etter folk og verksemder som er lettlurte nok til å tilsetja han, og medan han var på nokre jobbintervju sat eg på tåsen og prøvde å få tante M til å forstå det mest grunnleggjande ved nintendo. eg vonar at onkl T hadde eit meir oppegåande publikum. det skal forresten ikkje mykje til - tante M skjøna ikkje meir enn tjue prosent av det eg sa.

27.11.10

PANNEKAKER

etter to månader med hard venting kan det ikkje vera lenge før dei siste listene på kjøkenet kjem på plass. kva me skal gjera med golvet er meir uklart. dr. A var innom for å leggja det i oktober, men sidan han ikkje tok seg tid til å venta til materialen var turr, er det fare for at me må leggja det på nytt i jola.

då me reiv ut det gamle golvet, fann me ei pannekakerøre. kor gamal ho var anar me ikkje, men sidan mor mi (av politiske grunnar) aldri kastar mat, prøvde me ho ut i dag. Det smakte nesten like godt som det såg ut.

24.11.10

SKILT 5

ok. eit siste bilete. kampanje rimar med lasagne, ikkje sant? og då må det vel òg stavast nokolunde likt?

13.11.10

SKILT 4

som vanleg syng bloggen på siste verset, men etter ein snartur innom bergen, på veg til oslo og ålesund og det som verre er kom eg over denne godbiten. happy to help indeed.

21.10.10

MONSTER

det er synd og skam med desse monstermastene, som kjem til å øydeleggja heile hardanger. heldigvis var det mange som møtte opp til stormønstringa tidlegare denne veka, slik at utbygginga vart utsett med heile 24 timar. eg er ikkje heilt oppdatert på dei store sigrane i miljørørsla, eg trur det er like godt å dra parallellar til det store studentopprøret midt i 90-åra, då gudmund hernes ikkje ville betra studiefinansiseringsvilkåra. det førte til ei massemønstring av studentar som tok på seg eit gult panneband og marsjerte i gatene medan dei ropte "nei takk!" så høgt dei kunne. me som såg på takka nei til å vera med.

men desse monstermastene: onklT tok med seg mor mi til Odda på haustferie, og nytta der høvet til å fotografera ei monstermast. biletet har den venta kvaliteten, men dei som har feilfrie auge skal likevel vera i stand til å skimta ei monstermast på den flate sletta i horisonten, opp og til venstre for flaggstonga midt i biletet. hardanger har truleg sett sin siste turist.

15.10.10

KAKEMENN

eg har sagt det før, og må seia det igjen. det einaste som irriterer med at det kjem jolemarsipan og kakemenn i butikkane i oktober, er alle som kappast om å vera den fyrste til å seia at det er irriterande at det kjem jolemarsipan og kakemenn i butikkane i oktober.

27.9.10

OPPUSSING

foreldra mine er ikkje akkurat kjende for å handla raskt, i alle fall ikkje viss me bruker verbet 'handla' i den tydinga som ikkje har noko å gjera med 'å gå på butikken'. etter to år i kvitahuset har dei ikkje gjort anna enn å ommøblera i stova. men den siste tida har det skjedd litt av kvart.

hage
det kan ikkje stikkast under ein stol at han som budde her før ikkje tok det så nøye med hagen. han hadde rett nok ein liten grønsakhage, men sidan han aldri luka vekk ugraset vart han etter kvart litt usikker på kvar grønsakhagen var, slik at då me flytta inn her sommaren 2008, var det reine jungelen (sjå bilete #1). for nokre veker sidan køyrde onkel NR gravemaskina si hit ein snartur, og det tok ikkje mange timane før hagen var så god som ny (sjå bilete #2).

bilete #1:

bilete # 2
kjøkken
dette rommet var det andre svake punktet i huset. det er vanskeleg å setja fingeren på kva som var gale her, men det burde i alle fall vore ein komfyr der. og det var litt dumt at veggane ikkje var like diffust brune som vinduskarmane (sjå bilete #3). sist veke var mor mi på ikea, der ho handla så mykje at ho fekk nokre serviettar på kjøpet. slik det går fram av bilete # 4, er det ting som tyder på at det vert andre bollar frå no av.
bilete # 3:
bilete # 4:

21.9.10

SKILT 3

dette skiltet står på sløydsalen på ein skule på voss. skulen skal få vera anonym, men eg kan vel røpa at 17. mai-ropet deira opnar med "heile vangen, høyr på klangen". med eit skilt som dette er det lite som tyder på at sløydkunnskapane til elevane er omtrent jamstore med tida då onklT var elev der.

15.9.10

SKILT 2

dette er ein verkeleg godbit. eg tippar at alle andre som legg ut dårlege skilt på nettet ergrar seg over at eg fekk tak i dette skiltbiletet fyrst.

biletet er frå lærdal, den einaste staden i landet der dei framleis bruker stungen d.

