30.9.06

MERKESTEIN #1

eg har lenge vore plaga av at eg ikkje har vore flink nok til å tidfesta nye eigenskapar eg tileignar meg. noko forseinka startar eg difor i dag.

merkestein #1: i dag greidde eg for fyrste gong å køyra ein finger gjennom ei skive agurk.

merkestein#2 merkestein#3

29.9.06

HÅR

i ein halvgod freistnad på å ikkje skilja seg ut i nabolaget er far min og mor mi usamde om det meste. den siste tida har det vore til dels krasse ordskifte om kva frisyre eg skal ha.

mor mi meiner at hår er ein uting, og ser helst at eg klipper meg kvar fjortande dag. far min, derimot, er klinkande klar på at håret skal veksa fritt over heile kroppen. unntaket er at han går med på at eg av og til kan stussa panneluggen, sidan det er litt upraktisk at utsikta vert hindra av feitt hår. så langt har far min fått siste ordet. eg har difor fått nokre ekle krøller i nakken, som gjer at dei andre ungane på babysymjinga ler av meg, og spør om eg skal på audition til ei av jenterollene i "huset på prærien". eg svarar nei, og då ler dei merkeleg nok endå meir.

det eg treng no er gode argument til neste krølle-debatt med far min.

27.9.06

BLINK

no har far min vore ute og sprella med termosen igjen. han har omsider funne ut kvar målet står, og såvidt eg kunne sjå tok det berre to-tre sekund før han hadde blinken i sikte og fyrte laus. og ikkje nok med at han trefte den blinken - termin er fastsett til 24. mars, same dag besten fyller 65 år. sidan det alt er klart at det vert ein gut, er det vel ikkje anna råd enn å kalla han opp etter besten, slik at han får namnet jon.

26.9.06

JON

folkemusikkansvarleg på guffebloggen, frode, fekk saman med kona si ein liten gut i natt. han er oppattkalla etter bestefaren og den beste oksen til naboen, og skal heita jon ølrich. i det daglege vert dette litt tungt, så til vanleg vert han nok kalla noko meir frilynt, truleg per sjuspring. lukke til, og til lukke.

25.9.06

POSTKASSE #6

dei to siste vekene har me presentert postkasser med motiv frå to av dei tre primærnæringane. meininga var å finna ei postkasse med motiv frå den tredje primærnæringa, men det har ikkje vore råd å finna eit slikt. me tek i staden med ei postkasse frå eit av dei mange store og småe verksemdene som arbeider med denne næringa.

stem i veg - reglane er som før. og hugs at det er råd å røysta på gamle postkasser, slik at det slettes ikkje er for seint å påverka resultatet.

stillinga så langt:
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #5: 4318
postkasse #2: 2028,3
postkasse #4: 17

18.9.06

KOTELETTAR

det ser ut som om fleire meiner at kotelettar passar godt saman med pinnekjøt. far min meiner at dette kan vera eit godt høve til å visa slektskapen med bestefar sin (kontreadmiral erik årsland, biletet over), og lurer på kor lang tid han treng på å skrapa saman like imponerande skjeggvekst. han har altså ikkje den mest progressive skjeggveksten i landet, så det er kanskje best å starta sparinga alt no?

gløym ikkje å røysta på den førebels siste nasjonalpostkassekandidaten, sjølv om meldinga er trykt litt nedover på sida.

17.9.06

POSTKASSE #5

som venta var det ikkje mange som meinte at kystpostkassa sist sundag fortente tittelen noregs nasjonalpostkasse, og skåren vart difor låg. denne gongen har me henta fram eit meir agrart postkassemotiv - dei delikate sauene kjem best fram dersom de forstørrer biletet ved eit dobbeltklikk eller to. reglane er som før - de gjev 10000 poeng til postkasser de meiner kan passa som nasjonalpostkasse, og 1 poeng til postkasser som ikkje bør ta på seg dette vervet. det er ikkje for seint å røysta på postkasser som tidlegare har vore presenterte, men hugs at kvar person berre kan røysta tre gonger på kvar postkasse, og at poengsummane då må vera kvadratiske. dersom du røyster anonymt, kan du berre røysta to gonger på ei og same kasse.

send gjerne inn bilete av postkasser som bør vera med i tevlinga.

stillinga så langt:

postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #2: 2028,3
postkasse #4: 17

ny postkasse neste sundag, truleg seint på kvelden.

