25.12.09

NAMN

onkel NR og tante K vert foreldre igjen ut på våren neste år. det vert ein ny gut, slik skikken er i denne slekta, og ikkje uventa er dei alt i gang med drøftingar om kva namn guten skal få. så langt har dei ikkje greidd å semjast, og jolegåva deira til guffebloggen var difor at namnet til guten skal avgjerast gjennom ein enkel røysterunde her.

dei har sjølve nokre framlegg til namn, men før me dreg i gang avrøystinga, er alle velkomne til å koma med eigne framlegg. fristen for å koma med slike framlegg går snart ut.

dei har sjølve kome med desse framlegga:
* frode
* rasmus
* nils
* nils aslak
* nils asle
* nasle
* nasle nøff

21.12.09

DØR

i filmverda har dei eit godt utval spesiallaga rekvisittar. der finst til dømes spesiallaga glasruter, som ein kan kasta skodespelarar gjennom, utan at dei slår seg. der finst òg spesiallaga dører, som ein kan kasta skodespelarar gjennom, utan at dei slår seg. Desse er oftast laga av isopor, og har difor få av dei eigenskapane som gjer ei god dør til ei god dør.

for nokre år sidan hadde dei ryddesal på rekvisittlageret til norsk film. besten var ute og gjekk i nabolaget, og tusla like godt innom for å sjå om der var nokre godbitar. han stussa litt over den låge prisen på dørene deira, og merka seg òg at dørene var rimeleg lette. men sidan han trong ei ny dør til inngangspartiet på kvitahuset, som på den tida var utlånt til ein hardt arbeidande bilmekanikar frå nabolaget, kjøpte han med seg ei dør.

den døra står framleis i kvitahuset, og ho er god å ha no når nettene er lange og vinterkulda har sett seg inn. me treng til dømes ikkje termometer - viss det er minusgrader ute, ligg det eit lag med is på det indre dørhandtaket. og viss me dreg inn sno i gangen, vert han liggjande der til neste veromslag, slik at me treng vel heller ikkje kjøleskap. besten gjorde såleis ikkje berre eitt røvarkjøp då han kjøpte ny isopordør, han gjorde tre røvarkjøp.

15.12.09

NORHEIMSUND

no i helga var kvart over tio og onklT i oslo. mor mi og eg hadde planar om ei drøymehelg, med ekstreme mengder stearinljos, ein jamn og fin straum av jolemusikk, og ei lett blanding av teiknefilmar på dvd og ein liten joleverkstad.

slik gjekk det ikkje. ei gamal tante til mor mi ringde og lurte på om me ikkje kunne ta turen til norheimsund. då kunne me plukka med oss ei jolegåve, slik at dei sparte kroner 15,50 presis. mor mi er ikkje den lettlurtaste i landet, men takka likevel ja, slik at dagen gjekk med til bilkøyring, eting og drikking, og ein del kritiske merknader til dialekten min.

dei to som var i oslo hadde det stort sett greitt, bortsett frå at vogna gjekk til pisis, og bortsett frå at det digitale kameraet gjekk til pisis, og bortsett frå at alt det andre stort sett gjekk til pisis, det òg.

4.12.09

600

det er jubileumstid igjen. dette er melding nummer 600, og som vanleg er nivået uventa høgt. til liks med andre milepælar er denne passeringa eit godt høve til å reflektera over kva eg har fått gjort dei åra eg har blogga. eg trur ikkje det er å ta for hardt i å seia at eg har sett dagsorden i ei rekkje saker, eg har friska opp den gode samtalen, og eg har fjerna toppen bech frå norsk fjernsyn.

likevel er der to uoppklarte saker som tyngjer meg sterkt.

I. for nokre veker sidan fann me ein sjokolade utanfor flesland flyplass. den rette eigaren har enno ikkje meldt seg, men det kan vedkomande godt gjera - alt som trengst er at du fortel kva slags sjokolade det var. eh - er.

II. før me flytta frå sunnmøre selde me nokre godbitar frå samlinga på auksjon. kan "Frode" snart betala dei 50 kronene han skuldar for sippahen og fluffen?

dei 599 fyrste meldingane har fått 1672 innspel, eller 2,79 innspel pr melding. det er ikkje langt unna hypotenusen.

andre jubileum: 500 400 300 200 100

27.11.09

TOG

i dag jubilerer bergensbana, og me markerer det på ulikt vis. besten har kome opp frå kontoret i kjellaren, gjeve besto grei melding om at i dag må ho droppa både skavlan og dyrhaug, og rigga seg til i godstolen. mor mi tek like godt toget til oslo - planen var å bruka tida til å retta nokre stilar frå september, men ho vart så gripen av jubileet at ho i staden kika ut i den myrke haustnatta, medan ho nynna nokre rallarviser.

eg og onklT og halv ellevo er att heime, og greier oss så godt me kan. Så langt har vel skadene vore rimeleg jamt fordelt.

22.11.09

FØRJOLSTID

det er ålment kjent at i førjolstida er det litt sprik mellom interessene til mor mi og onklT. ho er mest oppteken av joleting, han gjev ein god ein. dette spriket kan òg til ei viss grad overførast til slektene deira. besto på nordmøre er til dømes så desperat etter å pakka inn ting og senda dei i posten at ho denne veka pakka inn eit telys og sende det med ilpost til mor mi. ein skal kjenna mor mi rimeleg dårleg for å tru at ho har behov for ekstra telys.

mor mi oppførte seg òg uvanleg merkeleg i går. at ho ville ta nokre rundar for å sjå etter jolegåver er ikkje så rart, men no slo ho til og kjøpte alle jolegåvene ho hadde tenkt å kjøpa i ein og same butikk. i teorien kan ho difor spara ein del tid dei neste vekene, men for å unngå at folk omtalar ho som ei som handlar alle jolegåvene i ein og same butikk, kjem ho til å pakka inn alle gåvene på nytt, slik at det ser ut som om ho har vore innom i opptil fleire.