13.9.10

SKILT 1

i mangelen på interessante bloggeting hengjer me oss no på skiltmoten som rir internett som ei mare, og viser fram nokre godbitar frå nær og fjern. dette skiltet er frå voss, der dei ikkje er heilt sikre på kor mykje av overskrifta som bør repeterast i brødteksten, der dei ikkje er heilt sikre på kor mange angar det er i utgangen, og der dei ikkje er heilt sikre på skilnaden mellom ein heis og ein utgang.

8.9.10

FILM

det er lenge mellom kvar leksjon, men i kveld meinte onklT at det var på tide med neste time i teiknekurset. denne gongen viste han korleis me enkelt kunne teikna dei to hovudpersonane i ein film som nyleg skremde vitet av meg. eg skal aldri meir gå på kino.

24.8.10

VITS

det er berre eitt år til eg tek til på skulen, og onkl T gjer det han kan for at eg skal unngå ekstratimar der. i dag gav han meg eit grunnkurs i nasjonalvitsen, og drog den om dei to tomatene som gjekk langs ein veg. eg fekk deretter i oppgåve å laga ein vits sjølv, og kan vel seia meg nokolunde nøgd med resultatet:

det var to ski som gjekk over ein veg. så vart den eine overkøyrd, og så sa den andre: "klapp igjen då, bananskal".

12.8.10

B-FJORDEN

som vanleg er det ei stund sidan sist ferieoppdatering. denne gongen kjem det av at me har tusla rundt i b-fjorden og venta på noko som er verdt å blogga om. det har ikkje dukka opp noko så langt. det meste har vore som i fjor - me har lånt leiker kvar gong han med E ikkje ser at me låner dei, me har ete uvante og uante mengder is, me har køyrd nokre lange fjellturar heilt opp til bakkvatnet, me har fått tilbod om mykje mat, og me har sove både godt og dårleg.

det einaste nye er endringane i dei kriminelle arbeidsmåtane. sist me var her var me vitne til ordinære tjuveri, denne gongen har dei innfødde gått over til ordinært heleri. dette må reknast som eit endeleg prov på at framsteget er i ferd med å koma til nordmøre.

me kan ferie.

2.8.10

BYRKJELO

endeleg i gang med ein ny runde ferie. denne gongen fer me nordover. me reiser så fort me kan, slik at slekta på nordmøre endeleg kan koma i gang med feiringa av alle gebursdagane som har kome og gått sidan sist me var der.

onklT hadde lagt ein ambisiøs ferieplan denne gongen, og la ut på langtur utan trening. han hadde overtydd seg sjølv om at han var godt nok trent til å sykla heile vegen, men kom ikkje ein gong til toppen av vikafjellet før han fekk nok. der kom nokre regndråpar, og saman med ein lei dobbelsidig krampe i begge låra var dette nok til at han snudde, skamfull over at han måtte snu.

for mor mi var dette godt nytt. no tok onklT over rattet på "bilen", og slik vert det òg i morgon. ho kan difor kosa seg skikkeleg i fjernsynsstova på byrkjelo penjsonat, med litt pottittgull og raudvin.

me kan ferie.

27.7.10

BESTEN 31

er det noko å skriva om akkurat no? er det verdt å nemna at kjesso er på fotballkamp i bergen? nix. er det bryet verdt å skriva noko om at så snart det samlar seg nok traktorar utanfor kvitahuset for å laga rundballar, kjem alle naboane som ikkje er med trøande for å sjå på. neppe.

så det er ikkje anna råd enn å henta fram eit rykande ferskt bilete, og å stilla det vanlege spørsmålet: kva seier besten?

22.7.10

DIKTARVEGEN

for nokre dagar sidan var me igjen innom ei døyping. eg har tidlegare vore inne på at desse døypingane vert heller like, har du vore i ti dåpar har du vore i alle. denne gongen var det heldigvis ein retteleg gladprest som stod for døypinga. at han triksa litt med ein fotball var ikkje så uventa, kvar og ein kan jo verta påverka av fotball-vm. meir gledeleg var det at han gjorde sitt for å redusera bosmengda i kyrkja. etter at han hadde skvetta litt vatn på dåpsungane, fann han fram ein klut som han brukte til å tørka vekk igjen vatnet. mange ville ha kasta denne kluten rett i boset, men ikkje denne karen: han heldt i staden kluten fram mot fadrane, som ikkje visste anna råd enn å ta imot.

deretter køyrde me langs den nye diktarvegen, eit framifrå prosjekt som vil heilt sikkert vil gjera at fleire vil lesa vossa-stubbane til per sivle. me brukte ti timar på den fyrste halvdelen av denne vegen, og såg ikkje snurten av eitt einaste dikt.

16.7.10

NOREG

ferierefereringa held fram, og i dag tek me føre oss ein liten sveip gjennom sørlandsfylka.

tromøya. leiaren i volda vinstre inviterer på båttur. det einaste rette er å spela daud.

orre. onklT var nesten tom for solkrem, og måtte verna hovudet på anna vis.

kongeparken. om me visst at me kom til å bruka litt over ti timar på dei 31 mila frå bryne til voss, kunne me like godt køyrd desse mopedane heile vegen fram. det hadde gått like fort, og me hadde sluppe alle spørsmåla frå mor mi om me ville høyra karius og baktus-cden ein gong til.