15.9.06

JON

otro, ei av dei to som jamleg les bloggen utan å leggja att kommentarar, fekk i går ein son som skal heita jon. me ynskjer både ho og han pylsemakaren ho er gift med til lukke.

13.9.06

JOL

det er sjølvsagt i tidlegaste laget å tenkja på jola (sjølv om tante K har gjort seg ferdig med jolegåveinnkjøpa for mange månader sidan). etter den kjedelege hendinga for to år sidan, då far min ikkje fekk vita at det skulle vera bartejol før vesle jolafta, slik at han måtte ut på svartebørsmarknaden for å skaffa seg ei anders hovden-bart, er det likevel naudsynt med ei tidleg avklaring. biletet over viser onkel A og onkel K på jolekvelden for to år sidan, fint pynta med bart og slipsfrie skjorter.

i fjor var me på nordmøre, der tema for jola var jol og varme. no går turen sørover att, og bloggelesarane vert med dette oppmoda om å koma med innspel til høvelege tema. eit framlegg som har vore til lufting, er ei god gamal hentesveisjol. dette var jo vanleg i syttiåra, slik biletet under viser. kva trur de?

10.9.06

POSTKASSE #4

i kåringa av noregs nasjonalpostkasse er me no komne fram til postkasse nummer 4. denne er relativt meir marin enn dei føregåande, og vil nok difor truleg skåra ein del poeng frå dei som held til ved kysten. reglane er som før - de gjev postkassene poeng etter kor godt eigna dei er. skalaen går frå 10000 poeng (til dei grader godt eigna) til 1 poeng (helst lite eigna). kvar person kan røysta maks tre gonger på ei og same postkasse, men summane må då tilsvara omkrinsen. dei som røyster anonymt kan berre røysta to gonger på ei og same kasse. det er framleis fullt mogeleg å røysta på alle postkassene i kåringa.

alle som vil kan framleis senda inn bilete av postkasser som kan høva i kåringa. så langt har det berre kome inn éitt bilete, som så langt har teke plass langt bak i køen.

stillinga så langt:
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #2: 2028,3

ny postkasse neste sundag.

8.9.06

DYRSKU'N

heller ikkje i år vart det noko av turen til dyrsku'n i seljord. det er difor fint om andre som har vore innom der, eller har høyrt gode historier derfrå, kan dela alt dette med oss andre.

7.9.06

BRUASET 8

der ingen skulle tru at nokon kunne bu, del VIII:
nattoget

5.9.06

NOKAS

huff og huff. no er det heile i gang igjen. det er sett av syttifire veker til anking av nokasranet, og samtlege av desse vekene kjem aviser og nettaviser og fjernsyn til å gå rundt og tru at andre enn familien til han som vart skoten har interesse av denne saka. til alt hell døydde det ein heilt ukjend krokodillemann i australia i går, slik at nettavisene fekk noko anna å skriva om.

hadde endå nokas-advokatane hatt innsikt nok til å sprita opp avhøyra med spørsmåla alle vil ha svar på, kunne det vorte litt interessant. no får me aldri vita kva klengenamn david toska hadde på barneskulen - kalla dei han meisterhjernen alt då, eller gjekk dei for eit meir openbert? og kva er det tullet med at han eine stavar mellomnamnet sitt med ch - alrich?

3.9.06

POSTKASSE #3

postkassekåringa held fram. til orientering for nye lesarar har guffebloggen denne hausten teke mål av seg til å kåra nasjonalpostkassa, og denne gongen har me funne fram ei postkasse som verkeleg råkar sentralt i den norske folkesjela.

de står fritt til å gje postkassene poeng, frå 1 (til dels ueigna til å vera nasjonalpostkasse) til 10000 (ekstremt godt eigna). det er ingenting i vegen for å røysta på tidlegare framviste postkasser, men hugs at ein og same person berre kan røysta tre gonger på same postkasse, og i slike tilfelle må røystesummane vera omvendt proporsjonale.

stillinga så langt:
postkasse #1: 4906,2
postkasse #2: 2028,3

1.9.06

STEG

no i kveld tok eg mine fyrste steg. mange har venta på dette, og eg ser sjølvsagt på det heile som ein milepæl. diverre vart det ikkje dokumentert. mor mi er nett ute ein tur med nokon ho kjenner, for å eta pottittgull og nippa vin, medan far min var travelt oppteken med beat for beat, der han syng med av hjartans lyst.