16.11.09

OSLO

denne helga var onklT og eg ein snartur til oslo. det var som vanleg travelt, og det var berre så vidt eg fekk tid til å slappa av. onklT hadde like godt teke med ei defekt datamaskin, slik at planane om å sjå teiknefilm på toget, både att og fram, fall i fisk. me satsa i staden på heilt andre ting.

me budde på beste vestkant, der veret var nokolunde fint heile tida. i går tok kjesso oss med til ein bowlinghall, der me bowla og åt is. slik det går fram av biletet over, var det heile svært vellukka.

filmen under viser at husvertane har relativt morbide interesser.

8.11.09

SVIN

eg fattar framleis ikkje poenget. avisene skriv side opp og side ned om svineinfluensa, og legg det heile fram som om det skulle vera ein pest på lik line med svartedauden. sjølv fekk eg svineinfluensa natt til tysdag - litt høg feber, litt dårleg matlyst, litt mange filmar frå sofaen, og vips: 24 timar etterpå var eg frisk nok til å sjå endå fleire filmar frå sofaen. halv ellevo gjorde endå kortare prosess - han hosta litt nokre timar torsdag kveld, og det var det. mor mi hadde litt vondt i hovudet i går, taktisk nok akkurat før finala i fjernsynsprogrammet "skal vi danse", slik at far min måtte leggja oss. og far min hosta ein gong i dag tidleg, så no reknar me oss for ferdige med svineinfluensaen. me kunne såleis nærma oss ljosare tider, men mor mi har alt drege i gang det vanlege ordskiftet om jolegåver.
oppdatering: me ynskjer molde til lukke med cupfinala, og hentar fram denne frå arkivet.

1.11.09

POSTKASSE #13

kåringa av nasjonalpostkasse held fram, og me er no framme ved kandidat nummer 13.
reglane for kåringa finn ein her, og ei rimeleg oppdatert resultatliste ligg her. finanskrisa har ført til at reglane er litt endra, for å visa solidaritet med alle som har gått konkurs på island er det ikkje lov til å gje meir enn 8000 poeng denne runden.

24.10.09

FEIL

kulturavisa dagbladet vart denne veka sterkt kritisert, frå mange hald. torsdag hadde dei ei framside som viste nokre bilete av han eine luringen i kongo, bilete med ein del augehimling og armvifting. saman med desse bileta stod overskrifta "se hvor syk han er!" dette, meinte alle som er levande opptekne av personvern og presseetikk, var å gå over alle strekar.

dagen etter, altså i går, hadde dagbladet ei framside med bilete av engle-märtha, under overskrifta "jeg har helbredende kraft", eller noko liknande. så langt har ingen kritisert denne overskrifta, truleg av di dei er redde for å få ari på nakken.

for meg er det opplagt kva som har skjedd her. på stabsmøtet tysdag har dagbladet-redaksjonen laga ferdig framsidene for resten av veka, slik dei har for vane, og så har det gått litt for i sluttredigeringa, slik at dei to overskriftene vart sett saman med feil bilete, og at i same slengen vart "hun" endra til "han".

21.10.09

LYKLAR

far min er vekkreist, men melder at han har funne att reservelyklane til bilen til besten. alle detaljar er ikkje klare, men det må vera klart for kvar og ein at dei dukka opp på ein plass der ingen skulle tru at dei var.

dagen i dag har elles vore prega av at alt som kan røra seg i den norske mediaverda presenterer lister over kven som tener mest totalt, kven som tener mest i regjeringa, kven som tener mest i sogn og fjordane, kven som tener mest av folk fødde i 1980, osb. den einaste lista som manglar er kven som tener mest av dei mest profilerte målfolka. burde ikkje dette vera ei opplagt sak for norsk tidend?

14.10.09

SLEIV

i dag la far min og eg ut på ein uvanleg lang tur. me gjekk nedover langs husveggen, og kom heilt ned mot hjørna ved kjøkkenet. utanfor det eine kjøkkenvindauga såg me noko merkeleg. innimellom nokre livlause rabarbraplantar låg det tre tresleiver. dei var heller lite tillitsvekkande, og gjorde sitt beste for å skapa inntrykk av at dei hadde lege der ei stund.

vanskane med å tidfesta dette heilt presist gjer at det er vanskeleg å finna ein syndebukk. mange var innom på vitjing her i sommar - såg nokon av dykk noko mistenkeleg? eg vonar at nokon kan vera litt til hjelp her, viss ikkje er det fare for at eg som vanleg må leggja skulda på besten og besto.

dei tre sleivene er truleg innkjøpt på ikea, og har ikkje akkurat spesielle kjennemerke.

9.10.09

TAP

haustferien vart, som vanleg, ein braksuksess. me var nokre dagar på ustaoset, saman med besten og besto og ei reservebesta. far min ville at me skulle bruka tida til å lesa mange av dei gode bøkene i bokhylla der, mor mi ville at me skulle prøva akebretta som låg i skibua, medan besto meinte at i alle fall nokon i slekta burde vita litt om ysting, og drog oss med til ysteriet nede ved oset.

far min gjekk diverre på eit par leie smellar. ein ting er at han greidde å rota vekk reservelyklane til bilen til besten, ein annan ting er at han greidde å rota vekk ladaren til mobilen. har nokon ein ladar til overs? eg er ikkje sikker på kva merke det er, men han har ofte sagt at han gjorde eit kupp då han kjøpte han - i 2001 var dette den suverent mest moderne mobilen som kunne kjøpast på austefjorden samyrkelag.

3.10.09

FERDIG!

mor mi runda førti år denne veka, og det vart feira med uvanleg mange gåver. dei mest rutinerte konditorane på gjestelista let òg vel over blautkaka, men det kan skuldast at dei hadde høyrt mykje rart om kaka som kom på bordet i fjor.

besto hadde like godt med seg ein sjølvlaga klokkestreng til gåve. dei av oss som ikkje har studert etnologi i oslo, og som difor ikkje har altfor store husflidskunnskapar, skjøna ikkje kvifor ho tok slik på veg, men utpå kvelden kom det fram at ho vart den fyrste som kom i mål: frå besto har ho no fått minst eitt eksemplar av alle husflidsprodukt som finst, inkludert nokre soppfarga selbuvottar. det er reint som det bugnar av husflid i heimen.