13.7.10

DANMARK

sidan sist har me vore ein svipptur innom danmark. besto fylte 80 år, og inviterte med seg rubbel og bit til ei veke på ein herregard i danmark. det var relativt flatt der me var. det let seg neppe gjera å referera den veka (og dagane etterpå) på anna vis enn å henta fram nokre godbitar frå det digitale kameraet.

privatsjåfør. besto slo på stortromma, og hadde hyra inn ein lokal sjåfør som køyrde oss både til og frå.

vinnar I. som vanleg når me er på ferie prøver me å finna ut kven som har den kjedelegaste sommarjobben i manns minne. han vaksne karen heilt til venstre på dette biletet stakk av med sigeren.
vinnar II. ei ny tevling dette året var mr. nelson-lookalike 2010. Matias får trekk for manglande hatt, men elles er det meir enn godkjent.
konsert. skal ein til danmark, er det vanlegvis bryet verdt å gå på konsert med dei lokale trekkspelorkestra.

film. dei som har sett filmen bugsy malone skjønar kva film desse prøver å etterlikna; dei som ikkje har sett den filmen skjønar det truleg ikkje.

25.6.10

EVJE

samtale i køen på pernille kafeteria, evje:

- om de har karamellpudding?
- nei, diverre.
- søren au.

me kan ferie.

20.6.10

TUR

vanleg samtale, ei heilt tilfeldig helg:
eg: mor, skal me gå ein tur i dag?
mor: ja, klart me kan det. i dag har eg lyst til å gå ein retteleg lang tur.

samtale laurdag føremiddag:
eg: mor, skal me gå ein tur i dag?
mor: ja, men eg må vera tilbake seinast klokka to. SEINAST KLOKKA TO! KLOKKA TO!!

far min fortalde meg seinare at i nokre få slekter er dette ein vanleg oppførsel dei dagane det vert vist kongebryllaup på fjernsyn.

elles går det meste av tida med til å pakka med oss alt me har, og koma oss vekk frå bygda før landskappleiken tek til.

14.6.10

BESTEN 30

medan store deler av den siviliserte verda er travelt opptekne med viktigare ting, dristar me oss til å friska opp ein gamal slager. eg kjem med eit besten-bilete, medan andre kan koma med svar på spørsmålet "kva seier besten?". det er lov å koma med både gode og dårlege framlegg, men det er fint om de sjølve seier frå om framlegget er godt eller dårleg.

5.6.10

STIL

livsgleda er litt ulikt fordelt på vårparten. i dag var eg og fem på tolvo og onklT i hardanger, der me drakk sider og såg på fruktbløminga, medan mor mi sat heime og retta eksamensoppgåver. dei fleste svara var greie, men eitt av svara var litt meir krevjande, så ho treng litt hjelp. kva karakter skal ho setja på denne stilen?

---
”Det er den draumen”, heter diktet, noe som for meg gir et inntrykk av en rebelsk og bohemsk følelse i diktet. Diktet er jo skrevet i 1966, en tid som var begynnelsen på det rebelske i Norge, ikke minst andre deler av verdenen også. Det konkrete innholdet i diktet er at alle har en drøm, og at den en gang skal bli oppfylt, og tittelen på diktet er ganske enkel, den er ikke synonym for andre ting, det er ikke en tittel man kan spekulere så mye på, eller drøfte rundt, den er rett og slett de fire første ordene i diktet, og den gir et godt inntrykk av hva diktet omhandler.

Diktet er bygd opp med en ganske rolig begynnelse, og eskalerer seg til at man får fem setninger med diverse ting som skal åpne seg, sånn som hjertet, dører, berget osv., og ender med en ganske brå avslutning; ”At me ei morgonstund skal glida inn På ein våg me ikkje har vist um.” Jeg mener at dette skaper en rolig balanse i diktet, selv om midtdelen er ganske ”stressende”, så jeg vil ikke kalle dette for et vanlig strofisk dikt.

Jeg mener at diktet er episk, da man har de billedlige ordene som forteller deg om drømmer som kommer, som vi har, som man bærer på; ”Det er den draumen me ber på At noko vedunderleg ska skje” som forteller at det er et positivt dikt, et filosoferende dikt, et dikt som ikke er bare til meg, eller bare til deg, men et dikt til allmennheten. Det med at han skriver ”At hjarta skal opna seg At dører skal opna seg” indikerer på drømmer som må bli sluppet fri, og som ikke skal bli stengt inne. Så motivet i diktet er å oppmuntre mennesker til å leve ut drømmene sine, og at dette kan skje når som helst, noe som avslutningen beskriver.

Når han i diktet skriver ”At berget skal opna seg”, så vil jeg tro at det er symbolsk for at selv de menneskene som er harde som stein i personligheten sin, også har drømmer de vil sette til live. Og ordvalget han har brukt i diktet er ganske åpenbare. Han har brukt mange aktive verb, symbolske substantiver og lite adjektiv.

