25.10.07

JOL

mor mi har trilla ut alt ho treng til joleverkstaden, og sikrare teikn på at jola nærmar seg finst ikkje her i huset. det einaste måtte vera dei gongene ho finn fram omslaget til CD-en No e D.D.E. jul igjen, og kikar på det ein halvtime eller to.

det er visst duka for nordmørsjol igjen. eg har ikkje høyrt noko om kva som skal vera tema i år, så eg går ut frå at det ikkje er fastsett enno. det er altså fritt fram for å koma med gode framlegg. sjølv har eg berre vore med på éi nordmørsjol, i 2005, og då var temaet lys og varme. far min var med på nordmørsjol både i 2003, då temaet var lys og varme, og i 2001, då temaet var lys og varme. mor mi seier at ho har gjort sitt beste for å gløyma jolene på 1900-talet, men ser ikkje vekk frå at temaet kan ha vore lys og varme då òg.

relativt få av nordmørsjol-deltakarane er spesielt aktive kommentatorar, så skal det verta nokon fart i dette ordskiftet er det fare for at dei som feirar jol på andre kantar av landet må koma med framlegg.

21.10.07

INNSAMLING 2

i dag var det igjen dør-til-dør-aksjon for å skrapa saman nokre slantar til personar med hiv eller aids. til liks med i fjor var det mor mi og eg som måtte ta ansvar, sidan det er på hennar side av slekta at dei hiv-positive står tettast. me hadde litt uflaks under tildelinga av innsamlingsområde, og fekk utdelt eit byggjefelt der det var samla litt vel mange luringar. dei fleste som budde der heitte friedland.

far min låg heime saman med kvart på firo, og sette ny personleg rekord i deprimering. etter at folkeregisteret i fjor vedtok at far min er fødd i bergen, har han rekna seg som bergensar, og han har teke denne nye rolla så alvorleg at han er vorten brann-tilhengjar. som alle andre bergensarar hadde han i går gleda seg til å sjå at brann for fyrste gong vart seriemeistrar i fargar (då dei tok ligagull sist, i 1932, vart det berre dokumentert i svart-kvitt, slik at gullet minner meir om gråstein), men slik gjekk det altså ikkje.

18.10.07

NULL

jaja, det var vel ikkje anna å venta. skattelistene er komne på bordet, og far min imponerer ikkje akkurat. av og til pressar han seg over den ikkje akkurat magiske 50%-grensa, men stort sett ligg han lengre nede på skalaen. verst er det når inntekta hans vert samanlikna med den norskingen med høgast inntekt.

9.10.07

HALVÅR

i dag er det seks månader sidan ti på halv firo vart fødd. det er litt merkeleg, av fleire grunnar. for det fyrste har ho vist uventa lite progresjon desse månadene, slik at til og mor mi, som er fødd optimist, har mist trua på at dette kan gå bra. for det andre var jo ti på halv firo fødd på dagen 67 år etter den tyske invasjonen i 1940, og det er merkeleg at korkje nrk og tv2 markerer dette 67,5-årsjubileet. har verkeleg ikkje kringkastingsfolk respekt for krigssiglarane lenger?

elles går det på det jamne. sjokoladekaka mor mi baka til nokre til dels vellukka samkomer sist veke har framleis bein å gå på. det same kan ein trygt seia om far min, som alt er i kjempeform etter det puslete inngrepet sist veke. men han kvir seg for å ta eit oppgjer med norsk helsevesen, og har difor ingen planar om å avbryta sjukmeldinga ei veke for tidleg. tvert imot - kvar gong han går forbi eit vindauga, legg han inn nokre lite overtydande haltesteg, slik at alle som går forbi på gata skal få inntrykk av at han er sengeliggjande.

3.10.07

BESTEN 17

i dag er far min bra øren. han fekk omsider skikk på barberinga, slik at han får retta opp på manglane i kneet. opphaldet på sjukehuset var prega av effektivitet. han fekk nokre informerande meldingar i ti-tida, skifta til nokre delikate sjukehusklede (mellom anna tettsitjande pyjamasbukse med medfødd gjennomtrekk i gylfen), og sat deretter nokre timar på eit venterom, der dei andre hadde like interessante kostyme. ei av dei andre, ei eldgamal dame på over sytti, imponerte med å ha akkurat same frisyre som besten. her på guffebloggen treng me ikkje betre grunnar for å leggja ut eit nytt bilete av besten, og stilla det eldgamle spørsmålet: kva seier besten?