28.9.09

HAUST

denne veka vert travel. besten og besto har drege på seg spanderbuksene, slik at alle som held til i kvitahuset er inviterte med på ei drøymehelg i eit luksuriøst hyttepalass på hardangervidda. mor mi bruker difor tida til å prøva ut ulike grenoble-inspirerte turantrekk. tio og eg er meir opptekne av kor mange donald-filmar me kan pressa inn i bagasjen, medan far min har reist til sunnmøre, for å vera med på ei friluftsmesse der. ting kan altså tyda på at den bedagelege og behagelege livsstilen eg har hatt så langt, står for fall.

om dette bekreftar eller avbekreftar hypotesa om at hovmod står for fall, er derimot uklart, men det skulle ikkje undra meg om me vil finna ut meir om det medan me ligg og sprellar i jacuzzien.

22.9.09

TEMAJOL

me har ramla inn i årstida for viktige avgjerder. nasjonalt og internasjonalt puslar dei med sitt, medan me her på g-bloggen kallar inn til debatt igjen: kva skal vera tema for jola i år? me bed dei som kjem med framlegg ta omsyn til at me skal til nordmøre denne jola. og for å friska opp gamle minne - i 2005 var temaet lys og varme, i 2006 var det kotelettjol, i 2007 var temaet lys og varme, og i 2008 var det hentesveisjol. alle framlegga som kjem inn vert snart lista opp som moglege svar i gallupen oppe til høgre. me må likevel venta til me får eit klart svar i gallupen som så langt ikkje er heilt avslutta.

17.9.09

OPPSUMMERING

det er godt kva som er gjort. men i all debatten etter valet er det eit stort spørsmål som står utan svar: vert uteliggjarar og heimlause som ikkje nyttar røysteretten sin rekna med blant heimesitjarane?

9.9.09

VAL

no er det pikerten ikkje lenge til valkampen er over. det kan koma godt med.

mor mi fortel at dei har hatt skuleval på skulen hennar. omtrent alle partia som var til stades, fekk nokre røyster. slik er det visst på dei fleste skular. det har i dag vore litt oppstuss ulike stader på nettet, sidan det viser seg at det utprega rasistiske nazipartiet vigrid har fått ti prosent av røystene ved skulevalet på ål vidaregåande skule i hallingdal. dette skal visst vera både skremmande og kritikkverdig.

sjølv er eg berre sånn middels opprørt over dette. det er greitt at det ikkje er så pirrande med rasisme, men eg føler at pressa har vore litt for fokuserte på den rasistiske delen av politikken til vigrid. eg veit til dømes lite om kva slags næringslivspolitikk dei står for, og heller ikkje noko om synet deira på bompengar eller pensjonsreforma.

31.8.09

SAMFUNN

det kan ikkje vera lenge igjen til stortingsvalet, og til liks med alle andre som set dagsorden var meininga mi å koma med nokre døme på korleis stoda er. slik vert det ikkje - eg greier ikkje heilt å finna ut kva døme eg skal dra fram. skal eg snakka om desse to luringane i kongo, som på ein eller annan måte har greidd å stilla seg slik at heile oljefondet og meir til går med til å erstatta ymse tap? skal eg snakka om at sjølvaste kiki sørum er død - kven skal no stå fram med smakfulle klede og fortelja oss kva som er gale med andre sine klede?

denne oppgåva er i største laget for meg. det får heller gå som det går med dette valet.

25.8.09

BESTEN 29

her er eit blinkskot frå jonsokfeiringa, rett før besten dreg i gang ein selskapsleik med lange tradisjonar i slekta. spørsmålet er det vanlege: kva seier besten?

22.8.09

DRAUM

onklT treng hjelp av ein draumetydar:

i natt drøymde han at han braut seg inn i eit herskapleg hus, der eit gamalt skinn budde heilt åleine. han gjekk rundt i dei enorme stovene, og såg seg ut saker og ting som kunne passa som tjuvgods. etter ei stund vakna det gamle skinnet, og til si store skrekk såg onklT at ho kom tassande inn i stova der han var. onklT såg ikkje anna råd enn å spela idiot, og ropte ut ein del ord som skulle prova at han var ein utlending med lettare hjerneskade.

mor mi vakna av desse ropa, og forstod ingenting av det som vart sagt. det er ikkje så uvanleg; eg er meir interessert i kva draumen tyder. kan det ha noko med haustsleppefesten til samlaget å gjera?

18.8.09

BESTO

besto og besten var ein snartur til nordfjord. onklT hadde teke på seg å henta dei, og sidan turleiarane var så til dei grader bak mål, måtte besto informera litt undervegs. ho er ein kløppar på tekstmeldingar:

I: Nei dei er litt uvisse sjefane me er i loen kom i 5tida me cooan middag kl 7 får ringja når eg får nærare besk (måndag, 18.07)

II: No er me snart i van vald me skal visst stoppa ein gong til klokkeslett er vanskeleg å få greie på skal de ut på noko (tysdag 16.05)

III: [tom melding] (tysdag 18.01)

IIII: Tvinno me vert 3 kan du ta bilen vår (tysdag 18.56)

17.8.09

JUS

dette kan verta ei lang veke. eg har ei kjensle av at på den internasjonale juskonferansen vart alle dommarar i heile verda samde om å leggja dei minst interessante rettsaken til éi og same veke. slik har det seg at samstundes som einearvingen i riisen-slekta ("kan jeg ta en til?") står for retten, står to luringar for retten ein eller annan stad i jungelen. dei to har til alt hell fått ein kosmisk advokat, som så langt har basert forsvaret på at a) han som er død er ikkje død, og b) ho som var gift med han har aldri vore gift med han. rett ut av læreboka.

mor mi slit som vanleg med å visa interesse for ting som har såpass brei og ålmenn interesse, og pendlar difor til oslo for å sitja barnevakt. eg og halv ellevo og onklT sit att med skjegget i postkassa, og veit ikkje vår arme råd.

8.8.09

ALVOR

det var den ferien. totalt køyrde me 1980 kilometer, altså i underkant av to rundar rundt ekvator. samanlikna med sommaren 2005 og sommaren 2006 og sommaren 2007 er det ikkje mykje å skryta av.

på måndag vert me frakta attende til barnehagen, både ti over tio og meg. etter det eg kan sjå er det langt til neste lyspunkt i livet mitt. rett nok kan eg leva ei stund på dei to-tre høgdepunkta frå ferien, men kjenner eg meg sjølv rett, hugsar eg lite av dei når hauststormane dreg i gang ulinga si.

som vanleg vart ferien avslutta med eit kakelag hjå naboen. der var det servert vassbakkels, knekkebrød, jordbær, kjøtbollar og svart brus. stemninga stod i taket, og vel så det.