Det er ingen dansende rytme i diktet, og det er ingen sammenheng mellom rytmen i diktet og innholdet, bare så det er sagt. Og stemmen er ”jeg” stemmen som formidler budskapet ut til andre.


Jeg forstår diktet som et talende dikt til allmennheten, og den sentrale meningen er jo selvfølgelig å slippe fri drømmene sine, i tilfellet den drømmen du er mest opptatt av, men som du aldri får opplevd. Diktet forteller jo meg det samme som det forteller mesteparten av de som leser det; ”Lev ut drømmene dine.” Diktet forteller meg ikke noe spesielt i dag akkurat, eller i morgen forsovet. Jeg mener at det er et bra dikt, et helt passelig bra dikt, det virker litt ”mainstream” for min del, som et dikt jeg har hørt før, annerledes ordsetting og rytme, men samme budskap; ”Slipp løs drømmene”, noe som er et ganske internasjonalt budskap, så selv om Olav H. Hauge har skrivet et vakkert, poetisk, filosoferende og estetisk dikt, så var det ikke et dikt som akkurat satt seg i sjelen på meg.

De billedlige assosiasjonene i diktet er litt med på å dra i gang fantasien min, for eksempel; ”At dører skal opna seg”, da ser jeg for meg en stor hall med dører, hvor bak hver dør så ligger en drøm jeg har hatt for lenge siden, som har brast bort med tiden. ”At hjarta skal opna seg” er for meg også en billedlig assosiasjon på at man skal la andre få utleve drømmene sine, og ikke bare en selv, at man skal ha medfølelse for sin neste, andre sine drømmer og ikke bare sine egne.

Jeg skal ikke si at det er dårlig dikt, for det er å ta litt hardt i, men for meg virker det ikke som et særlig spesielt bra dikt. Jeg personlig mener det er et dikt som jeg eller en annen mann i gata kunne skrevet hvis man virkelig var i et poetisk hjørne en kveld. Om jeg skulle skrevet et dikt om drømmer, hadde det vel blitt sånn her:

Gamle tanker, svever som en sky
Forduftet, bort i evigheten
Låst inne, i livets skattekiste
Nøkkelen, hvor den enn er, er usynlig, som
tanken som ligger innelåst.

Her er det konkrete innholdet i diktet at alle har hatt drømmer, men at de er svevd av gårde, eller låst inne for den saks skyld. Og ingen vet hvordan man skal få tak i de drømmene igjen. Som dere ser så er det ikke så vanskelig å skrive et dikt om drømmer og lignende, så dette koker igjen ned til at det er ikke et spesielt bra dikt fra mitt synspunkt, men dette varierer selvsagt fra person til person, for dikt oppleves alltid forskjellig fra person til person.

25.5.10

MAI

nja, det går vel omtrent som vanleg. fem på tolvo og onklT og eg hadde ei drøymehelg nyleg, då mor mi tok med seg nokre luringar til london. ho er ikkje heilt ferdig med scrapboka enno, men ut frå dei bileta me har sett, ser det ut til at madame tussauds var høgdepunktet også denne gongen. det er ikkje så rart, det er eitt av dei musea du kan vitja om og om igjen, og du finn jamt noko nytt å gle deg over.

me som var heime låg stort sett i sofaen og deiga oss heile tida. planen var sjølvsagt å sjå mest mogleg film, men sidan fjernsynet vårt gjekk til pisis, sleit me med å få gjennomført den planen. det er berre tjue år sidan mor mi kjøpte det apparatet, men likevel fekk me ikkje noko att på garantien. me lagra det difor i løa til naboen, og kjøpte eit nytt apparat. me brukte visa-kortet til mor mi, sidan onklT slit med å halda styr på sine. så langt har ho ikkje merka det, truleg av di ho ikkje snudde på skillingen i utlandet.

bortsett frå det har me stort sett gøymt oss kvar gong framandfolk ringjer på døra.

16.5.10

FREDAG 14. JULI

Opp 1/2 8. "Serials" til frukost. Avstad til Minneapolis kl. 1/2 9. Kom hit til motellet. For og handla. Åt "landgang". For på ein grønn "shopping-mall" inne i byen. På baseballkamp Twins - Boston Red Sox. Vern kom. Åt på "Arnolds". Køyrde Vera til hotellet. I seng kl. 1.

---
guffemerknad. puh. endeleg ferdig.

15.5.10

TORSDAG 13. JULI

Opp 1/2 10. Sykla til Caroyn m/ aspirin. Handla til far/Johan på Wallice's. Innom "The Donut Shoppe". Sendte frimerke til Anne. Beef-suppe til lunsj. Handla brevark [?] til mor hos ei grei dame saman m/ Carolyn + Greta. Åt spagetti. Spela tennis (outdoor). Var på the Dairy Queen. Såg litt av Young Guns. Pakka. I seng 12.

14.5.10

LONDON

mor mi vart så inspirert etter å ha lese gamle reisedagbøker at ho tok med seg tante I og besten og besto til london. i går kveld sende ho heim denne reiserapporten:

Opp 1/2 10. "Breakfast". Såg TV. Sykla til Madame Tussauds. Kjøpte ingenting. Reiste til London Bridge. £ 3,75. Spela "kort". Var på tenniskamp. Reiste på indisk restaurant og drakk mango "lassi". På pub med far min om kvelden, tre pints kvar.

