29.11.06

OSLO 6

flyet vårt gjekk alt i ni-tida, så i dag måtte me stå opp midt på natta for å få gjort noko. heldigvis var tante M tidleg oppe, og ho hadde laga frukost, så me fekk oss litt mat før me trilla bort til P for å eta frukost. P vart rimeleg irritert over at me kom så tidleg, så me tok i staden flytoget til gardermoen og åt frukost der. me kan ferie.

OSLO 5

i dag hadde me heldigvis lagt opp eit litt rolegare program. etter ein frukost hjå onkel J tok me t-banen til kolsås, der me åt litt jolekaker saman med A og V. me vart der nokre timar, før me sa at me måtte reisa, sjølv om me eigentleg hadde lagt opp til eit to timars pusterom utan sosial omgang. på desse to timane fekk me i staden kika innom eit hundretals butikkar, sjølvsagt utan å kjøpa noko. så trefte me G, I og F, som spanderte kaffi og kaker på ein kafé, før me reiste heim til T og K, som hadde kokt lapskaus. det tok ikkje lang tid før stemninga dabba kraftig av, så me reiste i staden heim til onkel J, der me fekk pottittgull og lunka vin. me kan ferie.

28.11.06

OSLO 4

huff. i går stod me opp ekstremt tidleg. etter ein kort og intens frukost hjå onkel J tok me båten til nesodden, der me åt frukost hjå P og P. deretter tok me toget til sandefjord, der me såvidt helsa på ein nyfødd unge hjå nokon eg har gløymt namnet på, før me drog attende til oslo s. der tok me ein kopp kaffi saman med rundt tjuefem luringar som studerte saman med mor mi, før me tok flytoget til gardermoen, og flaug til trondheim, der me åt middag hjå tante I. midt i desserten måtte må diverre seia takk for oss, sidan me måtte koma oss raskt til værnes. vel attende i oslo var det ny runde med kaffi og kaker og vin og pottittgull hjå onkel J. me kan ferie.

27.11.06

BADING

berre ei lita melding til far min: sidan eg er i oslo desse dagane, treng du ikkje møta opp på baby-bading i dag.

OSLO 3

mor mi og eg er framleis i oslo, og sundag vart ein relativt roleg dag. me åt fyrst frukost hjå onkel J, før me åt frukost hjå tante B. deretter tok me t-banen til G, der me drakk brus og åt bollar, og helste på ein nyfødd unge. snart rusla me vidare til F, O og J-H, der me berre kunne vera i ti minutt før me reiste tilbake til G, for å eta middag og helsa på den same ungen. så tok me bussen heilt ut til tante I, der me åt middag og dessert. så reiste me attende til onkel J, der det var kaffi og kaker og brus og is og pottittgull og vin. me kan ferie.

26.11.06

JOLEPOSTKASSE #3

no tenner me det tredje ljos,
det står så fint og skin.
det hadde ikkje gått så bra
utan ein skvett bensin.
det er tredje sundag i advent, og adventsstemninga er til å ta og kjenna på, her me sit i oslo og et luciabollar. kåringa av den beste jolepostkassa gjennom tidene held fram, og me har i dag plukka fram ein retteleg godbit. reglane er som vanleg - de gjev jolepostkassene poeng ein stad mellom 10000 (bra) og 1 (dårleg). stillinga så langt:

jolepostkasse 2: 8000
jolepostkasse 1: -

det er ikkje spesielt flaut å gje poeng til jolepostkasse me tidlegare har presentert, og det er ikkje for seint å påverka det endelege resultat.

OSLO 2

laurdag vart ein travel dag. me stod opp tidleg, og køyrde i all hast til flyplassen. me flaug til oslo, og der fekk me fyrst brunsj hjå onkel J. deretter reiste me vidare til L, som nyleg har fått tvillingar, og som serverte kaffi og ostesmørbrød. me kika såvidt innom hjå F og J-K, som serverte kaffi og kaker, før me åt middag hjå P. maten var sånn halvgod. om kvelden var me ein liten tur innom hjå O, som vart med vidare til A og K-W, der me åt fruktsalat, drakk vin og åt pottittgull. me kan ferie.