30.7.09

FERIE

drøymeferien held fram, og strekkjer seg mot nye høgder. me var innom hjå ei galen slektning i trondheim, og fekk servert nokre halve brødskiver med sveittande ost og årgangselgkjøt. så la me vegen om røros, der me mellom anna fekk sett eit historisk spel om då heilag-olav kristna dei som arbeidde i koksgruvene. så køyrde me til savalen, der me bada i lag med nokre gamle svenskar, og såg på dei lokale minnesmerka. dei burde kanskje ha variert litt meir, andre bloggarar melder om vinje-monument med ei høveleg høvisk innskrift, me kom over eit garborg-monument med presis same innskrifta.

25.7.09

FERIE

ferien held fram. halv tio er framleis relativt sjokkskada etter å ha hatt nærkontakt med ein særs utriveleg katt, så for å letta på humøret hennar tok me turen inn i todalen, for å sjå dalen der vangsgutane budde. om kveldane les ofte mor mi litt om vangsgutane for oss, truleg av di ho vonar at me skal ta oss like godt ut viss me vert større. dette utdraget las ho like godt to gonger:

Steinar sette seg, men han reiste seg att med det same og vende seg mot dei andre borna.

"Det er noko eg lyt seie," sa han, og dei høyrde at målet hans skolv i harme. "Når vi går på skule her, så er det ikkje for å gjere fantestykke og finne på det som er gale. Det kan vi gjere heime kvar for oss. Her skal vi lære å skrive og rekne og bruke tida til det som er nyttig. Er de ikkje samde i det?"

Det var stilt ei lita stund. Ungane såg på kvarandre og visste ikkje om dei torde seie noko. Men så hugsa dei at Larris var ute, og da var det bere å seie meininga si.

"Eg tykkjer no det," var det ein gut som sa.

"Ja, eg og," sa ein annan. Og så tala dei borti den eine etter den andre, og alle var samde med Steinar Vangen.

Lærar Holten var blank i augo. Han gjekk bort til Steinar Vangen og tok handa hans.

"Du er ein gild gut, Steinar, og eg veit ikkje korleis eg skal få til å takke deg for hjelpa," sa han. "Du er ein gut som vil noko, og det er slike gutar Noreg treng! Gje vi hadde mange slike som deg!"

(Leif Halse: Flagg over Vangen, 1945)

21.7.09

FERIE

ferien er ei veke gamal, og så langt er det lite å melda. høgdepunktet på reisa nordover var då me stakk innom i ivar aasen-tunet i ørsta, eit opplevings- og dokumentasjonssenter for nynorsk skriftkultur. akkurat då me gjekk forbi skulle det vera ei omvising med ein katt. dette er visst einaste måten dei kan rekruttera nye nynorskbrukarar. kvart over nio har så langt vist stor interesse for både nynorsk og kattar, og stilte seg fremst i køen. det viste seg at ivar aasen-tunet like godt har henta inn ein av dei største kattane i verda, slik at kvart over nio fekk granatsjokk, og sprang skrikande så langt ho greidde. dette var fire-fem dagar sidan, men ho er framleis rimeleg øren. viss dette er det beste ivar aasen-tunet får til, kan ein berre leggja ned heile nynorsken med det same.

apropos øren: me var nokre dagar hjå besten og besto. det gjorde inntrykk på alle, bortsett frå kvart over nio, som berre tenkjer på farlege kattar heile tida.

14.7.09

FERIE

det er typisk. me bur i kvitahuset eit heilt år, og ser ikkje folk i det heile. så kjem sommaren, og det renn inn med vitjarar. onklar og tanter og andre luringar kjem innom, og dagane går med til bordtennis og grilling og fisking og det som endå verre er. av og til er det så stor stemning at til og med mor mi meiner at livet er over middels.

ikkje uventa finn mor mi og onklT ut at dette er rette tidspunktet for å reisa på ferie. det er ikkje noko bombe at vegen går til besten og besto, der me skal bada i kaker og bollar og brus. etter nokre veker med slikt stell pakkar me det me finn inn i bilen, og legg ut på den vanlege rundreisa langs høvelege riksvegar. planane er ikkje heilt i boks, men det som er sikkert er at me skal sjå etter ufoar i hessdalen, like ved røros, og at me skal trø litt i den vanlege siloen i valdres.

7.7.09

BESTEN 28

sommaren er ei skikkeleg daudtid. mor mi er ikkje på jobb, onklT er på "jobb", veret er smaklaust, og her har ikkje vore folk innom på aldri så lenge. under slike tilhøve er det ikkje lett å blogga, og eg ser difor ikkje anna råd enn å henta fram eit bilete der begge bestene storkosar seg skikkeleg med litt delikat grillmat. det er fritt fram: kva seier besten?

30.6.09

USA

at drøymeferiar best vert oppsummerte ved å henta fram nokre godbitar frå fotoalbumet, er gamalt nytt. me prøver likevel.

usa 1: akkurat her bad mor mi onklT om å svinga til høgre.

usa 2: ord vert fattige.

usa 3: onklT og ein dinosaur.

usa 4: mor mi har kome til himmelen.

usa 5: mor mi og onklT var innom i ein naturpark, der dyra var nesten like truverdige som dinosauren.

usa 6: onklT har kome til himmelen.

usa 7: mor mi smiler lurt, vel vitande om at turen var verd kvart øre.

voss: medan mor mi og onklT var i usa, viser besten at ein ikkje treng å betala tusenvis av kroner for bilsete til ungar. i alle fall ikkje så lenge ein har ein driftsikker bil.