ONSDAG 12. JULI

Opp 1/2 10. Vart med på reisebyrået og ordna heimreise. Laurdag kl. 11. 2 d. for tidleg. Syrmuling. Vart vist rundt på highschool. Sykla til byen. Kontoret til Lutheran Brotherhood. Court House. Fair Mall. Kjøpte kjole + genser + penn. Såg TV. Åt Tunafisk + mais. For "out to see the dairy farm" (Jack) 33 år. 45 kyr. Køyrde litt rundt for å bli kvitt fluene. Såg "Out of Africa". I seng 1/2 12.

---
guffemerknad: ein kan seia mykje rart om denne ferien, men det skjer i alle fall mykje rart kvar dag.

13.5.10

TYSDAG 11. JULI

Opp 1/2 10. "Toast". Rydda i oppvaksmaskina. Regn. teikna på computeren til Mike. Åt egg og bacon. Køyrde på "historical trip". Til New Ulm, fort Ridgelet, Mankato. Kjøpte ingenting. Såg Ghostbusters II. 4.75 $.

---
guffemerknad: all right - ein drøymedag!

12.5.10

MÅNDAG 10. JULI

Opp 1/2 10. Donut + toast. Såg TV. Sykla til the "fairmall". Kjøpte sminke + kjole + T-skjorte. Åt oppvarma la sagne. Spela tennis igjen. Dusja. Var med Carolyn og vatna plantene til Ellis. For på piknik i Gomsberg Park. Antoine + ei anna frå Frankr., to stk. spanske + fam. Sagedahl (Sæggedalls). Biltur med Loren. Kort/TV. Tor/lyn/regn/storm. I seng 1/2 12.

11.5.10

SUNDAG 9. JULI

Stod opp 1/2 10. Åt cornflakes + donuts. Såg tennis-finale. Boris Becker vann. Var med Carolyn til "the nursing home". (mor hennar). Åt leftovers frå i går. For til Ocabulji Amusement park. Bet 9.95 $. Antique shop etc. Mike kjøpte tyggiskuler. Spela amerikaner og las history book about Minnesota. I seng 11.

---
guffemerknad: dette tek jo heilt av. før denne refereringa tok til hadde guffebloggen to følgjarar. no er talet halvert.

7.5.10

LAURDAG 8. JULI

Opp 1/2 10. Corn flakes + muffins. Såg TV. Var med Loren på biblioteket. Jeanie + Grandma + Arlene/Axel Sandberg kom og åt omelett. Sykla downtown. 94 F. (35 C) For i kyrkja (evening church) For og bada i vatn fullt av algar. Åt popcorn og såg "Fish called Wanda" og "Witness". I seng 11.

6.5.10

FREDAG 7. JULi

Opp 1/2 7. For på kafe og åt ilag med 14 eldre ladies. Gebursdagsfrukost. (ei var frå Vanvik, Trondheim). Strawberry pancakes. Laga salatar, spela kort, såg TV. Jeanni og "Grandma" kom. Ordna "quilten" saman med Evelyn. Pynta blautkaka. (ikkje så vellukka). Åt kyllingmiddag. Viste bilete.

5.5.10

TORSDAG 6. JULI

Opp kl 1/2 10. Sykla til postkontoret + til Fair mall, prøvde å ringe heim + finne ei norsk kakeoppskrift. Sendte 26 postkort til 50 c stk = ca. 90 kr. (!!!) Veldig varmt. Såg litt TV, spela kort. Prøvde å ringe heim, men ingen svara. Drog på Mc. Donalds åt hamburger, french freis, milkshake. Baka blautkake etter å ha fått oppskrift hos mor. Spela meir kort. Snakka med Carlolyn. Skal gje henne bilete på 45 årsdagen i morgon.

---
guffemerknad: her har eg ingen kommentar.

4.5.10

ONSDAG 5. JULI

Opp kl. 1/2 10. Såg TV. Hjelpte Mike med å klippe hekk. Sykla til "the Fair-mall". Kjøpte raude sko. 6 $. Skreiv kort. For på tennisbanen. Dusja og vaska håret der. Åt middag (hamburger). Såg på computeren til Mike. Spela kort. Skreiv postkort. I seng 1/2 12.

guffemerknad: på tennisbanen? spela kort? her lærer eg mykje rart om mor mi.

torsdag 6. juli

3.5.10

TYSDAG 4. JULI

Opp kl. 9. Rydda greiner i hagen. henta syklar. Handla mat. Såg "Good morning, Vietnam". Sykla liten tur. For på Blue Grass Festival. Amerikansk !!! 4. juli-piknik, fyrverkeri og båttur på Lake Sisseton. Såg i "by ved hav" saman med Michael. I seng kl. 12.