24.11.06

OSLO 1

i morgon tidleg skal eg og mor mi til oslo. far min har ikkje råd, så han må vera heime og ordna med reparatørar til alle maskinene mor mi har herpa dei siste vekene, og eta semulegrynsgraut med rosiner.

me skal vera i oslo til onsdag morgon. på dei fire døgra skal me vitja mellom tjue og tjuefem kviger som mor mi kjenner. nokre av dei snakkar ho med ein gong i veka, nokre snakkar ho med ein gong i månaden, nokre snakkar ho med ein gong i året, og nokre har ho ikkje snakka med sidan barneskulen. me skal bu hjå onkel J. det gler eg meg til - sist eg budde der spydde eg ein skvett så fort eg fekk sjansen, og det fekk eg stort sett heile tida. eg går ut frå at den ordninga framleis gjeld, så det ligg an til nokre drøymedagar. me kan ferie.

oslo2 oslo3 oslo4 oslo5

23.11.06

LOKALNYTT 2

VM-kampen mellom Spania og Tunisia vart langt meir dramatisk for Gunnar Engeset og sonen Mathias i Rystelega 16 enn det dei hadde drøymt om. Rett før Fernando Torres sette inn sitt praktmål i det 91. minutt, vart veggen bak i TV-stova slått inn med eit kjempebrak. (Avisa Møre, Volda)

Har du ei lokal melding du vil dela med fleire? Ta kontakt. Meir lokalnytt her.

21.11.06

AMISH

er det berre mor mi, eller er det slik at alle som er gravide satsar alt på ein amish-look?

19.11.06

JOLEPOSTKASSE #2

no tenner me det andre ljos,
åleine må det stå.
å tenna eit ljos sist helg
var det ingen som kom på.

ny adventssundag, ny jolepostkasse. responsen sist veke var omtrent som venta, og me reknar med at interessa er like stor no. skalaen går framleis frå 10000 til 1, der høgast poengsum er mest jol.

18.11.06

JOLEGÅVER

me er alt langt inne i adventstida, og det er på tide å leggja fram ei ynskjeliste for jolegåvene. eg kjem eigentleg berre på to ting eg har lyst på - moped og pengar. eg kjem òg på to ting eg ikkje har lyst på, nemleg tøydyr og kroppar. eg har meir enn nok av begge delar.

det er vel fare for at ingen tek omsyn til ynskja mine, og eg reknar med at eg i staden får dette: frå besten på voss får eg ei sveipa øskje, frå besto på voss får eg eitt plastdyr med teksten 3+, frå onkel T får eg ei fotballrelatert bok, frå far min får eg ingenting, frå mor mi får eg mykje drit som eg ikkje treng, frå familien onkel A får eg noko frå eit u-land, frå familien tante K får eg ei leike som går tom for batteri fyrste joledag, frå familien onkel K får eg ei bokpakke frå samlaget, frå besten på nordmøre får eg ein plast-traktor, frå besto på nordmøre får eg nokre heimestrikka labbar, frå familien onkel J får eg eit fotoalbum med hundre tusen millionar bilete, frå familien tante B får eg ein fint brukt speidaruniform (og ein del kremar frå vermor til tante B), frå tante I får eg ei dyrebok, og frå frode får eg eit sjeldan opptak med ein spelemann frå selland. så det ser ut som om eg går i underskot i år igjen. avisene melder at kvar nordmann får jolegåver for rundt 2700 kroner, og gåvene eg har ramsa opp her kan då ikkje vera verd meir enn nokre hundrelappar.

15.11.06

BINGO

endeleg! eg var lenge usikker på om det var nokon vits i å kalla meg sjølv opp etter besten, men endeleg får eg betalt for det. besten vann litt over sytti tusen kroner i lotto i helga. sidan han har det meste av det han treng, inkludert ein arbeidslaus bilmekanikar i nabohuset, gav han vekk alt til barneborna sine. dei fem andre fekk 10000 kroner kvar, medan eg fekk 20000. no kan dei ha det så godt, dei som gambla på å kalla opp sønene sine etter johannes slaattelid og jostein vadla.