24.6.09

CUSTER

i kvitahuset går alt som normalt, bortsett frå at eg og nio må stappa i oss enorme mengder vaniljesaus til frukost, middag, kvelds, og litt innimellom alle måltida. i utlandet skjer det heller ikkje noko spanande:

(custer, sør-dakota - gpk): i dag var det travelt. mor mi og onklT var fyrst innom i ein dyrepark og kika på nokre store og små bjørnar. deretter delte dei seg, onklT for til fjells for å sjå på nokre skulpturar, medan mor mi vitja laura ingalls wilder-musea i missouri, minnesota, iowa og sør-dakota. det vart litt i meste laget til og med for ho, så då ho kom heimatt til motellrommet, var det ikkje anna å gjera enn å finna fram ei flaske raudvin og litt pottittgull.

me kan ferie.

21.6.09

BURNSVILLE

(burnsville, minnesota - gpk): suksessferien til mor mi og onklT held fram. framdrifta var rett nok heller dårleg i dag, sidan mor mi er trufast mot dei nordmørske tradisjonane, slik at sekken hennar vart vekke på ein kortare på flytur i dag.

til alt hell hadde ho nett vore på butikken, og handleposen vart difor ikkje pakka ned i sekken. etter at ho var innom på eit huset på prærien-museum, medan onklT såg på nokre svært interessante pilspissar på eit indiansk kultursentrum, fann ho difor fram ei flaske raudvin og ein rimeleg stor pose pottittgull, som ho kosar seg skikkeleg med. onklT såg nokre debattprogram på fox news.

me kan ferie.

18.6.09

RICHFIELD

dette året prøver me noko nytt i ferien. i staden for å stappa alt og alle inn i bilen, og køyra rundt og rundt og rundt, deler me oss opp, for å sjå om det går an å køyra rundt og rundt og rundt i mindre grupper. eg og fem på nio held oss heime, assistert av besten og besto og besten og besto. ting tyder difor på at det vert meir enn nok vaniljesaus dei neste vekene. mor mi og onklT ferierer i utlandet, og via pressekontoret har me fått inn denne rapporten:

(richfield, minnesota - gpk): mor mi og onklT ferierer på prærien i år. så langt har dei ikkje gjort stort anna enn å leggja planar for den neste veka. mor mi skal innom på dei fleste huset på prærien-musea, medan onklT satsar meir på cowboyar og indianarar. om kveldane kikkar han på debattprogram på fox news, medan mor mi held seg til raudvin og pottittgull. raudvinen er visst sånn midt på treet, men fy fasan - desse amerikanarane kan pottittgull.

me kan ferie.

13.6.09

POPULÆRKULTUR

ein gong i gamle dagar song salhuskvintetten "det skal bli andre bollar når papen kjem heim". dei er elles best kjende for slageren "besten sette potena her", men teksten om bollane og papen står likevel som eit høgdepunkt i nyare norsk populærkulturen. teksten om besten og potetene vert litt for sviskeaktig - det er greitt at alle likar sviskegraut, men å blanda inn poteter vert litt for pikant.

besten har no laga sine eigen variant av desse slagerane, og lever etter mottoet "det vert andre bollar når besten er heime". han har lenge sett seg lei på at besto ser for mykje på fjernsyn, og til og med snakkar varmt om fjernsynsserien "karl & co", så her om dagen var det ikkje anna råd enn å køyra fjernsynet til pisis. eg kjem til å tenkja på den gamle songlina om at "det brydder etter plogen" - eg veit rett nok ikkje kva ordet "brydder" tyder, men eg trur at den songlina passar bra her.

8.6.09

FIRE

her om dagen høgtida eg fireårsdagen min med flagget til topps. mor mi hadde baka ei kake som var hakket større enn eg hadde trudd, og det kom rekande gjester frå fjern og nær. me rigga til eit høveleg festlokale ute på plenen, og brukte nokre timar på å gøyma ein del leiker, eta ein del kaker, drikka litt brus, eta mykje is, huska i huskestativet og pusla puslespel. det var ein retteleg stor dag.

det som truleg har større ålmenn interesse, er at han som bur i enden av vegen har meldt at han i løpet av dagen kjem til å koma med nokre detaljar om langeleiken han nyst har handla inn. han skulle gjerne kome med desse detaljane tidlegare, men då måtte han ha busett seg nærmare midten av vegen, der dei har postmoderne oppfinningar som breiband o.l.

1.6.09

PINSE

eg tek sjansen på at den infame hetsen mot all refereringa frå jole- og påskefeiring ikkje omfattar pinsefeiring, og kjem difor med eit heller detaljert pinsereferat.

laurdag køyrde me bil, kasta steinar i vatnet, gjekk under ein foss, og vitja nokre luringar som budde i enden av vegen.

sundag køyrde me bil, tok ei ferje, såg på eit fly, gjekk på kino og såg ein skummel spøkelsefilm, åt ekstremt dårleg indisk mat, og køyrde heim att.

måndag sykla me ein tur, før me sykla heim att.

det einaste folkemusikalske innslaget var at han som budde i enden av vegen nyleg hadde kjøpt seg langeleik.

26.5.09

OPPSUMMERING

to viktige hendingar frå dei siste dagane:

1. her om dagen var me innom hjå naboen og åt opp nokre restar etter eit middels vellukka bryllaup. ei av dei som var til stades forsynte seg av rjomegraut og dravle på same tallerk.

2. her om dagen prøvde og og fem på nio det nye fotballspelet til mor mi. det gjekk så bra at me filma det. filmen kan du sjå her.

20.5.09

BESTEN 27

det er vel fagre stunder når våren kjem innom. her om dagen kom han innom i vonheim, der dei i høve nasjonaldagen hadde eit drøymetilbod. tilbodet heitte 'nytt liv av daude gror', og dei som slo til, kunne eta så mykje dravle dei ville for usle 99 kroner. mor mi takka høfleg nei, men besten var relativt ustoppeleg. medan han tygg og tygg, kan me kanskje korta ned ventetida med å dra fram det vanlege spørsmålet - kva seier besten?