---
guffemerknad: dette verkar som ein grei måte å feira nasjonaldagen på. onkl T og eg kjem i alle fall til å leggja oss på denne lina om nokre veker.

onsdag 5. juli

2.5.10

KURS

mor mi er på "jobb" for å "jobba", og onklT slit med å aktivisera oss. trikset med å dra i gang eit teiknekurs var berre sånn delvis vellukka.

30.4.10

MÅNDAG 3. JULI

Stod seint opp. Åt. Var med til ein sykkelreparatør. Var på "the grocery store". Åt lunsj. (Tørre ostesmørbrød). Sat berre her. Middag: Mexikansk "Hotfood". Ikkje så godt. Kino: Batman $ 1,75. Micahel Nolan for igjen. (Forklaring)

---
guffemerknad: dette får jo feriane mine til å verka innhaldsrike. og eg minner om at tante B stiller til nettmøte etter at denne refereringa er over. send gjerne inn spørsmål alt no.

tysdag 4. juli

29.4.10

SUNDAG 2. JULI

Opp ved telefonvekking kl. 1/2 7. Skulle fraktast til flyplassen 1/2 8. Også det forsinka. Nervøst. Trudde vi måtte stå i "slingom-slangom". Men, rakk flyet likevel. Flybytte i St. Louis. Ein time venting. Mindre fly til Minneapolis. Carolyn henta oss. John var i militæret. Hadde visst vore amper stemning tidlegare i veka. For på Lip Synch konsert i ein parl. Åt la Sagne + is. Ga presang. Molteglaset var knusa over alle kleda mine.

- - -
guffemerknad: dramatikken held fram. typisk slekta til mor mi å ta med molter på utanlandsturar. og dette er truleg fyrste gong uttrykket "slingom-slangom" er brukt på internett.

måndag 3. juli

28.4.10

LAURDAG 1. JULI

Kom til Oslo kl. 7. Ingrid + Isak henta. Fint ver. Til Fornebu. Åt rundstykkke + wienerbrød etc. Møtte Ingeborg Djupvik som også skulle ta det flyet. (Men til Houston, Texas.) Ringte heim. Flyet forsinka. Vi fekk sette ved enden av midtrada. Såg ingenting. Litt "surt". Forsinka også i Stockholm. Kom fram til New York etter ein lang tur kl. 1/2 5. (Norsk tid 1/2 11) Måtte stå i ei uendeleg lang toll-kø. Alle var ganske nervøse og sinte. Visste ikkje heilt kva vi skulle gjere. Grining. Vi vart sendt til Hilton Hotell JFK. Kom dit i 6-tida. Ei norsk ei, Elisabeth + nokre svenskar. Gjekk og la oss. Dei andre for på 3timars rundtur i New York (30 dollar). Carolyn ringte.

---
guffemerknad: her vart det litt meir dramatisk, ja, med forseinka fly og greier. merkeleg at mor mi, som ikkje er spesielt vidarekomen matematisk sett, strør om seg med plussar i aust og vest. Kva er dette?

Sundag 2. juli

27.4.10

FREDAG 30. JUNI

Avreise frå Batnfj. kl 9. Buss til Åndalsnes. Nattoget til Oslo. Trudde først vi måtte sitte feil veg, men flytta oss etter ei stund.

- - -

guffemerknad: ok, det skjedde visst ikkje så mykje denne fyrste dagen, men det kan koma av at dei ikkje reiste heimefrå før klokka ni om kvelden. her er det viktig å leggja merke til at dei to ungjentene som reiser alt har fått denne pensjonistfrykta for å sitja bak-fram på toget. truleg kan ein alt her sjå spor av interessa mor mi har for pensjonistferiar. Forklaring på kva dette er.

Laurdag 1. juli

26.4.10

REISING

det er vel dags for ein ny føljetong på guffebloggen. til liks med andre gode føljetongar er denne eit resultat av at eg snoka litt i bokhyllene til foreldra mine. her om dagen kom eg over ei dagbok mor mi skreiv då ho var ein snartur til usa sommaren 1989. i denne dagboka, som er ført inn i ei ekslusiv holly hobbie-notisbok, er det ikkje måte på kor kritisk referenten er. diverre står det ingenting om heimreisa, men før me kjem så langt skjer det så mykje at det skal noko til om nokon saknar heimreisedetaljar.

mor mi reiste sjølvsagt ikkje åleine, ho hadde selskap av tante B. ho stiller til nettmøte etter at refereringa er over, altså om rundt fjorten dagar. det er fritt fram for å senda inn spørsmål alt no.

21.4.10

ELEKTRISITET

trugne lesarar minnest sikkert at det er under to år sidan me, strålande av glede, flytta frå sunnmøre. huset me flytta inn i i tjukkebygdi hadde (og har) sine manglar, men besten lova at han personleg skulle retta opp feil etter kvart som dei dukka opp. han rekna det som lite sannsynleg, sidan han hadde sett over det meste av huset, utan å finna feil. me rekna sjølvsagt med at besten snakka sant, slik han av og til har for vane, men den siste veka har det dukka opp eitt og hitt som tyder på at han kan ta seg ein bolle.

eitt: denne eksemplariske koplinga, mellom ein raud skøyteleidning og ein klassisk kvit leidning, hadde besten gått god for. svimerka på austsida tyder på at her kunne det gått til pisis.
hitt: denne stikkontakten hadde besten eigenhendig limt opp på veggen. svimerka i nordaust tyder på at det også her kunne gått til pisis.