LOKALNYTT 1

i all iveren etter å utropa ei nasjonalpostkasse og ei jolepostkasse har eg kome i skade for å verta for oppteken av det nasjonale og internasjonale. for å bøta på dette vil eg den nærmaste tida òg presentera ein del meldingar med til dels svært lokalt innhald. sidan eg ikkje les aviser sjølv, tek eg gjerne mot relevant nytt frå andre. det er vel like greitt å opna denne serien med ei melding frå sunnmørsposten tidlegare i år:

Hund i varm bil
Fredag vart det meldt om at ein hund var inne i en låst bil i Volda. Hunden var plaga av varmen, men eigaren kom til etter ein times tid, og hunden fekk kjøle seg. Dermed vart det ikkje gjort meir med dette.

fernando torres inga feiring kranen snøballkrig porscheklubben sjåførbrillene fallskjermulukke

12.11.06

JOLEPOSTKASSE #1

sidan den travle adventssesongen offisielt opnar i dag, på fyrste sundag i advent, tek me ein ørliten pause i kåringa av noregs nasjonalpostkasse. det ville vera direkte ufint og respektlaust å halda på med noko slikt på dei sju adventssundagane. me nyttar heller sjansen til å kåra noregs jolepostkasse.

det enklaste er nok at reglane i denne kåringa er omtrent som i nasjonalpostkassekåringa. postkassene kan få maks 10000 poeng; minimum 1 poeng, og postkassa med det høgste snittet ligg best an.

det er sjølvsagt framleis fullt mogleg å røysta i nasjonalpostkassekåringa.

jolepostkasse#2 jolepostkasse#3 jolepostkasse#4 jolepostkasse#5 jolepostkasse#6

ADVENT

me har altfor lett for å sjå det som omgjev oss som permanent, men slik er det ikkje. landegrenser endrar seg, motar endrar seg, straumprisar endrar seg - det einaste som ikkje endrar seg er grandiosa-pizzaen. svært få veit at også adventstida har endra seg.

dei siste tjue åra har adventsstakane hatt fire ljos, men slik har det ikkje alltid vore. då henrik wergeland fann opp jolefeiringa rundt 1830, meinte han at det kunne vera nok med jolefeiring kvart tjuande år, og at tida mellom kvar jol skulle kallast advent. dette var sjølvsagt hovudgrunnen til at han skreiv salmen "nu tændes tusen julelys". (ein mindre viktig grunn var at henrik ibsen nyleg hadde publisert det altfor lange diktet om terje vigen, og wergeland ville ta tilbake hegemoniet i dikt-sjangren "altfor, altfor lange dikt".) slik vart joleskikken verande lenge. det vil føra for langt å peika på alle endringane her, men viktige stikkord er dansen cha-cha-cha; dei to fyrste singlane til elvis; innføringa av moms; og dei mange trykkfeila på dåpsattesten til toppen bech.

dei siste åra har fleire og fleire gått vekk frå adventsstakar med fire ljos, og i staden satsa på stakar med sju ljos. i dag er det difor fyrste sundag i advent - hurra.

11.11.06

VEKSLEPENGAR

me har ikkje heilt bestemt oss for kvar me skal flytta. der er fleire freistande stader, så valet er vanskeleg. det skal vel noko til at foreldra mine lett får seg nye jobbar, men far min gjer sitt beste for å skaffa seg fleire føter å stå på, og har i dag vore med på eit kurs for mannlege kassadamer. kurset var relativt fort unnagjort. mannlege kassadamer arbeider etter desse fem grunnreglane:

1. alle varer skal førast slapt forbi ei laserstråle som skumles strekkoden. høyrer du eit pip, er alt som det skal.

2. har ein kunde ei frukt eller ei grønsak du ikkje veit kva heiter, spelar du rutinert, legg frukta eller grønsaka på vekta, og slår inn den firesifra koden for sellerirot. dersom kunden ikkje reagerer på dette, går du vidare til neste vare. dersom kunden reagerer, er det oftast med ei melding av typen "det er ikkje sellerirot, det er appelsin". deretter finn du koden for appelsin, og alt går greitt.

3. alle kundar skal spørjast om dei har medlemskort.

4. det enklaste er at kunden betalar med kort. dersom dei betalar med pengar er det greiast at dei betalar akkurat den summen dei skal betala. dersom dei på liv og død berre betalar med setlar, skal du spørja om dei har myntar tilsvarande summen over nærmaste runde sum. (viss summen er 399,50, og kunden betalar med fire hundrelappar, skal du altså spørja "du har ikkje 99 kroner og femti øre i smått?".) viktigaste grunnen til dette er at du, når arbeidsdagen er over, skal telja opp kor mykje du har i kassa, og då bruker du meir tid dersom du berre har myntar.

