30.7.09

FERIE

drøymeferien held fram, og strekkjer seg mot nye høgder. me var innom hjå ei galen slektning i trondheim, og fekk servert nokre halve brødskiver med sveittande ost og årgangselgkjøt. så la me vegen om røros, der me mellom anna fekk sett eit historisk spel om då heilag-olav kristna dei som arbeidde i koksgruvene. så køyrde me til savalen, der me bada i lag med nokre gamle svenskar, og såg på dei lokale minnesmerka. dei burde kanskje ha variert litt meir, andre bloggarar melder om vinje-monument med ei høveleg høvisk innskrift, me kom over eit garborg-monument med presis same innskrifta.

25.7.09

FERIE

ferien held fram. halv tio er framleis relativt sjokkskada etter å ha hatt nærkontakt med ein særs utriveleg katt, så for å letta på humøret hennar tok me turen inn i todalen, for å sjå dalen der vangsgutane budde. om kveldane les ofte mor mi litt om vangsgutane for oss, truleg av di ho vonar at me skal ta oss like godt ut viss me vert større. dette utdraget las ho like godt to gonger:

Steinar sette seg, men han reiste seg att med det same og vende seg mot dei andre borna.

"Det er noko eg lyt seie," sa han, og dei høyrde at målet hans skolv i harme. "Når vi går på skule her, så er det ikkje for å gjere fantestykke og finne på det som er gale. Det kan vi gjere heime kvar for oss. Her skal vi lære å skrive og rekne og bruke tida til det som er nyttig. Er de ikkje samde i det?"

Det var stilt ei lita stund. Ungane såg på kvarandre og visste ikkje om dei torde seie noko. Men så hugsa dei at Larris var ute, og da var det bere å seie meininga si.

"Eg tykkjer no det," var det ein gut som sa.

"Ja, eg og," sa ein annan. Og så tala dei borti den eine etter den andre, og alle var samde med Steinar Vangen.

Lærar Holten var blank i augo. Han gjekk bort til Steinar Vangen og tok handa hans.

"Du er ein gild gut, Steinar, og eg veit ikkje korleis eg skal få til å takke deg for hjelpa," sa han. "Du er ein gut som vil noko, og det er slike gutar Noreg treng! Gje vi hadde mange slike som deg!"

(Leif Halse: Flagg over Vangen, 1945)

21.7.09

FERIE

ferien er ei veke gamal, og så langt er det lite å melda. høgdepunktet på reisa nordover var då me stakk innom i ivar aasen-tunet i ørsta, eit opplevings- og dokumentasjonssenter for nynorsk skriftkultur. akkurat då me gjekk forbi skulle det vera ei omvising med ein katt. dette er visst einaste måten dei kan rekruttera nye nynorskbrukarar. kvart over nio har så langt vist stor interesse for både nynorsk og kattar, og stilte seg fremst i køen. det viste seg at ivar aasen-tunet like godt har henta inn ein av dei største kattane i verda, slik at kvart over nio fekk granatsjokk, og sprang skrikande så langt ho greidde. dette var fire-fem dagar sidan, men ho er framleis rimeleg øren. viss dette er det beste ivar aasen-tunet får til, kan ein berre leggja ned heile nynorsken med det same.

apropos øren: me var nokre dagar hjå besten og besto. det gjorde inntrykk på alle, bortsett frå kvart over nio, som berre tenkjer på farlege kattar heile tida.

14.7.09

FERIE

det er typisk. me bur i kvitahuset eit heilt år, og ser ikkje folk i det heile. så kjem sommaren, og det renn inn med vitjarar. onklar og tanter og andre luringar kjem innom, og dagane går med til bordtennis og grilling og fisking og det som endå verre er. av og til er det så stor stemning at til og med mor mi meiner at livet er over middels.

ikkje uventa finn mor mi og onklT ut at dette er rette tidspunktet for å reisa på ferie. det er ikkje noko bombe at vegen går til besten og besto, der me skal bada i kaker og bollar og brus. etter nokre veker med slikt stell pakkar me det me finn inn i bilen, og legg ut på den vanlege rundreisa langs høvelege riksvegar. planane er ikkje heilt i boks, men det som er sikkert er at me skal sjå etter ufoar i hessdalen, like ved røros, og at me skal trø litt i den vanlege siloen i valdres.

7.7.09

BESTEN 28

sommaren er ei skikkeleg daudtid. mor mi er ikkje på jobb, onklT er på "jobb", veret er smaklaust, og her har ikkje vore folk innom på aldri så lenge. under slike tilhøve er det ikkje lett å blogga, og eg ser difor ikkje anna råd enn å henta fram eit bilete der begge bestene storkosar seg skikkeleg med litt delikat grillmat. det er fritt fram: kva seier besten?