15.4.10

3

det går visst framover med ti på tolvo. tidlegare denne veka feira ho treårsdagen sin, og inviterte opptil fleire gjestar frå nær. alle møtte opp, og stemninga stod i taket. i alle fall heilt til ein av gjestane fann det for godt å gjera i buksa. då måtte brått alle reisa heim att.

fyrste blomen han er komen, og då er me jo ute heile dagen, sjølvsagt. me ættar trass alt frå mor vår. i går meinte ho at me burde leika gøymsel, sidan det er ein leik som høver godt i hagen. biletet over viser kvar ti på tolvo gøymde seg, gong etter gong.

og som om ikkje det var nok, går me no rundt og kosar oss fordi all flytrafikk er nedlagt. no kan dei ha det så godt, dei nepene som absolutt skal fly histen og pisten.

4.4.10

GUFFEFILM 9


alle familiar har sine eigne påsketradisjonar. dei mest rutinerte taklar dette bra; dei ferskaste kan slita litt. kvar einaste kveld i påskeveka kom besten dragande med lysbileteframvisaren sin, bretta ut lerretet, og viste fram nokre usorterte og assorterte godbitar. dei fleste nytta høvet til å kvila ut etter ein hard dag, men for dei yngste vart det altså litt i meste laget.

filmen over viser korleis halv tolvo reagerte då besten for sjette dag på rad varsla at no er det kort tid att før han er klar med nye lysbilete.

1.4.10

SKI

me prøver å halda oss inne med dei nasjonale tradisjonane, sjølv om det held hardt for dei fleste av oss. no i påskeveka har me kutta ut kvikklunsjen og appelsinene, men slit framleis med både skigåing og påskekrim på fjernsynet.

på skiturane har me hatt selskap av nokre slektningar som kom rekande frå oslo. desse har ei litt anna haldning til det meste. det går stort sett greitt, me er jo kjent som ein open og tidvis fordomsfri familie. likevel går det ei grense for kva me kan finna oss i. kva i alle dagar er vitsen med å høyra på musikk når ein er på skitur? er ikkje poenget å høyra skogens ro? koko.

då me kom heim åt me dagsgamle vaflar og drakk lunka saft.

29.3.10

JAZZ

det er mangt ein må vera med på. no i helga drog foreldra mine meg med på noko jazzgreier. ti over halv tolvo laut òg vera med. det var ikkje mykje med det, det var berre nokre stolar og musikantar ramla saman på slump. ti over halv tolvo er ikkje så røynd kulturbrukar, så ho sat med store auge og tralla med der det passa seg slik. sjølv tok eg heller beina fatt, for å sjå på den fine utsikta.

etterpå fekk me vafler og lunka saft.

23.3.10

BERGEN

sist veke masa mor mi så ekstremt mykje om at ho hadde fortent ein ferie, så fredag ettermiddag pakka me ein del godbitar inn i bilen, og køyrde til bergen så fort me kunne. der kjøpte me nye pyjamasar og sokkar, lærte mykje nytt på vitensenteret, såg på krokodillar og apekattar på akvariet, åt is, og sprang att og fram på eit minimalt stovegolv i fyllingsdalen. det regna litt i bergen.

17.3.10

NETTMØTE

halv tolvo får ikkje sova om natta. ho ligg og undrar seg over kvifor ingen sender inn nettmøtespørsmål. for meg, som delar av natta ligg på same rom som ho, er dette helst irriterande. eg drog difor i gang ein kort spørsmålsrunde i sofaen her om dagen.

eg: når eg vert stor, skal eg verta dyrlege. kva med deg?
halv tolvo: når eg vert stor, skal eg verta ein sånn mann som kler seg ut som tiger.

2.3.10

TYSKLAND

det er tunge dagar for besten. på årsmøtet i den lokale avdelinga av tysklandsbrigaden vart det vedteke å leggja ned drifta. til alt hell skal nettsida deira leva vidare ei tid, eller som dei skriv i ei pressemelding: "Det er sett av midlar til å halda nettstaden open i ein del år framover, så langt dei avsette midlane rekk."

26.2.10

BAD


janei, vinterferien er nesten over, og det har vore skuffande få skader. ho eine frå oslo som er her vart rett nok spidda av ein skistav, og besten er rimeleg deprimert etter å ha vorte rundspelt i bondebridge, men elles har det vore uvanleg harmonisk.

kvart på elleveo, som altså stiller til nettmøte når det har kome inn nok spørsmål, tok difor saka i eigne hender. kva som eigentleg skjedde er litt uklart - det heile minner litt om eit lukka rom-mysterie. men det ser ut som om ho reiv halve dusjkabinettet til besten og besto over ende, prøvde å stoppa det med hovudet, slik at heile det halve dusjkabinettet vart knust.

alle gler seg over at her endeleg dukka opp ein skikkeleg vinterferieskade, slik at stemninga etter kvart vart uforskamma høg. dei som trur at dette er eit bilete eg har funne på internettet, kan spørja seg sjølv om der finst andre våtrom som på golvet har ei fillerye med solide svampe-eigenskapar.