17.5.09

NASJONALT

dette vart etter kvart andre bollar, sjølv om det ikkje såg slik ut før eg vakna. mor mi gjekk diverre på mange nederlag i dag. fyrst måtte ho finna seg i at både halv nio og eg gjekk med joggesko til bunaden. deretter vart ikkje onklT med på idrottsplassen for å høyra talen for dagen. tidleg på kvelden kom besto innom med litt dravle, og mor mi hadde ikkje vit til å dikta opp ein allergi, slik at ho laut trykkja i seg ein halv liter. alle andre i rommet tenkte på uttrykket om dei gode minene og det slette spelet.

nasjonaldagen er truleg på veg vekk frå det nasjonale, og inn i marknadsøkonomien. der er minst tre næringar som ville gå under viss nasjonaldagen vart avlyst nokre år på rad. den eine er sjølvsagt alle isprodusentane - ein kan knapt gå ein meter utan å møta ein ismann eller to. den andre er skokremprodusentane - eg kan ikkje hugsa sist eg såg slike mengder nypussa sko som i dag. den tredje er heliumballongprodusentane, som pøser ut ballongar i alle former og vinklar. her på voss hadde dei dessutan alliert seg med småflyklubben, som putra att og fram over sentrum, samla saman alle heliumballongane som steig til vers, og tok dei med ned att slik at heliumballongseljarane kunne selja dei ein gong til.

15.5.09

ASKVOLL

denne veka var me nokre dagar i askvoll. det gjorde inntrykk.

pølsebua var diverre stengd.

hotellet (hus nummer to frå høgre) var bra, men totalinntrykket vart diverre litt skjemd av at ho på kjøkkenet gjekk og tralla heile tida.

denne bilen stod til spott og spe.


han eldste på biletet skal på butikken for å kjøpa kefir.

nei, ver sikker.

8.5.09

LIVET

livet kan by på mange harde slag. verst er det truleg for dei trugne arbeidskarane, som traust og trøysteslaust legg ned mange arbeidstimar i sur blest og kaldt ver og lei vind, dei som ikkje kvir seg for å ta i eit tak ekstra der det strengt teke ikkje trengst. rundt omkring i landet står det mange tause minnesmerke etter desse heiderskarane, som oftast var ute av stand til å skriva namnet sitt, og som heller ikkje greidde å lesa det dei ikkje hadde skrive.

i orkanen i dag gjekk eit slikt minnesmerke i bakken. mange av naboane tok ein pause då dei gjekk forbi på vegen, og bøyde nakken stilt medan dei i sitt indre tok farvel både med minnesmerket, og han som ein sommar i førre tusenår brukte to-tre ettermiddagar på å høvla av litt bork histen og pisten. alt som står att etter vedkomande no, i alle fall på vestlandet, er ein halvferdig spikka einhjørning (ein halvhjørning?) i eit gamalt sel langt til fjells. så akkurat no er det kanskje mest rettvist at alle reiser seg, kremtar ein par-tre gonger, og ropar tre gonger tre hurra for kukola.

6.5.09

SAMTALEN

det viser seg at det igjen er på tide å friska opp den gode samtalen.

på toget frå bergen til voss, onsdag kveld. to luringar møtest midt i vogna:
- nei, har du vore i bergen?
- ja. eg driv og tek lappen.
- bil-lappen?
- ja. eg kunne teke lappen på voss, men det hadde vorte så mykje stress.
- eh .... bur du ikkje på voss?
- jo.

litt seinare:
- ein eg kjenner, sant, tenkte ikkje på at det berre er eitt do på desse lokaltoga. så han sette seg heilt fremst, og så var doen bakarst.
- fremst?
- hæ?
- doen er fremst.
- eg tenkte på køyreretninga.
- akkurat.
- i alle fall - når han måtte på do, måtte han gå gjennom heile toget, og tilbake igjen. det var j*vli kjedeleg, sa han.

1.5.09

TOG

som vanleg høgtida me fyrste mai med å marsjera litt. i dag var besten med, og me marsjerte ein liten tur i skogen. fem over halv åtto såg litt færre dyr i dag, men såg i alle fall restar av avføringa til ein tiger.

omtrent halvveges i ein vel fortent matpause drog besten fram ein tollekniv han kjøpte på butikken til mora-nisse på slutten av syttiåra, reiv ned ei halvgamal selje, og trylla fram litt ulike instrument. me marsjerte litt til, medan me spelte 'internasjonalen' etter beste evne.

besto var ikkje med på marsjeringa. ho fann i staden fram nokre reine klede som ho hengde ut på turkestativet, slik at alle naboane som køyrde att og fram med traktor ikkje skulle mistenkja ho for å sympatisera.

28.4.09

SOFTIS

onklT og eg ferierer i førde, den suverent største byen i sunnfjord. ein skal ikkje vera lenge i førde før det melder seg nokre spørsmål. kan dette til dømes vera einaste staden med trafikkljos i heile fylket, bortsett frå ljoset inne i ein tunnel på vikafjellet?

eit langt viktigare spørsmål melder seg når ein spaserer forbi narvesen på busshaldeplassen. her vert det hevda at dei har "byen's 'beste' softis", og på eit relativt heimelaga banner utanfor butikken melder dei at dei så langt i år har selt 4874 softis. i 2008 selde dei 23768.

slik eg reknar, vart det selt 65 softis kvar einaste dag i fjor. servitøren fortalde oss at dei ikkje sel softis heile året, slik at det truleg er snakk om rundt 100 softis kvar dag. eg anar ikkje om dette er bra eller dårleg, men reknar heller ikkje med at det er spesielt truverdig.

23.4.09

BILLEMANN

i eit uvanleg interessant ordskifte for litt sidan lurte kjesso på korleis det eigentleg var med billemann og bollemann. nyare forsking viser at det ikkje er rare greiene. bergens tidende har den siste tida gjort sitt beste for å kartleggja den vestnorske humoren, og i artikkelen om bergen fortel frode rasmussen at vitsar om billemann og bollemann høyrer med til det ein kalla bergensk humor. han dreg fram eit døme. det er nærliggjande å tru at han drog den beste billemann og bollemann-vitsen han kom på, så ting tyder på at resten av landet ikkje akkurat har gått glipp av noko. hovudmålversjonen vert omtrent slik:

billemann og bollemann gjekk tur på fløyen. i ein av dei bratte svingane miste bollemann ei skive, som landa i hovudet på ei dame som gjekk lengre nede.
- var det med vilje, ropte ho.
- nei, det var med sukker, svara bollemann.