5. du må rekna med at gamle damer vert like overraska kvar gong dei passerer kassa, slik at dei ikkje har pengane klare før nokre minutt etter at du har sagt kor mykje du skal betala. vanlegvis gjeld ikkje punkt 4 for gamle damer, men dersom mange folk står i kø, kan du ta i bruk punkt 4 likevel, slik at dei gamle damene kan pakka ned att portemoneen med setlar, og i staden opna ei heilt anna veske, der dei har ein liten pung med litt for få myntar i, slik at dei må henta fram att portemoneen dei hadde framme for litt sidan.

8.11.06

FLATKLEMT

typisk mor mi. i sommar gjekk far min inn i historiebøkene som den fyrste sjåføren som hadde punktert med nyebilen. mor mi ville ikkje vera noko dårlegare - tvert imot: i dag gjekk ho inn i historiebøkene som den fyrste kvinnelege sjåføren som har greidd å punktera to dekk samstundes på nyebilen. eg kan berre gratulera.

eg minner forresten om at gamlevegen filmklubb denne veka viser filmen the truman show. møt opp kvar og ein.

BADING

ein gong i veka er eg på noko som av ein eller annan grunn vert kalla babysymjing. me som er med er ein fem-seks dritungar, to gutar i ti-årsalderen, ein del foreldre, og ei badevakt. badevakta er der truleg for å redda liv, men så langt er den einaste nær døden-opplevinga den gongen badevakta heldt på å kjeda seg i hel.

det heiter altså babysymjing, men symjing er det veldig lite av. det heile handlar om at far min eller mor mi held hovudet mitt over vatnet, samstundes som dei utfører ein av desse øvingane:
* dei lyfter meg opp og ned or vatnet. dersom det er mor mi som lyfter, vert øvinga akkompagnert av nokre rop eg trur skal verka oppkvikkande.
* dei plasserer meg på bassengkanten, og jublar som nokre spaserstokkar kvar gong eg kastar meg uti vatnet.
* dei tel til tre, før dei dukkar meg under vatnet. grunnen til dette er truleg at dei meiner eg bør trena meg opp i å drikka bassengvatn.

* dei kastar nokre plastleiker mot andre enden av bassenget, før dei ber meg dit, slik at eg kan plukka dei opp. denne øvinga slit eg med - dersom poenget var at eg skulle plukka opp plastleikene, kunne eg ikkje fått dei med ein gong?
* dei kikar bort på dei to tiåringane som bruker halve bassenget på ulike variantar av vasspolo, og bruker nokre ord eg ikkje er heilt sikker på korleis vert stava.

så det heile er eit slit, og det gjer ikkje akkurat situasjonen betre at vatnet held rundt førti grader. men det kunne likevel vore verre - nokre av dei andre ungane vert monterte inn i ein badering. der sit dei fastlimte gjennom heile økta, medan mor deira kranglar med andre mødrer med fastlimte ungar om kven som har dei mest velskapte og vellukka ungane. foreldra mine skjønar at i ei slik ordveksling har dei lite å stilla opp, slik at eg slepp til alt hell dette.

6.11.06

TILSPISSING

eg har ei kjensle av at far min bør få opp farten og koma i gang med kinnskjeggsparinga. dei siste dagane har både onkel T og onkel A meldt at dei er godt i gang; og det er òg grunn til å rekna med at onkel K spekulerer på noko uventa. biletet over viser at til og med onkel NR har fått til ein imponerande busk ved næraste øyre, så alt tyder på at det spissar seg til.

5.11.06

FRAMGANG

endeleg er west ham i gang for alvor. klubben har slite litt med å reisa seg etter at dei vart frådømt sigeren i fa-cupen i vår, men har no teke to strake sigrar, rett nok mot relativt veik motstand. i dag slo dei arsenal, ein gjeng med sytande humlepungar frå nord-london, 1-0, etter nok ein fulltreffar av 46 år gamle teddy sheringham. det luktar meisterliga lang veg.

POSTKASSE #12

eg og mor mi låg i telt på finnskogen denne helga, så no passar det retteleg godt med ein nasjonalpostkassekandidat med eit skogleg motiv. dei som vil røysta bør gjera det før fristen går ut, og elles fylgja reglane slik dei til minste detalj er presenterte her.

stillinga så langt ser slik ut, men me minner om at det ikkje er for seint å røysta på eldre kandidatar:

postkasse #10: 10000
postkasse #3: 5009,5
postkasse #6: 4907,3
postkasse #1: 4906,2
postkasse #9: 3836,3
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 667,5
postkasse #4: 17
postkasse #11: 3

det er kome inn 5643 poneg, 34 peong, og, under tvil, 10 piong.