17.2.10

VINTER

det er travle dagar, om ikkje akkurat på guffebloggen. naboen i aust har endeleg brukt traktoren til noko vitugt, og har laga ein akebakke med stort potensiale for alvorlege seinskader. mor mi er av dei ivrigaste*, men me andre får òg prøva oss. til helga vert det storinnrykk, med opptil fleire tilreisande akarar frå oslo vest, og då kan alt skje. viss besten får start på "traktoren" sin, har han lova å fresa opp nokre meir krevjande løyper.

men på guffebloggen er det rolege dagar. det er fare for at alle emna er oppbrukte, og me tek gjerne mot tips om kva me bør ta opp. er det til dømes på tide med eit nytt nettmøte? viss mor mi hadde greidd å fiksa kameraet ho herpa her om dagen, kunne me sikkert vunne litt tid ved å ta ein runde med "kva seier besten", men det vert truleg for vanskeleg utan illustrasjon. no er gode råd dyre.

* av dei ivrigaste nordmøringane i nabolaget

31.1.10

VINTER

eg er ikkje sikker på om dette er meg, men viss det er meg, er eg truleg for redusert til å vita det, slik at eg ser ikkje vekk frå at det er meg.

27.1.10

RAUDVIN

den pålitelege lokalavisa hordaland kunne i går melda at i 2009 var det ein markant auke i salet av vin på det lokale vinmonopolet.

mor mi, som flytta til voss hausten 2008, har så langt ikkje kommentert denne meldinga.

20.1.10

iNYTT

det er travle tider i downloadingbransjen i kvitahuset. både mor mi og far min har kjøpt seg noko som heiter noko på i, og flyttar musikk dei elles aldri høyrer på frå cd-samlinga til desse nye apparata. det går utover det meste elles i huset - det er tre dagar sidan me fekk middag, og oppvasken har stått roleg omtrent like lenge.

dei siste som vaska opp var nokre vitjarar frå austlandet. dei tok tog hit, og togreisa tok så lang tid at det diverre ikkje vart tid til noko anna enn å sjå rådgjevarkontoret til mor mi, drikka ein dobbel macchiato to go, klatra litt på garasjetaket, og eta litt pottittgull og drikka litt raudvin. diverre var ikkje toget deira heimatt forseinka, slik at det vart ståande att ikkje så reint få brukte glas.

av anna nytt kan me melda om at besten og besto i dag har kasta ut det slagskipet av ein fryseboks som har stått i kjellaren i brunahuset. fryseboksen er ein electrolux maxi, ca 25 000 liter stor, og står no til spott og spe utanfor kjellardøra. naboane stilte mannssterke, og bra var det.

11.1.10

KALDT

det har vore heller kjøleg dei siste dagane, til og med far min har funne fram stillongsen. til alt hell har besten, på heller eige initiativ, lagt seg til ein vane der han kvar ettermiddag fyrer opp i omnen i kvitahuset. det gjer det heile meir leveleg for opptil fleire av oss.

ikkje uventa er mor mi den som slit mest med kuldegradene. verst av alt er det dei gongene ho må ta turen ned i kjellaren. vekedagane går det greitt, då går ho på do medan ho er på "arbeid", men i helgene er det ingen veg utanom. dei korte turane dit gjev inntrykk, og ho har no teke i bruk eit av dei sterkaste verkemidla som finst i samfunnet i dag, og har oppretta ei facebook-gruppe. dermed skulle det problemet vera ute av verda.

4.1.10

NYTTÅR

dette er kanskje den aller verste dagen i året. ein kan knapt visa seg utan at ein eller annan kjem opp til deg og seier 'godt nytt år'. alle skjønar vel at ei slik helsing ikkje påverkar året som kjem? og viss ein seier det berre av di ein vil verka sympatisk, eller interessert, eller begge delar - kvifor seier ein ikkje då 'god tur' når nokon skal ut på tur? eller 'god appetitt' når ein set seg til bords? eller 'god natt' når ein skal leggja seg? verda er merkeleg, og det går galne vegen.

jola var som vanleg ei vanleg oppleving, men me fekk køyrt ein del bil, langs den vante ruta på vestlandet. i nord var det stor stemning og mykje mat, slik det oftast er. me leika i snoen, og gjekk litt på ski, og tok like godt ein tur eit badeland ved atlanterhavsvegen, slik at onkel A og tante B kunne læra oss litt om korleis me skal stela symjebriller frå små ungar.

i nyehuset til besten og besto var det så varmt at det ikkje gjekk av å få sova. både eg og halv ellevo prøvde etter beste evne, men det var aldeles uråd. då var det godt å koma heim til kvitahuset, der det er litt dårlegare stelt med varmegradene. kvelden me kom att la me saman varmegradene i alle roma, og kom likevel ikkje opp på temperaturen besten har i stova si.