19.4.09

SKOGEN

i dag var det reine påskeveret. til alt hell var det lite sno, så me tok i staden beina fatt. det var me ikkje akkurat åleine om, me trefte opptil fleire personar langs vegen. alle fekk klar melding om kvar me var på veg.

me var ein liten runde i skogen. me hadde med kjeks og saft og flat brunost, og gjekk ein ekstremt lang tur. halv nio fekk ansvar for å skriva referat, og etter ein halvgod middag kan ho no melda at me såg ein apekatt. og ei løve. og ein elefant. og baloo. og ein pingvin. og ein sjiraff. og ein slange. og ein god del maur. og nokre elgar. og eit par lam.

12.4.09

TO

påska er over, og det er vel like greitt. det var ikkje langt mellom høgdepunkta, men det gjeng an å leva i kvardagen òg. me var på to skiturar - den eine gongen sat eg i meis, den andre gjekk eg nesten 200 meter. slik er det når ein har litt av kvart å slekta på.

kvart over åtto fylte to år skjertorsdag, og på festen møtte det opp noko for einkvar smak. gåvebordet var ikkje akkurat overfylt, men så lenge han som budde i huset før oss kom med ein såpass smakfull presang, gjorde det ikkje noko at mange andre skuffa. det går vel fram av biletet kva han som budde i huset før oss hadde med seg - ein tamburmajoruniform, komplett med tromme.

6.4.09

SKJOR

folk i nabolaget har ein merkeleg måte å ynskja heimvende søner (med ein slags familie) velkomne heim. me kom rekande for 7-8 månader sidan, og så langt har me ikkje sett snurten av noko utprega sosialt liv. eit par av naboane har rett nok mumla noko om at dei burde ha invitert oss på kaffislabberas, men kakene har ikkje akkurat vore til å ta og kjenna på.

me har i staden brukt tida på å studera korleis skjorene byggjer seg reir i tuntreet. slik har det vore her på garden, i umenneskelege tider, men slik vert det ikkje i framtida. her om dagen kom den nest nærmaste naboen med traktoren sin. han vifta litt med motorsaga, før han køyde traktoren så hardt han kunne, rett inn i tuntreet, slik at det datt og slo seg. kva skjorene meiner om slik framferd, er ikkje godt å vita, men her i huset har me teke det med fatning og vel så det.

1.4.09

LOKALNYTT 7

gamle seriar vaknar til liv:

Sjåførbrillene rauk:
Tidleg laurdag morgon, hadde ein taxisjåfør på Voss fire urolege passasjerar i bilen sin. Dei var så pass aktive at taxisjåføren sine briller vart øydelagde, får me opplyst hjå Terje Hilland i Operasjonssentralen til politiet. Gjerningsmennene kan verta melde for brille-øydelegginga i ettertid, får me opplyst.
Hordaland, 31.3.2009

27.3.09

SAMTALEN

i går kom ein av dei trugnaste kommentatorane på guffebloggen, frode, innom, for å plukka sopp og koka selleristuing med kålrabi. etter at han var reist, nytta me høvet til å friska opp den gode samtalen:

onklT: veit du kven som kjem på vitjing i påska?
eg: kven er det då?
onklT: alfred.
eg: det vert kjekt.
onkltT: veit du kven andre som kjem?
eg: kven er det då?
onklT: bror til alfred.
eg: kven er det då?
onklT: det heng bilete av han inne i stova.
eg: ivar aasen?

24.3.09

VAZELINA

det er ikkje kvar dag eg får assosiasjonar til vazelina bilopphøggers-vitsar, men her kom eg til å tenkja på alle gongene onklT har fortalt den gode gamle eldar vågan-vitsen "her går det unna, sa mannen, han sat på do og åt".

16.3.09

DRAUM

det har vore ei merkeleg helg. mor mi var i utlegd, medan eg, fem over sjuo og onklT veksla litt på å ha dårlegast mage. fem over sjuo heldt døgnope i begge endar, og imponerte som vanleg med å ikkje missa fatninga berre av di ho kasta opp litt gamal sjokoladepudding utover dei aller finaste sengkleda til mor mi.

sjølv hadde eg det ganske travelt i natt, med opptil fleire så til dei grader overfylte bleier, og nokre æresrundar med lett oppkast. til alt hell fekk eg sova litt frampå, sidan dei i barnehagen vert så ekstremt sure på mor mi når ho leverer halvdaude ungar der, og då drøymde eg mange draumar store og heftige. den siste draumen var ekstra triveleg, det fyrste eg sa då eg vakna var at eg ville ha ein bolle i ein bolle. gjerne med prim.

onklT er diverre veik på drøymetyding, og sidan draumen forsvann før eg fekk taket i han, er eg nett like vis. er det nokon som veit kva ein bolle i ein bolle er? og er det nokon som kan tyda draumen for meg?

8.3.09

80

det er godt kva som er gjort. i går var altfor mange folk samla til å feira at besten fylte 80. der var mange gripande talar, bra med songar, nokre dikt, og litt dans på bordet. fleire kommenterte at det var bra at besten heldt slike festar av og til, slik at folk kunne samlast omtrent kvart tiande år.

onklT og syskena hans hadde verkeleg lagt i selen, og stilte med mykje program. diverre øydela dei litt av det gode ryktet sitt, då eitt av innslaga, ein stramt redigert film, var på grensa til å vera vellukka. det skuldast truleg at tante K brukte mange av dei same knepa som gav ho oscar-statuett for beste film om danske diktarar for nokre år sidan. far min var lenge tiltenkt ei sentral rolle under feiringa, men, slik biletet viser, måtte han i staden kosa seg med oppvasken.

26.2.09

VINTERFERIE

det har vore relativt bra med surmuling hjå ekspertkommentatorane i det siste. det har fleire gonger vore peika på at guffebloggen slit med å gjera seg ferdig med jolereferata, men me ser endeleg slutten på dei no. bakdelen er at dei vert avløyste av referat frå vinterferien. den ferien er rett nok ikkje avslutta, men det er fare for at ein fort kan gå lei. livnar det i lundar på heimebane, er det ikkje måte på kor mykje lundane livnar på nordmøre.

me har vore rimeleg heldige med veret, slik at det ikkje har vore snakk om uteaktivitetar i det heile. me har i staden konsentrert oss om fjernsyn, mat, ein gal hund, ein runde innom samtlege butikkar i molde, ein visitt innom i den nesten ferdige villaen til besten og besto. så langt har me ikkje bada i lag med han med E, og det er vel fare for at det heller ikkje kjem til å skje.

20.2.09

JOBB

det sit langt inne, men samstundes er det vel ingen veg utanom: me må visst ynskja onklT til lukke med ny jobb. det er litt uklart kva det handlar om, sjølvsagt, men det verkar som om han skal pusla litt med biletarkivet til norsk allkunnebok. lukke til.

16.2.09

BESTEN 26

det er ikkje måte på kor det livnar i lundar for tida. snoen lavar ned, og opptil fleire i hushaldet har funne fram skiene. kvart på sjuo surmular kvar gong dette skjer, sidan mor mi har bestemt at ho (altså kvart på sjuo) er i minste laget til å få seg ski.

besten kosar seg som alltid om vinteren. ingen dag er perfekt utan ein runde med galkøyring på rattkjelke på ein av dei flataste vegane i tjukkebygdi. biletet over er teke rett etter ein slik runde, og spørsmålet er ikkje uventa det same som tidlegare: kva seier besten?

9.2.09

JUBILANT

i morgon fyller far min 47 år. mor mi og onklT er heller gnitne, så far min kan ikkje rekna med noko presang. han kan i staden sjå på dette biletet, og tenkja på kor kjekt det var då me spelte agrart biletlotto i melsdagane.

5.2.09

BYSTOL II

ein tanke slo meg her um dagen: kanskje "salt i grauten" er ein metafor?

3.2.09

GUFFEFILM 8


nja, dette kan vel vera ein grei måte å summera opp jola på. det er i alle fall ikkje tvil om at a) det er jol, og b) han i midten skjønar minimalt av poenget med det som skjer. akkurat det tyder på at han er over middels oppvakt, men det går truleg fort over.

31.1.09

JOL

det er harde tider. eg ventar og ventar på eit høve der eg kan oppsummera jola på ein høvisk måte, men eg tenkte det var greitt å venta med det til naboane tok ned jolelysa frå ein av dei meir sentrale buskane i hagen sin. så langt har det ikkje skjedd, slik at det har vorte ein lei periode med lite blogging. heller ikkje denne gongen kvir eg meg sjølvsagt ikkje for å skulda på andre.

bortsett frå planlegginga av joleoppsummeringa har det skjedd lite. besten og besto tok turen frå nordmøre og var her nokre dagar, medan besten og besto her om dagen tok turen til jørpeland, så det går omtrent opp i opp.

me er òg inne i den tida på året når foreldra mine høgtidar tiårs-jubileum. i fjor var det onklT som stod for programmet, og han inviterte heile hushaldet med på ei veke på beitostølen. i år er det mor mi sin tur, slik at dagen vert høgtida med nokre gamle episodar av ally mcbeal. onklT og eg har heldigvis fått permisjon for å sjå ein ekstremt viktig fotballkamp saman med naden.

17.1.09

SJUKDOM

for nokre dagar sidan melde eg at mor mi og onklT gassa seg med ei årgangs-napoleonskake. det må ha vore ein del mutasjonar i den, sidan eg og fem på sjuo har slite med termometer og det som endå verre er heile veke, medan dei to napoleonskakeetarane har drive på som om ingenting har hendt. og det har det vel heller ikkje, viss ein tenkjer retteleg nøye etter.

kjesso har etterlyst ein analyse av dei tragiske hendingane som førte til at drillo vart trilla ut som ny landslagssjef. eg har vondt for å sjå at det kjem slike analysar, sidan eg veks opp i ein familie der det er lita fotballinteresse. fem på sjuo drit stort sett i alt, inkludert fotball; mor mi er mest oppteken av at spelarar berre kan spela frå eit lag som held til maksimum tre kilometer frå fødestova der dei vart fødde (trass i at besto var sånn omtrent samd); og onklT tenkjer så mykje på franske fotballspelarar at han gjev ein god ein i korleis det går med landslaget.

likevel kan eg ikkje fri meg frå tanken om at den viktigaste grunnen til at snåsamannen skal slutta med å lesa kaffigrut, er at han skal få ei sentral rolle i kabalen drillo skal bruka når han byggjer apparatet sitt. og då kan det jo henda at landslaget vert interessant igjen.

12.1.09

KAKE

i dag er mor mi i perlehumør. den viktigaste grunnen er nok at ho endeleg har funne ei utdanning og eit fag som passar for ho. ho har, slik dei fleste veit, storkost seg som rådgjevar på husmorskulen, men det kan vera greitt å visa at ein òg har komplett kontroll på dei teoretiske sidene ved rådgjevinga. i dag vart omsider resultata gjort kjende, og ho fekk seg ein svak D, som tilsvarar noko som minner om siste karakter før stryk. ho er difor kjempenøgd, og meiner at ho no har prova for elevane sine at sjølv om du ikkje opnar ei bok før nokre dagar før eksamen, og sjølv om du bruker mesteparten av lesetida til å surfa på nettet og klaga over kor ekstremt keisamt dette faget er, kan du ha flaks og få ståkarakter. mor mi og onklT feirar difor med nokre napoeleonskaker dei kjøpte inn før jol, men som glei ned bak nokre pastaøskjer i matbua, før dei omsider kom til rette seint i går kveld.

5.1.09

BESTEN 25


ein kan seia mykje rart om jola. noko av det mest gledelege, sett frå synspunktet til guffebloggen, er at den nasjonale interessa for toppen bech ser ut til å ha dabba av. ei bloggemelding som var illustrert med eit smakfullt toppen bech-portrett fekk berre éin kommentar, medan ei bloggemelding som var illustrert med tre månar og ein halvmåne fekk 25. det er vanskeleg å tolka dette på annan måte enn at guffebloggen har fjerna endå ein kjendis frå fjernsynsskjermane, slik at utreinskingsstillinga no er 4-0.

ein kan altså seia mykje rart om jola, men det er vanskeleg å nekta for at det er ei god tid for å få nye motiv til den jamt over populære runden med besten-kommentarar. kva seier besten?